Kunngjeringar
Land i sikte
Teikning: May Linn Clement
Ein mann har teke plass i korga høgt oppe i stormasta. Det er eit skikkeleg dritvêr, regnet kjem sidelengs og vinden berre aukar. Han klamrar seg fast og speidar i alle himmelretningar. Det er han dei må stola på, og når skipet krengjer, nyttar det ikkje å vera redd. Han må halda utkikk etter rev, andre skip eller land. For kanskje dukkar det opp eit land, sånn heilt ut av det blå – eit land ingen veit om eller har sett før.
Då kjem den kraftige røysta til sin rett, og han må ropa: «Land i sikte!» – fleire gonger, heilt til dei der nede får det med seg. Foreløpig ser han ingenting som liknar på land eller noko anna som er verd å ropa om. Men han må fylgja nøye med, og det er betre å ropa ein gong for mykje.
I det siste har han tenkt at det kanskje er på tide å byta jobb snart – finna seg ein på land, noko heilt anna. Det er mest ikkje til å halda ut å vera borte frå familien så lenge om gongen. Han håpar berre dei held seg friske og har det fint.
Ein treng ikkje gjera det same heile livet, alle har godt av forandring. Den gongen var det ikkje slik at han kunne velja og vraka i spennande jobbar. Valet stod mellom sjøen eller å bli att heime på garden, og det var i grunnen ikkje noko val.
Han klatrar ned frå «kråkereiret» og overlèt plassen til neste mann, litt svimmel etter å ha blitt kasta fram og tilbake i den sterke vinden. No er det heldigvis ein liten pause før han må gjera andre oppgåver.
Om du har den eine eller andre jobben, er ikkje alle dagar like spennande, verken på land eller sjø, du må belaga deg på ein del dårleg planlegging og mykje venting, timar som sniglar seg av garde, ei kjensle av å ikkje vera til nytte, inkompetente sjefar og irriterande kollegaer som tenkjer annleis enn deg, som berre står i vegen og aldri kjem i gang med det dei skal gjera. Draumar og håp som går i vasken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.