JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Det egentliga Finland

Arja og eg tek toget til Tampere for å forstå oss på den mest kjensleladde og ubegripelege hendinga i finsk historie. Og sanneleg seier eg dykk – Sanna Marin legg ut eit nytt bilete på Instagram.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit av slaga under den finske borgarkrigen stod på kyrkjegarden Kalevankangas i Tampere. Fleire gravsteinar har merke etter kuler. Etter krigen oppretta dei kvite ein fangeleir her, og ein av fangane var den 15 år gamle Jussi Hietanen. Han laga monumentet som blei reist i 1941.

Foto: Hallgeir Opedal

21296
20220909

Les også

På ein steinholme ligg borga Olavinlinna, eller Sankt Olofsborg, kalla opp etter Olav den heilage. I borggarden fekk eg i juli 1983 oppleve min første opera, Tryllefløyta. Det var ei openberring, og opera har sidan vore ein pasjon.

Snaps ved reisas slutt

Les også

Slik var det å vakne på golvet i dette vesle Mummi-huset av ei hytte på Mansikkaharju Holiday Camp ein onsdags morgon i juni 2022. Neste gong vel eg spahotellet.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Norjalainen kryssar sitt spor

Les også

Jyväskylä er heimbyen til skihopparen Matti Nykänen og arkitekten Alvar Aalto. Kven som har sett tydlegast sport etter seg, er ikkje godt å seie. Her er uansett ein av 29 bygnader i byen teikna av Aalto.   Alle foto: Hallgeir Opedal

Sveve over Jyväskylä

Les også

Så var det i Pirkkala eg skulle sleppe opp for straum. Nokre gonger er ulukka betre enn forstanden. Paavo på butikken Sale ordnar opp.

Feature

Straumlaus i Pirkkala

Les også

Året 1952 var eit vendepunkt i Finlands historie. Krigserstatninga til Sovjetunionen var nedbetalt, dei olympiske sommarleikane blei arrangerte i Helsinki, og den 17 år gamle Armi Kuusela frå Norra Österbotten blei verdas første miss Universe.

Turku i toppfart

Les også

Målet for reisa er Leppävirta, men eg skal gjennom mykje finsk historie og melankoli før eg kjem fram.

Illustrasjon: Nerliens Kjemisk-Tekniske Aktieselskap

Feature

Verdas lukkelegaste land

Det er fyrst når eg dreg ut øyrepluggane, at eg høyrer knatringa på vindauget. Regnet var varsla, men etter solskinsvêret i går hadde eg ei lita von om at vêrmeldingane i Finland skulle vere like ureknelege som i Noreg. Eg reiser meg opp av senga, stavrar stivt over golvet, trekker gardina til sides. Eit gråleg skydekke har lagt seg over Turku. Det plaskar i sølepyttane på parkeringsplassen.

Eg tenker: Det er vel eigentleg dette som er Finland.

Eg har ei kjensle av å ha vore på tur i fleire veker, men så har eg berre vore her i eitt døgn. Ja, i nøyaktig 24 timar. Dagen i går var pakka med innhald og inntrykk, og det å oppleve ein by på sparkesykkel er nok som å vere i amfetaminrus. Alt går rasfort. Til saman køyrde Arja og eg 32 kilometer gjennom Turkus trafikkerte bygater, gjennom fasjonable villastrok, opp langs elva, ned langs elva og heilt ut til dei moderne leilegheitskompleksa i tegl og glas med sjøutsikt og kveldssol. Eg er støl, kjenner eg, og at eg skal bli støl av å stå på ein sparkesykkel, er uventa.

Før eg la meg i går kveld, sette eg Arja til lading, men det viser seg no at taklampa må stå på for at stikkontakten på golvet skal fungere. Batteriet har nesten ikkje straum. Eg slår på lyset, så fjernsynet. På YLE 1 er det Antik Runden, dette danske programmet om antikvitetar, på YLE 2 ein støyande, animert superheltfilm for born. Eg byter igjen kanal, og brått er eg heime i Odda! Der ser eg Thord Paulsen, oddingen som er blitt verdskjend gjennom National Geographics dokumentarserie Vinterveiens helter. Kjenslene er blanda. Det er artig å sjå ein odding på finsk TV, men no skal eg ha finlandsfokus og kan ikkje la meg avleie av havarerte vogntog langs E134 over Haukelifjell.

Å sjå ein odding på finsk TV, var uventa, men ikkje ei udelt glede.

Tid har eg heller ikkje, eg skal rekke toget til Tampere, eller Tammerfors, som svenskane seier. Nordens største innlandsby med nær 250.000 innbyggjarar, og den mest kjende av dei er vel Sanna Marin. Ja, no bur ho i statsministerbustaden Villa Bjälbo, og det var der, i Helsinki, ho blei fødd ein novemberdag i 1985. Då foreldra skilde lag, flytta ho og mora til Pirkkala, som skal ligge utanfor Tampere. Har ho lagt ut nytt innlegg på Instagram? Nei. Ho er nok på ferie heime hos mødrene sine. Eg må finne ut kor dette Pirkkala ligg.

Eg fekk ikkje kjøpt togbillett i går kveld. Kvar gong eg skulle betale på nettsida til det statlege jarnbaneselskapet, VR, stansa alt opp. Toget går kvart over ni, og eg må til stasjonen for å kjøpe billett. Slikt stressar meg. Alltid. No er ho halv åtte.

Scandic Julia er eit ordinært hotell, men det hotellet vantar i sjarm og fasilitetar, blir vege opp av den glade resepsjonisten. Som i går strålar ho blidt bak skranken, og på to minutt har ho fiksa togbilletten. Mi einaste innvending er at ho ikkje vil snakke svensk.

Jag kann lite svenska, but I prefer to speak english.

– Er svensk upopulært?

Nooooo.

Svensk er omstridt. I heile landet snakkar 5 prosent finlandssvensk, Åbo ligg på snittet, men elles i landet snakkar dei finsk og berre finsk.

– I verdssamanheng er finsk eit minoritetsspråk, og kvifor skal eg bruke tida på lære eit anna minoritetsspråk? Då er det meir nyttig å lære seg engelsk. Sjølv svenskane som flyttar hit, snakkar engelsk.

– Lærar dei seg ikkje finsk?

– Ha-ha. Nei, det er det jo umogleg å lære seg.

09.15. Eg sit ved sida av ei jente i tolvårsalderen. Far hennar følgde ho på toget, og no sit ho her åleine og speler Angry Birds på telefonen. Det er ikkje lyd i dei andre passasjerane, og toget ruggar mjukt gjennom eit landskap som ikkje er ulikt Aust-Noreg. Det er jorde med gras, men ikkje så vidope som heime. Bøane er meir oppstykka i teigar, avgrensa av grøfter og skogholt. Gardshusa og driftsbygningane er heller ikkje like velstelte og prangande. Alt er fjernsynsteaterstusseleg, og regnet forsterkar inntrykket. Det meste er no skog. Gran og furu, imellom felt med bjørk, or, osp og annan lauvskog.

Finland er delt inn i 18 såkalla landskap, pluss Åland, og landskapet toget no smyg seg gjennom, heiter Egentliga Finland. Då svenskane fyrst kom hit, kalla dei omlandet nord om Åbo for Finland. Så skulle heile nasjonen ha det namnet, men no køyrer vi gjennom det opphavlege.

Det var i år 1155 den svenske småkongen Erik IX skal ha sendt eit korstog for å kristne heidningane i dei finske skogane. Svenske nybyggjarar hadde alt slått seg til langs kysten, og det var ikkje utan konflikt. Med i følgjet var den engelskfødde presten Henrik, som var biskop i Uppsala. Legenda vil ha det til at bonden Lalli slo biskopen i hel med øks, han hadde ikkje gjort opp for seg, meinte kona hans, og for å døy i strid på Finlands jord for den godes sak, blei han seinare heilagkåra. Henrik er Finlands nasjonalhelgen.

Men kven var eigentleg Lalli og dei andre skogsheidningane? Det er ikkje godt å seie, men det finske språket har sitt opphav i skogbelta rundt Uralfjella. Nokre tusen år etter siste istid vandra ugriske stammer over dei russiske slettene. Nokre enda opp i Ungarn, andre i Estland og nokre i dei djupe skogane i området vi i dag kallar Finland. Her levde dei som jegerar og samlarar, før dei etter kvart følgde tidsånda og byrja med jordbruk, og det var særskilt svidebruk som slo an.

Å frelse finnane – med det uskjønelege urspråket – var ikkje gjort i ei handvending, og til saman sende svenskane tre korstog over Bottenvika. Det var òg andre som gjerne ville ta hand om dei finske sjelene. I aust låg republikken Novgorod, eit slags pre-Russland, som ville ha dei over til den ortodokse trua. Denne inneklemde plasseringa mellom to rike med stormaktsambisjonar har vore Finlands ulukkelege – og lukkelege – lagnad. Landet ligg i ein skvis – eller som ei bru – mellom aust og vest.

I 1323, etter 30 år med krig, underteikna Sverige og Novgorod ei fredsavtale. I Nöteborgstraktaten skal dei ha sett ein strek frå elva Sestra ved noverande St. Petersburg og opp mot Bottenvika, kan hende heilt til Ishavet i nord. Dette er usikkert. Alt vestom grensa høyrde Sverige til, og i vel 600 år var Finland under den svenske styret. I stort, skal det leggjast til, for kva som var det eigenlege Finland, varierte gjennom åra. Grensene blei stadig flytta, og særskilt var landområdet Karelen i aust omstridd. Ja, korridoren Petsamo i nord det same.

I februar 1808 gjekk 24.000 russiske soldatar til åtak mot det svenskfinske riket, og denne offensiven har historikarane gitt namnet finskekrigen. Det russiske keisardømet kjempa seg kvikt vestover, og sjølv om svenskane vann slag, vann russarane krigen.

I september 1809 kapitulerte Sverige og mista ein fjerdedel av landområdet, ein tredel av folket og ein dryg del av sjølvkjensla. Kven var stormakta Sverige no? Som følgje av nederlaget blei svenskekongen Gustav IV Adolf avsett, noko som snart etter bana veg for den franske marskalken Jean Baptiste Bernadotte, numera känd som Carl Johan. Finland blei eit storfyrstedøme under Russland.

Arja er klar for å trille om bord i toget til Tampere. Dei er gode på tog, finnane.

Det er 13 grader og kaldt silregn i Tampere. Planen er å ta meg frå togstasjonen til hotellet for å lade Arja og setje frå meg sekken. Deretter skal eg på museum, og regn er eigentleg optimalt museumsvêr. Det er fire kilometer frå stasjonen til Norlandia Care Hotel, og om eg skulle gått, ville det teke meg 48 minutt. Med Arja tek det tolv minutt. Kor våt kan ein bli på tolv minutt?

Gjennomblaut. Eg følgjer sykkelstien langs motorvegen, mens surt regn siv gjennom kleda. Google Maps tek meg over gangbruer, gjennom undergangar og så tvers gjennom eit villaområde, inn på ein skogsti, som leier meg til eit område med bustadblokker, før eg til sist hamnar på området til Tampere Universitetssjukehus. Ifølgje mobiltelefonen er eg framkomen.

Er det her eg har bestilt rom? Norlandia Care Hotel var det billegaste som var å finne, og det viser seg no å vere eit sjukehotell. Eg trillar Arja inn glasdørene og kjem inn i eit atrium, til høgre to poliklinikkar, begge stengde, det er laurdag, og til venstre ein slags resepsjon. Eg kan ikkje få rommet før klokka tre, seier resepsjonisten.

Nei, det er greitt, eg har uansett tenkt meg til museet.

– Museet? Kva museum?

– Vapriikki museum. Ifølgje hotellets eiga omtale ligg Norlandia Care Hotel «close to city center and Vapriikki Museum».

Ho syner meg på kartet. Vapriikki ligg ikkje langt frå jarnbanestasjonen.

– Fire kilometer herifrå, seier ho.

Arja er tom for straum. Ho må ladast. Eg set meg i ein sofa og googlar Tampere.

I 1819 kom den skotske kvekaren James Finlayson til Tampere for å misjonere og selje biblar. Kjøpstaden låg i eit hall mellom to innsjøar, og tvers gjennom rann elva Tammerkoski med eit 18 meter høgt fossefall. Skotten Finlayson hadde vakse opp under den industrielle revolusjon og såg her eit potensial til å ta revolusjonen til Tampere.

Han søkte senatet om å nytte fossekrafta til å byggje eit spinneri. Søknaden blei banka gjennom, og i tiåra som følgde, kom fleire fabrikkar til på elvebreiddene, der dei produserte lokomotiv, våpen, turbinar, ja, alt som trongst i storhertugdømet. Eit biprodukt var ei veksande og revolusjonær arbeidarklasse.

På 1990-talet stempla dei siste industriarbeidarane ut av fabrikklokala langs Tammerkoski og inn flytta handelsmenn, restaurantørar og kulturfolket. Det er her i dei gamle teglsteinbygnadane Vapriikki museum ligg.

Sjølv om eg har ladd Arja i tre kvarter på hotellet, blinkar batteriindikatoren raudt når eg klaprar over brusteinen utanfor museet, men no er eg her, og eg er ikkje aleine. Inne er det eit surr av barnehyl og foreldre, gummistøvlar gnissar over murgolvet, og garderoben heng full av drypande regnjakker. Diskret leitar eg etter stikkontakt, men finn ingen. Til slutt vel eg å trekke ut støpselet til ein elektronisk handvask. Eg pluggar Arja til det finske straumnettet og heng jakka over styret. Eg tek nokre skritt tilbake, nei, det er nesten umogleg å sjå.

Eg løyser billett og får eit kart over museet. Bevare meg, det er ei enorm samling av utstillingar. Det er eit dokkemuseum, eit mineralmuseum, eit ishockeymuseum, det er museum om planter og dyr i Finland, det er eit postmuseum, eit industrimuseum, eit museum om dataspel og i kjellaren eit om bybrannar i Tampere frå 1865 til 2011. Vidare eit journalistmuseum og eit om apekattar.

Men utstillinga eg er komen for å sjå, heiter Tampere 1918. Om det mørkaste, mest kjensleladde og ubegripelege kapittelet i finsk historie. Inbördeskriget. Den brutale borgarkrigen frå januar til mai i 1918 har lege som ein verkebyll heilt fram til vår tid. Eg går etter lyden av kanondrønn.

Eit av dei mest ikoniske bileta frå borgarkrigen blei tatt av legen Harald Natvig frå Bergen. Han dokumenterte avrettinga av tolv raudsoldatar. Geværpipa til venstre skal ha blitt lagd til seinare.

I desember 1917 kom ein slagen og pengelaus Carl Gustaf Mannerheim heim til eit Finland prega av fattigdom og sosiale motsetnader. I tre tiår hadde han tent det russiske keisardømet og var blitt ein høgt akta offiser. No hadde tsar Nikolaj II abdisert, det var verdskrig, revolusjon og eit Russland i kaos. Det borgarlege fleirtalet i Riksforsamlinga under leiing av Pehr Evind Svinhufvud tolka tilhøvet til Russland som ein personalunion og nytta stunda til å erklære sjølvstende. Den nye leiaren i Russland, Vladimir Lenin, gav si tilslutning, og dei nordiske landa følgde på.

Men kva politisk kurs skulle det frie Finland velje? Det blei ein kamp mellom dei konservative på den eine sida og marxistiske sosialdemokratar og revolusjonære bolsjevikar på hi sida. Dei raude hadde støtte i dei folketette industribyane i sør og ønskte reformer. Dei kvite, som var samansett av borgarskapet, sjølveigande bønder og overklassen, ville ha stø kurs, ja, halde på privilegia sine. Parallelt med politiske forhandlingar rusta begge sider opp.

Svinhufvud bad den nyleg heimkomne Carl Gustaf Mannerheim om å byggje opp ein slagkraftig armé for dei kvite. Det var nok ei velkomen oppgåve for Mannerheim. Han var 50 år og vanta ei livsgjerning, og i siste liten reiste han frå eit eksplosivt Helsinki og slo seg ned i Vasa ved Bottenvika. Derifrå mobiliserte han alle våpenføre menn.

I januar 1918 barka dei i hop. Berre veker etter utbrottet steig 1200 finnar frå den 7. prøyssiske jegerbataljonen i land i Vasa. Dei hadde fått opplæring i Tyskland og kom no for å kjempa saman med dei kvite. Fleire tusen tyske krigsveteranar skulle etter kvart slutte seg til, saman med 350 friviljuge frå Sverige. Dei raude blei støtta av russiske troppar som alt var i Finland. Konflikten eskalerte utover vinteren, han kom ut av kontroll.

Finne stod mot finne, familiar blei splitta, det var by mot land, og begge sider sende born til fronten. Det var nådelause plyndringar, overgrep mot sivile og vilkårlege massakrar. Krigsfangar blei avretta utan dom. I mars byrja den kvite offensiven mot Tampere, dei ringa inn byen. Også her var ei rå omsynsløyse, der soldatar kjempa om kvart eit hus. Tampere stod i brann. Dei kvite sigra. Til saman 11.000 raude blei tekne til fange, og leiarar og russarar blei masseavretta på torget. Slaget om Tampere blei krigens vendepunktet.

I mai leia Carl Gustaf Mannerheim sigerstoget langs Esplanaden i Helsinki, men landet saud i eit oppkok av blodtørstig hemnlyst. Fleire tusen raude forsøkte å rømme over grensa til Russland. Sjølv om krigen var over, fortsette avrettingane. Til saman blei 80.000 arresterte og sende i fangeleirar.

Frå freden i mai til oktober 1918 døydde til saman 13.466 menneske i leirane. Nokre blei skotne, andre døydde i epidemiar, av annan sjukdom eller svolt. Nær tusen av dei var born.

Og det er dette som har ridd Finland i alle desse åra. Korleis kunne finnar vere så omsynslause mot finnar? Det er ein uforståeleg skamplett.

Det er vinnarane som skriv historia, og slik var det også denne gongen. Styresmaktene la eit lokk av tagnad over overgrepa og sette opp monument og statuar av sine heltar i det dei kalla den store fridomskrigen. Heile det offisielle Finland med akademia, aviser, radio, fjernsyn, litteratur og film stødde opp om den offisielle historieforteljinga. Slik ho blei fortald, var det ei historie om dei gode mot dei vonde.

Men var krigen så svartkvit? Dei raude og etterkomarane kjende seg ikkje att. For dei var dette ein naudsynleg klassekamp, og dei hadde sin versjon av kva som hadde hendt, og kvifor det hende. Slik vaks det fram to ulike historier som levde parallelt i det finske samfunnet.

Fyrst på 1990-talet byrja historikarar å tilnærma seg borgarkrigen på eit meir nøytralt vis. I 2008 opna utstillinga i museet i Tampere. Museumsleiinga vona at «det finske samfunnet gradvis var modent for å møte fortidas smertepunkt objektivt».

Etter halvannan time med borgarkrig set eg meg i kafeteriaen med ei flaske pommac og noko finsk bakverk. Eg er matt av vald, bilete og kanondrønn og slår på telefonen. Bevare meg vel! Sanna Marin har lagt ut eit nytt bilete på Instagram. Det er tre dagar sidan sist, og for eit bilete! Ho ser ut som ein modell, mykje hud og hår. Ho skriv at det regnar i Helsinki, og at ho skal intervjuast i radioen i morgon. Det er alt fleire hundre kommentarar og fleire tusen likes. Eg skriv:

«Det regner her i Tampere òg. Nokre forslag til kva ein kan gjere etter å ha vore på Vapriikki Museum?» Skal eg legge til eit hjarte? Nei, det blir uprofesjonelt. Eg trykker på «send».

Arja er fulladd, regnjakka tørr. Det regner enno, men det er ikkje lenger silregn. Det er lett yr, og det passar meg betre, for eg har tenkt meg til grava til Väinö Linna.

Fire dagar før julaftan i 1920 fødte Maija Linna sitt sjuande barn, og guten fekk namnet Väinö. Faren Vihtori var slaktar i Urjala, som ligg noko over midtvegs frå Turku mot Tampere. Til saman skulle dei få ti born. Då Väinö var sju år, døydde faren, og mora sat aleine igjen med ansvaret. Väinö byrja tidleg å arbeide i skogen, men han ville vekk frå Urjala. Då han var 18 år, flytta han opp til Tampere, der slektningar skaffa han arbeid på spinneriet til Finlayson.

Då Sovjetunionen gjekk til åtak mot Finland i slutten av november 1939, var Väinö Linna 19 år. Han var ikkje med i Vinterkrigen, for det var fyrst i fortsettingskrigen i 1941 at årskullet hans blei mobilisert. Då blei han sendt austover, inn i Sovjetunionen. Han hadde alt bestemt seg for å satse på skriving og skildra krigsopplevingane han var med på. Etter fleire mislukka forsøk på å få notata publiserte, brende han dei opp.

Han gifte seg med Kerttu Seuri, som han møtte under krigen, ho var lotte, og heldt fram i spinneriet hos Finlayson. Han skreiv to novellesamlingar, som begge selde dårleg, og heller ikkje som poet lukkast han.

Men så skulle livet endre seg. Han var 34 år gamal då han i 1954 gav ut romanen Ukjent soldat, (på norsk i 1956). Historia er basert på hans opplevingar i fortsettingskrigen og følgjer «mor Finlands utvalde ofre på verdshistorias alter». Mellom dei er husmannssonen Ville Koskela frå nabogarden heime i Urjala. Romanen om krigens meiningslause brutalitet blei folkelesnad og selde i 800.000 eksemplar. Boka er omsett til meir enn 20 språk og er òg filmatisert, sist av strøymetenesta Netflix.

Etter den store suksessen forsøkte Väinö Linna å stikke hol på byllen om borgarkrigen. I 1959 kom den fyrste av tre bøker som følgjer familien Koskela frå slutten 1800-talet og inn i revolusjonstida og gav eit meir forsonleg og balansert bilete av opptakten til borgarkrigen.

Men dette var eit for stort lerret å bleike, sjølv for Väinö Linna.

Kyrkjegarden i Tampere er enorm, og det blir ikkje lett å finne grava hans. Eg leitar på måfå, går etter dei største gravsteinane. Nei. Men så kjem ein eldre mann inn porten. Han har blå og gul allvêrsjakke og i hendene ein kantklippar. Av røynsle veit eg at eldre menn ikkje pratar anna enn finsk. Eg får spørje enkelt:

Anteeksi, seier eg. (Unnskyld.)

Han stansar opp.

– Väinö Linna?

Mitä? (Kva?)

– Väinö Linna, gjentek eg, og gjer som eg skriv med handa.

Do you speak english?

Jo, han veit om lag kor grava er, og peiker til venstre for inngangen. Eg finn ho, ein svær gråsteinsbauta: «Väinö Linna 1920–1999». Under: «Kerttu 1925–1998». Og rundt heile steinen ein inskripsjon. Den gamle med kantklipparen kjem bortom, han har klipt graset rundt gravstøtta til foreldra, fortel han. Eg ber han omsetje kva som står rundt steinen til, og han bøyer seg ned, stavrar rundt bautaen og dreg fingrane over bokstavane, men skrifta er ikkje lenger lett å lese.

– Men det står «i dag», seier han.

– I dag?

– Det er det einaste eg klarer å tyde.

Når eg fyrst har fått ein engelsktalande finne opp i åra i tale, vil eg ikkje gje slepp og spør om han er frå Tampere.

– Ja. Eller eigentleg er eg frå ein liten plass som heiter Pirkkala. Eg har ei hytte der og har budd i ho under pandemien.

– Pirkkala? Er det ikkje der Sanna Marin vaks opp?

– Jo, seier han, og eg hadde vel forventa ein respons på at ein utlending har såpass innsikt i finsk politikk, men han fortset som om ingenting var sagt.

– Han budde der. No bur han vel mest i Helsinki, men dei har framleis leilegheita i Tampere, meiner eg.

Han? Eg får meg ikkje til å korrigere. På finsk har dei ikkje kjønn, alt er inkjekjønn, og finnar blandar ofte han og ho når dei snakkar på framande språk. Han vil til å gå, men eg held på han, for eg kjem på ein vits om finsk politikk. Vitsen er om president Urho Kekkonen.

Mannen med kantklipparen ved grava til forfattaren Väinö Linna.

Sagbruksarbeidarsonen frå Norra Savolax kjempa for dei kvite under borgarkrigen, og då freden kom i mai, var han i hamnebyen Fredrikshamn, aust for Helsinki. Som det står i Biografiskt Lexikon för Finland: «Våren 1918 ledde han en exekutionspatrull i Fredrikshamn.»? Ni raude blei avretta under hans kommando.

Urho Kekkonen var ein atlet, og i 1924 blei han finsk meister i stille høgde (1,85). Han var heile sitt liv ein lidenskapleg storfiskar og skiløpar, som heldt seg med elskarinner og var glad i sterk drykk. Finske journalistar «tittade ofta åt ett annat håll när presidenten fyllnade till på statsbesök».

Kekkonen heldt på makta i 25 år, mykje takka vere støtte frå Moskva. Jo, før vitsen ei opplysing: Hovudet hans var glatt som elvestein. Det må ha vore på slutten av 70-talet eg høyrde vitsen fyrste gong, sannsynlegvis på radio, og no endeleg skal eg få bruk for han.

Han står avventande med kantklipparen i hendene.

– Veit du korleis dei vel presidentar i Finland?

– Nei.

– Jo, dei legg alle kandidatane opp i ein hatt. Så trekker dei opp éin etter éin etter håret, og han som står att til sist, blir president.

Han ler, ikkje høgt eller lenge, men han ler.

– Har du høyrt han før?

– Nei, ikkje den. Det er jo kome fram mykje i seinare tid om Urho Kekkonens altfor nære samband med Sovjet-leiarane. Det var vel ikkje heilt bra.

Urho Kekkonen gjekk av 1981. Han var 81 år, og det var i svenske aviser at finnane kunne lese at han var blitt dement.

Mannen med kantklipparen går, eg blir, og brått fell regnet i kaskadar. Eg søker tilflukt under ei edelgran.

Når eg kjem til hotellet, er eg gjennomblaut og kald, og eg tek ei avgjerd som for folk flest er lita, men som for meg er stor. I kveld skal eg ut av komfortsona.

Eg skal i sauna.

Hallgeir Opedal

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis