JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Vladimir Putin lever farleg

Etter 23 år ved makta har Putin skapt Russland om til eit personleg diktatur. Det har sett Putin i ein utsett posisjon om han skulle lida nederlag i Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6098
20230602
6098
20230602

I eitt heilt år har den russiske krigsmaskina stått på staden kvil i Ukraina. I mellomtida har ukrainarane bygd opp ein av dei sterkaste hærstyrkane i Europa. Når denne hærstyrken om ein, to eller tre månader går laus på dei russiske linene i det austlege og sørlege Ukraina, kan okkupanten bli tvinga til retrett.

Kor omfattande denne retretten kan bli, er det meiningslaust å spekulera over i dag. Ein krig handlar om så mykje: ressursar, militær organisering og ikkje minst vilje til å halda ut. Likevel er det grunnlag for å konstatera at Putin alt har tapt.

Ingen av dei måla han sette opp for det russiske åtaket i februar 2022, er nådde. Ikkje har han klart å fjerna den ukrainske leiinga. Han har heller ikkje klart å leggja under seg dei delane av Ukraina som han hevda historisk høyrer til Russland. Heller ikkje har han klart å gjera Russland til ei av dei tre stormaktene i verda, ved sida av USA og Kina. Russland er snarare sterkt svekt militærmakt og internasjonal aktør.

Skote i senk

Fiaskoen i Ukraina kjem etter at Putin gjennom to tiår hadde styrt Russland med suksess. Fyrst fekk han rett etter år 2000 store mengder oljepengar å dela ut til folket og ikkje minst til den russiske eliten. Så, i 2014, kom annekteringa av Krym, noko som var populært blant det store fleirtalet av russarar. Ni år seinare står Putin igjen med ein militær fiasko og ein økonomi som rett nok ikkje har brote saman, men som opplever store vanskar. Det meste som gjorde Putin-regimet sterkt, er blitt skote i senk langs frontlina i Ukraina.

Problemet for det russiske folket og den russiske eliten er at det ikkje eksisterer nokon mekanisme for å byta Putin ut. Hadde Putin stått i spissen for eit familiediktatur, slik tsarane gjorde i si tid, kunne ein ha bytt han ut med ein annan frå den same slekta. Om Putin hadde vore toppleiar for eit partidiktatur, kunne partiet ha vippa opp ein annan leiar og såleis signalisert at ein tek problema på alvor.

Putin, derimot, har stått i spissen for eit personleg diktatur der alt har krinsa om han sjølv. Ved alle viktige vegval har Putin hatt det avgjerande ordet. Han har bestemt kven som skal leia regjeringa, hæren, tryggingstenesta og spionorganisasjonane. Personleg står han som leiar for den russiske nasjonalgarden, noko som tyder at han har kommandoen over heile valdsapparatet som skal slå ned opprør innanfor Russlands grenser. Til slutt er det han som har bestemt – meir eller mindre på eiga hand – om Russland skal gå til krig eller ikkje.

Statskupp

Når éin person har bygd opp så mykje makt, er statskupp den einaste måten å styrta han på. I Russland er statskupp ikkje utenkjeleg. Snarare enn unntaket er det regelen å overføra makt gjennom eit kupp.

Denne tradisjonen blei solid innstifta på 1700-talet. Mellom Peter den stores død i 1725 og keisar Pavels død i 1801 var det åtte herskarar. Alle, med eit par unnatak, greip makta gjennom statskupp. Ein av dei som ikkje kuppa seg til makta, keisar Peter III, blei avsett etter berre eit halvår ved makta. Åtte dagar etter at han var avsett, blei han myrda av den nærmaste krinsen til den påtroppande herskaren, Katarina II., som også var kona til Peter.

Statskupp var fråverande i Russland gjennom 1800-talet fordi staten var nokolunde stabil, og fordi det alltid var ein son til å ta over når den gamle tsaren døydde. Men denne stabiliteten tok ein dramatisk slutt då den russiske staten braut saman under den fyrste verdskrigen. Fyrst gjennomførte Lenin eit statskupp mot den provisoriske regjeringa, som var i ferd med å gjennomføra val til ei grunnlovsforsamling. Etterfølgjaren Stalin gjennomførte – over ein del år – eit kupp mot heile den gamle eliten av bolsjevikar, som stort sett enda livet sitt i kjellaren til KGB i Moskva.

Så snart Stalin var død, passa Nikita Khrusjtsjov på å likvidera Stalins nærmaste medarbeidar, Lavrentij Berija. I 1964 blei Khrusjtsjov sjølv styrta i eit kupp. Mikhail Gorbatsjov kom til makta på det som etter sovjetiske mål var ein regulær måte i 1985. Men i 1991 blei han fjerna, fyrst etter det mislukka militærkuppet i august og så då Boris Jeltsin saman med leiarane for Belarus og Ukraina bak ryggen på Gorbatsjov erklærte Sovjetunionen for oppløyst.

Krigen logisk slutt

Måten Putin kom til makta på i 1999–2000, var heller ikkje regulær. Fyrst sprengde det hemmelege politiet i Russland, FSB, tre bustadblokker i lufta og skapte ålmenn frykt i det russiske samfunnet. Deretter henta ein fram nokre gamle mordskuldingar mot Jurij Luzjkov, borgarmeister i Moskva og den viktigaste konkurrenten til Putin ved presidentvalet våren 2000. Resten – Tsjetsjenia-krigen, Georgia-krigen, krigen mot Ukraina i 2014 og avskaffinga av alt som likna på demokrati i Russland – er samtidshistorie. Den logiske slutten kom med den nye fasen i Ukraina-krigen, som går føre seg nett no.

Å styrta ein makthavar gjennom eit kupp har altså solide tradisjonar i Russland. Problemet den dagen Putin blir fjerna, er at det finst korkje ein biologisk arving eller eit anna medlem av politbyrået som står klar til å ta over. Om ikkje heile eliten samlar seg om éin mann (det blir heilt sikkert ein mann og ikkje ei kvinne), blir det ein kamp mellom ulike maktpersonar.

Denne kampen kan bli minst like kaotisk som rivaliseringa mellom Jeltsin og Gorbatsjov var kring 1990. Den gongen brukte Jeltsin den mektigaste av sovjetrepublikkane til å nedkjempa leiaren for heile Sovjetunionen. Det er ikkje utenkjeleg at me vil sjå at ein leiar for ein stor provins eller ein viktig maktinstans (hæren, FSB eller etterretningstenesta), vil freista å ta over makta i heile Russland.

Om det går slik, er det sjølvsagt ingen som 100 prosent sikkert kan seia i dag. Men etter kvart som eit militært nederlag i Ukraina nærmar seg, nærmar også statskuppet seg. Noko anna hadde vore heilt urussisk.

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis