JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Liv i leire

EGERSUND, EIGERSUND: Sumarferda gjennom Dalane byrjar i den vesle regionale hovudstaden, Okka by, der kyrkja har vorte 400 år og fajansefabrikken museum.

Småbyen med den store kyrkja. Egersund kyrkje har 1160 sitjeplassar fordelte på fire høgder, om ein reknar med amfiet bakarst i det øvste galleriet. Ein slik storleik er uvanleg for ei tømmerkyrkje, ja, for laftebygg i det heile. I år er det 400 år sidan hovuddelen av kyrkja vart bygd.

Alle foto: Håvard Rem

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16522
20230630

DALANE 1

I sumar skriv Håvard Rem frå Dalane, ein region med fire kommunar mellom Jæren i vest og Agder i aust, Langfjella i nord og Nordsjøen i sør.

30. juni: Eigersund

7. juli: Sokndal

14. juli: Lund

4. august: Bjerkreim

Region: Dalane

Folketal: 24 389

Flatemål: 1 786 km2

Demonym: dalbuar

Fylke: Rogaland

Kommune: Eigersund

Folketal: 15 011

Flatemål: 432 km2

Demonym: eigersundar

Stornæring: fisk

Målform: bokmål

Sentrum: Egersund

Folketal: 11 500

Til Stavanger: 75 km

Til Kristiansand: 175 km

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Dalane er ei skattkiste for dei sogesugne. Her har fortida vel så stor verdi som notida og vert ikkje vraka som simpelt steintøy, men verna som porselen. Der andre ser ein sprekk, les dei eit teikn. Ikkje rart at regionen er rik på museum. Alt på 500-talet var området del av eit småkongedøme. I dei fire kommunane har Dalane Folkemuseum anlegg overalt, små og store, gamle og nye.

I Jøssingfjord i Sokndal kommune i søraust er dei i ferd med å klargjera eit signalbygg som ikkje heiter Vitensenteret som i Arendal eller Vitenfabrikken som i Sandnes, men Jøssingfjord Vitenmuseum. Og der eg er nett no, i sentrum av småbyen Egersund, heiter det ikkje lenger Egersund Fayancefabrik – nei, etter at den tidlegare hjørnesteinsbedrifta forsvann i 1979, stod ho opp att som Egersund Fayancemuseum.

Christian Feyer

I staben til Dalane Folkemuseum har Agnethe Wiborg Fredheim ansvar for fajansemuseet. Ho syner meg den permanente utstillinga.

– Hadde ikkje Christian Feyer fått jobb som sorenskrivar her i byen, hadde det nok ikkje vorte noko industri- og designeventyr. Han tok med seg heile familien sin frå Larvik, der han var fut, og flytta til Egersund i 1834. Då var sonen Johan Feyer 13 år. Han var ei urokråke i klasserommet, meir interessert i natur og geologi. Sånn sett var Dalane rette staden.

Agnethe Wiborg Fredheim i Egersund Fayancemuseum med sjøfuglen alke som stod modell for ei mugge som vart produsert ved fabrikken frå 1910 til 1973, formgjeven av biletkunstnaren Jacob Kielland Sømme.

Foto: Håvard Rem

Regionen har så mykje merkeleg geologi at han har fått sin eigen geopark, Magma Geopark. Fredheim held fram:

– Guten utforska nærområda, og på ei utflukt til Eigerøya fann han ei lovande åre med leire. Far hans var ein person som såg mogleikar, jamvel i leire, og stilte seg bak sonen. Med støtte frå sorenskrivaren og ein investor drog Johan Feyer til Newcastle og vende heim til Egersund med ein heil fabrikk, i delar, med fagfolk og arbeidarar. Alt skulle vera likt. Heilt som i England. Dei bygde jamvel ei dokk, men her i Egersund treng me ikkje dokk.

–?Kvifor ikkje?

–?Me har ikkje tidevatn her. Det er eit nullpunkt ved Egersund.

Vest for byen ligg eit såkalla amfidromisk punkt, som eit stille auga midt i stormen, eit sentrum som dei store tidevassbylgjene går ut frå, men som sjølv ikkje har høgvatn.

– Den lokale leira var mørk, eigna for simplare steintøy, og då fabrikken fyrst var komen godt i gang, byrja ein å importera lysare leire frå England og Danmark, så ein kunne gå over til å produsera kvitt steintøy, som var finare og meir etterspurt.

Fredheim fortel:

– Det var nedgangstider i Egersund då den unge gründeren satsa. Sildefisket hadde svikta. I bybrannen i 1843 hadde ein tredel av byen forsvunne, mellom anna heile forretningsstrøket. Så fabrikken fekk mykje å seia. Han vart ein av dei tre største i Rogaland. På det meste jobba det 500 menneske her.

Alkemugga

Fredheim fortel ei soge som grip inn i mi eiga. Før eg drog til Dalane, såg eg nærare på ein ting frå tidleg barndom, ein bokstavtallerk i kvitt steintøy, med ein byrg hane på sjølve tallerken og heile alfabetet i ein krans kring kanten. Ferda byrjar her –?ikkje berre av di Egersund er sentrum i regionen, med helvta av innbyggjarane.

At eg lærte bokstavane så tidleg, og fekk dei som levebrød, kom av at eg dytta i meg det heimebakte brødet til mor mi medan eg stira på dei magiske teikna kring brødbitane. Då eg ikkje lenger fekk mjølka hennar, fekk eg det godluktande, varme, gode brødet hennar, som gjennom ein årsaksbunden refleks vart knytt til skrifta. Då eg fann fram att tallerken, produsert kring 1960, gjorde eg noko eg hadde aldri gjort før. Eg vende han, og kva stod prenta på undersida? «Egersund Fayance».

– Produkt herfrå finn ein i dei fleste norske heimar, men ikkje alle veit at nesten ingenting av det som vart produsert her, var fajanse, seier Fredheim.

– Nei vel?

– Strengt teke var fabrikken her eit industrielt potteri, som Figgjo Flint, der ein laga vanleg steintøy, ikkje keramisk fajanse. Men Feyer kalla det Fayancefabrik av di han tykte det lydde finare.

Eg får ikkje auga på nokon bokstavtallerk der Agnethe Wiborg Fredheim fører meg mellom dei mange radene av glasmontrar med historisk steintøy, men alkemugga vekkjer minne. Sjøfuglen –?ein slektning av den utdøydde geirfuglen ­– hekkar mellom anna her i fylket, og lokal bakgrunn hadde formgjevaren òg, biletkunstnaren Jacob Kielland Sømme (1862­–1940), ein slektning av Alexander Kielland og Kitty Kielland. Fredheim seier:

–?Alkemugger i ulike storleikar vart produserte her frå 1910 til 1973, så mugga var ein suksess.

Ho legg til:

–?Men Johan Feyer var nok betre som gründer enn som kremmar. Han fann ikkje berre leire. I Sokndal fann han malmårene som skulle syna seg å gøyma den største førekomsten av ilmenitt i verda, og som med kvart vart Titania. Men dette selde han for å berga fajansefabrikken i ei vanskeleg tid. Det hadde nok vore lurare å selja fabrikken. Som med kvart gjekk konkurs same kva. Andre tok over, og det var nok det beste for drifta.

Dalane-landskap

Småbyen Egersund er meir kjend enn regionen han er hovudstad i. Dalane slit mange med å plassera. Østerdalen og Haugalandet veit dei kvar er, ja, Numedal og Salten òg, men Dalane? For meg har det vore eit gåtefullt område, ikkje av di det har vore ukjent. Som halvt sørlending har eg alltid høyrt om Dalane, oftast om Hauge i Dalane og Egersund, så kan henda har Dalane vore mystisk på grunn av det eigenarta landskapet. Geologien er merkverdig. Dalane er eit grenseområde.

Den egdske, sørlandske skjergarden har teke slutt når ein kjem til Dalane, men Jæren har enno ikkje teke til, med det flate, lågjærske morenelandskapet, eit enormt lågland av beite og steingjerde, som endar rakt i havet, utan holmar og skjer, og utan fjordar. Den jærske kystlina er vel den rakaste i landet. Ja, Låg-Jæren har lite av tjern og innsjøar òg, og få elver, men langt bak og nord i det fjerne ser ein festninga reisa seg, Høg-Jæren, ei borg av hei og fjell.

Dalane ligg som ein overgang mellom Agder og Jæren. Den sørlandske skjergarden ligg gøymd i vest bak Listalandet, som ein i klarvêr kan sjå frå sokndalskysten. Men med Dalane tek skjergarden slutt. I staden for holmar og blindleier finst nokre større øyer, som Eigerøya utanfor Egersund, og me tek med Hidra utanfor Flekkefjord òg, øyer som var fastland, som små listaland, men som landhevinga har rive laus.

Heilandskapet når heilt ned i havkanten, men heiene er annleis enn i Agder, rundare i formene. Ein ser kolleforma heier overalt. På grunn av den særmerkte geologien, med sjeldne bergartar som ein elles helst finn på månen, er heiene ofte skrinne og nakne, som månelandskap.

Som ein del av den fjell- og heiprega kysten er det smale fjordar som skjer seg djupt inn i landet, med tjern og smale, avlange innsjøar som ligg så tett på kysten at ein stundom ikkje veit om dei hyser saltvatn eller ferskvatn.

Av di ein her har hei og fjell, fjord og tjern heilt ned i havkanten, har ein havnære dalar òg. Det er noko av det rare med Dalane – dalane som ligg grøne og fruktbare rett bak ein fiendsleg, vêrhard kyst utan skjergard.

Kamskjel

Etter å ha sett den faste steintøyutstillinga nede, går eg opp ein etasje for å sjå den nye utstillinga, vigd Egersund kyrkje, som i år kan feira sine fyrste 400 år.

Eit steinkast frå museet ligg ho, så sentralt som mogeleg. Om noko her på sørvestlandskysten skal liggja så sentralt, lyt det liggja der sjø møter land, og det gjer ho: Ho ligg der vågen kjem inn frå havet, midt i småbyen, på ein holme – som kan henda har berga henne gjennom bybrannane.

Holmen er flat og låg òg, men i Egersund kan ein gå på vatnet.

– Fire meter flo hadde drukna holmen, men takka vera det amfidromiske punktet kunne ein reisa kyrkja her, fortel Svein Grytten.

Møringen har budd 40 år i byen og kjenner kyrkja betre enn dei innfødde. Me byrjar ute.

– Kvifor er det skore ut store kamskjel nedst på dørene?

–?Du vil sjå kamskjel inne òg, i bogen over altaret. Det er eit pilegrimssymbol som vert tolka på ymse vis. Kamskjelet pilegrimane bar på hatten, tok dei sidan med seg i grava. Kyrkja her var ein viktig stasjon på kystpilegrimsruta, for Egersund var den siste trygge hamna ein la til i på ferda vidare vestover mot Stavanger. Då Jærbanen vart forlengd til Egersund, var det ikkje uvanleg at folk som kom austanfrå med båt til Egersund, tok toget vidare til Stavanger. Jærkysten er farleg. Han er utan skjergard. Her på holmen bad og ofra ein for å få ei trygg ferd på havet. Skikken skriv seg nok frå førkristen tid.

Kyrkjekjennar Svein Grytten ved ein av dei mange inn­gangane til kyrkja, med kamskjelmotiv nedst på dørene.

Heidningholmen

– Kva får deg til å tenkja det?

– I ei lokal segn vert holmen kalla Heidningholmen. Truleg har det vore ein kultstad her. Og i mellomtida, i mellomalderen, stod ei eldre kyrkje her som vart riven då eldste delen av denne kyrkja vart bygd tidleg på 1600-talet.

– Utgravingar kjem ikkje på tale?

– Neppe, men golvet i kyrkja vart skifta ut i 1999. Då fekk ein vita meir om kor mange som var gravlagde inni kyrkja, noko som gav status for dei rike og inntekter til kyrkja. Men kring 1850 kom eit forbod mot gravlegging innandørs på grunn av liklukta, og då fekk eliten dei beste plassane utandørs i staden. Dei ligg her på austsida av kyrkja.

– Kvifor på austsida?

– Då låg dei med andletet mot aust. Der kjem sola opp, og der såg dei føre seg at Jesus kjem attende. Det gav ikkje status å liggja på vestkanten. Der stod det trekrossar, og ingen gravminne er att. Men her i aust er dei påkosta og i stein. Sjå. Grava til Torjussen har ein stein frå 1100-talet med englebilete. Dei eldste gravsteinane er liggjande, og statusen kan du sjå av høgda på gravplata. Di rikare, di tjukkare. Sjå der. Der er det ein sumarfugl i steinen. Det betyr at sjela forlèt kroppen, ikkje sant.

Me vandrar vidare. Grytten fortel:

– Sidan kom ståande gravstein. Egersundarane var nok litt treige med å fylgje trendane, så me er nok midt på 1800-talet før det vert ståande stein her.

Sjeldan kyrkje

Kvar gong eg har vitja Egersund, har eg ovundra kyrkja, men aldri kome meg inn i henne. I dag opnar ho seg. Grytten har teke med nykel.

I Noreg er 400 år ein uvanleg alder for ei kyrkje. Me har faktisk langt fleire kyrkjer som er dobbelt så gamle, frå mellomalderen, stavkyrkjer og steinkyrkjer. Ei eldre kyrkje stod her òg, men at det var bygd ei ny på 1600-talet, fortel ein del om Egersund og Dalane.

Etter kristninga, på 1100- og 1200-talet, vart det reist meir enn 1000 kyrkjer i landet, dei fleste av dei stavkyrkjer, borne av stolpar, ståande tømmer. Mange av dei vart bygde der det stod eit hov, somme av dei jamvel med stolpar frå hovet.

Men frå Svartedauden til 1700-talet stogga kyrkjebygginga nesten heilt opp, dels på grunn av pest og avfolking, dels på grunn av reformasjon og riving av katolske kyrkjer, dels på grunn av tapt sjølvstende og status som fattig, dansk koloni. Medan me i Noreg har nær 200 eksisterande kyrkjebygg frå mellomalderen, frå før reformasjonen, finst det berre fem kyrkjer att frå tida mellom 1537 og 1617.

Så kvifor fekk då småbyen Egersund ei kyrkje i denne kyrkjefattige tida, ja, jamvel ei stor kyrkje?

– Lenge var ho den største bygningen i Rogaland, nest etter domkyrkja i Stavanger, fortel Grytten medan han låser oss inn.

Flammegull

Frå innsida verkar ho langt større enn frå utsida. At ho ikkje verkar større utvendig, kjem kan henda av den kvite «sørlandsstilen», med klednad av ståande plank, med arker og småruta vindauge. Ein ville ikkje ha trudd at ho hyser meir enn 1000 sitjeplassar.

Innvendig vert eg overvelda. Her får byggjeskikken ein motsett verknad. Han får kyrkja til å verka større. Egersund kyrkje er ei laftekyrkje, reist i liggjande tømmer, men kva tid var du sist i ein laftebygning i tre og fire etasjar, med i alt 1160 sete? Over grunnplanet reiser det seg galleri i to høgder, og bakarst på eit av galleria er det bygd eit amfi, som ei fjerde høgd.

Eg tek meg i å tenkja på kolossale Kongsberg kyrkje, og det er ein merkeleg assosiasjon, for ho er bygd i tegl og denne i tre, og ho er enorm, med 2400 sitjeplassar, fleire enn i noka anna norsk kyrkje.

Så kva liknar? Dei to kyrkjene har ein del sams òg. Båe er krosskyrkjer –?Egersund kyrkje vart bygd om frå langkyrkje til krosskyrkje i siste helvta av 1700-talet, på den tida Kongsberg kyrkje vart reist, ja, Røros kyrkje òg, i stein, med 1600 plassar.

Men det dei fyrst og fremst har sams, er ei soge om lokal rikdom. Kopar, sylv og gull.

Kopar på Røros, sylv på Kongsberg, men gull i Egersund? Ja, eik, det ettertrakta treslaget som gav namn til byen, det sørvestlandske flammegullet som her attmed Dalane-kysten stod heilt nede i havkanten og spegla seg i vatnet og sytte for store inntekter til kongen i København, som til dømes då han gav hollendarane fri tilgang medan dei bygde seg opp som verdas største sjøfartsnasjon.

Dialekten

Trappene vert trongare og trongare di nærare me kjem klokkene som heng øvst i tårnet, høgt over dei tre–fire etasjane, høgt over småbyen. Søraust for Heidningholmen ligg Bedehusgaten. I sør skjermar Eigerøya sundet som strekkjer seg frå havet og heilt inn i namnet på byen. Overalt møter ein kjælenamnet på byen, Okka by. I Storgata i vest ligg Bibelbutikken, som i vindauget har fått tilnamnet Okka bokhandel, slik «Okka by» er tittelen på den fromme bysongen av Trygve A. Johansen, frå ei tid då Dalane-dialektane enno ikkje hadde erobra songtekstane i distriktet:

Hvitmalt, ærverdig den ligger der

under de skyggende seljetrær.

Kirken med spiret og klokkers klang,

med orgelbruset og salmesang.

Den har forenet de elskende to

og den har stedt våre gamle til ro.

Under dens tak har jeg knelet ned

i søndagens stille fred.

Då dialekten kom, kom han nedanfrå, frå kvardagen, der det gjerne kjem frå, det som gjev liv til litteraturen. Eit tidleg døme på lokalmål høyrer me i opninga av fiskevisa «Vi gikk ud fø å spasere» av Arne Feyling:

Vi gikk ud fø å spasere,

det var sol og fina vêre,

men fru Skadberg sa så morsk:

«Reis på sjøen, skaff meg torsk.»

Ingen fisk hun har på lager,

heller ikkje fiskekager,

fruens fiskedisk er blakk,

me må ægna opp en bakk.

Laga av leire

Nær altaret og preikestolen slår velstanden mot ein frå dei rikt ornamenterte dørene til dei gjævaste benkeradene, som 400 år gamle vip-loungar.

– Under renovering vart dørene hekta av og lagra, så no freistar eg å finna ut kva for dører som høyrer til kva for benkar, og då er det til hjelp å kartleggja dei 47 gravmonumenta utanfor. Men det mangla ikkje på fattige heller.

Grytten nikkar mot treskrinet me passerer.

– Dette var fattigkassa. Tienda folk laut betala til kyrkja, gjekk til løn og kyrkjebygg, men i tillegg kunne ein leggja friviljuge almisser her.

Grytten peikar på ein benk, eit avlukke nærast, rakt under preikestolen.

– Der sat ingen, for den plassen var reservert dauden.

Det sterke dødsmedvitet går att overalt, i tekstane og illustrasjonane på gravsteinane utandørs, på denne plassen innandørs, og i bibelorda som vart lesne frå preikestolen, ord frå ei opphavssoge som, i likskap med opphavssoger frå heile verda, fortalde at mennesket vart laga av leire, som steintøyet i fajansefabrikken, som jo eigenleg ikkje var fajanse – leire som det vart liv i, leire som gav liv, før det var kassert, på fyllinga eller kyrkjegarden, kan henda med ein draum om å verta mugge eller tallerk att, kan henda utan, som i livskjensla til Job, eit av dei eldste verka i boka kyrkja vart bygd kring: «Kom i hug at du har laga meg av leire, og så lèt du meg verta til jord att!»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis