Kommentar
Trumpismen institusjonalisert
Tenkjetankane Heritage Foundation og Cato Institute freistar å institusjonalisere trumpismen gjennom å byggje ned statlege institusjonar.
President Trump i møte med dåverande Heritage Foundation-president Edwin Feulner (til venstre) og andre konservative leiarar i 2017.
Foto: Shealah Craighead / Det kvite huset
I eit møterom nær parlamentet i London var det fullt denne dagen i juni 2016. På veggene hang bilete av Friedrich Hayek og Milton Friedman – husgudar for mange til stades. Temaet var Storbritannias vidare medlemskap i EU. Møteleiaren ynskte alle velkomne og sa ho rekna med at dei kjempa for den frie marknaden. Så la ho til: «Eg går ut frå at de alle er truande.»
Debatten, som vart arrangert av Institute of Economic Affairs (IEA) – Europas eldste nyliberale tenkjetank, grunnlagd i 1955 – vart likevel verken forsonleg eller samlande. Britane, som var i klart fleirtal, skildra EU som autoritært, regelstyrt og fiendtleg til marknaden. Spanjolar og tyskarar, tilsette i IEA, kalla det derimot galskap å gå ut av verdas største frihandelsområde.
Fleirtalet i salen røysta for å melde seg ut. Denne junidagen vart for meg ein første peikepinn om at rørsla eg ville studere, var meir splitta enn eg trudde. Dei hadde alle lese bøkene til dei som stirte ned frå veggene, men i praktisk politikk var dei usamde. Det nasjonale «take back control» trumfa regional frihandel.
«Onward»
I åra som følgde, medan eg arbeidde med boka Korstoget mot velferdsstaten, vart eg stadig mint på kor radikalt dei angloamerikanske landa utformar sin versjon av nyliberalismen – eller libertarianismen, som han ofte vert kalla i USA. Dei ser på velferdsstaten som eit trugsmål mot fridomen. Politikk for sosial rettferd vert ikkje berre rekna som nyttelaus, men som eit direkte åtak på individets fridom. Som Friedrich A. Hayek skreiv i The Mirage of Social Justice: Sosial rettferd er eit meiningslaust omgrep.
Eg følgde seinare med på korleis tenkjetankar pressa politikken til høgre, særleg korleis éin institusjon vart hegemonisk: Heritage Foundation. Og på den suverene leiaren deira, Ed Feulner, president i Heritage frå 1977 til 2013, og igjen i 2016–2017. Framleis sit han i styret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.