JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Skitentøyet hengt ut av folkets tenar

Ingen har kasta eit så grelt ljos over det ukrainske samfunnet som Volodymyr Zelenskyj sjølv. Paradoksalt nok er det grunnlaget for at folk har tillit til han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Volodymyr Zelenskyj spelar hovudrolla i serien om ein historielærar som vert president i Ukraina. Serien vert no send på Netflix.

6893
20220617
6893
20220617

Den ukrainske TV-serien med den norske tittelen Folkets tjener er ein bauta: I den eine episoden etter den andre blir korrupsjonen og rotenskapen i det ukrainske samfunnet vist fram slik at alle kan sjå. Knapt nokon – korkje høg eller lav – går fri i serien som gjekk på ukrainsk fjernsyn frå 2015 til 2019.

Denne fjernsynsfarsen er sjølve grunnlaget for at Volodymyr Zelenskyj i dag er Ukrainas president. I valkampen i 2019 la han ikkje fram noko politisk program. I staden kunne han visa til dei tre sesongane av serien. Det var nok til at han vann valet overlegent.

Modig historielærar

Det heile handlar om den litt stakkarslege historielæraren Vasilij Petrovitsj Goloborodko, som underviser ved ein skule i Kyiv. Han bur heime hos foreldra sine etter at han nokre år tidlegare er blitt skild frå kona, Olga. I klasserommet gjev han uttrykk for frustrasjon over vanstyret i Ukraina, eit land som har alt, men blir køyrt i grøfta av ein korrupt elite.

Ein dag bryt all frustrasjonen ut i ein lang monolog innblanda ei rekkje med grove skjellsord. I smug tek ein av elevane opp monologen og legg han ut på nettet. Heile Ukraina klikkar seg inn for å sjå den ukjende historielæraren som seier sanninga om landet dei lever i.

Framleis kunne Vasilij Petrovitsj ha halde fram som historielærar, hadde det ikkje vore for elevane hans som samlar inn to millionar hryvnja – om lag 700.000 norske kroner – gjennom folkefinansiering. To millionar hryvnja er gebyret som trengst for få namnet inn på kandidatlista til presidentvalet. Når valdagen kjem, røystar 3 prosent av veljarane på den sitjande, korrumperte presidenten. 60 prosent røystar på Goloborodko.

Dagen etter valet blir den uvitande historielæraren Vasilij Petrovitsj oppsøkt av livvakta til presidenten og fortald at han har vunne valet.

Skote gullfuglen

Dei fyrste som forstår at dei har skote gullfuglen, er familien til den nye presidenten. Meir eller mindre ukjende tre- og firmenningar dukkar opp og vil ha jobb i presidentadministrasjonen. Far til Vasilij Petrovitsj tilset på sparket ein av dei som nestsjef i staben til sonen. Mannen det handlar om, er ein arbeidslaus snikkar.

Kring parlamentet og presidentadministrasjonen inne i sentrum av Kyiv har sjølvsagt alle lagt planar om korleis dei skal takla den nye, urøynde presidenten. Statsministeren, Jurij Ivanovitsj, er ei etterleving frå det gamle regimet. Han fortel Vasilij Petrovitsj kva han skal seia på den fyrste pressekonferansen sin, og kva han skal seia til nasjonen i tiltredingstalen.

Bak statsministeren står den vesle gruppa med oligarkar som til no har styrt Ukraina. Gjennom dei neste episodane møter me oligarkane der dei sit og et kaviar mens dei drøftar korleis dei skal halda den nye presidenten under kontroll.

Desse møta i oligarkklubben er kanskje det aller beste med serien: Om ein har hatt fordommar om korleis desse mennene snakkar saman, korleis dei ser på verda og kor kynisk dei mjølar si eiga kake, får ein stadfesta alt saman her. Diverre er nok ikkje skildringa så langt unna det verkelege livet.

Elendige vegar

Etter kvart tek Vasilij Petrovitsj fatt i presidentjobben. Noko av det fyrste han gjer, er å forbetra dei elendige vegane kring Kyiv. Tidlegare regjeringar har alt brukt store summar til dette, men av ei eller anna merkeleg årsak er vegane akkurat like dårlege som dei alltid har vore.

Vasilij Petrovitsj fortel samferdselsministeren at han har nøyaktig éin milliard hryvnja til rådvelde, og for den summen må han få orden på vegane. Ministeren seier ja vel, går på kontoret sitt og tek ein telefon til viseministeren. For å oppfylla ordren til presidenten har viseministeren nøyaktig ein halv milliard hryvnja, fortel ministeren. Slik går det slag i slag nedover i rekkjene. Når ein til slutt kjem til dei som skal utføra jobben, vegarbeidarane, er det ingen pengar igjen. Heile milliarden er forsvunnen på vegen.

Etter kvart som Vasilij Petrovitsj tilset nye ministrar, får han meldingar om at dei har kjøpt seg slott i Austerrike, palass på Côte d’Azur, lystyachtar i Middelhavet og så bortetter og bortetter. Litt seinare kjem han forbi eit arbeidslag som jobbar på vegen. Dei fortel at dei ikkje har fått løn på fleire månader.

Signal om endring

Då serien kom på lufta, kjende folk i Ukraina seg igjen. På akkurat same måten som då historielærar Vasilij Goloborodko kom med raseriutbrotet framfor elevane sine, blei Folkets tjener sjølve signalet om at det var mogleg å endra samfunnet. I det verkelege livet gjorde Volodymyr Zelenskyj det same som rollefiguren Vasilij Petrovitsj Goloborodko: Han blei vald til president. Sjeldan i moderne tid har skiljet mellom fiksjon og røyndom vore tynnare. Den einaste forskjellen var at mens Goloborodko i serien fekk 60 prosent av røystene, fekk Zelenskyj 73 prosent.

Byrjinga av presidentperioden til Zelenskyj blei ikkje nokon dans på roser, som det heller ikkje var for historielærar Goloborodko. Etter eit par år hadde populariteten hans falle til om lag kvar fjerde veljar i landet. Eit spørjeteikn hang dessutan over presidentkampanjen til Zelenskyj. Alle visste at han var tungt støtta av oligarken Ihor Kolomojskyj, ein av dei rikaste personane i landet. Kolomojskyj blei i 2021 nekta innreise i USA fordi han var innblanda i alvorleg korrupsjon.

Leiar i krig

Etter 24. februar i år har Ukraina og verda fått anna å tenkja på. For det fyrste viser skodespelaren Volodymyr Zelenskyj seg som den beste leiaren Ukraina kunne hatt i nokon krig. For det andre hadde samhaldet i nasjonen neppe vore mogleg utan at Ukraina hadde hatt ein president som i alle fall eit stykke på veg tek eit oppgjer med korrupsjonen som har gjennomsyrt landet.

Det er fleire andre sider ved TV-serien Folkets tjener som kunne ha vore omtalte: Serien gjev oss eit bilete av Kyiv lenge før Putin tok til å bomba den vakre byen og blir såleis ståande som eit minne om ei lukkeleg tid. Folkets tjener er dessutan spelt inn på russisk. Berre unntaksvis er det nokon i serien som snakkar ukrainsk. Det speglar språksituasjonen i Ukraina for nokre få år sidan.

Volodymyr Zelenskyj er oppvaksen i byen Kryvyj Rih i det sentrale Ukraina og har russisk som morsmål. Fyrst då han tok fatt på valkampen i 2018–2019, blei han verkeleg flytande på ukrainsk. I dag hadde sjølvsagt serien blitt spelt inn på ukrainsk.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Omtalen av serien er skriven på grunnlag av den fyrste sesongen med til saman 23 episodar. Serien blei opphavleg send på fjernsynskanalen 1+1 og dessutan lagd ut på YouTube. Etter det russiske åtaket på Ukraina i februar ligg serien på Netflix.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjeldan i moderne tid har skiljet mellom fiksjon og røyndom vore tynnare.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis