JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Gildemål

GILDESKÅL: På ein uvanleg ven vinterdag fer eg med sørgåande rutebåt frå Bodø til Gildeskål for å sjå dei siste solstrålane fylla Sandhornet med honningljos og mjød.

Den skålforma sørsida av Sandhornet på Sandhornøy, sett frå hamna i Inndyr, kommunesenteret i Gildeskål.

Alle foto: Håvard Rem

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16228
20221223

Del 4.

I desember skriv Håvard Rem frå Salten, distriktet nord for Helgeland og sør for Ofoten.

2.12. Del 1. I låg sol

9.12. Del 2. Der alt er salt

16.12. Del 3. Reindrift

23.12. Del 4. Gildeskål

havard@dagogtid.no

Eg går på kyrkjeveg i Gildeskål kommune, frå Inndyr, det nye og nær fråflytta sentrumet, til kyrkjestaden tre kilometer i nord, det gamle og heilt fråflytta sentrumet. Snart tek eg av frå vegen og vert gåande nedi fjøra, attmed Gildeskålvågen. Ut i havet i vest dominerer den særeigne profilen til Fugløya.

Endå meir fjetrande er fjellet rakt framføre meg, på Sandhornøy, det nær 1000 meter høge Sandhornet, eit landemerke som har vore synleg heilt sidan båten forlét Bodø hamn i dag tidleg. Frå Bodø såg eg nordsida av fjellet, frå båten såg eg vestsida, og heilt frå eg gjekk i land i Inndyr, under heile ferda i fjøra, ser eg sørsida. Kvar ny side har vore meir fascinerande og gåtefull enn den førre.

Båten

Det var ein så uvanleg ven vintermorgon på havet at det vart kommentert av mannskapet òg, dei som ser denne kyststrekninga kvar einaste dag – så lenge det varar. Eit godt teikn er det ikkje at sjøfolka om bord er fleire enn passasjerane. Me var fire, og tre forlét ferja på Sørarnøy.

Eg fór med sørgåande båt frå Bodø via nokre øyhamner til Inndyr, dit eg kom som einaste passasjer. Om folketalet veks i Bodø, går det attende i utkantane. Som Noreg er Salten eit demografisk nullsumspel.

– Skal du ned til Inndyr? Ja, der er det mest berre hytter att, kommenterte ein bodøværing i går.

Reiseliv

Så langt i Salten-serien har eg fare i fjell og dal. Men Salten er saltvatn òg – dei mange øyane og hamnene, nausta og tørnringane mellom Helgeland og Lofoten.

«Porten til Lofoten» vil konsulentar at folk skal kalla regionen. Kan me då få supplera det umedvitne søringperspektivet med eit nordnorsk? «Porten til Helgeland»? Ja, gjerne det. Kall regionen kva som helst, berre ikkje Salten.

«Midtre Nordland» vert nytta, som om Vesterålen vart marknadsført som «Nordre Nordland». «Visit Bodø» vert nytta, som om Hardanger vart marknadsført med «Visit Odda».

Eg trur ikkje konsulentane ser dei bibelske dimensjonane ved å utelata Salten-namnet frå profileringa av ein region som har fostra Elias Blix, han som i lag med Ivar Aasen stod for den fyrste nynorske omsetjinga av Bibelen, mellom anna av Markus 9,50, lett omskrive: «Salten er ein god ting. Men mistar Salten sitt namn, korleis skal de då gjera det til Salten att?»

Nei, kvifor døypa om ein region som har både meir kultur og natur, meir by og nasjonalpark, enn granneregionane? Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. No får me Salten-entusiastar regionen for oss sjølve, sumartid òg, utan bubilkøar på ferjeleia og høgsesongprisar.

Teikning: Miriam Clement

Tørnringane

Far gjerne hit før påske, for så lenge heng ho, utstillinga der biletkunstnaren Hugo Aasjord utforskar Salten-kysten nord for Bodø, slik me i dag skal utforska kysten sør for Salten-hovudstaden.

De glemte tørnringene heiter utstillinga i Jektefartsmuseet på Bodø-sida av Saltfjorden. Aasjord har teke turen frå Steigen, heilt nordvest i Salten, med berre hav over til Skrova og Svolvær.

Tørnringane er fortøyingsfeste av jarn, og blinkane er fortøyingsmerke måla på fjellet. Saman har dei vore like viktige for skipsfarten som rullebanen og landingsljosa er for flytrafikken.

– I Bergen finn ein opplysingar om tørnringar alt frå kring 1500, men som ei statleg organisert oppgåve vart Ringevæsenet skipa i 1735, og det omfatta heile noregskysten, fortel Aasjord.

– Vedlikehaldet av tørnringane, og av blinkane som sytte for at ein fann dei, vart med kvart teke over av Fyrvesenet, og sidan av Kystverket.

Den siste blinken vart måla opp att i 1967, då Aasjord var tolv år, og han har aldri gløymt dei. I seinare år har han lokalisert og måla opp att kring hundre blinkar, mange av dei på Salten-kysten.

Neste gong du ser ein kvit blink lysa frå ei fjellside, veit du kvar eit fiskefartøy kunne fortøya i le for vind og sjø.

Til utstillinga har Aasjord teke med ting han har samla i eit langt liv på kysten, som ein fleire meter lang underkjeve til ein spermasettkval. Tomta hans på Engeløya vert i Havboka av Morten Strøksnes – der Aasjord er hovudperson – samanlikna med «en sjørøverleir». Kjeven ligg på golvet ved akterenden av den 60 fot lange jekta «Anna Karoline», som museet bokstavleg tala er bygd kring, med vegger som i vinter er kledde med Hugo Aasjord-måleri og tørnringplansjar.

Sørarnøy

Kring MS «Fjordprinsessen» var kystlandet så vent at eg måtte ut og sjå det frå dekk, jamvel om det var bitande kaldt. Der kom eg i prat med ein kar i tjueåra. Då båten kom i le av Sørarnøy, kunne eg høyra kva han sa:

– Eg er Bodø-gut, men no har eg budd her på øya i nokre månader. Eg arbeider på lakseslakteriet. Det er mest litauarar der. Eg trivst. Det bur to hundre menneske på øya, og samhaldet er godt. Då eg rusla ned til hamna i går for å ta båten til Bodø, berre stogga ein bil og tilbaud skyss.

– Sjå, sa han og peika på holmane føre oss.

Me var no innaskjers, farten var lågare og kulda mindre bitande.

– Der er det bygd tre ørnereir. Er me heldige, får me sjå ørn.

– Er det difor det heiter Arnøy her?

I hamna var det mykje verksemd. Lakseslakteriet Salten N950 held til her. Gule anleggsmaskinar dreiv og rydda endå meir næringspark på den vesle øya. Det var her passasjerane gjekk av. Fleire av dei nye lakseslakteria er etablerte på små øyar utan fastlandssamband, øysamfunn som får forlengt levetida si som heilårssamfunn.

Han sakna ikkje bylivet og henginga kring Glasshuset. Han høyrer til ei gruppe unge med krav på støtte og vørdnad. Dei har hatt tunge år, men har kome seg eit nivå opp, i arbeid, stundom med stønad, i eit samfunn og ei næring som faktisk vantar arbeidskraft.

Vidare veit me at om dei etablerer seg som fast tilsette, i eit land med ordningar som me har i Noreg, ja, då kan dei nå endå eit nivå, som inneber eigd bustad og sambuar, kan henda born, born som foreldra integrerer i norsk språk og lov, kultur og arbeidsliv.

På veg ned landgangen vinka han farvel. Guten er inne i ein god sirkel.

Sandhornøy

På Sandhornøy, øya innanfor Sørarnøy, voks diktaren og teologen Elias Blix opp, i fjøra på Våg, det vesle samfunnet som vender mot skipsleia, rakt under den stupbratte fjellsida og den rare, dramatiske tusenmeterstoppen.

To ting har gjeve øya namnet sitt: sandstrendene og fjellet. Sandhornøy har somme av dei finaste og lengste sandstrendene i landet. Men kvifor vert fjellet kalla eit horn? Fjell med horn i namnet liknar gjerne eit spist dyrehorn.

Sandhornøy har i nyare tid fått bru og fastlandssamband, men det har ikkje hjelpt. Frå godt over 1000 i førre hundreåret har folketalet rasa til 200 i dag.

Har fjellet rasa òg? Då me kom inn frå havet og såg det kjende landemerket frå vest, var det ingenting som likna eit horn, men noko med profilen kunne få ein til å tru at delar av fjellet ein gong forsvann, i eit ras, eit vulkanutbrot eller kva som helst – eg anar ikkje.

Det er som om den spissen som no er høgst, ikkje har vore høgst, som om fjellsida ein gong heldt fram nokre hundre meter til opp i lufta.

Og her eg går og surrar i den islagde fjøra, på veg til kyrkjestaden, og kan sjå fjellet frå sør, vert dette inntrykket berre styrkt. For den sørlege helvta av fjelltoppen, som frå vest såg ut til å ha forsvunne, korleis ser han ut frå sør? Jau, sørsida av Sandhornet ser ut som eit skrånande krater, som ei enorm skål, ikkje som eit dyrehorn, men som den ope munningen på eit drikkehorn for gudar.

No ser eg eit av kyrkjespira òg. Den gamle kyrkjestaden ligg i luftline mellom meg og fjellet.

Salten Lehn

Ein som kom hit frå sør, frå Helgeland, var diktar­presten Petter Dass. Ein bolk i det topografiske diktet «Nordlands Trompet», eller «Beskrivelse over Nordlands Amt» (ca. 1670–90), heiter «Salten Lehns Beskrivelse», og der rimar han om Gildeskål. Den 350 år gamle originalteksten er for filologar, så her kjem litt lett omsetjing:

Fyrst lyt eg til Gildeskål styra min stamn;

eg tenkjer at området ein gong fekk namn

frå gilde ein held når ein bjudar

inn ålmenta der dei fekk muntra sin hug

då landet låg under den heidenske tru

med ofringar til deira gudar.

I norrøne sagaer les eg meg til

at folket, då mørker lét dei fara vill,

i fortida valde seg plassar

der dei kunne samla seg alle som ein

og sleikja kvar drikkofferbolle heilt rein

for avgudar av ymse klassar.

Den etymologiske forklåringa til barokkpresten er gjeldande i dag òg. Det er ikkje det skålforma fjellet området og kommunen har namnet sitt frå, men ein gildehall som ein gong låg på kyrkjestaden eg nærmar meg. Store norske leksikon fortel: «Like ved lå i sin tid gården med gildestuen som kommunen har fått navn etter.»

Gildeskål-ordførar Bjørn Magne Pedersen (H).

Folketalsauke

Før eg la ut på kyrkjeveg, vitja eg kommunehuset i Inndyr. I andre etasje sat ordførar Bjørn Magne Pedersen (H) med eit komplisert puslespel: budsjettframlegget. Somme av brikkene vart borte for nokre dagar sidan. Då forsvann tilsegna frå fylket om 20–30 millionar kroner til å styrkja lakselina. Ei maritim avdeling av Meløy vidaregåande skule ligg på Gildeskål, med kring hundre elevar. Planen har vore å utvida avdelinga, men det har vorte sparetider.

Men ordføraren har gode nyhende òg.

– For fyrste gong på veldig lenge har Gildeskål i siste kvartal hatt ein auke i folketalet, seier Pedersen med eit smil.

Som trebarnsfar har han for lengst gjeve sine bidrag.

– I dei fyrste åra etter krigen nådde me høgdepunktet. Då budde det kring 5000 menneske her. Sidan har det gått rakt nedover. Førre kvartal var det berre 1915 att.

– Men no har det snudd?

– Det har det. På berre eit kvartal har me hatt ei auke på 44 menneske.

– Gratulerer. Kva hende for kring ni månader sidan?

– Det kan du seia. Då braut krigen ut. Og dei 44 er ukrainarar.

Fritidskommune

Når eg vil ha eit bilete frå ordførarkontoret, stiller ordførar Pedersen seg ved sida av eit stort fotografi der ein under ein raud himmel ser profilen av Fugløya.

– Ikkje av di det er son min som har teke biletet, men av di det er utsynet frå terrassen.

Slik bur ein i Gildeskål – billeg. Men Finn.no-søk er ikkje tilpassa det nye busetjingsmønsteret her. Kommunen har offensivt omfamna oppløysinga av skiljet mellom «bustad» og «fritidsbustad».

På heimesidene les eg: «Gildeskål har gitt politisk signal om at vi ønsker å være en fritidsbolig-kommune/bolig to-kommune. Og det har skjedd en endring i forhold til fritidsboligen, fra å være en mer sparsommelig bolig til å bli en fullverdig bolig. Dette gjør at de fritidsbeboende er her hele året, og ikke sesongvis som var mer tilfellet tidligere. De fritidsboende er derfor en ressurs for Gildeskål samfunnet som helhet.»

Strategien har lukkast. Kommunen har i dag like mange fritidsbustader som innbyggjarar.

Båe vegar

Med hyttefolk og ukrainarar, med eit lakseslakteri og ein lakseforskingsstasjon, held kommunen seg i live. Pedersen tenkjer både offensivt og pragmatisk:

– Jau, fleire og fleire av saltværingane bur i Bodø, og Bodø-kulturen og Bodø-målet får meir og meir påverknad på alt i Salten, men om ein uroar seg over det, lyt ein spørja seg: Kva består Bodø av?

– Ja, kva består Bodø av?

– Bodø består av fyrste- og andregenerasjons beiarværingar, hamarøyingar, sørfoldværingar, saltdalingar, steigværingar, gildeskålfjerdingar og meløyfjerdingar. Påverknaden går båe vegar.

Bjørn Magne Pedersen er sjølv eit biografisk døme. Han vart fødd med to gildeskålfjerdingar som foreldre, ikkje i Gildeskål, men i Bodø, der han voks opp, og dit foreldra hadde flytta som unge vaksne. Men då han sjølve vart ung vaksen for 30 år sidan, handla han ikkje hytte eller fritidsbustad i Gildeskål, men einebustad, som far i ein familie på fem.

I dag slit ikkje berre Gildeskål, men heile fylket med fødselstala. Ei melding kjem inn på telefonen: «Det blir født stadig færre barn i Norge. Hittil i år er det født 44.425 barn. Det er 4.154 færre fødsler enn på samme tid i fjor. Færrest er født i Nordland (1.761).»

Kvifor nett Nordland? Det står så i motsetnad til biletet me elles har av dei rause folka i den rause landsdelen. Nok ei melding tikkar inn, ei overskrift: «Nordnorske øykommunar har lengst reiseveg til fødeavdelingane.»

Båtnaust i Gildeskålvågen, med Fugløya i bakgrunnen.

Målet

På visittkortet til ordføraren står kommuneslagordet: «Å, eg veit meg eit land». Den kjende diktlina av målreisingspioneren Elias Blix er alt som er att av landsmålet i ein kommune som elles er kjemisk fri for nynorsk – om han på papiret er «nøytral».

Men dei nyttar lina med større rett enn heimepublikummet til Bodø/Glimt, for det er mykje Gildeskål i songteksten.

– ei lysande strand

mellom høgfjell og fjord –

er rett og slett strandstaden Våg under Sandhornet, og

– når til kyrkja me fór –

er rett og slett den kvite steinkyrkja eg no kan sjå frå stien, bygd tidleg på 1100-talet, på ein stad som må ha vore viktig, for på den tida vart det ikkje reist mange steinkyrkjer her nord.

Salten-kysten går ikkje berre att i det kjende heimstamnsdiktet hans, men i dei religiøse dikta òg. Jolesalmen «No koma Guds englar» (1869) syng ikkje om Midtaustens betlehemsmarker, men om landskapet og kulturen kring meg, på gildemål: med ei jord så isande kald, der trei stend svarte i skogen, med dalar og strand, der folk kveda, frå grend til grend, i kvar bygd.

Det er jolaftan i morgon, og det høver med eit par strofer frå Blix-salmen:

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,

på alle folks tungor dei kveda.

So vida som klokkene kima frå tårn,

stig tonar av hugnad og gleda.

Alt kling som i kor: Guds fred yver jord!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend,

so vida som tunga kan mæla,

um Sonen som er oss frå himmelen send

all verdi til siger og sæla!

Syng ut i kvar bygd: Guds fred ifrå høgd!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Solefall

Til den kvite steinkyrkja her på fastlandet var det ein to månader gamal Elias Blix vart rodd frå Sandhornøy for å verta døypt ein aprildag i 1836.

Utanfor kyrkja står minnestøtta. Eg har nådd målet og er framme ved kyrkjestaden, med steinkyrkja og gravhaugar, med trekyrkja frå 1881 og prestegarden frå 1700-talet, der hovudbygningen er eit langhus på 33 meter, og kan henda låg det ei gildestove her – det seier ikkje opplysingsskilta noko om.

Heller ikkje om hov og horg – som Petter Dass meir enn antyder. Men på ein så sentral stad var det nok slik.

Rett som det er, har menneskeskapte saker og ting gjeve namn til fjell – hatten på eit hovud, kjølen på ein båt, skåla på bordet. Sentrum i Gildeskål har i alle tider vore ei enorm skål, så stor at gudar kan ha nytta henne i sine gilde.

Då ser eg det. Sola har sjølvsagt vore låg i heile dag, men no som eg er ved målet, står ho så lågt at ho blussar opp. I solnedgangen ved gamlekyrkja vert skåla fylt av eit varmt honningljos, som om skåla i sørsida av Sandhornet vart fylt av mjød.

Det er ikkje slik på nord- og vestsida, men nett her, der gamlekyrkja vart reist for snart tusen år sidan, truleg på tuftene av eldre heilagdomar, nett der ein har siktline rakt inn i gildeskåla. Eg tek nok feil, men nett no, i honningljoset, tenkjer eg at Gildeskål har namn etter fjellskåla. Kva som peikar mot det, bokstavleg tala, er siktlinene.

I våre dagar driv EU og fredar siktliner til heilagdomar. Siktlina til St. Paul’s Cathedral i London er freda. Det er ikkje lov å byggja noko i London som skader siktlina til kyrkja. Fjell har vore heilagdomar frå Sinai til Dovre.

Eg kjem aldri til å gløyma ei ferd nordover gjennom Valdres, oppi fjellsida. Dei svingete dalsidene lukka lenge for ei siktline heilt inn i fjellheimen, men så, i fjellet over Slidre, opna det seg, og ein kunne sjå rakt inn Jotunheimen, gudeheimen. Og nett der siktlina opna seg, vart det eingong på 300-talet reist ein stein med ein tekst, Einangsteinen. Han står der enno. Og no er det helg og gilde. Skål. Og god jol.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis