JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Dei mørkeblå

i Frankrike

Nasjonalfronten har ein tvitydig retorikk som
sankar veljarar frå mange ulike grupper.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5363
20170310
5363
20170310

Rassemblement Bleu Marine, «marineblå samling», heiter ei laust samansett rørsle omkring franske Front National, Nasjonalfronten (FN). Det seier litt om koss partiet vert styrt. Det er uttrykk for ein leiarfilosofi som går igjen i synet på statsstyring: Det må vere éin sterk leiar som avgjer alt. Partiet er elles proppfullt av nære og fjerne slektningar og ektefellar. Fleire sentrale ideologigjevarar opererer innanfor andre grupper, oftast med eit meir ekstremt uttrykk enn FN.

Antistatleg retorikk

I propagandaen gjer dette at ein kan samle opp mange røyster: antistatleg retorikk frå slike grupperingar, samstundes med at Marine vil verte statsleiar for ein sterk, korporativ stat der ho sjølv seier ho ser Putin som eit stort førebilete; antirasistisk tale frå Marine Le Pen, medan niesa Marion Maréchal-Le Pen talar om Le Grand Remplacement – «den store utskiftinga», altså at utlendingane vil kome i staden for dei eigentlege franske (français de souche), sjølv om netto innvandring ikkje er på meir enn ca. 100 000 på det meste, stabilt i mange år.

Dermed kan FN seie det motsette. Sidan Marine forbyr rasistiske fråsegner og jamvel har ekskludert faren Jean-Marie Le Pen or partiet av di han fornekta at holocaust hende og elles var jødefiendtleg, nøyer ho seg med å klage over systemet, som ikkje lenger verkar, ifylgje henne, grunna utlendingane. Marine er varsam med å tale om religion, og har faktisk verva muslimar til partiet.

Marion Maréchal-Le Pen, derimot, er svært ortodoks katolikk. Ho er ikkje berre mot homofile ekteskap, men mot homofili. Ho har, inspirert av stefaren Samuel Maréchal, talt mot sekularismen og for ein katolsk statsreligion. Ho har teke opp att den gamle høgresidas antiprotestantisme, og sjenerer seg ikkje for å trekkje fram «jødeproblemet» i diskusjonar om Israel. Det vart pinleg for henne då det vart avslørt at den røynlege far hennar var Mossad-agent – Roger Auque (død 2014).

Samuel Maréchal har gjeve viktige tilskot til aksjonen for «avdemonisering» av partiet etter Jean-Marie Le Pen – antisosialist, antirepublikanar, antigaullist og antisemitt – i pakt med mørkebrune og nazistiske grupperingar attende til 1930-talet, via nynazistiske grupper forbodne etter valdsam framferd mot studentopprørarane i 1968. Maréchal stengde av dette sporet, i og med slagordet «ni gauche ni droite» («korkje høgre eller venstre»), og la grunnlaget for påstanden om at FN er dei verkelege republikanarane.

Meir løn til alle

Slik påstår Marine Le Pen at ho og partiet hennar står langt til venstre for Jean-Luc Mélenchon og Venstrefronten. I visse måtar er det rett. Staten skal styre næringslivet strengt. Frankrike skal ut av euroen, helst også EU, ut av NATO, ut av alle handelsavtalar og sjølvsagt ut av Schengen. I alle politikkområde – tilsettingar, opprykk, helsestell, sosialstønad, utdanningsstipend osb. – skal franskmenn («etnisk franske» er ikkje eit omgrep) prioriterast, det vil seie folk med begge foreldra som franske statsborgarar eller minst ein av dei fransk eller europear.

I denne privilegiepolitikken inngår då løfte om høgre pensjon for alle grupper, tidlegare pensjon, meir løn til alle lågtlønte i jordbruk, industri og handel, forbod mot kapitalflukt, investering av franskmenns sparepengar i næringslivet med utbytteutbetaling, avskaffing av samvirkeføretak, nedbygging av staten osb. Korleis skal alt dette finansierast? Jau, med stenging av grensene og utvising av framandarbeidarar.

Økonomen Maël de Calan har rekna på kostnadene. Han har teke omsyn til brotet med eurosamarbeidet og inflasjonen som må fylgje; endå større låneopptak må til. Han har påvist alvorlege logiske brestar ved at dei same pengane skal brukast «dans toutes les sauces» – «til alt mogleg». Skattetapet og utgiftene om kompetente innvandrar utan statsborgarskapar må erstattast med folk som krev opplæring, tryggingstiltak ved stengde grenser og så bortetter, er ikkje småpengar. Calan kjem til at statsgjelda då må aukast med 713 milliardar euro kvart år i ein femårsperiode, noko som vil føre Frankrike langt forbi nivået Hellas er på, med andre ord total bankerott.

Paris-Berlin-Moskva

I staden for EU vil Marine Le Pen ha alliansen Paris-Berlin-Moskva, og ho vil samarbeide tett med despotane i Midt-Austen – for å halde islamistane på plass under deira regime, så dei ikkje kjem til Frankrike. Merkeleg nok har ho ingenting å seie om terrorismen. Det trur eg heng saman med Algerie-tabuet, som Le Pen likevel har brote ved å late «südisme»-nostalgien tyte tydeleg fram igjen.

Men ho torer likså lite som andre å snakke ope om relasjonane til Nord-Afrika. Då er det enklare å tale om kulturskilje og seie at alle innvandrarar, især muslimar, er årsaka til angst og sosial uro. Dette slaget meiner samfunnsvitaren Grégoire Kauffmann berre er ein sinnrik måte å utnytte gamle klede på nye måtar på, slik at folk får løyve til å utnemne skuldige for alle sine vanskar. Medan velferdsstaten trugar å bryte saman under utgiftene og manglande politisk handlekraft, kan Marine Le Pen peike og seie: Sjå, der går den skuldige!

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I staden for EU vil Marine Le Pen ha alliansen Paris-Berlin-Moskva.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis