JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Hjarta i Dalane

SOKNDAL: Får du tid til å forlata allfarvegen gjennom Dalane, kjem du til særeigne og sogerike Sokndal, der Johnny Nesvåg gjev kysttradisjonane liv og Rosslandsguden gjev folkevandringstida eit andlet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På ei høgd på Rossland, «hestestaden», i Sokndal har steinaltaret stått i truleg 1500 år. Bak ser ein kopiar av det ein trur har vore eit gudehovud og eit blotekar. Originalane står i Jøssingfjord Vitenmuseum. Ved hovudet står vegvisaren min, Frank Tønnesen, som bur på Haua, men voks opp på Rossland, der slekta på morssida kjem frå.

Alle foto: Håvard Rem

15261
20230707

I sumar skriv Håvard Rem frå Dalane, ein region med fire kommunar mellom Jæren i vest og Agder i aust, Langfjella i nord og Nordsjøen i sør.

30. juni: Eigersund

7. juli: Sokndal

14. juli: Lund

4. august: Bjerkreim

Region: Dalane, del 2

Folketal: 24 389

Flatemål: 1 786 km2

Demonym: dalbuar

Fylke: Rogaland

Kommune: Sokndal

Folketal: 3 324

Flatemål: 295 km2

Demonym: sokndøling

Stornæring: industri

Målform: nøytral

Sentrum: Hauge

Folketal: 2 100

Til Stavanger: 100 km

Til Kristiansand: 140 km

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Sokndal er den einaste av dei fire Dalane-kommunane som ligg utanfor allfarveg. Både jarnbanen og europavegen forlèt kysten alt i Agder. Toget kjem ikkje lenger ned til hamna i Egersund, og E39 går inne i landet heilt til Sandnes. Er det difor mange tenkjer på Dalane som innland?

Kystdelen av regionen er utan dei store transportårane dersom ein ser bort frå den historisk sett viktigaste vegen, havet. Halve Dalane ligg mot havet, halve Sokndal òg. Eg er på veg til kystgrenda Nesvåg. Ho ligg midtveges mellom Åna-Sira i aust og Egersund i vest, ei lita mil frå administrasjonssenteret i Sokndal kommune, Sokndal med o-ljod, Hauge i Dalane, Haua mellom vener.

Johnny Nesvåg hentar meg i ein Volvo Felt, ein militærgrøn terrengbil, og bakoversveisen eg får i den sumaropne feltvogna, legg seg ikkje når me kjem fram til kystgrenda – ein soldag som denne vert ikkje venare enn i Nesvåg.

­­Nytt liv

– Nesvåg tyder vågen bak neset, fortel Johnny Nesvåg.

Kvite og raude trehus, gamle og nye naust, fiskeskøyter og fritidsbåtar krinsar den vesle vågen, bukta som det høge neset skjermar mot havet.

– Men sjøen kunne stå hardt på før moloen vart bygd, fortel han.

Øvst på neset, med fritt utsyn mot havet i sør og vågen i nord, har han heimen sin.

– Den eldste delen av huset er frå tidleg 1600-tal. Det vart reist på Haua som bruksnummer 1, Hauge gard, men dei siste som budde der, hadde ikkje ungar, så det vart ståande tomt i tjue år, før eg kjøpte det. I 2015 reiv eg det, og i 2019 sette eg det opp her. Ein av ungane tok over Nesvåg-huset eg hadde budd i til då.

Johnny Nesvåg er kjend utanfor heimkommunen. I Eigersund fortel dei om ein driftig og nevenyttig kar. I Lund trekkjer dei fram at han har samla alle dei no vaksne ungane sine kring seg. Slikt kjem ikkje av seg sjølv på ein så liten stad.

– Kona kjem frå Jøssingfjord, der det no er få fastbuande att, men her har ti–tolv unge familiar slått seg ned. Ein sjukepleiar, ein butikktilsett, ein entreprenør, ein fiskar og så vidare. Tre heilt nye hus er bygde. Eksisterande hus har fått nye eigarar. Alle mine bur her no. Eg har fire born, ein bonusunge og fire barneborn. I nausta er det folksamt i helgane, men alle har røter her.

Nesvåg liknar eit postkort. Mest imponerande er alle dei pågåande aktivitetane i det vesle samfunnet. Johnny Nesvåg har ein finger med i det meste. Men vender han blikket frå bukta til havet, vert han tankefull:

–?Nyttårsnatta 1900 forsvann oldefar min der ute. Gutungen hans, bestefar min, rakk ikkje båten, men han skulle ha vore med, han òg. Då hadde ikkje eg vore her no.

Grøn omsorg

– Kva lever du av?

– Har du høyrt om grøn omsorg?

–?At folk får auka livskvaliteten med å ta del i gardsdrift?

–?Eg driv blå omsorg.

Tradisjonane på kysten som var levebrødet til far, bestefar og oldefar hans, held han i live. I 1988, 23 år gamal, etablerte han Nesvaag Sjø- og Motormuseum. Han har ei halv stilling som kystlærar, og dette skuleåret har han hatt fire elevar. Dei kjem éin om gongen og får ein dag i veka med læraren. Det er nok å hengja fingrane i. På bryggjekanten er naust og uthus fylte av båtmotorar.

­– Det finst 260 ulike namn på båtmotorar som har vore produserte i Noreg. Eg har ein Roald, laga i Egersund i 1917, 4 hk. Og der står ein Sleipner.

Sleipner er meir enn sjektemotorar, dei laga påhengsmotorar òg, og ein firehestar finst i Nesvåg. Han samlar båtar òg, små og store. I eit naust ligg ein With frå tida før plaststøypinga. Ved bryggja ligg fiskeskøyta MS «Sjødis», 57 fot, bygd i 1966, nytta i reketråling på bankane utanfor Dalane, i topp stand, eigd av Dalane Folkemuseum og forvalta av Nesvaag Sjø- og Motormuseum.

– Losing har vore ein viktig del av verksemda på kysten. Bror til bestefar min var los. Eg og ein annan deler ein losjobb frå Jæren til Lista. Eg er det som i gamle dagar heitte losgut – eg køyrer losen ut til skipa. Somme skal inn til Øye smelteverk i Kvinesdal, andre til Titania her i Sokndal.

Fiskeskøyta MS «Sjødis» på bryggja i Nesvåg med Johnny Nesvåg i døra til styrhuset.

Skulestova

Når han ikkje losar og lærer, snikrar han. Inst i eit av nausta har han bygd inn baugen av fiskeskøyta MS «Nesvaag», lugardelen med tronge køyer.

–?Den har farfar, far min og eg fiska med. Det var som fiskar eg byrja. Og her ute står motoren. Han går som ei klokke.

Sova kan ein i det kvite grannehuset òg, Fiskarheimen, eit hus som opphavleg stod på Mong, ei kystgrend ei mil i aust.

–?Då mor mi vart fødd på Mong, var dette skulen. Då ho var ti år, vart skulen lagd ned, og huset tilfall garden. Det var lager nokre år, før det vart bygd om til bustad, og i 1970-åra var det hytte. I 1995 flytta eg huset hit.

Huset kan ein leiga. På bryggja mellom MS «Sjødis» og Fiskarheimen står eit langbord.

– Her kan dei som kjem, få skaldyrbord. Då set me fram reker og blåskjel, krabbe og jomfruhummar, og røykt fisk som laks og makrell.

Så vert han tankefull att. Huset er eit minne over mora og morfaren frå Mong.

–?Mor mi kom til Nesvåg i 1950, 25 år gamal. Far hennar dreiv garden på Mong, men i 1943 vart han teken med ein radio og send til Grini og Sachsenhausen. Han var ikkje seg sjølv då han kom heim att i 1945.

Tyskarane tok ein bestefar, og havet tok ein oldefar og ein onkel.

– Oldemor mi sat att med fem–seks born, utan inntekt, og eigedomen gjekk på tvangsauksjon. Men ein bror av henne kjøpte garden, og lét enkja og borna få bu der. Og son hennar, Jakob Nesvåg, farfar min, han som berga seg frå forliset då han ikkje rakk båten, han drog som ung til Montana, der han fiska laks og hogg tømmer og la seg opp pengar. Så vende han heim til Nesvåg, og kjøpte att garden, pluss skøyte. Far min byrja å fiska med bestefar då han var fjorten, i 1937, same år som han mista bror sin på sjøen utforbi Nesvåg. Far min og farfar kjøpte ny skøyte i 1953, MS «Nesvaag», som eg òg fiska med i femten år. Ho vart den siste skøyta vår, og det er baugen og lugaren av henne eg har bygd inn i museet.

Sira frå hav til fjell

Mong ligg så vidt over grensa til Eigersund. Sokndalskysten er Nesvåg, Rekefjord, slow city Sogndalsstrand, Jøssingfjord og Åna-Sira. Perlene ligg på rad, men kall dei ikkje sørlandsperler. Dei er barskare, mindre søte, utan skjergard, med salt smak av vêr og fiskevær. Dette er Vestlandet. Nærare Sørlandet kjem du ikkje i sinn og skinn, men kall ikkje noko her sørlandsk. Sokndal-grensa er ikkje berre kommunegrense, men fylkesgrense òg, ja, landsdelsgrense.

Grensa går i vatnet. Fyrst i havet, over Siragrunnen, så i fjorden Åna, som leier inn til vene Åna-Sira, med mange minne frå månaden eg budde der som gut. Her vert fjorden Åna til elva Sireåna. Forvirrande? Vel, Sira-namnet held fram. I grannekommunen Lund vert grenseelva Sira til grenseinnsjøen Lundevatnet. Vestdelen høyrer til kommunen Lund i regionen Dalane i fylket Rogaland i landsdelen Vestlandet. Austdelen høyrer til Flekkefjord, Lister, Agder, Sørlandet.

Så går Sirnesvegen til Sira, ei stasjonsbygd på Sørlandsbanen, med ein no nedlagd sidebane til Flekkefjord, og med ein vassveg nordover: Sira ligg nedst i Sirdalsvatnet og Sirdal, ein gong rekna til Dalane, framleis del av Dalane tingrett. Nord i Sirdal ligg Langfjella, 1500 moh. – langt, langt frå Siragrunnen, frå losinga til Johnny Nesvåg og fisketurane til MS «Sjødis».

Grenselandet

Kvifor mislikar sokndølingane sørlandsetiketten når landsdelsgrensa elles er så flytande, bokstavleg talt, i vatn og hav? Her vest i Dalane er det som om grensa ikkje finst?anna enn på dei blå skilta til Vegvesenet.

I namnet Jæren og Dalane – prosti og fogderi –?ser ein at regionen gjerne har vendt seg vestover. Men som grenseregion kan Dalane venda seg mot aust òg. Vassdraga Sira og Kvina er slegne i lag i Sira-Kvina kraftselskap, med hovudkontor i Tonstad i Sirdal, og det er frå Tonstad i Agder bilen kjem om du ringjer etter taxi frå Moi stasjon i Rogaland. Tverr-regionalt og landsdelsoverskridande er samarbeidet bak namn som Lister og Dalane Avfallsservice og Dalane-Lista krins av Norsk speiderforbund. I både Egersund og Flekkefjord ivrar somme for Dalane og Lister som eigen region.

Dalane er grenseland, men ein stad går grensa: Kall det ikkje «sørlandsk». Om det er ein kompliment i Drøbak, langt vekke, går det ikkje her, så nær. Kva kjem motstanden av? Eg har ein teori.

Dalebuane er jo grannar med vestegdene, med listalendingane og flekkefjæringane. Motstanden gjeld ikkje Agder, men Sørlandet. Kvifor? Av di namnet er ei nymotens oppfinning. Det forkludrar alt som er likt på båe sider av Sira-grensa. Korleis? I 1900, då oldefar til Johnny Nesvåg forsvann på sjøen, fanst Agder, men ikkje Sørlandet.

Det som no heiter Sørlandet-eit eller anna, heitte då Vestlandet-eit eller anna. Sørlandsbanen heitte Vestlandsbanen. Sørlandske hovudveg, seinare Riksveg 40 og E18/E39, heitte Vestlandske hovudveg. Sørlandske Tidende heitte Vestlandske Tidende. Vilhelm Krag gav ut Vestlandsviser (1898), ikkje Sørlandsviser. Opningslina hans lydde opphavleg «O Vestland, du min moderjord», ikkje som no: «O Sørland, du min moderjord».

Kva tid byrja ein å nytta det nye namnet? I 1902. Kven fann det på? Vilhelm Krag.

Gamlegrensa

Austgrensa til Vestlandet gjekk opphavleg ikkje ved Åna-Sira som no, men ved Gjernestangen i Søndeled, mellom Risør og Kragerø. Åna-Sira var viktig nok, som grense mellom rugane og egdene, men båe var dei vestlendingar, ja, på mange vis dei opphavlege vestlendingane.

No gjer ein Dalane og Egersund til Sørlandet. Onsdag skreiv Dagbladet: «Over hele Sørlandet, fra Egersund til Risør, har badetemperaturene falt drastisk fra mandag til tirsdag, forteller Havforskningsinstituttet.» Kvar er ståstaden? Havforskarane sit i Arendal – som ein gong var vestlandsk.

I dag er Vestlandet snudd. Før var det Rogaland og Agder. No går det frå Rogaland til Romsdal. Men dei som bur i fylket Vestland og nordover, var ikkje vestmenn. Dei var nordmenn. For dei budde i nord, slik ein oppfatta verda då. Dei gamle slepa som dei nytta over Hardangervidda, til og frå Austlandet, heiter framleis Nordmannsslepa.

Vestlandet var opphavleg det sørlege stiftet og bispedømet, det som for lenge sidan vart skilt ut frå Aker stift. Stiftshovudstaden flytta på seg, frå Stavanger i Rogaland til Kristiansand i Agder, men alt var Vestlandet, eitt stift og eitt bispedøme, frå Haugalandet til Gjernestangen.

Med nyskapinga Sørlandet i 1902 rakna heilskapen. I 1925 vart Stavanger bispedøme skipa og skilt ut. Motstanden mot «det sørlandske» her i Dalane er ein motstand mot den historielause oppsplittinga av det gamle vestlandske.

Folkevandringstid

I Jøssingfjord vitjar eg det nye kunnskapsmuseet. Dalane er rike på funn frå folkevandringstida kring 500 e.Kr. Det er som ein kan venta. Slik rogalandskysten var eit norsk sentrum på 800-talet, med Avaldsnes som hovudstad, var han det på 500-talet òg. I folkevandringstida skal det ha vore fire småkongedøme i området me kallar Noreg, og eitt av dei låg her på kysten frå Haugalandet til Dalane, frå Utsira til Åna-Sira.

Frå denne før-vikingtida finn ein berre i Østfold så mange minne. I Dalane har ein gjort eit funn som er unikt i nordisk folkevandringstid. 1500 år gamle funn er helst graver eller mosegrodde steinmurar frå ei bygdeborg, men i Jøssingfjord Vitenmuseum står Rosslandsguden, eit steinhovud som gjev skandinavisk folkevandringstid eit andlet. På 1700-talet vart det funne i ei steinur ein annan stad i kommunen, på Rossland, hestestaden –?ross er eit gamalt ord for hest. Same stad fann ein to større steinkar òg, truleg blotekar som kunne romma blodet frå ein hest.

Originalane står i Jøssingfjord, kopiar på Rossland, litt inn i landet, berre ei mil frå Nesvåg, men kontrasten til den solfylte bukta er stor. Vegvisaren min, Frank Tønnesen, bur i dag på Haua, men voks opp her på Rossland. Sumarkvelden skumrar. Husa vert færre. Øvst på ein kolle står hovudet og kara, kring eit digert steinaltar, Skammelen som det vert kalla, for stort til å flytta på. Her er me på heilag grunn.

Brota

Frå altaret har ein fritt utsyn i alle himmelretningar, eller hadde – havet kan ein no berre skimta gjennom lauvverket på trea som har vakse kring offerstaden. Sist landet var så attgrodd, var frå kring 1350, etter svartedauden og avfolkinga, men òg frå kring 550, med avfolkinga då, etter den justinianske pesten, etter uåra og klimaendringane som i diktinga vart kalla Fimbulvinteren.

På Rossland ligg tufter etter langhus, forlatne på 500-talet, som øydegardane som vart forlatne på 1300-talet. I nærleiken finst stadnamn som Frøyland og Frøytlog, truleg spor etter fruktbarheitskult og dyrking av Frøy og Frøya.

I fylkesnamnet Rogaland går eit spor til rugane, eit folk nemnt av 500-talshistorikaren Jordanes, eit småkongedøme, truleg med sete på utsida av Karmøy, i Ferkingstad, der ein finn tufter etter enorme båtnaust, bygde for krigsskip, og ein liten by frå folkevandringstida, før avfolkinga, få hundre år før eit nytt sete etablerte seg på innsida av Karmøy, på Avaldsnes.

Same kysten har òg uvanleg mange bygdeborger, frå folkevandringstida, og spor etter hundrevis av gardar. Her på Rossland får ein ei kjensle av kva for tid det kan ha vore.

Frå noregsveldetida før svartedauden har me skriftlege kjelder, men ei stortid var det før avfolkinga frå kring 550 òg. Rakt over Skagerrak, nord i Danmark, heldt jutane til, eit av folka som då tok over Dei britiske øyane etter romarane.

Tida kring 550 og 1350, er det noko sams? Faktorar i samanbrota ser ut til å ha vore ferdahug og folkevandring, pest og smitte, og med dei demografiske endringane fylgde dei to store språkskifta me veit om her nord, frå urnordisk til norrønt etter det fyrste brotet, frå norrønt til mellomnorsk og moderne norsk etter det andre brotet.

Hundreåra går. For tredje gong ser ein ikkje havet frå bloteplassen. Er me midt i eit tredje brot? Det er kring trekvart tusenår sidan det førre. Og då var det òg kring trekvart tusenår sidan det førre. Eg ser meg kring. Er nokre av kjenneteikna å sjå? Er det ei tid med smitte? Avfolking? Er det ei folkevandringstid? Står me i eit språkskifte? Gror skogen att nok ein gong?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis