JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Velje det minste vondet?

Når krig nærmar seg heimen din, har du to val: å evakuere eller å godta okkupasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flyktningar frå den raserte byen Mariupol og den okkuperte byen Melitopol blir bussa til Zaporitsia i Ukraina, 1. april, men det kan bli ein kortvarig stogg, for no er også dei russiske soldatane på veg dit.

Foto: Stringer / Reuters / NTB

11752
20220429
11752
20220429

Ein byrjar gjerne å tenkje gjennom dette valet i god tid før den første eksplosjonen høyrest i utkanten av byen eller landsbyen ein bur i. Krig er som ein tornado. Du kan sjå han på langt hald, men det er ikkje godt å seie kvar han tek vegen. Du kan ikkje vite om han kjem til å feie vekk huset ditt eller berre passere i nærleiken, om han vil rive opp nokre tre i hagen din eller blåse taket av huset ditt. Og du kan aldri vere viss på at du kjem til å overleve, sjølv om huset berre har fått mindre skadar.

For nokre dagar sidan, i ein landsby nær Zaporizjzja, eksploderte ein rakett i ein grønsakhage. Huset til eigarane var like heilt, men eigarane sjølve – tre menneske – døydde. Dei dreiv og planta noko på den vesle hageflekken, medan dei tenkte på den komande grøda, lurte på kva dei fekk å ete den komande vinteren. Det vert ikkje nokon komande vinter for dei, eller nokon komande sumar. For dei var alt over den 25. april.

I Ukraina er det vanleg oppfatning at dei lekraste aprikosane veks i Donbas, og at dei beste kirsebæra kjem frå Melitopol. Melitopol vart kalla «kirsebærhovudstaden i Ukraina». Men den 1. mars vart byen teken av den russiske armeen, som invaderte Ukraina frå den annekterte Krim-halvøya.

Ingen helsa det russiske militæret med tradisjonelle velkomstgåver som brød, salt og blomar. Tvert imot, heilt frå starten på okkupasjonen var det masseprotestar i sentrum av byen mot den russiske okkupasjonen. Innbyggjarar i Melitopol ropte «Dra heim!» til soldatane – som svara: «Vi er heime! Dette er Russland!»

Etter ein månad med daglege protestar byrja nokre av innbyggjarane å vurdere evakuering. Mange av demonstrantane hadde blitt arresterte og banka opp, dei ukrainske identitetspapira deira vart tekne og øydelagde av russiske militære, som fortalde dei at papira ikkje hadde nokon verdi lenger.

Dei mest ihuga demonstrantane vart først frakta 50 kilometer ut av byen og så kasta ut av bilane. Men dei gjekk hardnakka attende til byen og gav seg til å demonstrere på nytt. Til slutt innsåg mange at det hadde blitt for farleg for dei å bli verande i byen.

Ein aktivist erklærte på video, etter å ha vore arrestert i fleire dagar av russiske militære, at han hadde blitt «feilinformert», og at ukrainarane var skuld i krigen. Andre, særleg dei med familiar og born, byrja tenkje på å dra til ukrainskkontrollert område.

Å måtte forlate heimen sin er alltid vanskeleg og smertefullt, men å evakuere frå ein okkupert by er mykje vanskelegare enn å forlate ein som ikkje er det. Likevel er det kvar dag nokon som greier det. Det finst alt «profesjonelle gaidar» som kjenner tryggare vegar og kan tinge med dei russiske militære ved sjekkpunkta slik at bilar kjem seg gjennom.

«Evakueringskonvoiane» er små – berre fem–seks bilar. Før avreise gjev «gaiden» instruksjonar om kva ein skal ta med deg, kva ein skal seie ved sjekkpunkta, og korleis ein i det heile skal te deg. Den viktigaste regelen er å halde følgje med dei andre bilane på vegen. Dersom du sakkar atterut, er det ingen som ventar på deg. Om du ikkje heng med, er det ingen garanti for at du når fram til territoriet som er kontrollert av den ukrainske regjeringa.

Ein må òg hugse å ta med seg minst tjue sigarettpakker. Sjølv om ingen i familien røykjer. Russiske soldatar ved sjekkpunkta tek gladeleg imot sigarettar, det får dei dessutan til å oppføre seg litt betre mot dei reisande. Gjennomsnittsreisa for evakuerande frå Melitopol til ukrainske Zaporizjzja «kostar» 16 sigarettpakker per bil.

Det er òg viktig for evakuerande å hugse at dei russiske militære ofte kler av menn som forlèt okkupasjonssona. Dei ser etter patriotiske tatoveringar og spor etter langvarig bering av maskingevær på skuldrene. Dei har all grunn til å vere nervøse. I løpet av perioden med okkupasjon har over hundre av dei blitt drepne av ukjende partisanar medan dei var på vaktteneste om natta.

Sjølvsagt er det ikkje alle som kan evakuere. Det gjeld dei som gøymer seg hos vener, og som straks vil bli arresterte av russiske militære om dei freistar stikke av. Det er òg dei som forsvann i løpet av dei første dagane av okkupasjonen. Det er uklart om dei framleis er i live.

Ein slik sakna person er Irina Shcherbak, leiaren for utdanningsetaten i byen, som vart teken til ein ukjend stad av russiske militære etter at ho nekta å kommandere skulane til å ta i bruk russisk språk og russiske læreplanar. Ingen har høyrt frå henne sidan. Det same gjeld fleire andre kidnappa innbyggjarar i Melitopol.

Den 6. oktober 1941 vart Melitopol erobra av tyske fascistar. Den dagen var det faktisk nokre av innbyggjarane som helsa dei invaderande soldatane velkomne med blomar, i håp om at den tyske armeen ville hjelpe dei til å få attende nokre av eigedomane som vart eksproprierte av bolsjevikane etter revolusjonen i 1917. Denne gongen, sjølv om ingen møtte dei russiske soldatane med blomar, var det ein viss prosent av befolkninga som stasa seg opp, og nokre var klart entusiastiske. Det var til dømes tidlegare tilhengjarar av det forbodne kommunistpartiet og andre med eit nostalgisk tilhøve til Sovjetunionen. Dei kjende at deira tid var komen, og dei tilbaud sjølve hjelp til inntrengjarane.

Ein av dei mest kjende kollaboratørane i Melitopol er Taras Genov, ein tidlegare byrådsmedlem frå «For Framtida»-partiet. Så snart byen var i hendene på den russiske armeen, starta han eit show med å henge opp raude, sovjetiske flagg rundt omkring i byen, medan han tok opp aktiviteten på video. Så gjekk han lenger da han bad alle som hadde sovjetiske flagg heime om å gje dei til han, slik at han kunne «dekorere» byen.

Da han hadde hengt opp alle tilgjengelege flagg, sytte han for ein såkalla spontandemonstrasjon som gjekk ut på å rive ned ukrainske gateskilt, med full kameradekning. Etterpå oppmoda han folk i byen om å vere med og reinske byen for ukrainske namn, og bad representantar for den russiske okkupasjonsmakta om å lage nye skilt med «korrekte» russiske gatenamn.

Sant nok sette dei russiske invasjonsstyrkane ikkje særleg stor pris på den prorussiske aktivismen til Taras Genov i byrjinga, og dei eksproprierte til og med Grand Cherokee-jeepen hans til eige bruk. Seinare fekk han likevel jeepen att. Denne bilen hadde forresten polske registreringsskilt. Til liks med mange andre slu ukrainarar hadde Genov importert jeepen ulovleg frå Polen for å snike seg unna tollavgiftene.

I dag er Genov oppteken med eit nytt prosjekt. Det synte seg at han eig eit lite Lenin-monument, som han frakta inn til sentrum av byen på ein tilhengjar. Han plasserte statuen på hjørnet mellom Hrusjevsky- og Getmanskaya-gatene. Men same kvelden, før midnatt, fjerna han statuen fordi han var redd nokon kunne stele eller øydeleggje han i løpet av natta. No leitar han etter ei betre plassering for monumentet – ein trygg stad, helst vakta av russiske soldatar. Eg går ut frå at russarane ikkje har det travelt med å hjelpe han.

Taras er det mest tradisjonelle ukrainske namnet. Den mest berømte Taras i Ukraina er nasjonalpoeten Taras Sjevtsjenko. Taras Genov ønskjer å bli berømt i Russland, men okkupantane ser ikkje ut til å bry seg mykje om umaken hans. Som kollaboratør er han for liten for dei, og kan hende er han litt for komisk. Dei treng VIP-kollaboratørar med handlingar som er mindre eigna til å få folk til å le. Dei treng kollaboratørar som nyt respekt, og som er viljuge til å stå fram på russisk fjernsyn og takke den russiske armeen for å «frigjere byen frå ukrainske fascistar».

Det er ikkje lett å finne slike folk, men dei strevar hardt – ikkje armeen, naturlegvis, men dei russiske hemmelege tenestene. Dei har lukkast med å finne rektoren for det pedagogiske universitetet i Melitopol, Lyudmila Moskaleva. Moskaleva er blitt verande i Melitopol og har ikkje omregistrert universitetet nokon stad i territoriet som er kontrollert av den ukrainske regjeringa, slik ukrainsk lov krev. Resultatet er at lærarane ikkje får løn og studentane er utan stipend. Studentane risikerer òg å bli ståande utan vitnemål frå universitetet om det ikkje vert omregistrert.

Det agrotekniske universitetet i Melitopol vart omregistrert i Zaporizjzja og driv no undervisning ved statsuniversitetet der. Alle lærarane får løn, og studentane får stipend.

Men no freistar den russiske armeen å erobre Zaporizjzja. Kanskje lyt det agrotekniske universitetet flytte på seg att og dra saman med statsuniversitetet mot Vest-Ukraina. Ingen veit kva som ventar lærarar og studentar ved det pedagogiske universitetet som ikkje er omregistrert. Men Lyudmila Moskaleva oppsøkjer stadig det administrative hovudkvarteret til okkupanten. Ein reknar med at ho førebur omregistrering av universitetet under russisk lov.

«Okkupasjonsadmini­stra­sjo­nen» består av både kollaboratørar og russiske statsborgarar. Kollaboratørar får sparken eller blir erstatta frå tid til anna. Nett no sit fleire kollaboratørar i eit lokalt fengsel – det er tidlegare folkevalde representantar for det prorussiske partiet Opposisjonsblokka. Det ser ut til at dei hadde underslått pengar som høyrde okkupantane til.

Det spelar eigentleg inga rolle kvifor dei er sette i fengsel. Det er klart at det russiske militæret ikkje har særleg tillit til dei. Men utan kollaboratørar kan ikkje okkupasjonsmakta fungere. Det må vere lokale folk som arbeider som «lokale styresmakter». Leiaren for dei prorussiske «lokale styresmaktene», Ganila Danilsjenko, dukka opp i ei nyhendesending på russisk TV her ein dag. Ho vart filma da ho gav eit nybygt husvære i gåve til ein ung familie frå den ukrainske byen Ugledar, der det framleis går føre seg kampar.

Følgd av russiske TV-
journalistar vart familien send til Melitopol med eit russisk militærhelikopter. Representanten for okkupasjonsmakta overrekte dei nøklane til ein bygning reist av Tyskland for flyktningar frå Donetsk- og Luhansk-regionane. Bygningen skulle opphavleg opnast med ein seremoni i slutten av februar med representantar frå den tyske ambassaden i Ukraina til stades. Den unge familien fortalde russiske sjåarar om den fælslege «ukrainske fascismen». Eit husvære i byte mot nokre offentlege løgner – det er ein tvilsam handel, men det vil alltid vere nokon som er viljug til å gå så langt.

Fram til i dag har 30 prosent av befolkninga forlate Melitopol. Den russiske okkupasjonsmakta har frakta folk frå Krim og Donetsk til byen i ein freistnad på å gjenkape byliv. Leikeapparat for born er alt på plass i parkar i Melitopol. Og iskrem er å få kjøpt. Prisar er framleis i hryvnja, og av og til kan du få ut hryvnja i kontantar frå dei lokale minibankane. Innbyggjarar kan til og med få overført pengar frå Kyiv eller Lviv til kontoen sin. Korleis dette er mogleg og kor lenge det vil vare, veit eg ikkje. I dei okkuperte landsbyane og byane i Kharkov-regionen har okkupantane alt innført russiske rublar, og dei krev at forretningsfolk set prisane sine i rublar.

«Ukrainarane vil ikkje lenger kunne nyte kirsebær frå Melitopol!», skriv russarar hoverande i sosiale medium.

Å stele ein by og å stele kirsebær er ulike brotsverk. Men i dette tilfellet er dei delar av eitt og same krigsbrotsverk gjort på vegner av det russiske folket av den russiske armeen. Og det er ikkje berre Putin som vil måtte svare for dette.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Okkupasjonsmakta har frakta folk frå Krim
og Donetsk til Melitopol i ein freistnad
på å gjenskape byliv.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis