Kunngjeringar

I bagasjerommet

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Sveinung ligg innelåst i bagasjerommet på den gamle Volkswagen-stasjonvogna frå 1973. Han er utan telefon, og det er heilt mørkt.

Festemekanismen til loket på bagasjerommet har fuska lenge. Mange gonger sprett det berre opp att når han prøver å lukka det. Sveinung liker å fiksa ting og tenkte at det kunne gå an å sjå noko frå innsida. Han fann ei hovudlykt, kraup oppi og drog ned loket. Denne gongen gjekk det sjølvsagt i lås, og etter eit par minutt slutta hovudlykta å lysa. Loket ville ikkje opp att, og det var ingen andre vegar ut.

Sveinung gav ikkje beskjed til Monica før han gjekk ut i garasjen, han pleier jo aldri det, pleier berre gjera som han vil, og dukka opp igjen etter kvart.

– Kva har du halde på med, spør Monica då.

– Jo, skulle Sveinung sagt.

– Eg har vore i garasjen og fiksa loket til bagasjerommet på bilen. Det har jo ikkje verka slik det skal i det siste, men no er alt i orden. Det nyttar ikkje å vera hjelpelaus, då kjem ein ikkje langt i denne verda. Eg måtte krypa oppi bagasjerommet med heile meg, og det var trongt og vondt å komma til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement