Kunngjeringar
Bakken
«Roger held seg stort sett innandørs, og aldri langt unna eit av vindauga som vender ut mot vegen.»
Teikning: May Linn Clement
På vegen kjem ein hund småspringande, eigaren kjem halsande etter. Midt i bakken set hunden snuten i vêret, så får han auge på katten som ligg i vindaugskarmen. Roger står ved sida av, heilt til høgre, halvvegs skjult av gardinet. Det vesle beistet gøyr og prøver å slita seg laus, som om han har oppdaga noko livsfarleg han må angripa.
– Ikkje bry deg om den dumme hunden, seier Roger til katten.
– Du treng ikkje vera redd, han kan ikkje koma inn her.
Ingenting av det Roger held på med, er så viktig at det ikkje kan venta når det kjem nokon på vegen – om han då ikkje er i kjellaren eller sit på do, då kan det vera vanskeleg å koma seg tidsnok i posisjon. Då er det å håpa at nokon andre i huset er så pass vakne at dei fylgjer med på kven som går eller køyrer forbi ute på vegen, men ingen er til å stola på.
Som regel passerer bilar og folk utan at dei bryr seg. Roger må ringja mor si, som bur lenger oppe, og spørja om ho fekk med seg kven som køyrde forbi. Det er ho han har forvitenskapen frå. Men mora er ikkje like kvikk som før og må rugga nokre gonger fram og tilbake for å koma seg opp frå godstolen, det er vanskeleg å tima det rett, og mange gonger blir ho for sein.
Om vinteren er Roger glad han bur der han bur, og ikkje lenger oppe. Snø og frost gjer at mange bilar berre kjem halvvegs i bakken før dei byrjar å spinna. Når Roger ser kven det er, ringjer han mor si og seier at det er nokon som aldri lærer; dei kjem ikkje opp bakken. Og mor er takksam for at sonen seier ifrå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.