Kronikk
Er Cuba neste?
Cuba er i djup krise. Kva vil Donald Trump gjere med landet etter raidet i Venezuela?
Etter USAs militære operasjon i Venezuela, der president Nicolás Maduro vart teken til fange, har den geopolitiske temperaturen i Karibia stige markant. USAs utanriksminister Marco Rubio har kome med opne åtvaringar til Cuba, og president Donald Trump har antyda at øya kan bli eit nytt tema på den amerikanske utanrikspolitiske dagsordenen. Samstundes har Trump hevda at det cubanske regimet vil «kollapse av seg sjølv».
Spørsmålet er likevel kva USA – og Trump – faktisk ønskjer å oppnå. Erfaringa frå Venezuela gjev grunn til skepsis. Der såg målet ut til å vere klart: å fjerne Maduro. Kva som skulle kome etterpå, politisk, økonomisk og institusjonelt, var langt mindre gjennomtenkt. Dersom Cuba no vert trekt inn i den same utanrikspolitiske logikken, er det uklart om Washington har ein strategi som strekkjer seg utover symbolpolitikk og innanrikspolitisk markering.
Det er òg lite som tyder på at Cuba i seg sjølv er av stor strategisk interesse for Trump-regjeringa. I motsetnad til Venezuela manglar øya store, kommersielt utnytta olje- og gassfelt som kunne ha gjort landet til ein sentral aktør i globale ressursmarknader eller i USAs breiare ressursstrategi. Den innanlandske energiproduksjonen er avgrensa, og Cuba er i stor grad avhengig av importert olje. Sjølv om landet har enkelte mineralressursar, mellom anna nikkel og kobolt, gjev desse Cuba lita geopolitisk tyngd i dagens internasjonale maktspel.
Samstundes er Cuba inne i ei djup og samansett krise. Økonomien er i fritt fall. Straumbrot er blitt ein del av kvardagen, mat og medisinar er mangelvarer, og stadig fleire vel å forlate landet. Naturkatastrofar har påført store øydeleggingar, særleg i dei austlege provinsane, medan staten si evne til gjenoppbygging er kraftig svekt. I dette landskapet vert det internasjonale grepet rundt øya stramma ytterlegare til.
USAs økonomiske blokade mot Cuba har vart i over 60 år. Sidan 1992 har FNs generalforsamling årleg fordømt blokaden med overveldande fleirtal. I den siste røystinga stemde berre to land imot: USA og Israel. Blokaden har hatt som uttalt mål å svekkje – og på sikt velte – det politiske systemet som vart etablert etter revolusjonen i 1959, då diktatoren Fulgencio Batista vart styrta. Verknaden har vore langvarig økonomisk kveling, avgrensa tilgang til internasjonale marknader og finansielle tenester, og redusert tilgang på livsnødvendige varer.
Likevel kan Cubas situasjon ikkje forklarast utelukkande med blokaden. Den cubanske staten ber sjølv eit tungt ansvar. Seks tiår med autoritært styre, sentralstyrt økonomi og manglande vilje til reform har gjort landet ekstremt sårbart for ytre sjokk. Under Raúl Castro og hans etterfølgjarar har styresmaktene vore uvillige til å opne for reelle endringar i næringsliv, jordbruk og lokal produksjon – reformer som kunne ha styrkt sjølvforsyninga og gjeve folk større økonomisk handlingsrom. Resultatet er eit samfunn som knapt klarer å dekkje dei mest grunnleggjande behova til befolkninga.
Cubas økonomi er dessutan sterkt oljeavhengig, særleg innan straumproduksjon og transport. Då dei subsidierte oljeleveransane frå Venezuela vart kraftig reduserte, utvikla energimangelen seg raskt til eit omfattande og systemisk problem. Kanskje er bortfallet av billig olje og økonomisk støtte frå Venezuela i større grad ei utløysande årsak til dagens krise enn direkte amerikansk press.
Korleis dette vert opplevd i kvardagen, vert skildra av ein cubansk frilansjournalist:
«Den trassige latteren og svaiinga til den kubanske kvinna er borte. Den spontane gleda, den smittande latteren, musikken som før fylte gatene – alt har stilna. I jula var Havanna utan lukta av steikt pattegris, kassava, tobakk og rom. Utan pengar, med virus i kvar heim, mygg, straumbrot og mørker kjempar cubanarane for å overleve. Livet sloknar på Cuba.»
Ironisk nok rammar krisa òg to av områda der Cuba lenge vart sett på som eit førebilete i det globale sør: utdanning og helse. I fleire tiår kunne landet vise til høg lese- og skrivekunnskap, gratis utdanning på alle nivå og eit offentleg helsevesen som leverte imponerande resultat trass i knappe ressursar. I dag er desse sektorane òg i alvorleg forfall. Skular manglar lærarar, undervisning fell bort på grunn av straumbrot og transportproblem, og helsevesenet manglar både medisinar, utstyr og personell. Det som ein gong var staten sin viktigaste sosiale kontrakt med befolkninga, er i ferd med å rakne.
Samstundes formidlar statleg fjernsyn eit heilt anna bilete. Presidenten, kona hans og partitoppane vert viste medan dei, velkledde og rolege, vitjar nøye utvalde bydelar og møter innbyggjarar som er utvalde på førehand. Dei går ikkje gjennom mørklagde gater, søppel eller kloakk. Avstanden mellom propaganda og røyndom vert stadig vanskelegare å skjule.
Også arven etter Fidel Castro kviler tungt over landet. Milliardar i sovjetisk støtte vart brukte på ideologiske prestisjeprosjekt utan økonomisk berekraft: mislukka landbruksreformer, demontering av sukkerindustrien og ineffektive energisatsingar. Det som står att, er eit landskap av rustne fabrikkar og kraftverk – monument over ein politikk som ikkje leverte.
Cuba står i dag i krysselden mellom to uforsonlege krefter: eit ytre press som kveler økonomien, og eit indre politisk system som nektar å fornye seg. Spørsmålet er difor ikkje berre om Cuba er «neste», men om nokon av aktørane som formar lagnaden til øya, faktisk har ein plan for kva som skal kome etterpå. Inntil vidare ligg gatene stille – og framtida er stadig meir uavklart.
Les også: