JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Rekning med annan vert

Får regjeringa gjennomslag for havvindplanane sine, inneber det ei unikt høg rekning som skattebetalarane må betala.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på ein pressekonferanse om havvind i Marmorhallen i Oslo der han lova meir av alt: fleire havvindturbinar, fleire kraftkablar og større tryggleik for norske kraftkundar. At også subsidiane skal opp, sa seg sjølv.

Foto: Lise Åserud / NTB

15225
20220520

Havvind

Innan 2040 vil regjeringa at Noreg skal ha lagt til rette for 30 GW i installert vindeffekt på sokkelen.

Det trur regjeringa kan gje 130 TWh i ny straum.

Det er ikkje klart kven som skal betala for all denne nye straumen.

jon@dagogtid.no

For ti år sidan, i august 2012, gav Kjell Roland eit intervju til Teknisk Ukeblad. Det han sa, var på ingen måte sensasjonelt, og andre har sagt liknande ting, til dømes Jens Stoltenberg, og for den del Dag og Tid, som i femten år har åtvara mot utviklinga i kraftmarknaden. Men Roland var likevel uvanleg presis i sin spådom om kvar vi kom til å hamna. Roland var i si tid ein av grunnleggjarane av analyseselskapet Econ, som i sin tur vart premissleverandør for deregulering av den norske kraftbransjen i byrjinga av 1990-åra.

Overskrifta var enkel: «– De grønne sertifikatene er som gift for kraftmarkedet». Ingressen var òg klar: «Fra å ha et av verdens beste energisystemer er vi på vei til å få et dyrt og middelmådig et, mener Kjell Roland.»

Heilskap?

Roland sa at ingen lenger tenkte heilskap om kva slags kraftsystem vi ville ha og kva vi ynskte å nytta kraft på. Han sa at elsertifikata som subsidierte fram ny kraft, var ein import av dysfunksjonelle europeiske kraftsystem, som igjen ville føra til massive og ikkje-naudsynte kraftnett gjennom urørt natur, og at alle denne nye og subsidierte krafta kom til å føra til krav frå kraftselskapa om nye kablar til kontinentet og «import av tyske priser».

Alt med subsidiar var feil, sa Roland og peikte på at vi hadde fått marknadssystemet 20 år tidlegare for at vi skulle få billig kraft der det var trong for krafta, og at eventuell ny kraft skulle koma på basis av at ho var lønsam for Noreg som heilskap og marknadsbasert der ho eventuelt vart bygd ut. No var heile dette systemet i ferd med å verta øydelagt av di særinteressene som bønder, kraftselskapa, LO og NHO ville ha all denne nye og subsidierte krafta.

På spørsmål om kvifor vi var i ferd med å hamna ein stad få ynskte å hamna, svara Roland slik: «Fordi vi ikke har klart å se helheten i virkemidlene vi har til rådighet. Vi har organisert ansvaret i biter. Statnett skal bygge overføringskabler, mens kraftvolumet som kommer fra elsertifikatmarkedet kommer helt ut av lufta og har ingen sammenheng med behovet i det norske systemet. Da bare ruller tingene videre.»

Havvind

No har den sitjande regjeringa lova å byggja 30 GW med havvind, ei utbygging som visst skal gje oss 130 milliardar kilowattimar, 130 TWh, innan 2040. «Først skal vi sørge for å få mer kraft til Norge, så man får trygghet for rimeligere strøm og mer kraft til norsk industri. Deretter kan man få kabler begge veier. Det er forutsigbart og skaper trygghet for norske forbrukere», sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum då lovnaden vart lagd fram.

Ingenting av denne utbygginga kjem til å skje utan at ho på eit eller anna vis vert tungt subsidiert av norske forbrukarar og skattebetalarar. Er det likevel lurt å byggja ut så mykje havvind? Lat oss gå gjennom argumenta for og mot.

Det fyrste spørsmålet vi lyt stilla oss, er om vi treng denne krafta. Svaret er eit nokså utvitydig nei. Noreg har enorme mengder med kraft. Danmark har litt fleire innbyggjarar enn vi. Dei nyttar 30 TWh straum per år. Noreg nyttar 140 TWh straum og produserte i fjor 157.

No er vi i Noreg gradvis i ferd med å skifta ut gamle og dårleg isolerte hus med nye og godt isolerte hus. Saman med andre sparetiltak og utbygging av elvekraft vil det truleg føre til at vi innan 2040 har spart inn og skapt like mykje kraft som det årlege forbruket i Danmark. Denne innsparinga er nok til å dekkja inn til dømes meirforbruket av straum frå elektriske bilar og frå sokkelen, syner analysane til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Før vi byrja med elsertifikata, hadde Noreg meir enn nok straum til å vera Vest-Europas leiande eksportør av lettmetall og kunstgjødsel, som vi framleis er. Både sokkelen og industrien på land er ein del av EUs kvotesystem. CO2-kvotane vil føra til at den samla nedgangen frå norsk industri og sokkel er felleseuropeisk. Byggjer vi ut så mykje havvind som regjeringa vil, gjer vi CO2-utsleppa billigare andre stader.

Oljen er den nye…

Kva med eksport? Vi lyt ha noko å leva av etter oljen og gassen. Vi kjem til å ha produksjon av olje og gass i minst 50 år framover. Om ikkje Stortinget vedtek å stansa utvinninga, garanterer den noverande infrastrukturen ein så lang produksjonsperiode. Men vi skal i alle høve også leva av Oljefondet.

Noreg har i 30 år no gått med overskot på handels-, drifts- og betalingsbalansen. Det inneber at vi har prioritert eksport framfor konsum eller industri framfor tenester. Spissformulert: Hadde vi lagt ned all eksportindustri på land, hadde vi fått mykje meir velferd og velstand her og no. Oljen, gassen og fisken gjev meir enn høg nok eksport til at vi kan importera det vi ynskjer.

1000 milliardar i sparing

Men sidan vi har hatt denne høge eksporten, har vi bygd opp Oljefondet og annan finansiell formue. Det er oppsida, delvis, av at vi har halde på mykje av industrien. I år ligg nettosparinga på offentlege hender an til å verta 1027 milliardar, nesten ein fjerdedel av verdiskapinga. Det er nokså unikt i verdssoga. Dette er pengar staten set til side for at framtidige generasjonar kan halda fram med å importera det dei treng.

Om vi prioriterer ny industri, som havvind visstnok skal føra til, vil det seia at Stortinget legg opp til auka sparing, som igjen vil føra til framtidige overskot på handels- og betalingsbalansen. Dette høyrest underleg ut, men det er heilt grunnleggjande samfunnsøkonomi: Så lenge vi har overskot på betalingsbalansen, kan vi i røynda ikkje nytta særleg av Oljefondet.

Eldrebylgja

I stort sett alle år vi har hatt Oljefondet, har vi sett inn meir pengar på konto enn vi har teke ut. Måten vi kan nytta pengane frå eksport på, er til import av varer, tenester og arbeidskraft. Dersom vi vil ha ny industri, som NHO, LO og særs mange andre særinteresser ynskjer, er import av arbeidskraft det einaste viset vi kan få det til på, om vi skal få nok arbeidskraft til velferdsstaten i møte med eldrebylgja.

Import av arbeidskraft fører til velferdstap her heime. Den store sparinga som vi har gjennomført og gjennomfører for framtidige generasjonar, må ved import av arbeidskraft delast på fleire. Likevel går denne regjeringa inn for å auka eksporten frå fastlandet med 50 prosent innan 2030.

Men vi treng ikkje snakka om import av arbeidskraft. Velferdstapet ved å byggja ut havvind åleine er godt og solid dokumentert og presentert, mellom anna i energimeldinga til regjeringa. Der presenterer dei reknestykka til NVE om havvind i 2030. NVE har to reknestykke om botnfast havvind, og dei reknar raust med at turbinane vert ståande i 30 år etter 2030.

Overføringstap

Det eine reknestykket er at det står ferdig ein installert havvindeffekt på 1400 MW (megawatt) i 2030, det andre at det står 2800 MW ferdig i 2030. Reknestykket er for eit av dei få havområda utanfor Noreg der vi så vidt kan byggja botnfast havvind, som ein berre får til der det er 60 meter eller lægre djupn. Det området ligg i den sørlege Nordsjøen, der vegen til Storbritannia er like lang som til Noreg. Distansen i seg sjølv garanterer for nokså store tap i overføringsnettet.

Alle alternativa for havvind gjev samfunnsøkonomisk tap. Minst dyrt er det om vi byggjer havvind for Storbritannia, men ikkje Noreg. Ja, det høyrest merkeleg ut. Men nett til Noreg frå den sørlege Nordsjøen er dyrt. Om vi byggjer ut 1400 MW og sender den nye straumen til Storbritannia, taper vi berre 2 milliardar mellom 2030 og 2060. Det er altså «minst» dyrt og truleg best for klimautsleppa å hjelpa britane med å nå produksjonsmåla sine for rein kraft.

Dyrast er det å byggja kabel berre til Noreg. Å byggja på 60 meter djupn og leggja kabel til Noreg er så dyrt og så lite i samsvar med det vi treng, at vi må rekna med å tapa 11 milliardar kroner.

Hybridkabel

Kva så med hybridkabel? At vi byggjer ut kabel både til Noreg og til Storbritannia, ein kabel som kan nyttast til å eksportera norsk magasinkraft, slik vi har gjort i så stor mon denne vinteren? Då vert det litt mindre dyrt. Ja, prisen på kraft her heime vil gå opp, men sidan Storbritannia også i 2030 kjem til å ha dyrare straum enn vi, «tener» vi inn att litt av kostnaden ved å byggja ut, mellom anna ved at vi nordmenn betaler meir for straumen. Kraftselskapa tener meir enn vi forbrukarar taper, er påstanden.

Med hybridkabel for utbygginga på 1400 MW taper vi 6 milliardar. Byggjer vi ut 2800 MW, taper vi 15 milliardar. Kvifor taper vi langt meir enn dobbelt så mykje når vi aukar til 2800 MW? Av di vi kan investera pengane andre stader. Dei pengane vi nyttar på havvind, kan vi til dømes ikkje setja inn i Folketrygdfondet eller i Oljefondet. Havvind gjer oss altså klart fattigare.

Men reknestykket til NVE bleiknar i møte med planane til regjeringa. Dei seier dei vil byggja ut 30 GW, gigawatt. Kor mykje er det? 1400 MW er 1,4 GW, 2800 MW er 2,8 GW. 30 GW er altså 10 til 20 gonger meir havvind enn NVE reknar på. Tapa ved kvar ny installert megawatt aukar suksessivt meir og meir. Det er fleire grunnar til dette, men ei utbygging av 30 GW kjem truleg til å føra til tap i fleire hundre milliardar-klassa.

Best fyrst

Litt enkelt sagt byggjer ein fyrst ut dei områda som har best vindtilhøve. Deretter må ein byggja ut stadig dårlegare område. Dessutan er det slik at vinden blæs nokolunde likt i Nordsjøen. Det vil seia at di meir vi byggjer ut, samstundes som britane, nederlendarane, tyskarane og danskane gjer det same, di meir straum kjem det inn samstundes i kraftsystema. Då går prisen til null og under. Då er det ingen profitt i utbygginga.

Men det største problemet er at Noreg i motsetnad til det som ofte vert hevda, korkje har den beste vinden i Nordsjøen eller plass til det dei andre byggjer ut, nemleg botnfast vind. Det blæs betre utanfor Skottland. Norskerenna er, på si side, enkelt og greitt for djup til at vi kan byggja botnfast. Ja, vi har det relativt grunne, men diverre vesle området i den sørlege Nordsjøen, men så er det stort sett slutt.

Tampen brenn

Reknestykket til NVE for 2030 gjeld botnfast vind. Skal vi nå 30 GW, må vi byggja det aller meste som flytande havvind. Det er vi i ferd med å gjera med Hywind Tampen, som får ein effekt på 88 MW, altså under 10 prosent av 1 GW. Utbygginga har eit budsjett på 5 milliardar. Gjennom subsidiar og skattefrådrag får Equinor dekt 4,85 milliardar av utbygginga; Equinor er deg og meg. Flytande havvind vert nok billigare etter kvart, men lønsamt ligg det ikkje an til å verta dei komande tiåra.

Equinor reknar med at det blæs så godt på Tampen at vindturbinane kan produsera halvparten av tida, og at det vil gje 383 GWh i året. Det same legg regjeringa til grunn for sine planar om 30 GW i utbygging, dei trur at vinden blæs så godt at vi får 130 TWh ut av havvindsatsinga. Det verkar optimistisk. Britane har bygd ut dei beste områda i Nordsjøen fyrst. Der varierer utnyttinga av kapasiteten mellom 34 og 45 prosent, og ho er på veg nedover. I røynda går alle pengane til Hywind Tampen tapt.

Grunnrente?

Kva med dei offentlege kraftinntektene og grunnrenta om vi byggjer ut all den havvinden som regjeringa seier ho vil byggja ut? Regjeringa varslar at dei vil greia ut eit grunnrenteskatt for havvind. Grunnrenteskatt kjem på det vi kallar superprofitt. Magasina på land er så lønsame av di eigarane kan produsera når marknaden etterspør meir straum. Dimed vert prisane høge, og det offentlege kan taka inn 60 prosent av overskotet.

Vindkraft har i utgangspunktet ikkje grunnrente. Det er ikkje superprofitt i vindkraft av di ho ikkje kan regulerast. Her høyrer det rett nok med å nemna at i vinter har det vore superprofitt i vindkrafta på land i Sør-Noreg, dersom ho har vore selt på spotmarknaden.

Men sanninga er at dersom vi innfører grunnrenteskatt på havvind, hamnar nesten alt av kostnadene ved å byggja ut havvinden på andre skattebetalarar, samstundes som grunnrenta frå magasinkrafta går ned, truleg sterkt ned. Det positive for utbyggjarar av kraft når dei møter ein overskotsskatt på 60 prosent, er at dei får trekkja av 60 prosent av skatten her og no når dei investerer. Vert det grunnrente på havvind, får utbyggjarane overført 60 prosent av kostnadene frå staten. Pengane kjem rett på konto, uavhengig av framtidig profitt.

Tapa vert store

Men sidan profitten på havvind knapt finst og vert stadig mindre di meir vi byggjer ut, er det ikkje ein framtidig superprofitt i vente som staten kan skattleggja. Tapa vert store for det offentlege. Men her kjem magasineigarane inn. Stort sett alle gruppene som seier dei vil byggja ut havvind, inkluderer norske magasineigarar. Det får konsekvensar.

Grunnrenteskatten vert rekna ut på grunnlag av spotprisen. Men det finst eitt unnatak: Den kraftkrevjande industrien får lov til å inngå lange kontraktar på framtidig pris på straum. Den prisen er grunnlaget for grunnrenteskatten staten skriv ut. No har regjeringa i tillegg, av di prisen på straum er så høg for tida, varsla at vanlege verksemder og forbrukarar også skal få høve til inngå slike kontraktar. Då vert spotprisen, den maksimale prisen, utvatna.

Dyr kombinasjon

Den typiske fastpriskontrakten, ja, alle kontraktar, vert i framtida, om vi byggjer ut havvind, ein kombinasjon av magasin- og vindkraft. Den høgre profitten i magasinkraft vert nytta til å subsidiera utbygging av havvind. Konsekvensen av dette er at dei norske kraftselskapa som i dag eig magasinkraft, i framtida vert selskap som også eig havvind.

Selskapa vert dimed mykje større, som er eit mål for direktørar i alle verksemder, men overskota frå magasinkrafta vert samtidig mykje lægre. Dimed får vi i framtida inn mindre grunnrenteskatt, samstundes som vi må subsidiera fram ny havvind.

Fleire og større

Er det ingen fordel med storstilt utbygging av havvind? Vel, sjølve krafta vert nok billigare. Den reelle kostnaden ved å byggja ut vert fordelt via andre mekanismar. Den største fordelen får kraftselskapa og utbyggjarane. Dei vert større og får fleire tilsette. Tyskland har sidan 2000 bygd ut 80 prosent meir effekt i sitt kraftsystem. Produksjonen av kraft har berre gått opp 5 prosent. Den samla kraftrekninga, som inkluderer nett og subsidiar, er langt meir enn dobla.

Fordelen med den tyske måten å gjera det på er at kostnadene ved vindkraft fram til no har vore stort sett synlege på den samla kraftrekninga. Dei syner alle kostnader ved å byggja ut vindkraft, slik at folk veit kva dei er med på. I Noreg skal vi taka kostnadene over skattesetelen, ser det ut til.

Så kan vi vona at havvind er bra for klimaet. Det er rett nok ikkje lett å rekna ut ein slik fordel, dels av di Noreg er ein del av EUs klimapolitikk, som fører til lægre utslepp, dels av di reduserte utslepp éin stad fører til høgre utslepp ein annan stad. Tyskland har bygd ut massivt med vind og sol, men utsleppa der har ikkje gått mykje ned av di dei har måtta halda fram med å fyra opp fossile kraftverk når vinden ikkje blæs.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis