Kommentar

Olje og makt trumfar demokrati og narkotika

Vi sit no med ein rimeleg klår fasit på kva som var hovudmålet med aksjonen i Venezuela, skriv Vegard Bye.
  

FILE PHOTO: A photograph posted by U.S. President Donald Trump on his Truth Social account shows him standing near CIA Director John Ratcliffe as they watch the U.S. military operation in Venezuela from Trump's Mar a Lago resort, in Palm Beach, Florida, U.S., January 3, 2026. @realDonaldTrump/Handout via REUTERS THIS IMAGE HAS BEEN SUPPLIED BY A THIRD PARTY./File Photo
3. januar 2026 utførte USA ein militæroperasjon mot Venezuela. Her står president Donald Trump i residensen sin i Mar-a-Lago saman med direktør i CIA John Ratcliffe og følgjer med på operasjonen.
Publisert Sist oppdatert

Ein demokratisk Kongress-representant i USA – eg fekk ikkje med meg namnet i farten – sa rett etter Venezuela-angrepet: «USA er meisterleg flinke til å øydeleggje regime vi ikkje likar, og å ta ut statsleiarane. Vi er like dårlege til å byggje opp igjen eit nytt regime.»

Eigentleg er ikkje dette så underleg. Som dei fleste statsvitarar og demokratiekspertar er samde om: å få i stand ein demokratisk overgang gjennom utanlandsk militær intervensjon har alle odds mot seg. Nobelprisvinnar María Corina Machado og den delen av opposisjonen i Venezuela som trudde på dette – slett ikkje alle gjorde det – hadde ikkje studert historia om kva slike intervensjonar i dei fleste høve har ført til. No ser ho kan hende at det store førebildet, president Donald Trump, eigentleg er mykje meir opptatt av USAs eigne interesser enn av demokratiet i Venezuela.

Stor uvisse

Etter dei dramatiske hendingane i Venezuela på den tredje dagen i det nye året, og Trumps sigersseremoni på Mar-a-Lago, har uvissa vore stor om kva denne briljante militæroperasjonen og tilfangetakinga av Maduro kunne føre til. Den uvissa har herska nesten like mykje i Washington D.C. som i Caracas.

Venezuela har altså fått ein interimspresident, visepresident Delcy Rodríguez, tatt i eid av høgsteretten i landet som statsleiar og øvstkommanderande for dei militære styrkane i landet i fråværet av Maduro. 

Utanriksminister Marco Rubio seier at han har forhandla med Rodríguez, og at ho er klar til å styre på USAs nåde. Og vi snakkar ikkje om noko lite ansvar: Trump sa at USA no skulle «rule the country», altså i praksis som ein nykoloni, godt over 200 år etter at statsfader Simón Bolívar greidde å rive landet ut frå spansk herredømme.

Det står etter kvart ganske klårt at den eigentlege makta i Venezuela no ligg i hendene nettopp på Rubio, av Washington Post omtala som Trumps visekonge (viceroy).
Rubio har ansvar for å sjå til at det no er USAs økonomiske og politiske interesser som skal styre utviklinga i landet. Gjer ikkje fungerande Rodríguez som USA vil, er ho ferdig.

Naturressursar

Caption: A photograph posted by Delcy Rodriguez, the acting President of Venezuela, on her Instagram account shows her attending a meeting, after the U.S. launched an attack on Venezuela, capturing its President Nicolas Maduro and his wife Cilia Flores, in a social media post released on January 4, 2026. Delcy Rodriguez via Instagram/Handout via REUTERS THIS IMAGE HAS BEEN SUPPLIED BY A THIRD PARTY. NO RESALES. NO ARCHIVES. MANDATORY CREDIT. BEST QUALITY AVAILABLE.
Fungerande president i Venezuela Delcy Rodrigúes held møte 4. januar.

Rodrigúez er ein lojal Maduro-disippel, men meir av ein økonomisk liberalar som gjerne ser fleire utanlandske investeringar, mellom anna i oljeindustrien. Det kan ha vore grunnen til at Rubio festar tillit til ho, no som USA vil ta attende den olja som Trump meiner at Venezuela stal frå dei då olja vart nasjonalisert i 1976, med enda sterkare nasjonal kontroll innført av Hugo Chávez i 2007. 

Trump godtek altså ikkje det hevdvunne prinsippet om at ein nasjonalstat har suveren kontroll over eigne naturressursar, grunnlaget både for heimfallsrettar over fossefall og oljeregime i Noreg. Sjølv bitre motstandarar av Maduro er samde om at «olja er vår», som noko nær ein nasjonal heilagdom.

Rodríguez' fordømming av USAs militæraksjon stilna raskt. Etter det første regjeringsmøtet sitt kom ho med ein open invitasjon til USA om å samarbeide, rett nok basert på internasjonal rett.

Maktkamp og tillit

Delcy Rodríguez er ikkje berre underlagd overherredømme frå USA. Internt i Venezuela sit ho på nåden til det gamle regimet, spesielt innanriksminister Diosdado Cabello og forsvarsminister Vladimir Padrino. Dette var Maduros to næraste maktpersonar. 

Cabello har lang erfaring med maktkampar. Han var nøkkelmannen for å få Chávez attende etter at han òg vart kidnappa og send i eksil under kuppforsøket i 2002. Dei to har truleg stålkontroll på kven dei kan stole på i militære og tryggingsstyrkar, om USA skulle håpe på massive deserteringar.

Trumps folk har nok lært av kor gale det gjekk i til dømes Irak då heile det gamle maktapparatet vart kasta ut. Difor har dei no langt meir bruk for dei som sit på reell territorial kontroll, enn ein demokratiforkjempar i eksil. 

Trump meiner at Machado manglar tillit og respekt, og då meiner han nok ikkje tillit frå folket, men tillit frå det gamle regimet som han no skal samarbeide med. USA satsa kanskje på at regimet ville falle saman som eit korthus, med sjefen sjølv ute av spel. Så langt er det ingenting som tyder på det. 

Trump vil så lenge råd er, unngå amerikanske bakkestyrkar. Om dei fleste amerikanarane synast aksjonen mot Maduro var flott, seier 80 prosent av dei at dei er mot å sende inn amerikanske soldatar og kanskje få dei attende i plastsekkar. Det kan fort koste Trump og republikanarane fleirtalet i val.

Caption: A person holds up an image depicting Venezuelan opposition leader Maria Corina Machado, as people celebrate after the U.S. struck Venezuela and captured its President Nicolas Maduro and his wife Cilia Flores, in Santiago, Chile January 3, 2026. REUTERS/Pablo Sanhueza TPX IMAGES OF THE DAY
FEIRING: Ein demonstrant i Chile viser at han støttar den venezuelanske opposisjonspolitikaren Maria Corina Machado.
Caption: A supporter of Venezuela's President Nicolas Maduro holds a painting of him and late President Hugo Chavez, during a march calling for the release of Maduro, after he and his wife Cilia Flores were captured following U.S. strikes on Venezuela, in Caracas, Venezuela January 4, 2026. REUTERS/Fausto Torrealba TPX IMAGES OF THE DAY
PROTEST: Støttespelarar til Venezuelas president Nicolas Maduro held portrettmåleri av både han og tidlegare president Hugo Chavez i vêret. Maduro vart kidnappa av USA under militæroperasjonen 3. januar.

Kva var hovudmålet?

Vi sit no med ein rimeleg klår fasit på kva som eigentleg var hovudmålet med heile aksjonen i Venezuela. Det hadde lite med narkotika å gjere – det var uansett ein bløff som kan bli avslørt gjennom rettssaka mot Maduro. Målet var slett ikkje demokrati, om nokon skulle tru på det. Då står me attende med to motiv, gjerne i kombinasjon: kontroll over olja og Trumps nye versjon av James Monroe-doktrinen, kontroll av «The Americas», inkludert Grønland. 

Dette er god gammaldags USA-imperialisme slik Latin-Amerika har lang og smertefull erfaring med, men med ein usminka retorikk som me eigentleg ikkje har sett det siste hundreåret.

Colombia

Trugsmåla mot ein folkevald og demokratisk president, Gustavo Petro, i Colombia verkar no som heilt overhengande. Petro har kanskje gjort meir for å kjempe mot kokainmafiaen enn nokon annan president i landet. Men fordi han er sosialist og open antiimperialist, blir han òg skulda for å vere ein mafiaboss. Presidentvalet i Colombia i mai – med ein sterk sosialistisk kandidat – kan bli ei avgjerande prøve på kor total kontroll USA får over Latin-Amerika. Det same gjeld Brasil-valet i oktober.

Om Trump verkeleg vil slå til mot narkotikakartell som drep amerikansk ungdom, har han på plass ein presidentordre til Pentagon som autoriserer militære USA-aksjonar i dei landa der fentanyl og mesteparten av kokainen kjem frå. Det vil seie Mexico og Colombia. 

Skjer det, set han verkeleg Latin-Amerika i brann.

Om det er regimeendring i latinamerikanske diktatur som kallar seg sosialistiske, som er målet, og det er det nok spesielt for Marco Rubio, så kan makthavarane både på Cuba og i Nicaragua førebu seg på at dei går usikre tider i møte. 

Men eigentleg handlar ikkje dette om demokrati eller diktatur, og langt mindre om internasjonal rett. Alt dette gjer Trump blaffen i. Det handlar om kven som er med oss og kven som er mot oss, som president George W. Bush jr. sa.