JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ser ingen lindringsforsøk

Styringssignala frå regjeringa inneheld ikkje tiltak for å løyse utfordringane til helseføretaka, meiner Legeforeningen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjukehusa har fått mindre å rutte med, og Oslo universitetssjukehus har varsla at føretaket må kutte 440 årsverk.

Foto: Lise Åserud / NTB

4861
20230120

SAMTALEN

Kristin Kornelia Utne

Leiar i Yngre legers forening og styremedlem i Legeforeningen

Aktuell

Regjeringa sitt nye oppdragsdokument til sjukehusa for 2023

Helse

eva@dagogtid.no

Sjukehusa får mindre å rutte med og må no vurdere kva for behandlingstilbod dei kan fase ut eller gjere mindre av. Dei må òg kutte i utgiftene til vikarar og utsetje større investeringsprosjekt og vedlikehald. Det gjekk fram av dei nye styringssignala frå regjeringa, som helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) presenterte tysdag.

Leiar i Yngre legers forening og styremedlem i Legeforeningen Kristin Kornelia Utne skjønar ikkje korleis instruksen frå Kjerkol skal gå å realisere for sjukehusa.

– Helseføretaka kjem til å gå med om lag 3,4 milliardar kroner i minus i år, og då er det vanskeleg å forstå korleis vi skal få til alt det andre helseministeren ønskjer seg. Det er snakk om akutte kutt, og det bidreg ikkje til strukturell og overordna debatt om korleis vi kan prioritere betre. Det endar med raske og desperate sparetiltak.

– Kva vil det seie i praksis?

– Vi har alt byrja innsparingstiltaka, så vi veit kva som skjer. Fleire sjukehus har sett fagutvikling, kurs og konferansar på vent og utsett opplæring i nye prosedyrar. OUS (Oslo universitetssjukehus journ. merk.) har varsla at dei må kutte 440 årsverk, og alle byggje- og investeringsprosjekt på sjukehusa vert sette på vent. Einaste unntaket er nye Oslo universitetssjukehus. Når vi veit at dei demografiske endringane tilseier at vi framover skal klare oss med færre fagpersonar per innbyggjar, er det nett investeringar i bygg, medisinskteknisk utstyr og brukarvenleg IT som burde vore svaret, så det vi gjer no, er det motsette av kva sjukehusa treng.

– Men når Kjerkol seier at sjukehusa skal vurdere kva dei kan gjere mindre av, og kva behandlingsmetodar som kan fasast ut, betyr det òg at noko kan kuttast. Kva tilbod ser du føre deg det går å kutte?

– Det har eg ikkje noko svar på, og det vil jo òg variere frå fagområde til fagområde. Det er sikkert prosedyrar og ting som kan gjerast på andre måtar enn i dag, men kvart sjukehus kan ikkje berre over natta endre på kva behandlingar dei skal tilby. Forventningane frå befolkninga, rettane til pasienten og ventelistegarantiane er jo ikkje automatisk endra fordi om budsjettet er endra. Her synest eg helseministeren skyv ansvaret og prioriteringane framom seg og nedover i lina.

– Ho peikar ut overforbruk av laboratorie- og røntgentestar og bed om kartlegging og reduksjon av dei. Kan ikkje det hjelpe på økonomien?

– Det er ei meir kompleks sak. Norske sjukehus har i dag få sengeplassar. Faktisk er vi blant landa i Europa som har dei lågaste tala på sengeplassar per innbyggjar. Det skal gå kortast mogleg tid frå folk kjem inn på sjukehus og til dei vert sende ut ferdigbehandla. Det presset er ein drivar for auka bruk av biletdiagnostikk. Ein rask CT gjev «fasit» og fører til at du kan få rask behandling om det trengst, i staden for at du kanskje vert lagd inn for fleire vurderingar. Det er det verken tid eller plass til i dag. Så ja, vi har eit overforbruk, men det er ikkje noko vi kan kutte utan å sjå på organiseringa av heile tenesta vår, og det får vi ikkje gjort ved å kutte i økonomien.

– Sjukehusa har utfordringar når det gjeld å halde på og å utdanne nye fagfolk. Kan styringssignala for 2023 bidra til å betre på situasjonen?

– Eg er glad helseministeren understrekar at vi må jobbe for å halde på fagfolka, men som nemnt har sjukehusa no ikkje lenger råd til å drive fagleg utvikling, så dette går ikkje saman. Eg ser ingen tiltak som kjem til å betre situasjonen eller bidra til meir betre rekruttering.

­– Sjukehusa er bedne om å kutte i kostnadene til vikarbruk. Er det mogleg utan å tilsetje fleire folk?

– Dette med innleige har fleire sider. Skal du operere eit kne på eit lite sjukehus, er det ikkje sikkert sjukehuset sjølv har dei folka som skal til, og difor må dei leige inn vikarar. Gjer dei ikkje det, vert det ikkje noko av operasjonen, og sjukehuset får då heller ikkje pengane som følgjer med gjennom den innsatsstyrte finansieringa. At Kjerkol bed oss investere i dei vi har tilsett frå før, er positivt, men då trur eg òg at ein må vere viljug til å sjå på løna. Eg meiner sjukehusa kunne betalt eigne tilsette meir for å gjere ekstra oppgåver. Samstundes er det mange legar som jobbar mykje overtid frå før, så oppsummert er det ikkje sikkert vi klarar å drive tenestene vi gjer i dag, utan vikarar.

– Ser du ingenting positivt i oppdragsdokumentet sjukehusa no har fått?

– Eg meiner røyndomsskildringa til Kjerkol er god, men ho kjem ikkje med tiltak for å løyse opp i noko. Ho dyttar prioriteringsjobben nedover i lina.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis