JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Verkeklumpen Nord-Irland

Storbritannia og EU seier dei vil slutta å krangla om Nord-Irland. Freden er nok berre mellombels, trur Jan Erik Grindheim. Nord-Irland kan velja å gå inn i Irland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den britiske statsministeren Rishi Sunak og leiaren for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen inngjekk ein avtale om Nord-Irland måndag denne veka.

Foto: Dan Kitwood / Pool via Reuters / NTB

4975
20230303

Samtalen

Jan Erik
Grindheim

tidlegare leiar av Europarørsla

Aktuelt

EU og Storbritannia har inngått ein ny avtale om Nord-Irland

jon@dagogtid.no

Måndag denne veka skjedde det noko kanskje revolusjonerande nytt: Storbritannia og EU lovde kvarandre å vera gode partnarar og nære allierte. Ja, så godt vart tilhøvet at leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, etter førespurnad frå EU fekk møta kong Charles under vitjinga til London. Høvet var ein ny Nord-Irland-protokoll, som seier at Nord-Irland på eit vis framleis er med i EU, utan samstundes å vera med i EU.

Særleg viktig er avtalen av di unionistane og protestantane i Democratic Unionist Party (DUP) har nekta å sitja i regjering med katolikkane i Sinn Féin, som vil inn i Irland, fram til tilhøvet med EU har vorte avklart. Det er kompliserte saker, men etter den såkalla Langfredagsavtalen frå 1998 må både DUP og Sinn Féin sitja saman i regjering og dela på statsministerjobben. No er vona at både den nordirske regjeringa og parlamentet, Stormont, på ny skal fungera som det var meint etter fredsavtalen.

Jan Erik Grindheim er fyrsteamanuensis ved Universitet i Søraust-Noreg og tidlegare leiar av Europarørsla.

– Kvifor har ikkje DUP vore med i regjeringa? Kva har EU med fredsavtalen å gjera?

– Boris Johnson forhandla fram ein avtale som tredde i kraft i 2021. Den førte til at det kom ei grense i Irskesjøen. DUP meinte at EU ikkje kunne behandla Storbritannia på det viset og gjekk i februar 2022 ut av regjeringssamarbeidet heime i Nord-Irland i protest mot protokollen. Dimed slutta den lokale politiske styringa å fungera.

– Kvifor kom det til ein ny avtale no?

– Ingen av partane har i røynda kunna leve med det avtaleverket som var, korkje Irland, EU eller Storbritannia. Det var enkelt og greitt ikkje effektivt nok og skapte mykje friksjon, men det koker i grunnen ned til kven det er som avgjer kva. Så kjem heile identitetspolitikken inn i biletet. Kvar høyrer Nord-Irland eigentleg heime? Då er det på ny dette med at katolikkane vil til Irland og protestantane meiner dei høyrer heime i Storbritannia.

– Men no vert det raude og grøne liner?

– Ja, varer som kjem inn til hamn i Nord-Irland og ikkje skal vidare til Irland, vert no i praksis vinka gjennom på grøn line utan særleg byråkrati, medan varer som skal vidare til Irland, hamnar i raud line der dei vert kontrollerte. Den andre delen av den nye protokollen er at Stormont no kan seia nei eller ja til eventuelle nye avtalar eller endringar i protokollen som EU og Storbritannia no har vorte samde om.

– Dei har fått eit veto som vi har i EØS-avtalen?

– Ja, det kan du på eit vis seia. Om ei framtidig britisk regjering til dømes inngår ein avtale om fri rørsle som vi har gjennom EØS, kan Stormont seia nei.

– Men kjem dei til å seia nei? Vi seier aldri nei, og katolikkane er no i fleirtal og vinn støtt.

– Ja, og det er difor mange seier at den nye protokollen er eit spel for galleriet. DUP taper i røynda på alle frontar.

– Men likevel kjem DUP til å seia ja til den nye protokollen?

– Både og, det er framleis uklart om dei vil akseptera det. Dei har laga ei testliste med sju punkt. Dei seier dei vil setja seg grundig inn i avtaleteksten før dei avgjer kva dei meiner.

– For meg høyrest det ut som Storbritannia ikkje vert kvitt EU før dei har kvitta seg med Nord-Irland.

– Det er langt på veg sant. Sidan Nord-Irland er så integrert i Irland, vert Nord-Irland noko særmerkt innanfor Storbritannia. Dei ligg der som ein klump ingen heilt veit korleis dei skal handtera. Men det vi veit, er at Langfredagsavtalen seier at Nord-Irland sjølv kan velja kvar dei vil høyra heime i framtida. Dimed kan Nord-Irland når som helst melda seg ut av Storbritannia og inn i Irland og dimed EU. Dette skaper eit limbo, Nord-Irland vert hengjande der på eit vis som korkje er bra for Irland, EU eller Storbritannia.

– Og Storbritannia kan dimed ikkje utnytta dei eventuelle fordelane av å ikkje vera med i EU fullt ut?

– Slik kan det òg seiast. Då DUP trekte seg frå det politiske samarbeidet, var det i protest mot korleis den førre protokollen vart praktisert. Dimed kan ikkje denne delen av Storbritannia, Nord-Irland, styrast på ein føreseieleg og god måte. Skulda for dette ber i stor grad Boris Johnson, som ville ha ein avtale, same kva det kosta, for slik å kunne seia at han hadde meldt Storbritannia ut av EU fullt ut. Det enda med kaos. No har Rishi Sunak verkeleg prøvd å få til noko konstruktivt, og han seier han vil betra tilhøvet til EU.

– Ei normalisering etter Johnson?

– Ja, og vi kan òg gjera oss von om at tilhøvet mellom Nord-Irland og London vert betre òg. Men så ligg Langfredagsavtalen der og seier at Nord-Irland kan gå inn i Irland. Demografien tilseier at det skjer, og då kan ting gå i stå igjen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis