JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Statsgravferd med bismak

Heller ikkje Shabana Rehman var sterkast åleine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6131
20230106
6131
20230106

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Så var Shabana Rehman borte. No hyllar og minnest folk henne overalt, i både sosiale og asosiale medium. Ho skal bisetjast på statens rekning i Oslo rådhus komande tysdag.

Berre rundt hundre nordmenn er blitt denne æra til del sidan 1800-talet. Henrik Ibsen var den første etter unionsoppløysinga. Blant hans mest kjende sitat er «den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene». Dette er dr. Stockmanns siste ord i En folkefiende. Han mister jobben, blir hengd ut i pressa og svikta av alle, også dei han trudde var vener og allierte. Stockmann og familien er sjanselause mot dei falske angrepa. Mobben samlar seg utanfor heimen, kastar stein og knuser rutene.

Brutal prosess

Det er sjølvsagt forskjellar mellom dr. Stockmann og Rehman, men også likskapar. For berre to år sidan mista ho jobben og blei hetsa og hengd ut i media etter ein giftig, brutal og urettvis prosess som nesten knekte henne. Eg snakkar sjølvsagt om saka mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Kulturdepartementet og Født Fri, organisasjonen som Rehman var leiar for.

Shabana Rehman kjempa i eitt år – eit av dei to–tre siste i livet hennar – for å redde stumpane av sitt namn og rykte. Ho heldt på dag og natt med å skrive rapportar og tilsvar, kontakte ekspertar, advokatar og journalistar. Dei måtte ha advokathjelp for å få innsyn i skuldingane og kva dokumentasjon som låg bak. IMDi bestilte rapportar frå «etterforskarar» i Ernst & Young for halvannan million kroner.

IMDi brukte månader og halvår på sine rapportar. Då Født Fri endeleg fekk høve til å svare, var det med rekordkorte fristar, som nokre få dagar! Kvar blei det av rettstryggleiken til Rehman og Født Fri?

Stadig nye saker hamna i media, etter lekkasjar frå varslarar eller IMDi. Varslarane dreiv ein koordinert kampanje og hadde vikarierande motiv. Dei blei framstilte som «unge og sårbare» (ein var over 60, to andre over 30 år) med ekstra krav på vern. Dette blei brukt som ei unnskyldning for å publisere skandaleoppslag, med den kristne dagsavisa Vårt Land som spydspiss og Dagsrevyen som etterdiltar.

Det kom jamt nye bombenedslag om det som såg ut som sløsekultur, luksusforbruk og ein organisasjon ute av kontroll. Hugs at Rehman var ein utøvande kunstnar, ein komikar, og at ho med dette ikkje berre mista jobben som leiar i stiftinga Født Fri, men også blei kansellert som artist. Alt på bakgrunn av eit varsel som er fullt av skitkasting og faktiske feil.

Udokumentert

Eg skreiv ein lang artikkel om saka (sjå: «Når varsellampar blinkar raudt», Dag og Tid 30. oktober 2020). Kjernen i saka er ikkje Ibsens. Ho er Kafkas.

Den strie straumen av grove, udokumenterte påstandar, over lang tid, var umogleg å forsvare seg mot. Men gudane skal vite at Rehman gjorde alt ho kunne. Hennar oversikt, presisjon og hukommelse viste ein formidabel intelligens. I dei få vekene eg jobba med saka, leverte ho alltid alt eg etterspurde av dokumentasjon, på svært kort tid, også om han ikkje heilt gjekk i hennar favør. Dette gjorde ho for alle som ønskte. Problemet er at det var så få.

Advokatfirmaet Ræder leverte til slutt ein flengjande kritikk mot Ernst & Youngs rapport og IMDis handtering av saka. Advokat Birthe M. Eriksen, som er ekspert på varslingssaker, meinte at saka var ein skandale, og at Født Fri burde klage saka inn for Sivilombodsmannen.

Saka kokte ned til det eg vil kalla bagatellar. Alle Født Fris rekneskapar og økonomiske disposisjonar var godkjende av styre og revisor. Nokre småting var klanderverdige, men var dei Rehmans feil? Dei var uansett ikkje i nærleiken av å forsvare IMDis likvidering av Født Fri og karakterdrapet på Rehman.

Manglande støtte

Shabana Rehman var djupt skuffa over mangelen på støtte, også frå folk som kjende sanninga. Ho var sjokkert over media (inkludert PFU og fagbladet Journalisten). Og over tunnelsynet i IMDi, der Libe Rieber-Mohn og leiinga oppførte seg heilt esoterisk og la prestisje i saka, kanskje også for å skjerme seg sjølv etter at saka stod fram som stadig meir skandaløs.

Å løfte mulla Krekar var uendeleg mykje lettare. Å leve med drapstrugsmål og politivern var meir behageleg.

Utan støtte frå den nære familien hadde også Shabana Rehman knekt saman. Ibsen er ein fleirtydig forfattar, men det går fint an å sjå dr. Stockmann som ein tragisk-ironisk figur. Han er ikkje sterkast når han står åleine. Den Stockmann som påstår dette, er på veg inn i galskapen. Han framstiller nederlaget i eit romantisk og heroisk lys, for å kompensere, og vil vere einaren, overmennesket som er heva over «den gemene hop». Kona og alle rundt ser jo at han har tapt.

Ein vegvisar

Korleis bør Shabana Rehman plasserast, som ein figur i norsk historie? Kanskje som eit paradoks. Ho viste Noreg store og skjulte problem i integreringa, at det er naivt og/eller arrogant å tru at folk frå patriarkalske, klanbaserte, islamske kulturar adopterer våre progressive og sekulære verdiar, berre vi gir dei tid, kjærleik og pengar. Samstundes var ho eit lysande eksempel på at reell integrering går føre seg, i og med at ho tok «våre verdiar» meir på alvor enn vi ofte gjer sjølve. Som komikar og debattant slo ho hardare og meir konsekvent enn nokon etnisk nordmann kunne gjort.

Ekte oppgjer må komme innanfrå, og Shabana Rehman har kanskje betydd meir enn tusen mangfaldskonsulentar, integreringsbyråkratar, språkkonstablar og rasismedetektivar med mastergrad i multikulturell ønsketenking kunne gjort. Ho var ein vegvisar for andre, og det kosta henne meir enn mange er klar over. For å sitere Colin Wilson: «Outsideren er først og fremst ein kritikar, og når kritikaren kjenner sterkt nok for det som blir kritisert, blir han ein profet» (The Outsider, 1956).

På grunn av Født Fri-saka får statsgravferda til Shabana Rehman ein bismak. Ho fortener heideren, og familien ser det som ei oppreising. Eg møtte henne nokre gonger i livet og må få seie såpass: Ho hadde to sjeldne auge som lyste og gneistra av appetitt på livet, og ein steil, kraftfull godleik. Ho vil bli sakna.

Morten Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker
Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis