JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Svensk samling

GÖTEBORG: Eit jamt val kan gje ei fleirtalsregjering som vert historisk – ei brei samlingsregjering eller ei regjering med støtte frå eit påstått rasistisk parti.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Veljarvandringa mellom Socialdemokraterna (S) og Sverigedemokraterna (SD) avgjer om ei fleirtalsregjering etter valet sundag vert ei S-tufta samlingsregjering utan SD eller ei blå regjering med SD. Her frå Frihamnsdagarna i Göteborg.

Foto: Håvard Rem

12469
20220909
12469
20220909

Svensk val. Del 2

havard@dagogtid.no

I partileiarutspørjinga på Sveriges Television (SVT), Utfråg­-
ningen, har partileiarane kvar for seg og kveld etter kveld stått og komponert si meir eller mindre realistiske ynskeregjering på ei tavle. Berre dagar før valet kjem dei fleste politiske sakene meir i bakgrunnen. No handlar mykje om kva for regjering – helst ei fleirtalsregjering – som svenskane kan stabla på beina. Etter førre val tok det nær eit halvt år å skipa ei mindretalsregjering.

Det er historisk sus over fleire av scenarioa på tavla i Utfrågningen. For fyrste gong på 80 år kan Sverige få ei samlingsregjering. Eller ei regjering med støtte frå «ett rasistiskt parti», slik Centerpartiets Annie Lööf ordla seg då ho gjesta Utfrågningen.

Splitta venstreside

Men kvifor er fyrstevalet til Magdalena Andersson ei samlingsregjering? Kvifor er ei raudgrøn regjering korkje fyrste- eller andrevalet hennar? Annakvar måling syner jo fleirtal for den raudgrøne firepartiblokken,?med Vänsterpartiet, Miljöpartiet, Socialdemokraterna og Centerpartiet, slik annakvar måling syner fleirtal for den blå firepartiblokken, med Moderaterna, Kristdemokraterna, Liberalerna og Sverigedemokraterna.

Her kjem svaret: Uavhengig av eventuelt fleirtal har situasjonen innover i dei to blokkane endra seg. Dei fire høgrepartia har kome nærare kvarandre. Av dei fire raudgrøne partia har somme fjerna seg frå kvarandre.

Ei borgarleg firepartiregjering verkar difor meir mogeleg enn før. Liberalerna har vendt attende til blå side. Sverigedemokraterna vert for fyrste gong vurdert som støtteparti.

Og motsett: Ei raudgrøn fire­parti­regjering verkar mindre mogeleg enn før. Ikkje berre har venstresida vorte monaleg mindre, men ho er meir splitta òg. I tryggleiks- og innvandringspolitikken står no Socialdemokraterna langt frå Vänsterpartiet og Miljöpartiet.

I Utfrågningen stiller den sosialdemokratiske statsministeren med eit svensk flagg på brystet. Det gjer Ebba Busch i Kristdemokraterna òg. Men ikkje Jimmy Åkesson. Partiet hans har alt sakseigarskapet til migrasjons- og gängvald-spørsmåla som har dominert valkampen.

Våt draum

Kva svarar så statsministeren på ein ny situasjon der ei raudgrøn fleirtalsregjering har vorte mindre mogeleg, medan ei blå fleirtalsregjering har vorte meir mogeleg?

I Utfrågningen er ei blokkoverskridande samlingsregjering faktisk fyrstevalet til tre av åtte partileiarar: statsminister Magdalena Andersson i Socialdemokraterna, Annie Lööf i Centerpartiet og Johan Pehrson i Liberalerna.

I førre val var dette den våte, men fjerne draumen til svensk næringsliv, om lag som i Noreg, der konsernsjefar kan ynskja seg ei regjering med både Arbeidarpartiet og Høgre. På ei norsk måling denne veka fekk dei to styringspartia fleirtal åleine, og då kom spørsmålet: Kvifor kan ikkje dei styra i lag?

No er ei svensk samlingsregjering eit tilsynelatande reelt scenario.

Moderaterna og Social­demokraterna har ikkje inngått i same regjeringsgrunnlag sidan vala i 1940 og 1944.

Konsensus-Sverige

Med slike historiske valperspektiv hadde eg tenkt å dra til Malmö for å intervjua forfattarjournalisten Per T. Ohlsson. I dei to førre vala gav han ut Svensk politik, ein grundig 600-siders gjennomgang av den politiske utviklinga i landet dei siste hundre åra. No henta eg boka fram att, full av understrekingar og notat. Men eg drog ikkje til Malmö. Per T. Ohlsson (1958–2021) døydde i oktober.

Han skriv opplysande om konsensus-Sverige – som dei siste åra har vorte eit omgrep i Noreg òg. Eit døme: I dei siste svenske vala har det vore konsensus om at det ikkje er ein samanheng mellom kriminalitet og migrasjon. I 2022 er det framleis konsensus, men no om at det kan vera ein samanheng.

Svensk politik syner at konsensus-Sverige ikkje er noko nytt, men eit fenomen med ei meir enn hundreårig soge – som dei siste åra har vore kraftig utfordra av eit parti utanfor blokkane.

Sverige og Noreg

Eg les i mursteinen på ferda frå Austlandet til Bohuslän, medan eg legg merke til dei topografiske endringane. At Sør-Noreg har vore eit langt meir delt område enn Sør-Sverige, ser ein gjennom togruta. Og berre så det er sagt: Dei norsk-svenske samanlikningane eg gjer i dette avsnittet, gjeld primært Sør-Noreg og Sør-Sverige, der hovudstadane og makta ligg, og ikkje dei nordlege områda.

Medan Sør-Sverige er eit samla lågland utan vasskilje, med farbare vassvegar, kløyver Langfjella Sør-Noreg i to, i Vestlandet og Austlandet, to område med kvar si historie, kvart sitt språk, kvart sitt vêr, på kvar si side av eit enormt vasskilje, som har sytt for at mange sørnorske vassvegar er ufarbare.

Medan det nordlege vasskiljet dannar ei naturleg landegrense mellom Noreg og Sverige, utgjer det sørlege vasskiljet ei ikkje mindre definerande grense mellom Vest- og Austlandet.

Austlandet har i periodar vore fordanska, ikkje berre i dansketida, men før og etter òg –?som Viken i vikingtida og etter 1814. Innetter og utetter har Sør-Sverige vore samla på eit heilt anna vis.

Svensk overideologi

Kan slikt ha medverka til eit meir konsensusprega Sverige, slik Ohlsson skildrar det i innleiinga av Svensk politikk? I 1936 vakte den amerikanske forfattarjournalisten Marquis Childs internasjonal merksemd med boka Sweden – The Middle Way, men nær hundre år før skreiv svenskane sjølve at «en förstandig medelväg mellan ytterligheterna» var nykelen til modernisering og velstand.

Ohlsson skildrar kompromiss og samarbete som ein svensk överideologi ­– som ikkje minst har prega folkhem-partiet Socialdemokraterna. Partiet – som ikkje har dei same yttarleggåande røtene i Komintern som det norske systerpartiet –?har ei soge med eit pragmatiskt, antiutopistiskt drag, som har bidrege til ein «konsensusanda, där det praktiskt möjliga överordnades det teoretiskt önskvärda».

Sosialdemokratiet har stått endå sterkare i Sverige enn i Noreg. Sidan riksdagsvalet i 1920 har Socialdemokraterna vore utanfor regjeringskontora i berre tjue år – av hundre!

Venstresidefleirtal

Men det er historie. Svensk venstreside krympar. Utviklinga vert dokumentert om ein ser på når venstresida sist fekk fleirtal.

Eittpartifleirtal til 1968. I nokre val har Socialdemokraterna fått fleirtal åleine, men eit slikt eittpartifleirtal tok slutt i 1968.

Topartifleirtal til 1994. I heile ti val har Socialdemokraterna fått fleirtal i lag med Vänsterpartiet. Men sist venstresida oppnådde topartifleirtal, var i 1994.

Trepartifleirtal til 2002. Det svenske Miljöpartiet ligg godt til venstre. Topartifleirtalet vart erstatta av eit fleirtal for alle dei tre venstrepartia. Men det glapp, det òg. Ein slik blokk har krympa frå nær 57 prosent i 1994 til 40 prosent i førre val. Eit trepartifleirtal oppnådde venstresida for siste gong i valet i 2002.

Firepartifleirtal til 2010. Eit firepartifleirtal vart då mogeleg gjennom eit sentrum–venstre-samarbeid. Sentrumspartia er Centerpartiet og Liberalerna, og båe har vore støtteparti i sosialdemokratiske regjeringar. Men eit firepartifleirtal oppnådde sentrum-venstre sist i valet i 2010.

Fempartifleirtal til 2018? Eit teoretisk fempartifleirtal, med dei tre venstre- og dei to sentrumspartia, ville så seint som i 2002 ha samla tre av fire røyster (72,4 prosent), men jamvel ein slik kjempekoalisjon slit no med fleirtal. På ei Sentio-måling 29. august fekk dei fem parti samla 47,9 prosent. Dessutan har skilnadane internt i sentrum-venstre vorte for store.

Blokkane krympar

Venstresida vert mindre i Sverige – som i det meste av Vest-Europa, til dømes i Noreg, der raud blokk på nokre tiår har gått frå 50 til 35 prosent. Vert svensk venstreside mindre av di borgarleg blokk veks?

Nei. Og no vert det verkeleg interessant. Slik sentrum-venstre har vorte mindre, har sentrum-høgre vorte mindre òg. Samla har Moderaterna, Kristdemokraterna, Centerpartiet og Liberalerna gått frå kring 50 prosent i 2010-valet til kring 35 prosent på meiningsmålingane no.

Både sentrum-venstre og sentrum-høgre slit no med å nå 50 prosent.

Korleis er det mogeleg? Har dei ikkje 100 prosent å dela mellom seg?

Dei tre rørslene

Svaret er at ei ny rørsle har vakse fram.

Det har hendt før. Med om lag femti års mellomrom har ei ny rørsle endra den politiske topografien i Sverige: Den raude arbeidarrørsla i 1920-åra, den grøne miljørørsla i 1970-åra, og no, i 2020-åra, ei tredje rørsle. Ho er så fersk at det ikkje er lett å setja farge og namn på henne.

Kva har dei tre så ulike rørslene sams?

At dei som nytt eller lite parti på få val når tosifra og gjerne 20 prosent oppslutnad, som Socialdemokraterna før krigen, som Centerpartiet i 1970-åra og som Sverigedemokraterna no.

At det i stor grad er tale om grasrotrørsler, som arbeidarrørsla, miljørørsla og den nye.

At rørslene har vakse fram utanfor blokkane, utanfor systemet, og difor har vore eit trugsmål mot eit etablert konsensus-Sverige.

At dei er blokkoverskridande, og ikkje fyrst og fremst knyter eksisterande blokkar i lag, men dannar ein ny blokk, som dei gamle blokkane lyt ta omsyn til.

Arbeidarrørsla overskreid det før-sosialdemokratiske topartisystemet, i Noreg Høgre og Venstre, i Sverige Moderaterna og Liberalerna, to parti med ein pre-sosialdemokratisk oppslutnad på kring 70 prosent, mot kring 20 i dag.

Femti år seinare, då miljørørsla reiste seg, gjekk ho fyrst i lag med dei blå, før ho søkte seg mot raud side i lag med nyare og raudare Miljöpartiet.

Båe rørslene overrisla etter kvart store delar av partilandskapet. Dei fleste partia har i dag ein velferds- og miljøpolitikk.

Det er blokkoverskridande trekk ved den tredje rørsla òg. Som me såg førre veke, har Sverigedemokraterna eit halvt politisk bein i sentrum-venstre og får difor mange arbeidarveljarar. Samstundes meiner sentrum-venstre at partiet er «ett rasistiskt parti».

Fleirtalsalternativ

Konsensus-Sverige vil nok klara å samla seg denne gongen òg. Av di dei tradisjonelle blokkane no slit med å oppnå majoritet, vil ei fleirtalsregjering etter valet truleg verta historisk. Sjølvsagt kan det enda med at landet held fram med ei mindretalsregjering, men i fyrste omgang vil ein freista å skipa ei fleirtalsregjering.

Alternativa er då to. Eitt alternativ er at Sverige får ei blokkoverskridande samlingsregjering, noko svenskane ikkje har sett sidan andre verdskrigen. I dette alternativet til Socialdemokraterna og Centerpartiet er Moderaterna med som høvesvis støtteparti eller regjeringsparti.

Men er samlingsregjeringsscenarioet fyrst og fremst reelt eller retorisk? Lööf og Andersson grunngjev ei samlingsregjering med at Sverige no lyt samla seg mot rasismen.

Det andre alternativet er at dei borgarlege partia får til ei brei sentrum–høgre-samling, som inkluderer og integrerer Sverigedemokraterna, mest sannsynleg som støtteparti. Det kan då Kristdemokraternas Busch og Moderaternas Kristersson gjera av di dei meiner at Sverigedemokraterna ikkje er «ett rasistiskt parti» i dag, jamvel om partiet har rasistiske og til dels nynazistiske røter.

Liberalerna

Som det går fram av Utfrågningen-tavlene, kjem Liberalerna med eit tredje fleirtalsalternativ. Det er i og for seg uinteressant av di det er heilt urealistisk, med Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna som regjeringsparti, og med Centerpartiet, Social- og Sverigedemokraterna som støtteparti. Med andre ord: ei samlingsregjering med Sverigedemokraterna.

Men alternativet er likevel interessant. Det syner at Liberalerna – som einaste parti –?held ei dør open for båe dei mindre urealistiske fleirtalsalternativa. Liberalerna vil vurdera både ei samlingsregjering utan SD og ei blå fleirtalsregjering med SD.

Til sjuande og sist kan difor Liberalerna sitja med nykelen. Det vesle partiet kan verta del av ei blå fleirtalsregjering dersom den blå firepartiblokken oppnår majoritet, noko dei oppnår på kring helvta av målingane.

Alternativt kan også Liberalerna verta del av ei samlingsregjering.

Men for at Liberalerna skal sitja att med nykelen, lyt dei halda seg over sperregrensa på 4 prosent, og det er det ikkje sikkert at dei gjer. På fleire av dei siste målingane ligg dei lågt på firetalet.

Det svenske valet sundag vert både historisk og spanande.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For fyrste gong sidan andre verdskrigen kan Sverige få ei samlingsregjering.

Held Liberalerna seg over sperregrensa, kan minipartiet avgjera det store vegvalet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis