Kunngjeringar

Få seg noko eige

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Mor og far har vorte vane med at Bjørn kjem heim seint i helgene, likevel ligg mor i halvsøvne og ventar. Ho høyrer at sonen låser seg inn og romsterer i gangen. Han prøver å vera stille, men får det ikkje heilt til. Sjølv om Bjørn har vore vaksen i mange år, er alt på eit vis som før, og kor lenge han har tenkt å bli buande heime, er det ingen som veit.

Far mistenkjer at sonen eigentleg ikkje fylgjer så mykje med på bustadmarknaden. Men han har heller ikkje sagt at han vil bu heime for alltid. Bjørn snakkar sjeldan om framtida, og viss han seier noko, er det at husa som ligg ute for sal, ikkje freistar: Han vil ikkje bu kor som helst – i alle fall ikkje i byggjefeltet bak skulen, med dei naboane – og ikkje i dalen der sola er borte halve året, og den bratte bakken som alltid blir så glatt om vinteren, og vinden som aldri gjev seg. Det er alltid noko feil.

Mor er jo glad for at sonen trivst heime, men både ho og far er einige om at guten ikkje blir yngre, han heller. Naboane kosar seg alt med barnebarn – to gutar som er på besøk fleire gonger i veka. Det er sikkert mykje styr og mas òg. Bjørn viser uansett inga interesse for slikt. Lite tyder på at han har planar om å flytta ut – eller formeira seg med det fyrste. Dei må nok ta høgde for at han blir verande ei stund til, og bera over med alle glasa han skitnar ut og set frå seg overalt, og at han kjem for seint til middagen og sit heilt mutt og ikkje fortel dei noko av det han tenkjer på.

Men ho vil ikkje mase, og far klarer ikkje seie noko lurt, han heller, tenkjer berre sitt, blant anna at Bjørn, som jo tener sine eigne pengar, må bli flinkare til å bidra heime og vise litt takksemd.

Mor ber ei stille bøn kvar kveld. Tryglar høgare makter om at ei snill jente må sjekka opp sonen deira. Ho nemnar eit par andre ting òg, men legg ikkje skjul på kva som ligg henne sterkast på hjarta, at Bjørn må få seg noko eige. Ein heim han og ei jente kan fylle med det dei har lyst til. Skapa minne – det betyr alt i denne røynda.

Dei har pakka ned nokre av tinga hans i esker og hinta om at det byrjar å bli fullt. Bjørn har sagt han skal sjå på det ein dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement