Litteratur
Tida går seint
Teikning: May Linn Clement
Arne går snart på veggane. Veggane med den gamle tapeten som held seg så godt at det har inga hensikt å skifte han ut, litt falma her og der, men det er ikkje noko å bry seg om. Det er same tapeten i heile fyrste etasje, i gangen, stova og på kjøkenet. Ein tapet det ikkje går an å få tak i lenger. Butikken der han blei kjøpt, er lagd ned for mange år sidan. Arne er eigentleg ikkje sikker på om mønsteret skal førestille blomar eller berre er krusedullar.
Mai er så vidt i gang, ein månad det ikkje går an å stole på, endå må du rekne med mange frostnetter, og i løpet av dagen kan det vere store svingingar i temperaturen. Det er vanskeleg å vete korleis ein skal kle seg.
Arne kjedar seg. Kona seier at no må du ta deg ein tur ut. Men han kjem seg ikkje nokon stad. Du treng sol i andletet og frisk luft, seier ho.
Det blir ikkje nokon skikkeleg sommar i år heller, det er Arne sikker på, i fjor regna sommaren bort. Han hugsar berre kalde dagar og at mange sleppte det dei hadde i nevane, og stakk til varmare strøk. Arne og kona blei verande heime, stod i stovevindauget og såg folk dra frå gard og grunn, frå slekt og venner, bort frå dritvêret. Det blei heilt stille rundt dørene, fredeleg i byrjinga, men trykkjande etter kvart. Ei stund frykta Arne at folk aldri skulle komme tilbake, men så kom dei, i bilane sine, alle saman, eller mest alle, nokon forsvann for godt, det går visst òg an, sjølv om det ikkje er til å forstå.
På radioen snakkar ei dame om at ungdommen kjedar seg. At dei som veks opp no, sit for mykje i ro og ikkje får ut fingeren. Det er godt å høyre, tenkjer Arne, då er eg ikkje åleine. Livet er eit ork, men Arne held ut og slår i hel tida utan å nøle. Spesielt kveldane er dryge. Og no når det er så lenge lyst, blir det ekstra mykje tvinning av tommeltottar og venting på at klokka skal bli så mykje at han kan krype til køys.
Dagar sniglar seg av garde som lange vonde år. Det har alltid vore slik, til og med då ungane var små, Arne trudde det var noko alvorleg gale, dei vaks så seint, spesielt nummer ein, ho låg berre og vrei seg og klarte ikkje gjere noko på eiga hand. Tigga etter mat, grein i tide og utide. Heldt han og kona vakne om nettene. Arne aner ikkje korleis det gjekk til, men no har begge flytta ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.