JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Sverigedemokraterna ligg langt til høgre og venstre

GÖTEBORG: Den politiske krisa i Sverige gjeld ikkje Nato, men Sverigedemokraterna. Dei har like mange mandat i Riksdagen som landet har «brottsutsatta områden»: 61. Etter valet: truleg 70.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Plassen framføre utescenen på Frihamnsdagerna var nær tom då Vänsterns Ali Esbati talte. Då Sverigedemokraterna kom dagen etter, stod folk som sild i tønne. Alle foto: Håvard Rem

Alle foto: Håvard Rem

12251
20220902
12251
20220902

Svensk val. Del 1

havard@dagaogtid.no

Som i 2018 dreg eg til Sverige for å fylgja riksdagsvalet. Ferda går innom Frihamnsdagarna i Göteborg, der partitoppar talar frå den store utescenen på Bananpiren før valet sundag om ei veke.

Høgredreiing

– Partiet vårt er ein garanti mot høgredreiing!

Utsegna kjem ikkje frå Ali Esbati i Vänstern, som eg høyrde her i går, men frå Göteborgs kommunalråd, Jörgen Fogelklou, som talar før han slepper til partileiaren sin.

Etter eit kvart hundreår med raudgrønt styre har Göteborg sidan valet i 2018 hatt blågrøn leiing. Og då kjem vel lovnaden om «garanti mot høgredreiing» frå ein sosialdemokrat som ynskjer seg ein raud by att?

Omgjeven av dei digre lossekranene attmed Göta elv held kommunalråden fram med arbeidarrørsleretorikk:

– Bananpiren er klassisk mark i den stolte arbeidarbyen vår. Det var her tidlegare generasjonar hjelpte til med å byggja det Göteborg me ser i dag –?den gongen ein gjorde si plikt før ein kravde sin rett.

Håkan Hellström

I går kom ikkje så mange for å høyra Esbati, men no er Bananpiren fullsett, dels av di det er helg og skuleklassar er sende til Frihamnsdagarna. Folk står og sit overalt, jamvel på asfalten. Innleiaren fortel:

– Det er sjølvplaging å tala til dykk i dag, for den de vil høyra på, kjem litt seinare.

Han tek ein kunstpause. Den annonserte partileiaren er kontroversielle og populære Jimmy Åkesson frå Sverigedemokraterna, men kommunalråden – som i fjor vart granska av partiet sitt etter mistanke om kopling til ein antisemittisk og rasistisk internettkonto – legg til med eit smil:

– Og eg tenkjer naturlegvis på Håkan Hellström på Ullevi.

Om få timar skal Göteborg-artisten Håkan Hellström samla 72.000 menneske – ny stadionrekord –?på Ullevi to kilometer unna. Gjennombrotet fekk han som ung med songen «Känn ingen sorg för mig, Göteborg» og vers om ung utanforskap kring 2000:

Pulver hjälpte mig, verkligen

Jag tar allting på lek

Ge mig nåt som tar mig någonstans

Lillebror, bli aldrig som jag

Hellström og Esbati, Åkesson og Fogelklou, alle fire er fødde i dei grøne 1970-åra, men kven er litlebror, han som har vakse opp med hovudsakene i 2022-valet, gängvaldet og no go-sonerna? Er det dei mange ljoslugga gutane i kvit skjorte som viftar med SD-vimplar framom scenen? Sunne og offensive skal dei någonstans, utan hjelp av pulver.

Slik eg nett høyrde «Känn ingen sorg för mig, Göteborg», høyrer eg no den indre generasjonsrøysta mi: Kvitskjorter? Er dei ein svensk variant av tyske brunskjorter og italienske svartskjorter?

Blåbrun

Ja, det er dei – om ein skal tru Vänstern-talen i går. I Noreg snakka me om ei blåblå regjering då Framstegspartiet for fyrste gong fekk statsrådar. I Sverige har Moderaterna og Kristdemokraterna offisielt opna støttepartidøra for Sverigedemokraterna, og Esbati omtalar det ferske styringsscenariet konsekvent som det blåbruna blocket:

– Vänstern vil skapa en välfärd i världsklass, men de har splittrat vår stad med rasisistiska ideer!

Noko har hendt i Sverige sidan eg dekte førre val. På Frihamnsdagarna kjem åtvaringane frå ein Teheran-fødd Utøya-overlevande, men dei ser ikkje ut til å verka. Den svenske nazi­skamma har bleikna. I 2018 snakka høgrepartia om gjengkriminaliteten. I 2022 gjer alle det.

På ferja frå Stenpiren til Bananpiren i dag tidleg kom eg i prat med ein småfrika småbarnsfar med skranglete damesykkel og norsk kone.

– SD kjem til å verta store. Framleis seier få rett ut at dei stør dei, men ein merkar det på kommentarane.

– Men er kriminaliteten eit så stort problem som partiet vil ha det til?

–?Å ja. Eg arbeidde fem år i krimvården. Då orka eg ikkje meir. No er eg i vegvesenet og har eit langt betre liv. Sjå, der bur me.

Han peikar på Lindholmen og Karlatornet, som snart står ferdig, Nordens høgste bygg, 73 etasjar, med luksusbustader i dei øvste.

Åkesson

Ei av kvitskjortene kviskrar opprømt:

–?Jag såg Jimmy!

Bak nettinggjerdet til venstre for scenen ventar partileiaren. Publikum er mangfaldig. Bak gutane sit ljoslugga jenter. Småbarnsmødrer med barnevogn. Mange eldre. Framfor meg sit ein vaksen kar i svensk landslagstrøye saman med ei kvinne i hijab. Ein del tilhøyrarar har utanlandsk opphav, med og utan hijab. Kjem dei for å laga bråk?

Eg ser uniformert, vanleg politi med våpen og dialogpoliser med skjegg, men dei er færre i dag enn då Vänstern opptredde i går. Kva kjem det av? Verkar dei færre av di det i dag er så mange, mange fleire folk? Eller vil det seia at høgreaktivistar vert rekna som eit større trugsmål enn venstreaktivistar? Alt går roleg føre seg.

Støtteparti

Sidan 2018 har tilsynelatande lite endra seg. Det er dei same to blokkane og åtte partia valet står mellom. Somme partileiarar har gått av, og av dei som held fram –?som norsksvenske Ebba Busch i Kristdemokraterna og Jimmy Åkesson i Sverigedemokraterna – har somme skilt seg sidan sist.

Den største endringa er at Moderaterna og Krist­demo­kraterna vil ha Sverige­demokraterna med som støtteparti. Det ville dei ikkje i 2018.

Partia liknar dei norske systerpartia. Socialdemokraterna liknar Arbeidarpartiet; Moderaterna liknar Høgre; Vänstern liknar Raudt/SV; Miljöpartiet er ein raudare versjon av MDG; Centerpartiet er ein grønare versjon av Senterpartiet; Kristdemokraterna er ein blåaare versjon av KrF. Og Sverigedemokraterna? At partiet i mangt ikkje liknar Framstegspartiet, kjem av fleire ting: Sverigedemokraterna ligg langt til høgre for FrP i innvandringspolitikken, og dei ligg særs langt til venstre for FrP i utjamningspolitikken.

Difor kunne kommunalråden ynskja partileiaren opp på scenen med utsegna om eit mogeleg nytt blått byråd i byen:

Tradisjonsvenstre

Korleis er det mogeleg? Etter 2000 har «venstre og høgre» i større grad fått to tydingar, definerte attmed to ulike aksar. Tradisjonsvenstre har handla om økonomisk utjamning og fordeling. Nyvenstre handlar meir om identitetspolitikk og innvandring.

Parti flest ligg anten til venstre eller høgre på båe aksane, men ikkje Sverigedemokraterna. Sveriges Television (SVT; den svenske rikskringkastinga) presenterer partia ved hjelp av 34 tema, om alt frå Nato-medlemskap og eigedomsskatt til karensdag og fødselspermisjon. Når åtte parti får 34 spørsmål, vert det 272 svar, og som reknearknerd har eg analysert dei for å finna ut: I kva grad er partia blokkoverskridande?

At Vänstern er plassert lengst til venstre, vert stadfesta av analysen. Vänstern er einaste parti som ikkje kryssar blokkgrensa i nokon av dei 34 spørsmåla.

Nest ytst til venstre og høgre finn me høvesvis Miljöpartiet og Kristdemokraterna. Dei har ikkje stort anna sams enn at dei bryt blokkgrensa i berre to spørsmål kvar. Miljöpartiet har ei blå tilnærming til eigedomsskatt og hemmeleg avlytting, medan Kristdemokraterna er raude i sexkjøp- og bistandsspørsmål.

Tala syner eit tydeleg og sjølvsagt mønster. Di nærare sentrum eit parti ligg, di oftare er det blokkoverskridande.

Økonomisk utjamning

Men som det går fram av Fogelklou-utsegna frå utescenen: Eitt parti bryt mønsteret. Slik partiet som ligg ytst til venstre, Vänstern, aldri er blokkoverskridande, skulle heller ikkje partiet ytst til høgre, Sverigedemokraterna, vera det. Men det er det.

I nær kvart fjerde SVT-spørsmål høyrer Sverigedemokraterna til venstresida. Og då ikkje til identitets- og innvandringspolitiske nyvenstre, men til folk­­hem- og utjamningspolitiske tradisjonsvenstre.

Konkret: I motsetnad til blå blokk, men til liks med raud blokk, vil Sverigedemokraterna 1) auka arbeidsløysetrygda, 2) omfordela skatteinntekter frå rike til fattige kommunar, 3) avskaffa karensdagen (at arbeidaren sjølv betaler fyrste sjukedag) og 4) ha høgre skatt på høge inntekter.

Og vidare: I lag med Vänstern, Miljöpartiet og Social­demokraterna er Sverige­demo­kraterna motstandar av 5) å innføre marknadsleige på nye leigerettar, ei kampsak for venstresida, og 6) å gjera det lettare for arbeidsgjevarar å seia opp tilsette.

Det er på ein slik bakgrunn ein kan forstå Fogelklous utsegn om at Sverigedemokraterna vil vera «ein garanti mot høgredreiing».

Tenåringar

–?Jimmy Åkesson!

Ropet til Fogelklou overlèt scenen til partileiaren som har sete lengst ved valet no, i 17 år. Han opnar keitete og forsiktig:

–?Jag er då inte Håkan. Han får ni titta på senare i en annan del av stan.

Han legg til:

–?Men känn ingen sorg för det, Göteborg.

Sitatet vert møtt med rop og lått. Åkesson kommenterer seg sjølv:

Oi, va vitsig jag va nu.

Dei jublande kvitskjortene var ikkje fødde då Hellström slo gjennom med songen som førebiletet deira siterer frå, men det er ein tenåring på deira alder Hellström seinare i kveld skal henta opp på Ullevi-scenen: Greta Thunberg.

Tranmælsk folkerørslestemning var det lite av i går då Esbati las frå manus framføre få folk. SD-toppen er ikkje meir karismatisk enn Vänster-toppen, men folkehavet er i rørsle. Åkesson pratar utan manus, og bodskapen er enkel:

– Gje oss sjansen. Vi har aldri hatt sjansen.

Opphaldsløyve

Om Sverigedemokraterna har ein halv fot på venstresida, står dei med halvannan fot på ei høgreside som Socialdemokraterna har nærma seg. I tradisjonsvenstrespørsmål står Socialdemokraterna saman med Vänstern og Miljöpartiet, men ikkje alltid i nyvenstrespørsmål.

I det sentrale og sensitive spørsmålet om «permanenta uppehållstillstånd ska vara huvudregel i migrationspolitiken» – ei kampsak og extra viktig fråga for både Vänstern og Miljöpartiet – ­har Social- og Sverigedemokraterna funne saman som dei tydelegaste nei-partia. Social- og Sverigedemokraterna har òg nærma seg kvarandre i spørsmålet om «hur öppet ska Sverige vara för att ta emot asylsökande». Og saman takkar dei nei til at «ett tredje juridiskt kön ska införas för de som varken identifierar sig som kvinna eller man».

Samstundes: Social­demo­kraterna opnar for blokkoverskridande samarbeid, utanom med Sverigedemokraterna. Før valet freistar Socialdemokraterna å ta så mange tradisjonsvenstreveljarar frå Sverigedemokraterna som mogeleg, ikkje minst LO-medlemer, før dei etter valet stengjer døra heilt.

Blått fleirtal

Partiposisjoneringa i høve til Sverigedemokraterna held fram, med finrekning på blokkmatematikken kvar dag, for kvar meiningsmåling som kjem. Blokkane skal me sjå nærare på neste veke, fredagen to dagar før valet.

Ein forsmak: På ferja frå Bananpiren attende til Stenpiren og hotellet i Nordstan tikkar ei ny måling inn, frå Novus, byrået SVT nyttar. Blå, eller blåbrun, blokk har fleirtal att. Rett nok går Sverigedemokraterna attende, men Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna går fram.

Moderaterna og Kris­t­demo­­­krat­erna vil som nemnt ha Sverige­demokraterna som støtteparti, medan vesle Liberalerna, ein gong Sveriges største parti, er splitta. Ingen veit kvar dei står, truleg heller ikkje dei sjølve. I dag, før eg høyrde Åkesson, høyrde eg ein panelsamtale om arbeidsintegrering der Liberalerna-representanten Robert Hannah, skeiv gøteborgar med assyrisk bakgrunn, nytta langt hardare ord om innvandring og integrering enn Åkesson og Fogelklou gjorde.

Kvar ny meiningsmåling vert møtt med spaning. Vil Liberalerna klara sperregrensa? Vert dei ein del av eit blått firepartifleirtal? Og vil dei i så fall gå i forhandlingar med Moderaterna, Kristdemokraterna og Sverigedemokraterna?

61

Inne i sentrum er folkevandringa mot Ullevi i gang. 280.000 publikummarar samlar artisten på dei fire konsertane i valkampen. I bybiletet lyt Jimmy Åkesson- og Magdalena Andersson-plakatane kjempa om merksemda med Håkan Hellström-plakatane.

Ei halv mil i aust ligg Biskopsgården, eitt av dei «brottsutsatta områden» i Sverige. Talet på dei er no, i fylgje svensk politi, 61, nøyaktig like mange som Sverigedemokraternas representantar i Riksdagen. Dei to tala fylgjer kvarandre som skuggar. Dei neste åra vert dei truleg over 70.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Göteborgs kommunalråd Jörgen Fogelklou,
Sverigedemokraterna

I 2018 snakka høgrepartia om gjeng­kriminaliteten. I 2022 gjer alle det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis