JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

For liberaliserande for KrF

– Vi har ikkje mål om å felle regjeringa, men vi har mål om å få gjennom mest mogleg av vår eigen politikk, seier KrF-nestleiar Olaug Bollestad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Siv Jensen (Frp), Erna Solberg (H) og Trine Skei Grande (V) må ta innover seg at dei er ei mindretalsregjering, seier KrF-nestleiar Olaug Bollestad.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

4407
20180119

SAMTALEN

Olaug Bollestad

Nestleiar i KrF

AKTUELT

Regjeringserklæringa til Høgre, Venstre og Frp

eva@dagogtid.no

Erna Solberg har ikkje gjeve opp draumen om ei borgarleg firepartiregjering. Då den utvida Solberg-regjeringa la fram regjeringsplattforma for dei neste tre og eit halvt åra, vart ho sagt å vere utarbeidd med tanke på å kunne freiste KrF inn i samarbeidet. Men KrF er ikkje freista. Ikkje enno i alle fall. Vi spør KrF-nestleiar Olaug Bollestad kvifor.

­– KrF er jo òg eit borgarleg parti, kva gjer at ikkje de kan regjere med Høgre og Frp når Venstre kan?

– KrF er eit sentrumsparti og ikkje eintydig definert på borgarleg side. Vi har hatt ein samarbeidsavtale med den borgarlege regjeringa i fire år, men no har vi valt ein annan posisjon. Det betyr ikkje at vi ikkje er samde med regjeringa i mange saker, men at vi òg kan samarbeide med den andre sida. Vi er eit sentrumsparti med eigen sentrumspolitikk.

– Har ikkje Venstre drege regjeringa lenger mot sentrum?

– No har vi berre sett erklæringa så langt, og der står det mykje om kva regjeringa skal «vurdere». I tillegg snakkar vi om ei mindretalsregjering, så her er det resultatet til slutt som vil syne om regjeringa går meir mot sentrum eller ikkje.

– Kva i erklæringa er vanskeleg for KrF å vere med på?

– Forankringa. Andre regjeringsplattformer har hatt forankring i den kristne, humanistiske tradisjonen, det har ikkje denne. Erklæringa byggjer på ein sekulær tanke der vi meiner ho burde vore bygd på den kristne verdiarven. I tillegg meiner vi at regjeringa sender signal som utfordrar viktige næringar vi er opptekne av, og som vi meiner er viktige for distrikta, som landbruket. KrF meiner vi har ansvar for å utnytte eigne ressursar, og vi har tru på det næringa har gjort fram til no. Når regjeringa tek til å diskutere alt frå konsesjonslov til tollvern og odelslov, er det viktige prinsipp for norsk landbruk som vert utfordra. Så har vi velferdstenestene, der regjeringa har ein kommersiell tankegang medan vi er opptekne av dei ideelle organisasjonane, og vi har liberalisering av rus- og alkoholpolitikken, som eg meiner er ei stor samfunnsmessig utfordring. Regjeringa tek ein del liberaliserande grep som er krevjande for KrF.

– Dette kunne de vore med å påverke om de sat i regjering?

– Ja, men vi veit òg at vi er eit 4,2 prosentparti som hadde vorte sitjande mot fleire større. Vi har jo erfaring i å forhandle. Eg seier ikkje at det ikkje hadde gått, men no har vi valt den posisjonen vi har. Så ønskjer vi Venstre lukke til, men regjeringa må samstundes ta innover seg at dei er ei mindretalsregjering.

– Og KrF er eit lite parti. De er ikkje redde for å verte marginaliserte i opposisjon?

– Nei, vi skal bruke posisjonen vi har i Stortinget til å fremje mest mogleg KrF-politikk, anten det er til framlegg som kjem frå regjeringa eller frå Stortinget. Eg trur regjeringa kan ha mange gode idear, men òg at Stortinget kan ha mange gode idear. Vi sit i ein vippeposisjon og den skal vi bruke med klokskap. Vi har ikkje mål om å felle regjeringa, men vi har mål om å få gjennom mest mogleg av vår eigen politikk.

– Kva delar av regjeringserklæringa ser de som ein invitasjon til nærare samarbeid?

–?Vi er spente på å sjå kva dei får til på integrering, for det er eit viktig felt for oss. Vi er òg for å ta internasjonalt ansvar når det gjeld kvoteflyktningar. Regjeringa seier dei vil ta imot ein større del, men haka er at det skal sjåast i samanheng med kor mange som kjem, og innvandrings- og integreringsutfordringar elles. Kjem det ein straum av asylsøkjarar frå krigsområde, veit vi ikkje korleis dette vert i praksis.

– Venstre gjekk i regjering for å gjere regjeringa rausare. Er ho rausare i innvandrings- og integreringspolitikken?

– Det veit vi ikkje før vi ser den praktiske politikken, men KrF er innstilt på å vere med på å få til god integrering, gjennom språkopplæring, arbeid og sosiale nettverk.

– Kva skal til for at KrF går inn i regjeringa i løpet av perioden?

– He he. Nei, der er vi ikkje no. No har Venstre hatt prosessen sin. KrF skal jobbe ut eigne strategiar, men den jobben tek vi ikkje i avisa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur regjeringa kan ha mange gode idear, men òg at Stortinget kan ha mange gode idear.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis