Mot militær samling i nord
Går Finland og Sverige inn i Nato, vil det auke den norske forsvarsevna. Men det aukar også spenninga i nord.
Den svenske statsministaren Magdalena Andersson vitja Cold Response-øvinga i Noreg tidlegare i vår, der svenske og finske styrkar øvde i lag med Nato-styrkar.
Foto: Torbjørn Fjosvold / Forsvaret
Nordiske alliansar
Noreg er medlem av Nato og Efta.
Island er medlem av Nato og Efta.
Sverige er medlem av EU, men ikkje Nato.
Finland er medlem av EU, men ikkje Nato.
Danmark er medlem av EU og Nato.

Forsvar
christiane@dagogtid.no
Så seint som i januar i år omtala den finske statsministaren Sanna Marin ein finsk Nato-søknad i hennar regjeringstid som høgst usannsynleg, i eit intervju med nyhendebyrået Reuters.
Det tradisjonelle finske svaret har i lang tid vore at Nato-medlemskap er eit alternativ som står ope når Finland sjølv måtte ønskje å søkje. Derfor måtte Marin raskt rykke ut og presisere at det finske standpunktet ikkje var endra. Alt ho hadde gjort, var å gje eit realistisk bilete av situasjonen, sa ho. Korkje i befolkninga eller parlamentet var det fleirtal for å gå inn i Nato. Dette var altså i januar.
Onsdag førre veke møtte Marin den svenske kollegaen sin, statsminister Magdalena Andersson, og sa at finnane vil ta stilling til ein Nato-søknad i løpet av få veker. Ho håpte Finland og Sverige ville lande på den same avgjerda. Stemninga har snudd blant både veljarar og folkevalde.
Langfredag sa den finske europaministeren Tytti Tuppurainen at ein Nato-søknad frå Finland var høgst sannsynleg.
Invasjon og innmelding
Vi kjenner alle realitetane bak stemningsskiftet. Den 24. februar sende president Vladimir Putin store militærstyrkar over den ukrainske grensa i retning Kyiv, i det som såg ut som eit forsøk på å knuse den vestvende ukrainske leiinga med brutal våpenmakt.
Men då Putin sende styrkane sine inn i Ukraina, kan han også ha dytta Finland og Sverige inn på eit hurtigspor mot medlemskap i den transatlantiske forsvarsalliansen. Det russiske kravet om at Ukraina skal halde seg utanfor Nato, kan i staden ha ført til at Nato vert utvida med både Finland og Sverige.
Og det kan gå fort. Dersom dei vil, kan både Sverige og Finland verte tekne inn i Nato alt under toppmøtet i Madrid i juni. Om det skjer, vil det ikkje berre endre forsvarspolitikken i Sverige og Finland, men også i Noreg.
Ulike vegval
Historiske realitetar og politiske val har ført Noreg, Sverige og Finland inn i ulike samarbeidskonstellasjonar og forsvarsalliansar.
I åra etter den andre verdskrigen forplikta Finland seg til ein venskapsavtale med Sovjetunionen, som eit nøytralt land mellom aust og vest. Avtalen smuldra opp kort tid før unionen også gjorde det. Finland orienterte seg vestover og gjekk inn i EU i 1995.
Noreg og Sverige har teke kvart sitt val. Då Noreg, i likskap med Danmark og Island, allierte seg med USA og dei store europeiske landa forsvarspolitisk, valde Sverige å stå utanfor. Då det svenske folket sa ja til EU-medlemskap i 1994, sa nordmennene nei.
Draumen om Norden
Mange har fortalt sin versjon av kva som skjedde i tida før Noreg gjekk inn i ei forsvarspakt med USA i 1949. Statsminister Einar Gerhardsen tvilte og argumenterte internt i Arbeidarpartiet for eit nordisk forsvarsforbund. Ap-kjempa Haakon Lie har fortalt om korleis saka sleit på Gerhardsen: at han gjekk frå jobben og drog på hytta med tvilen.
Heilt fram til i dag har partia til venstre, SV og Raudt, programfesta at dei ønskjer ein nordisk forsvarsallianse som erstatning for Nato. Forsvarssamarbeidet dei siste åra har derimot utvikla seg i ei anna retning. Samarbeidet med Sverige og Finland har vorte stadig tettare, men innanfor og i tillegg til Nato, ikkje som ei erstatning. Og dessutan heilt utan ein forpliktande tryggingsgaranti.
Burde dei nordiske landa forplikte seg meir konkret? Thorvald Stoltenberg foreslo i 2009 at dei nordiske landa skulle utforme ei solidaritetserklæring der ein på ein forpliktande måte skulle gjere greie for korleis ein skulle reagere på eit ytre åtak eller press mot eit nordisk land, då han på oppdrag for dei nordiske styresmaktane leverte ein rapport om korleis eit nordisk forsvarssamarbeid kunne sjå ut.
Felles geografi
Om ein ser på globusen med norske tryggingsinteresser i bakhovudet, er det noko høgst logisk i at Noreg skal samarbeide om forsvar med to så like land som Sverige og Finland mot eit eventuelt trugsmål frå ein militær overmakt i aust.
Sidan ein berre kan kome seg til den skandinaviske halvøya over land gjennom Russland, med unntak for Øresundbrua, er Finland, Noreg og Sverige strategisk sett ei øy, som berre kan få bistand utanfrå, kan vi lese i «Forsvarsanalysen 2022», som er skriven av forskarar frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).
Den same analysen slår fast at det tydelegaste strategiske trekket ved Noreg er trongen for alliansar. Først og fremst frå USA, som kan bidra med flåtemakt i Nord-Atlanteren. Men fram til hjelpa kjem, må Noreg kunne stå imot eit åtak. Og stadig vert spørsmålet stilt i det offentlege ordskiftet: Har Noreg den forsvarsevna som skal til for å forsvare landet i tida før dei allierte kjem?
Eit anna scenario kan vere eit avgrensa åtak på Noreg, som Nato ikkje meiner utløyser artikkel 5, og som vi ville måtte løyse på eiga hand.
Fleire har peikt på at eit nordisk samarbeid ville styrkt oss i slike kriser.
Økonomisk tvang
Éin som har peikt på dette, er Sverre Diesen. Då han var forsvarssjef, omtalte han eit nordisk forsvarssamarbeid som tvingande nødvendig.
I ein kronikk i Aftenposten i 2012 skreiv han at Noreg, sjølv med vekst i forsvarsbudsjettet, ikkje vil kunne bere kostnadene av eit komplett forsvar åleine – særleg om forsvaret framleis skulle meistre høgintensitetsoperasjonar av den typen ein må forvente dersom Noreg skulle kome i konflikt med ein annan stat.
Han peikte på at dei mange Nato-landa i Europa har ulike tryggingsinteresser, og at dei reelle strategiske fellesinteressene som følgje av felles geografi er av stigande verdi.
Likare i Norden
På tvers av dei ulike vala i tryggingspolitikken i dei nordiske landa, har samarbeidet mellom Noreg, Sverige og Finland reint faktisk vorte tettare dei siste 10–15 åra.
Då Diesen skreiv at eit nordisk forsvarssamarbeid var tvingande nødvendig av økonomiske årsaker, hadde dei nordiske statsleiarane til dels alt teke konsekvensen av dette.
Då dei fem nordiske landa gjekk saman i forsvarsforumet Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO) i 2009, var det i kjølvatnet av finanskrisa. Då Russland annekterte Krim i 2014, vart også synet på Russland og den regionale tryggingssituasjonen meir samstemt i dei nordiske landa, ifølgje ein rapport om den nordiske tryggingsdebatten frå forskingsinstituttet Nupi, publisert i januar.
Dei siste to åra skal synet på den regionale tryggingssituasjonen vere svært likt i dei nordiske landa. Arktis og austersjøregionen er prioriterte område, der Noreg og Finland naturleg nok vektar dei to områda litt ulikt.
Øver saman
Ser ein på meiningsmålingar og uttaler i pressa, kan det sjå ut som om synet på Nato i Sverige og Finland snudde radikalt den dagen Putin invaderte Ukraina.
Det er éin del av biletet. Det er òg ein del av biletet at Sverige og Finland i røynda alt i lang tid har nærma seg Nato. At finske og svenske styrkar nyleg deltok i øvinga Cold Response saman med Nato-styrkar, er eit klart døme. Begge landa har status som partnarar til Nato.
Landa har òg eit lappeteppe av bilaterale og trilaterale avtalar om forsvarssamarbeid som knyter dei til Nato på ulikt vis. Til dømes deltek dei i den britiskleidde styrken Joint Expeditionary Force (JEF), som skal kunne setjast inn ved ei krise i Nord-Europa. Dei har dessutan ein trilateral forsvarsavtale med USA. Men dei har ikkje tryggingsgarantien som Nato gjev.
Trass i den auka integreringa finst det i dag hinder for det nordiske forsvarssamarbeidet. Ifølgje Nupi-rapporten vil det nordiske samarbeidet opphøyre for Finland dersom Nato tek over kommandoen frå Noreg eller Danmark. Det nordiske samarbeidet vil dermed vere avgrensa til perioden før Nato-allierte vert involverte i ein konflikt.
Styrker Noreg
Vil det vere ein fordel for Noreg om Sverige og Finland går inn i Nato? Ja, var det klare svaret frå stortingsrepresentantar frå Høgre, Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne då spørsmålet vart stilt på Politisk kvarter på NRK onsdag denne veka.
Øystein Tunsjø, professor ved Forsvarets høgskule, seier det endå tydelegare.
– For Noreg er det eit kupp. Det finst nesten ingen ulemper ved det.
Når Tunsjø meiner det vil vere ein fordel for Noreg om Sverige og Finland kjem inn i Nato, er det for det første fordi det vil gjere den skandinaviske halvøya strategisk viktigare for USA.
Om USA skal kome for å berge ikkje berre Noreg, men også Finland og Sverige, er det større sjanse for å verte prioritert dersom amerikanarane må sende ressursane sine fleire stader på ein gong.
Styrkar på E6
For det andre vil det ha innverknad på korleis Noreg kan planleggje eige forsvar. Eit konkret døme er korleis styrkar best kan forflyttast frå Indre Troms til Finnmark. Skal dei bruke E6? Om ein kan planleggje å forflytte dei gjennom Sverige eller Finland, gjev det større handlingsrom. Tilgangen allierte vil ha på flyplassar og basar, vil verte større.
Éi utfordring kan vere at Finland og Sverige har orientert seg sørover, til dømes kring Gotland.
– Det vil vere viktig å kunne trekkje dei nordover om eit åtak skulle kome der, seier Tunsjø.
Han peiker på at Noreg, Sverige og Finland, sett under eitt, berre har landegrense til Russland. Det gjer at Sverige og Finnland under ein konflikt vil måtte få forsyningar via kystvegen. Her vil norskekysten i nord vere nyttig, meiner han.
– Forsyningar kan kome inn i Sverige og Finland via Narvik og Alta. Nordkalotten vert viktigare for Sverige og Finland når dei kan basere seg på alliert støtte frå Nato.
Ulike forsvar
Noreg innretta etter den kalde krigen i stor grad Forsvaret på internasjonale spissa operasjonar og i mindre grad på nasjonalt forsvar. Finland, som har stått utan allianse, har på si side halde på eit forsvar innretta på nasjonalt forsvar.
– Korleis passar forsvara i Noreg, Sverige og Finland saman?
– Det veit vi jo ikkje heilt, for vi har ikkje vore i krig saman, men vi har øvd ein del saman. Eg vil seie at dei komplimenterer kvarandre. Finland har ein stor mobiliseringshær og ei lang landegrense mot Russland. Det er dei som skal stå imot russarane; Noreg treng ikkje eit like stort volum. Noreg kan satse meir på høgteknologisk forsvar, på marine og luftvern som kan støtte finnane. Sverige ligg litt midt imellom. Der byggjer dei opp volumet, men har også høgteknologi.
– Bør Noreg leggje om forsvaret dersom Sverige og Finland går inn?
– Eg trur det. Vert Sverige og Finland Nato-medlem, vert alt sett i eit nytt lys, og vi får eit heilt nytt handlingsrom.
Auka spenning
På russisk side vert Nato-debatten i Finland og Sverige sett på med andre auge. Russlands tidlegare president og statsminister Dmitrij Medvedev har peikt på at den russiske landegrensa mot Nato vil verte meir enn dobla om dei to landa går inn.
Fleire media har sitert nyhendebyrået Tass, der Medvedev har truga med å utplassere atomvåpen i austersjøregionen. Kva vil skje med balansen mellom avskrekking og konfliktdemping i nord?
Nato-basar
Noreg har sidan opprettinga av Nato sagt nei til permanente Nato-basar og atomvåpen på norsk jord, i den tru at det vil dempe spenninga mellom Noreg og Russland.
Ein ny forsvarsavtale mellom USA og Noreg som no ligg til handsaming på Stortinget, vekkjer ny debatt om basepolitikken. Går Sverige og Finland inn i Nato, vil også dei måtte finne ut kva grenser dei til setje for Nato på eige territorium.
I den finske utgreiinga om tryggingspolitikken som vart lagd fram i førre veke, viser regjeringa til den norske ordninga og skriv at utplassering av atombomber og permanente basar på finsk jord ikkje vil vere nødvendig.
Den auka spenninga fjernar ikkje fordelen Noreg vil ha av å vere alliert med Sverige og Finland, meiner Tunsjø.
– Russland seier sjølvsagt at Nato-innmelding vil føre til auka spenning. Men går Finland og Sverige inn medan krigen står på i Ukraina, vert det vanskeleg for russarane å gjere noko med det. På lengre sikt vil det vere gunstig for norsk tryggleik å ha Sverige og Finland som de facto buffer mot Russland, og endå gunstigare at dei er medlemsland.
Tunsjø trur dei nordiske landa kan verte ganske sterke.
– Til saman vil vi ha 200 avanserte jagarfly, som eg ikkje trur Russland vil ha kring Kolahalvøya, der dei har ubåtar og andre viktige kapasitetar, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vert Sverige og Finland Nato-
medlem, vert alt sett i eit nytt lys.
Øystein Tunsjø, professor
ved Forsvarets høgskule
På lengre sikt vil det vere gunstig for norsk tryggleik å ha Sverige og Finland som de facto buffer mot Russland.
Øystein Tunsjø, professor ved Forsvarets høgskule
Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»