JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når varsellampar blinkar raudt

Kva skjedde i kulissane då stiftinga Født Fri blei gjord til kjeltringar? I sentrum av historia er eit anonymt varsel, aktive varslarar, ei privat gransking, eit taust direktorat, ei høglydt presse – og Shabana Rehman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Født Fri-stiftinga vart oppretta etter initiativ frå Abid Raja (V) og Trine Skei Grande (V) med ei løyving på fem millionar kroner. Det vart feira på kontoret til Abid Raja 28. november 2018.

Foto: Mariam Butt / NTB

51283
20201030

Født Fri

Formelt stifta 1. januar 2018

Jobba med nettverk og informasjon rundt negativ sosial kontroll

Fråtatt statsstøtta etter ei varslingssak 21. september 2020

Varsling

morten.strøksnes@gmail.com

Historia tar til med ei stor marsipankake på Abid Rajas gedigne stortingskontor i den såkalla «keisarfløya». Det er den 1. november 2017, og på toppen er marsipankaka pryda med grøn sukkerlake, ein V for Venstre og orda «Født fri». Stortingspolitikarane Abid Raja og Trine Skei Grande frå Venstre har kalla inn pressekorpset og mange av dei fremste kvinnelege stjernene på det fleirkulturelle feltet. No stod dei der som orgelpiper, smilande og oppglødde: Nancy Herz, Laial Ayoub, Sofia Nesrine Srour, Maria Khan, Dana Manouchehri, Iram Haq, Amal Aden og Shabana Rehman.

Venstre-toppane hadde fått ein idé, som no skulle kringkastast til nasjonen. Dei ville etablere ei stifting for «skamlause» innvandrarjenter. Ideen skulle direkte inn på statsbudsjettet.

Kva kunne ikkje Raja fortelje: «Dette er en parlamentarisk historisk hendelse. Det har aldri skjedd før at Stortinget har bevilget penger til noe som ikke eksisterer.»

Ingen av kvinnene visste kvifor dei var kalla inn av ministeren. No skjønte alle det: Kven av jentene kom til å vinne fem millionar skattekroner i det skamlaus-idol som Raja og Grande hadde lagt opp til?

Trommekvervlane kunne nærast høyrast i bakgrunnen då Raja braut ut: «Shabana, ta ballen!»

Kva i all verda er dette, hugsar eg at eg tenkte då eg såg opptrinnet på NRK. Det gjekk eit gisp gjennom lokalet. Shabana Rehman såg forvirra ut. Kva skulle ho seie no? Heile livet hadde ho vore engasjert for å opne dører inn til lukka rom der det gjekk føre seg kulturelt legitimerte overgrep mot individ, ikkje minst i patriarkalske muslimske æreskulturar. Rehman hadde vakse opp i det offentlege rommet som høgt profilert aktivist mot akkurat alt dette. No dreiv ho ein lågblussorganisasjon som kalla seg Sekulær Feministisk Front. Dei gjekk i 8. mars-tog med plakatar der det stod «Født fri for faen!». Ho gjorde sitt beste for å skjøtte karrieren som artist og komikar.

Til pressekorpset på Rajas kontor sa ho: «Jeg takker for tilliten. Men jeg stiller jo enkelte spørsmål ved prosessen. Det er jo ikke vi som har kommet til Venstre.»

Åtte dagar etter at Venstres marsipankake blei skoren opp og slukt, blei Født Fri offisielt stifta, av Iram Haq, Amal Aden og Shabana Rehman.

Iram Haq blei aldri aktiv, Amal Aden gjekk ut i februar 2018.

No stod Shabana Rehman att åleine.

Eg har skrive om Shabana Rehman ein gong tidligare. Det var i 2002, då eg jobba for Morgenbladet. Kommentaren handla om ein debatt mellom Rehman og den no avdøde sosialantropologen Marianne Gullestad, der sistnemnde insinuerte at det låg ein tvilsam ideologi bak Rehmans kritikk av «eigne» framandkulturelle miljø. Eg hugsar lite av kva eg skreiv, og slår opp artikkelen. Der siterer eg Rehman på dette: «Dere har ingen rett til å ta fra oss de godene som kvinner i deres generasjon nyter. Vi vil ha kake. Vi vil være selvstendige, intellektuelle bidragsytere til en utviklende samfunnsdebatt. Vi har like mye rett som dere til å frigjøre oss fra lydighetskravet.»

No hadde Shabana Rehman fått kake. Meir enn ho hadde godt av, skulle det vise seg.

Varselet

For knappe tre månader sidan fekk organisasjonssekretær Morten Guldberg i Født Fri høyre rykte om at det går føre seg ein aksjon mot stiftinga. Folk som berre har godt å seie om stiftinga, er blitt ringde opp av Vårt Land, med tilbod om anonymitet om dei har drit å dele om Født Fri. Rykta svirrar dei neste dagane, før Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) 20. august informerer Født Fri om at det er kome eit varsel mot dei – og at dei vil bli granska av eit privat konsulentbyrå. Resultatet, får dei her høyre, kan bli at stiftinga mister statsstøtta.

Ei veke tidlegare hadde Rehman blitt presentert for ei liste på rundt 80 punkt med klagemål av ein journalist frå Vårt Land. Det er ei brei vifte av høgst alvorlege – men ikkje dokumenterte – skuldingar. Vårt Land fortalde Rehman at dei sat på mykje dokumentasjon (skriftleg og munnleg) som ho ikkje kunne få sjå, på grunn av kjeldevernet. Hugs: Født Fri veit enno ikkje kva som står i varselet.

Frå no av, og dei neste vekene og månadene, kjennest det for Født Fri som om dei er under kontinuerleg og til tider koordinert åtak frå pressa, varslarane (alle var enno anonyme), Ernst & Young og IMDi. Direktoratet var høgst sparsam med informasjon til Født Fri – dei fekk aldri vite noko konkret om kva varselet varsla om. IMDi var mykje meir inkluderande med delar av pressa og Ernst & Young – og med varslarane. Varselet har altså vore hos IMDi, hos Ernst & Young, i Vårt Land og blant aktivistar (som i sosiale medium viste at dei kjende til detaljar i varselet) i eit par månader før Født Fri fekk sjå det.

Født Fri fekk først innsyn i varselet då advokat Anne Helsingeng kravde det. Då fekk dei tilsendt ein ganske sterkt sladda versjon. Det var 2. oktober. Skaden som var påført omdømmet til Født Fri, verka alt uoppretteleg. Dette var elleve dagar etter at IMDi – eller regjeringa, for kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) må nesten ha vore involvert – sleppte rapporten frå Ernst & Young og gjorde han offentleg. Samstundes som Født Fri meinte dei ikkje hadde fått sjanse til å korrigere han. Og fire dagar før dei skulle levere tilsvar og halde pressekonferanse.

Kvifor fekk ikkje Født Fri sjå kva dei blei skulda for tidlegare, om så berre i den sladda versjonen dei fekk 2. oktober? Hadde dei fått sjå varselbrevet, kunne dei ha vore langt betre førebudde med forsvar og dokumentasjon. Det som skjedde, var at Født Fri ikkje fekk nokon reell sjanse til å forsvare seg. Kva slags rettstryggleik er det snakk om her? Personar som var involverte i varselet, har òg gått til pressa med ein usladda versjon av varselet, og Rehman har fått spørsmål på grunnlag av denne informasjonen – som ho berre kjenner via spørsmåla ho då er blitt stilt.

Født Fri hadde eksistert i to år og sju månader. Dei hadde sett i gang ei lang rekke prosjekt og seminar. Døra hadde vore open, og IMDi hadde sagt seg nøgd med alt dei hadde sett. No var Guldberg og Rehman kasta i fryseboksen.

Samstundes hadde Født Fri aldri fått noka form for rettleiing eller retningsliner frå IMDi om ramma for midlane dei blei tildelte. Hugs at det var ei heilt ny stifting som over natta, etter kakeselskapet på Abid Rajas kontor, skulle forvalte fem–seks millionar kroner i året. Alt måtte byggast opp frå grunnen. Abid og Grande var slik sett borte etter at kaka var eten, og slik skulle det vere. Dei skulle ikkje direkte påverke vedtekter, driftsform og tiltak.

Granskinga

Rent a cop. Då Jan Tore Sanner (H) ville ha ei juridisk vurdering av om han kunne instruere Noregs Bank, gjekk han ikkje til regjeringa si eiga lovavdeling. Nei, han gjekk til eit privat advokatkontor som også hadde vore brukt av Nicolai Tangen. Då IMDi ville granske økonomien til Født Fri, tok dei ikkje kontakt med stiftinga. Dei gjekk til Ernst & Young, der ein tidlegare politimann utførte granskinga.

Rehman oppfatta intervjuet som særs ubehageleg, men det er ikkje sikkert det er intervjuaren sin feil. Møtet ville nok vore svært ubehageleg uansett. Men ho fekk inntrykk av at svara hennar ofte ikkje blei lytta til, og at konklusjonen alt var skriven.

Kvifor fekk dei så ekstremt kort tid på å svare på alle spørsmåla frå Ernst & Young før rapporten blei på sett som ferdig? Det er snakk om mange hundre forhold.

Født Fri hadde ei helg (11.–14. september) på å kommentere referata av samtalane i rapporten.

Rehman hadde med seg rekneskapsføraren Magne Tangen til det fire timar lange intervjuet med Ernst & Young. Både Rehman og Tangen hevdar det er store avvik mellom intervjureferata, slik dei står i rapporten, og det dei hevdar faktisk blei sagt i intervjua.

Organisasjonssekretær Morten Guldberg hadde ein «intervjusamtale» med Ernst & Young. Guldberg opplevde det som eit politiavhøyr. Han hadde ikkje med seg noko vitne, slik Rehman hadde. Han opplevde at ingen av hans utgreiingar i intervjuet – som varte i tre timar – blei tatt med i Ernst & Young-rapporten.

Guldberg seier han fekk opplyst av Ernst & Young at han hadde rett til å ha nokon med seg, men at det ikkje var «nødvendig eller vanleg». På dette tidspunktet hadde Født Fri enno tillit til Ernst & Young. Guldberg tenkte slik: Han hadde ingenting å skjule, så kvifor ha med seg eit vitne? Kunne ikkje det verke mistenkeleg?

Født Fri hadde to dagar (15.–17. september) til å kommentere sjølve rapporten, og meiner dei ikkje hadde sjanse til å grave fram alle svar innan denne fristen. Men dei sende inn ei lang rekke med innvendingar. Kor nøye blei desse vurderte eller granska? Ernst & Young sende den ferdige rapporten til IMDi dagen etter at Født Fri hadde levert innvendingane sine. Dei har altså brukt nokre timar på å undersøke svara frå Født Fri.

IMDi hadde avtalt med Ernst & Young at granskinga skulle vere ferdig før 15. september. I bestillinga frå IMDi til Ernst & Young står det til og med, i siste setning: «For IMDi er det viktig at oppdraget utføres innen 15. september.»

Kvifor var det så viktig? Same dag er ein viktig frist for å sende inn endringar til statsbudsjettet. Alt 27. august sa IMDi til Vårt Land at granskinga kunne få betydning for statsbudsjettet. Avisa skreiv at granskinga skulle gå føre seg i «ekspressfart». Gjekk dette ut over rettstryggleiken til Født Fri, slik mange hevdar? Det er vanskeleg å sjå korleis det ikkje kunne gjort det. I e-post mellom IMDi og Ernst & Young kjem det fram at tanken først var at Rehman og Guldberg ikkje eingong skulle bli intervjua. Dette kjem som ei utviding av oppdraget, står det i e-brevet, sendt 7. september av IMDi. I same e-post står det òg at ramma til Ernst & Young er på mellom 70 og 100 arbeidstimar.

Ernst & Young nekta til og med å gi Født Fri opptaket av intervju med dei sjølve. Mange advokatar meiner at bruken av private konsulentfirma i denne typen offentlege graskingar, er høgst tvilsam. Det gjer tilsynelatande at oppdragsgivaren har ryggen fri (og alle veit korleis ein oppdragsgivar kan påverke innhaldet i slike rapportar). Men det må vel vere IMDi som har det fulle ansvaret?

Shabana Rehman svarer på kritikken mot økonomistyringa i Født Fri.

Foto: Heiko Junge / NTB

Rapporten

Rapporten blei ferdig til 15. september, og Ernst & Young fekk 238.000 kroner for det 36 sider lange skriftet. Jau, ein del av pengebruken til Født Fri er klart kritikkverdig, spesielt om han vert vinkla og utstyrt med krigstypar (Spa-hotell!, London-tur med A-ha-konsert! Kjøp av drone! Alkohol!). Samstundes blir ingenting ulovleg avdekt. Det har altså ikkje gått føre seg noko kriminelt.

Alle rekneskapar er førte, med vedlegg, og godkjende av rekneskapsførar og styre. Det blei ikkje brukt store pengar på vin og festar. Alle som ville, fekk eitt glas, så måtte dei betale resten sjølve. Det var regelen. Men det var iallfall eitt unntak: internseminaret på Losby Gods. Då blei alle deltakarane påspandert nokre ekstra glas. Organisasjonssekretær Guldberg forklarar kvifor til Dag og Tid: «Vi hadde hatt eit ekstremt travelt år, og vi syntest folk fortente det. Seminaret skulle verke samlande og motiverande. At det skulle vere eit slikt unntak denne gongen, var godkjent av styret og klarert med revisor.»

Eg har opp gjennom åra vore på mange konferansar arrangerte av det offentlege, eller av organisasjonar som vert finansierte av det offentlege. Det er ofte det eg vil kalle overdådig luksus, og om staten er direkte involvert, er det tilsynelatande få grenser. Det er gourmetmat, ein evig straum av gode vinar, flotte hotell – og om ein skal gjere noko som helst, får ein ganske godt betalt på toppen.

Hos Født Fri var det mykje mat i samband med ulike prosjekt som skulle gjennomførast, ofte med mange folk knytte til dei mange prosjekta som involverte mange hundre personar. Ein del av denne cateringmaten – til tre konferansar i løpet av ei veke i oktober 2018, og berre då – blei levert av søstera til Shabana Rehman. Det var ei kriseløysing, har prosjektleiaren for oktoberkonferansen, Pouneh Attirinejad, forklart skriftleg, etter at personen som skulle ordne med dette, ikkje gjorde som avtalt.

Maten som kom, var om noko godt under gjengs marknadspris for catering. Det blei laga mat til 500 personar, til ein pris av 116 kroner per hovud, inkludert køyring i tre dagar og alt som høyrer til eit måltid (frå serviettar til bestikk, fat og alt som skal til).

Dag og Tid har sett fakturaen. Dette var altså ikkje «kostbar veganmat», slik det stod i varselet. Det var billig veganmat av høg kvalitet og i store mengder (forrett, risotto, grønsakrett, salat). I rapporten står det mykje om overtidsmat. Men eg ser ikkje kvifor, eller kva som skulle vere gale, alle tilbyr mat til folk som jobbar overtid, og her var det alltid snakk om gratis overtid.

Det er kjøpt inn dyre datamaskinar og mykje utstyr. Store, kraftige Mac-ar som ein treng om ein skal redigere video, og det var nett det Født Fri skulle bruke dei til. Det som er brukt på samlingar, middagar og arrangement, er det rapportert om: kvar, når og kven som var til stades.

Dag og Tid har fått nokon med mykje betre greie på rekneskap enn eg til å sjå på rapporten. Dei seier at det er påvist klare veikskapar i økonomirutinar hos stiftinga. Og at enkelte utgifter står fram som uforholdsmessig høge (som London-turen). Rutinar for godkjenning av faktura og refusjon av reiser ser ikkje solide nok ut.

På spørsmål om dette svarar Rehman at ho aldri har hevda at økonomiske styringssystem er hennar største styrke. Og det var heller ikkje dette ho skulle jobbe med. Ho seier at ho tok det for gitt at alt var på stell når revisor ikkje hadde innvendingar, at ho konsulterte styret regelbunde, og ho lurer på kva meir ho skulle gjort. Kanskje revisor ikkje har vore streng nok? Nye granskingar, og det kjem nok slike, vil kanskje gi svar.

Eg legg merke til ein detalj i dokumentasjonen. Alle pengane Født Fri fekk, måtte brukast same året som dei var tildelte (tildelingane frå staten kom to gonger i året). Dei kunne ikkje førast over til neste år. Som generell merknad: Dette gir eit incentiv til å bruke alt, nesten same kva, elles risikerer ein at budsjettet vert kutta i neste budsjettrunde. For du hadde jo ikkje bruk for alt og greidde deg med mindre, ikkje sant?

Då eg var i Forsvaret, dreiv vi og skaut opp store mengder ammunisjon mot slutten av budsjettåret, slik at lagera ikkje skulle vere fulle og avdelinga få mindre neste gong. I eit par veker var det heilt Stalingrad.

Eg seier ikkje at dette har påverka Født Fri, for det veit eg ikkje. Men det har i alle høve påverka mange andre.

Rapporten frå Ernst & Young etterlyser Født Fris etiske regler og retningsliner, og «rutiner i forhold til etikk». Og kritiserer stiftinga for ikkje å ha «etablert omforente regler for etiske holdninger og etterlevelse».

Vi snakkar ikkje om Oljefondet, men om ei stifting som hadde eksistert i to år og sju månader, med to tilsette som skulle sette i gang og drive ei lang rekke prosjekt. Poenget er: Er det verkeleg vanleg at små organisasjonar og stiftingar har alt slikt på plass?

Første arbeidsdag etter at Ernst & Young offisielt hadde levert rapporten (18. september) gjorde IMDi rapporten offentleg (21. september). IMDi kunne ikkje ha gjort noka grundig sjølvstendig vurdering av rapporten eller av innvendingane frå Født Fri. Det var rett og slett ikkje tid.

Same dag som IMDI gjorde rapporten offentleg, kunngjorde dei at Født Fri hadde mista statsstøtta. Dette var seks dagar etter fristen for å gjere endringar i statsbudsjettet. Sidan Født Fri faktisk mista statstøtta, kan altså IMDi ha tatt avgjerda ikkje berre før Født Fri fekk forsvart seg, men òg før rapporten offisielt blei levert frå Ernst & Young.

Født Fri har enno ikkje sett vedtaket om at dei har mista statsstøtta, og veit heller ikkje når vedtaket er gjort. Stiftinga blei alt 15. august, altså før noka gransking, fråtatt den støtta som alt var løyvd for resten av året. Stiftinga har ikkje pengar til husleige, løn eller andre utgifter og kan gå konkurs.

Eg er ikkje kapabel til å gjere ei teknisk vurdering av metodar som er brukte i rapporten, eller om han er i tråd med retningsliner for slike. Men nokre ting slår meg. Til dømes kan det på nokre punkt sjå ut som om Ernst & Young i rapporten har klipt og limt frå varslinga, utan å ta med utgreiingane frå Født Fri. Dei beste døma er kanskje det med konserten med A-ha, og opphaldet på Son Spa Hotell. I tilsvaret var dette gjort greie for, men det kom ikkje med i rapporten. Resultatet var førstesider i nasjonale medium. IMDI lét dette skje utan å kalle inn nokon i Født Fri eller ha samtalar med dei.

– Vi har gjort grundige vurderingar av eit omfattande kjeldemateriale. At kjeldene er uavhengige, er sjølvsagt svært sentralt i den vurderinga, seier sjefredaktør Bjørn Kristoffer Bore i Vårt Land.

Foto: Adrian Nielsen/Vårt Land

Pressa

Varslarane gjekk først til media og var i kontakt med fleire redaksjonar før Vårt Land greip saka. Deretter gjekk dei til IMDi og sa at media hadde ei stor sak på gang rundt sterkt kritiske forhold i Født Fri. Dette sette eit stort press på IMDi. Dei visste no at journalistane snart kom til å ringe, med ei skandalesak. Kanskje dei måtte skunde seg og vere «proaktive» før mediestormen braut laus?

Dette kan ha bidrege til at IMDi bestilte ei hastegransking av Ernst & Young. Granskingsmandatet var å gå gjennom rekneskapen og berre det. Født Fri har aldri fått forsvart seg mot nokon av dei andre grove klagemåla i varselet og i pressa. IMDi nekta å møte dei.

Burde IMDi ha skjønt at noko ikkje stemte med varsla? Mellom anna hevdar varslarane, i varselet og i media, at seminar var som private festar. IMDi hadde sjølv vore til stades på mange av desse seminara, og då hadde Født Fri fått skryt for opplegget (IMDi var ikkje til stades på Losby Gods, det var eit internt seminar med program).

Vårt Land var spydspissen i åtaka på Født Fri og Shabana Rehman. Dei blei utførte ved hjelp av anonyme kjelder. Mange har no stått fram – i Subjekt, Nettavisen og i Født Fris PFU-klage mot Vårt Land – og sagt at dei opplevde det som om Vårt Lands journalistar fiska etter negative vinklingar, og ikkje ville høyre på det andre øyret.

At journalistar nyttar anonyme kjelder, er heilt vanleg. I denne saka er det fleire slike. Somme er redde for å stå fram. Andre er perifere og blir brukte til å danne seg eit heilskapleg bilete. Det er ikkje uproblematisk å bruke anonyme kjelder. Men ikkje nødvendigvis veldig problematisk heller.

I dette tilfellet er det mange problem. Kva for ein agenda og interesser hadde dei anonyme kjeldene? Under dekke av full anonymitet fekk dei no kome med grovt injurierande påstandar. Svara frå Rehman, som då lista med 80 klagemål blei lagd fram for henne, fekk liten eller ingen plass. Her kan det leggast til at mange av Rehmans svar blei gitt «off the record». Fordi Født Fri var under gransking, kunne ho ikkje la seg intervjue i pressa. Dette gjorde det heller ikkje så lett for Vårt Land.

Det er kanskje eit paradoks at media tilsynelatande har langt lågare krav til dokumentasjon om dei legg fram påstandar via varslarar, enn om dei hadde lagt fram dei same påstandane som anna redaksjonelt stoff. Vi har høyrt mykje om kor viktig det er å verne varslarar, og det finst mange eksempel på at varslarar er blitt behandla elendig, ikkje minst i det offentlege. Men det er like klart at ein bør vise varsemd andre vegen, og grundig sjekke om varslarane kan ha vikarierande og eigennyttige motiv, til dømes hemn, eller at ein sjølv kan kome i gunstig posisjon om dei ein varslar mot, blir fjerna. Dokumentasjonen må vere sterk.

Vårt Lands nyhenderedaktør Veslemøy Østrem har legitimert oppslaga med at avisa har jobba «grundig og kritisk for å ettergå hvordan offentlige midler brukes» (Aftenposten). Ho nektar for at det er noko gale med oppslaga, og at avisa har drive kampanjejournalistikk.

For å sette ting litt i perspektiv. Då Vårt Lands redaktør Helge Simonnes gjekk av i 2015, sikra han seg ifølge medieoppslag ein gullpensjon på minst 18 millionar kroner (Nettavisen skriv 27 millionar). Vårt Land er delvis finansiert av pressestøtta (avisa får ca. 35 millionar i året), altså «våre skattepengar». Styret og eigarane av Vårt Land godkjende dette.

Vårt Lands dekning er meld inn til PFU av Rehman og Født Fri. Dei meiner Ver Varsam-plakaten er broten nærast etter alle kunstens reglar (klagen er svært detaljert og konkret).

Eg spør Vårt Lands sjefredaktør Bjørn K. Bore om avisa er sikker på at kjeldene har operert uavhengig av kvarandre, og seier at eg har sett dokumentasjon (på sosiale medium) som sterkt indikerer at ein av varslarane har freista å rekruttere andre varslarar.

– Vi har gjort grundige vurderingar av eit omfattande kjeldemateriale. At kjeldene er uavhengige, er sjølvsagt svært sentralt i den vurderinga, svarer Bore.

Vårt Land har hevda at det har pågått ei aktiv jakt på kjeldene deira. Men to av kjeldene har stått fram ope etter at dei hadde vore i Vårt Land som anonyme varslarar. Så kor uroa var dei eigentleg for å bli kjende?

Eg spør Bore om Vårt Land har materiale som viser at varslarane er blitt jakta på, og i så fall kven jegerane er.

– Kjeldevernet er heilag, og eg vil ikkje avkrefte eller stadfeste om nokon av kjeldene våre har stått fram seinare i andre medium. Vi har materiale som viser at påståtte kjelder er utsette for press og hets, hevdar Bore.

«Shabana»

Det er på tide med nokre ord om kven Shabana Rehman er. Medieoppslaga har vore tungt personfokuserte på Rehman, med andletet hennar på førstesider dag etter dag, knytt til sløsing, ukultur, fyll, trakassering og andre alvorlege forhold. Shabana er ikkje «berre» ein vanleg anonym leiar for ei stifting med støtte frå staten. Ho er òg først artist, komikar, underhaldar, satirikar og aktivist i ein pakke. Eit nasjonalt ikon, kan ein påstå. Det var difor oppslaga var så tungt fokuserte på henne – fordi ho var kjendis. Saka hadde aldri blitt det ho var, om det ikkje var for det.

Eg var til stades, som journalist, då ho løfta mulla Krekar i 2004, og blikket til Krekar då han skjønte kva som skjedde, var verdt tusen ord. Hendinga blei verdskjend. Eg var ikkje til stades då ho klinte med Valgerd Svarstad Haugland og viste rumpa under opninga på filmfestivalen i Haugesund i 2005. «Rumpestuntet» var endå tyngre å svelge for mange konservative muslimar enn «mullaløftet». Det var slike haldningar til kvinnekroppen som tabu og eigedom Rehman ville ha fram

På denne tida var ho i media heile tida, uredd og kontroversiell som få. Ufarleg var det ikkje. Ho blei vand til å leve med trugsmål, men ei grense blei kryssa då det blei skote 18 skot mot restauranten til storesøstera på Grünerløkka. Ho fekk valdsalarm og flytta eller flykta til USA. Vi budde i New York samstundes nokre månader i 2006–2007. Eg møtte henne éin gong, i ein halvprivat samanheng. Ho stod fram som litt einsam, synest eg, men fortalde at ho jobba hardt med å skrive framsyningar for teater, og ho studerte ved American Comedy Institute. I denne tida mista ho det meste av inntektene, og ho gjekk konkurs i 2009. Året etter kom ho tilbake med suksessframsyninga For konge og fedreland – i nasjonens tjeneste.

Dei som skaut på familierestauranten, blei aldri tatt.

Shabana Rehman er uvanleg på ein spesiell måte: Ho kan vere like sterkt mislikt av miljø både på høgre- og på venstresida. For høgresida er ho for respektlaus og vanskeleg å plassera. For mange på venstresida er ho ei «kokosnøtt» (brun utanpå, kvit inni) eller noko slikt. Ei som har kritisert eigne miljø for haldningar og praksisar som er bakstreverske og sterkt undertrykkande. Enkelte liker ikkje å snakke om dette, og meiner det kan underbygge fordommar mot innvandrarar, og at ein heller burde snakke om norsk rasisme. Ingen av sidene i politikken har nokon gong kunna gjort henne til si, og ho har heile tida lagt vekt på dette sjølvstendet. Samstundes har ho, som leiar for Født Fri, invitert inn folk frå alle miljø og fløyer.

No er omdømmet hennar stygt sverta, og den framtidige karrieren hennar som artist er skadd. Eg seier ikkje at ho dermed burde skånast om ho har gjort noko alvorleg gale. Men det er enno ikkje bevist at ho har gjort noko alvorleg gale. Rehman får hatbrev, ukvemsord slengt etter seg på gata, oppdrag kansellerte – ho er blitt utskjemd og gjord ærelaus. I to månader kjempa ho for omdømmet sitt. For mange har det danna seg – på grunn av medieoppslaga, også på Dagsrevyen – ei kjensle av at ho er ein slags svindlar som strør om seg med luksus betalt med «våre skattepengar» på ein heilt urettmessig og kanskje kriminell måte.

Rehman kom til Født Fri etter tre år i dyrevernsrørsla. Ho sa ja til Raja for å vise veg, for å vise at minoritetsmiljøet var klar for eit kompromisslaust integreringsarbeid med positiv entusiasme og ikkje hat og splid, slik ho formulerer det til meg.

I 2019 blei Stovnerrevyen, som Født Fri sette opp, hengd ut som rasistisk. I samband med dette fekk Shabana Rehman drapstruslar, og på nytt valdsalarm.

Varsel fullt av feil

Under er ti punkt i varselet som hadde vore relativt enkle å sjekke for alle som er interesserte. Av omsyn til plass tar eg med ti, sjølv om det finst fleire. Det bør vere nok. Om ein finn ti til dels alvorlege feil i eit varsel på drygt fire sider, burde det vere meir enn nok til at alle varsellamper blinkar. Varselet burde då bli lagt i ein skuff, eller granska i detalj. Det må leggast til at delar av varselet er sladda. Ofte veit altså Født Fri (eller eg) ikkje kva skuldinga er. Som kjent lèt ukjende klagemål seg vanskeleg tilbakevise.

1. Det står i varselet at «Født Fri er en organisasjon som er ment å være en samfunnsaktør som bidrar til støtte og hjelp til de som rammes av bl.a. negativ sosial kontroll, æresvald (sic), vold i nære relasjoner, samt å bidra til kompetanseheving og samfunnsendring». Nesten alt dette er ukorrekt om ein ser på Født Fris vedtekter (sjå nettstaden fodtfri.no). Stiftinga skal ikkje drive med fagleg støtte til folk som blir ramma av vald. Dei skal drive informasjonsarbeid og praktisk tilrettelegging av frivillig arbeid.

2. I varselet blir også styret gitt det glatte lag og skulda for å mangle kompetanse. I styret sit Gerd Fleicher, og ingen i Noreg har meir erfaring enn ho innan æresrelatert vald og tilstøytande felt. Mangel på økonomisk kompetanse blir også trekt fram. Styreleiar Jan Sverre Asker har finansbakgrunn. Rekneskapsførar Magne Tangen er statsautorisert rekneskapsførar. Revisjonsselskapet BDO, som har godkjent alle rekneskapane, har økonomisk kompetanse.

3. Det står at Født Fri hadde «ingen prosedyre om forhåndsklarering av utgiftsposter». Éin ting er at Guldberg og Rehman hadde ein budsjettklarert brukskonto som styreleiaren og rekneskapsføraren hadde direkte innsyn i. Ein annan er at kvart prosjekt hadde eigne budsjett med klare kostnadsrammer. (Men som nemnt kan økonomirutinane kritiserast.)

4. Det står i varselet at varslarane var redde for å miste jobben. Men ingen av dei var nokon gong tilsette i Født Fri. Dei var der på ulike typar kortvarige prosjekt (det var dette styret hadde vedtatt som modell for stiftinga) eller utplasserte der via Nav. Kanskje var dei ikkje trygge på å få nye oppdrag. Ingen kan vere det når dei er engasjerte på prosjekt i stiftingar som dette.

5. I varselet blir det hevda at når dei skulle ha mat på restaurant, kosta vinen Rehman skulle ha, «som oftest mer enn maten», og Født Fri betalte alt. Dette er feil, ifølge rekneskapane og rekneskapsrapporten til Ernst & Young.

6. Det står i varselet fleire gonger at det var ein utflytande festkultur med gratis alkohol. Ernst & Youngs rekneskapsrapport har gått gjennom alle vedlegg og ikkje funne teikn på at dette er korrekt. Uavhengige augevitne som deltok på arrangementa, nektar for at dette var tilfelle.

7. I varselet står det to gonger at Shabana Rehman og Zahid Ali reiste til London for å dra på A-ha-konsert. Reisa var eit skrive- og inspirasjonsseminar, eller -tur. A-ha-billatene fekk dei gratis via Magne Furuholmen. Heile turen var betalt av pengar frå Scheiblers legat (Dag og Tid har sett dokumentasjonen).

8. Det står at Zahid Ali og Shabana Rehman tok inn på høgfjellshotell i Oppdal (implisitt: for Fødts Fri pengar). Det er feil. Ali hadde oppdrag som standupkomikar i Oppdal. Arrangøren betalte alle utgiftene hans. Rehman blei med for at dei to skulle arbeide med teksten til Stovnerrevyen, som nærma seg, i den lange bilturen frå Oslo til Oppdal og tilbake. Født Fri betalte berre utgiftene hennar.

9. Det står at organisasjonssekretær Morten Guldberg hadde betalt for ein suite, for å ha nachspiel, då Født Fri arrangerte seminar på Losby Gods, mens andre berre fekk ordinære rom. Det er feil. Då Guldberg blei klar over innhaldet i varselet, skreiv han straks (2. oktober) i e-post til advokaten Anne Helsingeng, som var engasjert for å gå gjennom Ernst & Young-rapporten. I dette e-brevet skriv han at han var overraska då han kom til hotellet og oppdaga at han hadde fått ein suite. Han fekk opplyst at det var vanleg praksis at den som bestilte konferansepakken, fekk rommet oppgradert til ein suite, dersom det var ein ledig den aktuelle datoen, utan ekstra kostnader. Hotellet hadde dessutan eit spesialtilbod med 20 prosent avslag for konferansar i den perioden (Dag og Tid har sett dokumentasjon på dette).

10. I varselet står det også at Født Fri betalte 1000 kroner i månaden for trening, utan at nokon brukte tilbodet (dette skal underbygge at det blei sløst med pengar). Dag og Tid har sett data frå treningsappen til Guldberg. Han trena opptil fem gonger i veka og hadde vore på det aktuelle treningsstudioet 196 gonger frå 5. november 2018 til slutten av september 2020.

Det er fleire feil i varselet enn dette. Berre for å klargjere: At det er mange feil i eit varsel, inneber sjølvsagt ikkje at alt er feil. Men i eit varsel som får så store konsekvensar for dei varsla, bør vel dei ansvarlege sikre seg at dokumentet held eit visst minstenivå? At det ikkje er spekka med feil?

Det som skjedde her, var at Født Fri ikkje fekk vite noko. Og ingen ting av det varslarane påstod, blei kontrollert på nokon måte med dei det gjaldt, altså Rehman og Guldberg i Født Fri. Dei som sat på dokumentasjonen som eventuelt kunne tilbakevise skuldingane, fekk aldri sjansen til å svare. Då Ernst & Youngs gransking starta, fekk dei mange spørsmål i intervju. Men då opplevde dei at svara i liten grad blei høyrde eller tatt omsyn til, og at ting gjekk ekstremt fort. Andre skuldingar, utanom dei som hadde å gjere med rekneskapen, måtte dei enno sjå på som rykte, og via journalistar som visste meir enn dei sjølve om skuldingane.

Varselet er elles prega av slikt som kanskje ikkje er feil, men ein skjøner ikkje kvifor det er med. Kvifor skulle til dømes Zahid Ali ikkje få dekt utgifter til parkering då han køyrde inn til Oslo for å jobbe med Født Fri-prosjekt der han var den sentrale personen? Kvifor står det: «Manglende økonomisk kompetanse kombinert med risikovilje motivert av grådighet, gjorde at hun (daglig leder) gikk konkurs for flere år siden.» Kva har eit slikt privat forhold frå 2009 å gjere i ei varsling om ei stifting som blei etablert i 2018?

I varselet finst også setningar som dette: «Tilliten som Født Fri ble vist, hensikten, ideologien og premissene som forelå for den økonomiske støtten med en prislapp på Kr 6 mill + ekstra bevilgninger som vi søkte om og fikk bevilget av felleskapets pengekasse, har blitt brutt i stor skala og tendensen fortsetter, uten konsekvenser for den ansvarlige lederen, Shabana Rehman.» Kva for «hensikt»? Kva for «ideologi»? Kva for «premiss»? Det seier varselbrevet ingenting om.

Elles er det ting i varselbrevet som må kallast sladder eller vondsinna personkarakteristikkar av Shabana Rehman. For henne har merksemd vore «det saliggjørende mål», står det til dømes. Det var hennar jobb, som ein av to tilsette, å skape blest om alle dei 30 prosjekta dei gjennomførte. Varselet er fullt av formuleringar som oser av den personelge forakta avsendaren har for Rehman.

Om varsel er ein sakprosasjanger, og det vert stilt krav om at denne sjangeren skal vere påliteleg, sakleg, faktafokusert og etterprøveleg, er varselet mot Født Fri eit reint makkverk. Etter mitt syn er det ufatteleg at eit statleg direktorat ikkje berre har tatt det på djupaste alvor, men òg nekta dei varsla å forsvare seg mot denne tiraden som har så mange nedsettande karakteristikkar og påviseleg feilaktige skuldingar. Og der det er så lett å sjå at varslarane kan ha vikarierande motiv.

Ein såkalla «Crimewall» frå rapporten Ernst & Young skreiv. Dette er eit verktøy som ofte blir brukt til å kartlegge internasjonale forbrytarsyndikat. I oversynet frå Ernst & Young om Født Fri var to barn, som er i slekt med Rehman, med på kartet. Dei er sladda her.

Varslarane

Æresvald, overgrep, integrering, individets fridom frå patriarkalske og religiøse strukturar. Ser du for deg ein skikkeleg spleisa gjeng som i forbrødring og søsterskap kjempar saman for eller mot dette? Gløym det. Det er eit felt med sterke motsetningar av politisk og kulturell art. Bak smilande ytre der kanskje alle dei riktige tinga blir sagde, ligg det kanskje ein kvardag av konfliktar rundt pengar, status, religion, politikk, identitet og meir. Her finn ein alt frå strengt religiøse folk til dei mest radikale disiplane av kritisk teori. Der er høgresider, venstresider, interessekonfliktar og mange sterke personar. Desse miljøa speglar kort sagt det norske samfunnet generelt – pluss litt ekstra, på grunn av det store spennet i livssyn og bakgrunn.

Dei fleste kjempar om status og politisk velvilje og for å få sin del av dei offentlege pengane som flyt rundt i sektoren. Å posisjonere seg og å få merksemd i media er sterk valuta. Samstundes er det ein risiko involvert. Kjem ein inn på statsbudsjettet, vil kanskje mange av dei andre i miljøet bli sure, overtydde om at dei hadde fortent det meir og kunne gjort ein betre jobb.

Mange av aktørane er høgt utdanna, dyktige og profesjonelle. Andre på dette feltet er skadde og har traume. Dei har i mange tilfelle brote med familie og nære miljø i ung alder, nokon slit psykisk og/eller psykososialt.

Eg har sett mange av diskusjonane om slike tema i sosiale medium, også om kontroversane rundt Født Fri. Ganske så kliniske motargument blir ofte møtte med kjensleutbrot eller at det å påpeike fakta er ein «hersketeknikk». Same person kan i løpet av sekund skifte frå sjølv å servere grove skuldingar og fornærmingar, til å gå med hud og hår inn i rolla som eit sårbart offer som blir tråkka ned av omsynslause personar – frå aktiv til passiv aggresjon.

Slike mekanismar ser ein også i sving rundt denne saka. Når Født Fri har freista å forsvare seg, er stiftinga blitt skulda for «å gå etter varslarane» – også av varslarane. Mange av dei anonyme varslarane mot Født Fri har drive det som kan kallast kampanjar mot Rehman i sosiale medium, og mange som deltar i desse debattane, har falske profilar.

Det er reine Trollheimen.

I denne samanhengen er det òg interessant at minst éin av varslarane offentleg har gitt uttrykk for at Født Fris tildelingar bør omdisponerast. Minst ein av varslarane har sin eigen organisasjon, som driv i feltet sosial kontroll/ vald mot kvinner.

I ei sak i Vårt Land stod følgjande intervju 21. september:

«Varsler: – Sannheten seirer

– Det er befriende å se at vi er blitt lyttet til, og at sannheten seirer, sier en av dem som varslet om forholdene i Født Fri til IMDi.

– Det er godt å få bekreftet at det vi har sett, og konkludert med at har vært på kant med loven, faktisk har vært det.

På den annen side synes vedkommende at den 36 sider lange rapporten er trist lesning – på vegne av saken mot æresvold og for likestilling.

– Når Født Fri mister statsstøtten, forsvinner også mange midler til å bekjempe negativ sosial kontroll. Norge trenger en sånn organisasjon.»

I eit anna oppslag i Vårt Land seier ein av varslarane (den same eller ein annan): «– Jeg kunne ønske at stiftelsen ble ’re-lansert’ med fagpersoner til å realisere det den er ment å gjøre.»

Fleire av varslarane har vore engasjerte i Født Fri i berre nokre veker, og for fleire år sidan. Likevel har dei eit arsenal av skuldingar, og mange av dei er ikkje dokumenterte.

Dag og Tid har sett tekstmeldingar og vitnesbyrd som viser at ein av varslarane har freista å rekruttere nye varslarar. Varslarane opererte ikkje heilt uavhengig av kvarandre, men var i alle fall til dels koordinerte.

Rehman har på vegner av Født Fri politimeldt ein av varslarane for å ha tatt med seg e-post, kontoutskrifter, kontraktar og vedlegg for seinare å bruke denne informasjonen til å skade stiftinga.

Klare interessekonfliktar. Eit varsel som blei til etter ein kampanje over lang tid. Frykt i miljøet for å støtte den omvarsla. Eit varsel med mange feil, påstandar og vondsinna karakteristikkar. Dette er ikkje prov på at alt i varselet er gale, eller at motiva til alle varslarar ikkje er heiderlege. Men det er meir enn nok til å spørje om Født Fris rettstryggleik er blitt tatt omsyn til i tilstrekkeleg grad. Og om IMDi verkeleg har utvist nok varsemd i denne saka.

Rapporten frå Ernst & Young fann ikkje at det har vore nokon brot på retningslinjer for bruk/kjøp av alkohol på arrangementa til Født Fri. Andre som var til stades på slike arrangement, har avkrefta dette og avvist at Rehman stod fram som påverka av alkohol på desse arrangementa. Alle fekk eit glas, og om dei ville ha meir, måtte dei betale sjølve – det var regelen. Som vi har sett: Unntaket var seminaret på Losby Gods. Likevel er skuldingane gjentatt, til og med på Dagsrevyen 21 (22. september), av ein av varslarane: «Det har vært veldig mye alkohol spandert via Født Fri, som vi ikke har betalt penger for. Reiser, som ikke har hatt noe formål og ja, med følge. Altså familiemedlemmer har fått være med på sånne reiser.»

Dette utan kritiske spørsmål i Dagsrevyen. Og dette er forhold som rapporten til Ernst & Young ikkje kritiserer.

Stiftinga LIM (Likestilling, integrering, mangfold) og Født Fri delte kontor på den tida i 2018 som mange av episodane som står i varselet, skjedde. Dana Manouchehri er generalsekretær i LIM. Korleis opplevde ho situasjonen i Født Fri i denne tidlige fasen? Til Dag og Tid seier Manouchehri om den generelle stemninga blant delar av dei frivillige og prosjekttilsette:

– Det var mykje snakk om pengar, løn og tilsettingar. Alle dei som var inne, signaliserte at dei måtte bli tilsette etter at prosjekttida var over, med krav om ganske høg løn. Ved fleire tilfelle høyrde eg leiaren i Født Fri seie at dette ikkje er ting vi pratar om i lunsjen i felles areal – utan at det blei respektert.

Manouchehri opplevde at leiaren i Født Fri brukte store delar av tida si på kontoret til vaksenopplæring av dei som var engasjerte av Født Fri, og til brannsløkking av hendingar som hadde skjedd mellom dei tilsette.

– Denne brannsløkkinga gjorde henne upopulær, og kritikken blei retta mot henne, gjerne bak ryggen hennar. Mi oppleving er at Født Fri no er gjenstand for åtak på bakgrunn av at Shabana og Morten faktisk har gjort jobben sin og forvalta både tillit og midlar etter boka og ikkje etter ønske frå varslarane. No får dei svi for å ha gjort det einaste riktige, seier Manouchehri.

Ei anna kjelde, som må få vere anonym, seier til Dag og Tid at ho gjerne skulle støtta Født Fri, men at ho er redd for kva ein av varslarane kan finne på som hemn.

Shabana Rehman, dagleg leiar i stiftinga Født Fri, og styreleiar Jan Sverre Asker på pressekonferansen der dei tilbakeviser kritikken for dårleg økonomistyring og ber om at IMDi-vedtaket om å stanse finansieringa vert omgjort.

Foto: Heiko Junge NTB

Grande og Raja

Etter at saka sprakk, har det ikkje vore nokon direkte kontakt mellom Trine Skei Grande eller Abid Raja og Shabana Rehman eller andre i Født Fri. Grande gav ei kort melding via sekretæren sin om at ho ikkje hadde tid til å møte Rehman, fordi ho skreiv bok, og at ho ville vente på granskinga. Då granskinga kom, sa Grande til media at det var «trist lesing».

Rehman skreiv ei tekstmelding til Abid Raja 26. august, etter oppslaga som kom i Vårt Land. Raja svarte med at han ikkje kunne svare. Rehman tok igjen kontakt med Raja 22. september, dagen etter at rapporten blei publisert offentleg av IMDi. Ho fekk ikkje svar. 28. september kunne Vårt Land skrive ei sak med tittelen «Raja avviste Rehman». Tekstmeldingane frå Rehman var kopierte i saka. Meldinga er interessant i seg sjølv for det ho seier om korleis Rehman oppfatta situasjonen: «Hei. Da er EYs rapport ute og Født Fri ønsker et møte med deg. Når kan du? Dette er viktig da rapporten bevisst er basert på at kun varslernes versjoner er blitt hørt og IMDi har brutt Forvaltningsloven, og over natten, uten å ha gitt oss noen veiledning eller varsel, stoppet driften til stiftelsen, også uten noen gang å ha tatt hensyn til dokumentasjonen vår eller svart på våre henvendelser. Vi finner det også bemerkelsesverdig at media og IMDi ukritisk har tatt deres klager til følge. Mye tyder på at det her ligger personlige motiver til grunn. Blant annet falt årsaken til at de ikke lenger kunne jobbe for Født Fri dem tungt for brystet. Noe av det skyldes grunnlaget for at vi ikke kunne forlenge engasjementene deres. Men som leder er jeg bundet av taushetsplikten og kan derfor ikke gå i detaljer om dette. Ernst & Young har bevisst utelatt en rekke fakta de sitter på som går i Født Fris favør. Jeg har også informasjon på at det er deg deler av dette politiske attentatet mot Født Fri er rettet mot. Så nå bør Venstre og du ta et møte med oss slik at vår versjon kan komme bli fremlagt. Shabana»

Ho har enno ikkje fått noko svar på denne meldinga. Hugs at Raja var den som peika ho ut til å leie Født Fri, i november 2017. Født Fri var hans idé. Korleis hadde det skjedd?

Raja ønskte ein brei og samla kamp mot æres- og skamkulturen. På Stortinget gjekk det føre seg hestehandling. Hege Storhaug og Rita Karlsens organisasjon Human Rights Service (HRS) var i skotlinja, igjen. Dei risikerte å miste statsstøtta på grunn av medieoppslag om at HRS oppmoda folk til å ta bilete av muslimar på gata for å dokumentere islamiseringa av Noreg – og liknande utspel.

Venstre ønskte HRS vekk. Men HRS har heile tida vore under Frps venger, og partiet nekta plent. I Solbergs samarbeidsregjering var ein van med å finne løysingar på problem som dette. Venstre kom med forslaget som kappa over knuten: Frp kunne få ha HRS om Venstre fekk fem millionar kroner i året til ein ny organisasjon som skulle jobbe for integrering og fridom, med minoritetskvinner i front.

For Raja gav det god PR. Han ville stå fram som ein som støtta kampen for god integrering og individets fridom, mot kulturelt basert undertrykking. Han har sjølv døtrer og sit i styret i eit internasjonalt nettverk av parlamentarikarar som arbeider for å fremme religions- og livssynsfridom.

Født Fri blei viktig for han både politisk, i kampen mot HRS, og personleg. I rettssaka mot Laila Bertheussen kom det fram, i retten og i media, at HRS (saman med tidlegare statsråd Ingvil Smidnes Tybring-Gjedde) hadde vore Bertheussens konsulent i arbeidet med å sverte personane bak Ways of Seeing ved hjelp av høgst uortodokse metodar (ikkje dei Bertheussen er sikta for). Dette fekk ingen konsekvensar for støtta til HRS, som fekk halde fram, samstundes som Født Fri blei fråtatt statsstøtta på grunnlag av rapporten frå Ernst & Young. Ein ekstra grunn til at dette er interessant i denne konteksten. Ein person i HRS har kredittsjekka Shabana Rehmans privatøkonomi. Datatilsynet rådde henne til å melde dette til politiet, og det har ho gjort.

Kunnskapsministeren Guri Melby (V) er øvste mynde for IMDi. Ho vann kampen om leiarvervet i Venstre – mot Raja. 17. oktober i år gjekk ho ut i Aftenposten og forsvarte den statlege millionstøtta til HRS. Raja har ikkje svart på spørsmål frå Dag og Tid. Dette er forståeleg. Som kulturminister kunne Raja hamna i store problem om han blanda seg inn i saka no. Men: Dette har kanskje gjort at Født Fri blei heilt utan noka politisk støtte.

IMDi

IMDis direktør Libe Rieber-Mohn (Ap) har vore totalt usynleg overfor Født Fri. Men ho må ha vore involvert i IMDis arbeid med saka. Ho uttalte seg i pressa etter at rapporten var publisert – utan Født Fris kontradiksjon. Ho hadde mottatt alle utgreiingar og dokumentasjon Født Fri hadde sendt frå seg, med eit svart hòl som mottakar, verka det som. Født Fri blei aldri kalla inn til noko møte og fekk aldri svar på e-breva. Sjølv då Født Fris advokat Harald Strandenæs sende brev med varsel (!) om brot på forvaltningslova og skreiv at kontradiksjon var uråd på grunn av faktafeila i referatet, svarte ho aldri.

Anne Helsingeng gjer greie for gjennomgangen av granskinga som Ernst & Young har gjort.

Jussen

Advokaten Anne Helsingeng har sjølv gjennomført fleire store granskingar, også av organisasjonar som har fått offentlege tilskot. Ho har òg ekspertise på området som gjeld retningslinjer for granskingar. Født Fri engasjerte henne til å gå gjennom saka på heilt fritt og uavhengig grunnlag. Oppdraget blei betalt av Rehmans storesyster Farhana – det er same syster som gjorde det famøse cateringoppdraget i 2018.

Helsingengs kritikk av Ernst & Youngs rapport og IMDi, som blei presentert på ein open pressekonferanse i regi av Født Fri den 6. oktober, er temmeleg nådelaus. «Når jeg leser rapporten, så er den [preget av] det som på godt norsk kalles ’confirmation bias’. Rapporten har ei vekting som går på å underbygge avvikene, snarere enn å se på om det er overordnet levert i forhold til tilskudd og vilkår. Jeg synes det blir veldig mye vekting på det negative […]. Den går ikke i dybden på om det finnes en annen forklaring på funnene.» «Også den omvarsledes rettssikkerhet skal ivaretas [...]. Avviksmetodikken som er brukt gjør etter mitt syn at det ikke samles inn tilstrekkelig informasjon.»

Helsingeng sa også at «E&Y har gjort et samvittighetsfullt arbeid, de er erfaring, en god metodikk, gode verktøy. […] Men stiftelsens stemme blir ikke hørt.» Første eksempel Helsingeng hadde i si utgreiing, var at rekneskapsføraren i rapporten blir vurdert som «nærståande», fordi firmaet også har gjort oppdrag for Rehman privat. Dette er feil, slo Helsingeng fast. Rekneskapsføraren blir mistenkeleggjord. I rapporten står det ingenting om at alle rekneskapar er godkjende av revisor utan merknader, eller at det ikkje er vist til konkrete feil i rekneskapen. Korkje rekneskapsførar eller revisor, ikkje tidlegare eller noverande styreleiar, blei kontakta. I rapporten står det at økonomistyringa er dårleg ut frå IMDis regelverk. Men det står ingenting om kva dette regelverket er, sa Helsingeng. Og Født Fri er aldri blitt vist til noko regelverk.

Helsingeng, som snakka svært forsiktig og med mange atterhald og nyansar, sa at inntrykket hennar er at rapporten er ein hybrid, at han har slagside. Han seier at det ikkje skal gjerast juridiske vurderingar, men så gjer rapporten likevel det, sa ho mellom anna.

Ein annan professor har gått ut mot rapporten i mykje sterkare ordelag. I ein kronikk i Aftenposten (20. oktober) hevdar økonomiprofessor Petter Gottschalk at Ernst & Youngs gransking ville fått «strykkarakter». «Tolkningene av faktiske forhold er spekulative og mangler både drøfting og bevis, hvor tvilen skulle kommet mistenkte til gode», skriv Gottschalk. At IMDi går ut med at det er ei mogleg politisak, timar etter at rapporten er sleppt, før Født Fri har fått noko høve til å tilbakevise kritikken, og utan at det er påvist lovbrot, var høgst uortodoks, ifølge professoren, som mellom anna har skrive boka Strategisk gransking.

Eit anna moment her er: Ingen av varslarane var nokon gong tilsette i Født Fri. Og det dei «varslar» om, går tilbake til 2018. Om varselet mot Født Fri er eit varsel i juridisk forstand, så har dei det blir varsla om, rett til å bli ivaretatt på konkrete måtar som er gjorde greie for i forvaltningslova og arbeidsmiljølova. På heimesida til Arbeidstilsynet står det mellom anna at dei det blir varsla om, skal «ivaretas», har «rett til innsyn», «rett til kontradiksjon» og så bortetter. Om varselet er eit varsel, juridisk sett, kvifor nekta IMDi Født Fri alt dette? Og IMDi bruker ordet «varsel» i den (magre) e-postkommunikasjonen dei hadde med Født Fri. Om det ikkje er eit varsel, kva er det då? Då endrar spelereglane seg heilt, og neppe til fordel for IMDi.

Grunnlag for søksmål

Advokat Birthe M. Eriksen i ADI Advokater AS har doktorgrad på varsling og særleg ekspertise på problemstillingane knytte til private granskingar. Ho var medlem av Varslingsutvalet. Eriksen er også førsteamanuensis II ved BI i Bergen, der ho mellom anna underviser i økonomisk kriminalitet og private granskingar.

Eriksen meiner at saka mot Født Fri synest å føye seg inn i eit urovekkande mønster rundt slike rapportar og undersøkingar. Ho seier til Dag og Tid:

– Oppdragsgivaren kan ikkje ukritisk legge til grunn ein slik rapport som det her er snakk om. Han må gjere si eiga vurdering av rapporten og andre forhold. Saksbehandlinga rammar i dette tilfellet både organisasjonen og Shabana Rehman personleg. Ho har blitt offer for eit karakterdrap som eg skjøner alt har fått følger for karrieren hennar og medført store økonomiske tap.

Granskinga av Født Fri manglar «alt grunnlag for tillit», seier Eriksen og legg til:

– IMDi burde sette ned ei ny gransking med eit vidare mandat som må forankrast på begge sider. Undersøkinga som ligg føre, må omfattast av den nye granskinga og settast ettertrykkeleg til side dersom den nye granskinga konkluderer annleis.

Den avsluttande kommentaren hennar kunne knapt ha vore klarare om alvoret i Født Fris og Shabana Rehmans mangel på rettsvern:

– IMDis saksbehandling bør openbert også klagast inn for Sivilombodsmannen. Sidan det ikkje har vore advokatar involvert i undersøkinga, kan ein ikkje nytte Advokatforeningens disiplinærnemnd. Det er eit tankekors at ei undersøking som nesten får effekt som ein dom med alvorlege konsekvensar for organisasjonar og privatpersonars rettsvern, ikkje synest å ha nytta juridisk kompetanse. Eg meiner også at Rehman har grunnlag for å reise søksmål, både mot staten og mot Ernst & Young, for den skaden som er påført henne.

Straff som fortent?

Denne artikkelen har handla om prosessen mot Rehman og Født Fri. Søkelyset har vore på den og ikkje på å leite etter grove feil som Rehman eller stiftinga Født Fri har gjort, eller i kva grad dei har oppfylt mandatet sitt og lukkast med prosjekta sine.

Eg kan ikkje avvise at grove feil finst. Men det er rart at grove feil ikkje har kome fram, ikkje minst om ein veit om metodane som er blitt brukte, og at Født Fri har mista all økonomisk støtte. Født Fri blei praktisk talt avretta av IMDi, slik denne artikkelen har freista å dokumentere: Født Fri har ofte hatt små praktiske høve til å forsvare seg. Måten stiftinga er blitt behandla på, av delar av pressa, IMDi, politikarar og private konsulentselskap, er, slik denne artikkelen har vist, full av konkrete og prinsipielle problem. Eg trur saka endar i retten.

Shabana Rehman og andre kjelder har under arbeidet med denne artikkelen gjort store mengder dokumentasjon tilgjengelege for Dag og Tid. Alt av konkrete faktaopplysningar i denne saka er underbygde med kjelder, også der desse ikkje er viste fram i teksten.

IMDi har fått tilsendt mange spørsmål i samband med denne artikkelen, men ønsker berre å gi denne kommentaren: «IMDi er i en saksbehandlingsprosess der vi skal fatte et vedtak. Vi kan derfor ikke kommentere dine spørsmål.»

Sjangerklargjering: Bak denne artikkelen ligg eit omfattande gravejournalistisk arbeid, men i nokre mindre parti er «kommentar» meir presist.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis