Ukraina-krigen

Unødvendige varer

– Trump har fått den ukrainske bokmarknaden til å bryte saman, sa den ukrainske forleggjaren min, Oleksandr Krasvovitskyj, med trist mine da vi sette oss ned ved bardisken på Bar 13 i Kyiv.
  

Folk i Kyiv viser kva dei meiner om fredsforhaldlingane mellom presidentane Putin og Trump, utanfor ambassaden til USA i den ukrainske hovudstaden 15. mars.
Publisert Sist oppdatert

Eg visste at president Donald Trump og Elon Musk hadde gjort umåteleg skade på verdsmarknaden for Tesla-bilar, men kva hadde ukrainske bøker med politikken til Trump å gjere?

– Etter skandalen i Det ovale kontoret og den offentlege audmjukinga av Zelenskyj som Trump og Vance sytte for, slutta ukrainarane å kjøpe bøker, forklarte Oleksandr.

– Og ikkje berre bøker, men mange andre ting du ikkje kan leve utan. Bøker vart i hovudsak kjøpte av aktive borgarar, og skandalen i Washington råka denne delen av folkesetnaden hardast. Dei vart deprimerte, og ein deprimert person kjøper ikkje unødvendige ting.

– Du veit, alkoholsalet i Ukraina har auka sidan Trump vart president, vart eg fortald dagen etter av Oleksij Volkov.

Volkov er ekspert på alkoholmarknaden og ein ihuga elskar av godt øl.

– Denne utviklinga er sjølvsagt bra for marknaden, men ikkje særleg god for det ukrainske samfunnet, sa han.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel