Skule
Saknar biologien i pedagogikken
Hanne S. Finstad lagar mattehefte utan distraksjonar. Ho er kritisk til undervisning som ikkje tek utgangspunkt i kunnskap om barnehjernen.
Hanne S. Finstad står på utsida av det pedagogiske miljøet, men har kasta seg inn i debatten om undervisninga i grunnskulen.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Eg møter Hanne Serine Finstad i eit kontorlandskap som er hakket meir spennande enn gjennomsnittet. Eitt kontor fungerer som laboratorium, med hyller fylte med reagensrøyr, glaskolbar og anna laboratorieutstyr. Eit anna er innreidd som gammaldags «professorkontor» med solid skrivebord i mørkt treverk, hyller med bøker og teleskop. I ein disk ligg steinar og ammonittar. I hyllene står salsvarer, som barnevennlege mikroskop, kjemi- og laboriatorieutstyr.
Finstad er biokjemikar med doktorgrad på kreftceller, men fleire vil kjenne henne betre som forfattar og gründer. Dei siste åra har ho skrive bøker som til dømes Ditt smarte barn, Pedagogikk på lag med hjernen og Yngre. Bøkene har det til felles at dei integrerer biologisk kunnskap i pedagogikk og livsstil. Kontorlandskapet tilhøyrer selskapet hennar, Forskerfabrikken, som tilbyr kurs, sommarskule og produkt som skal stimulere interessa for naturvitskap blant barn.
Når eg møter henne på Forskerfabrikken denne dagen, er det fordi Finstad har sterke meiningar om undervisninga i norsk skule.
Den 10. april skreiv Dag og Tid om ei gruppe norske lærarar som vil ha strengare krav til metodebruk i leseundervisninga, med sterkare vitskapleg basis. Finstad er oppteken av at oppdatert kunnskap om hjernen må vere førande for undervisninga i alle skulefag. Ho trur det ville ført til at mange barn hadde meistra skulen betre enn dei gjer i dag.
Fargelause hefte
Realiteten er at mange elevar slit. Resultata frå den internasjonale Pisa-undersøkinga i 2025 er ikkje klare enno. Men norske 15-åringar presterte dårlegare i lesing, matematikk og naturfag i 2022 samanlikna med i 2018. Størst var tilbakegangen i matte. Lågtpresterande elevar auka frå 19 til 31 prosent.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.