Kommentar

Baches oppdrag er å gjera seg upopulær

Den høge prisveksten er seigliva, og renta kan bli høg lenge. Men politikarane vil ikkje bli freista til å blanda seg inn. Dei har bygd eit sterkt vern rundt Noregs Bank.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache heldt årstalen for Noregs Bank torsdag 12. februar.
Publisert Sist oppdatert

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sat på fyrste rad i Noregs Bank då sentralbanksjef Ida Wolden Bache heldt årstalen torsdag i førre veke.

– Når me ikkje har redusert renta like mykje som i landa rundt oss, er det fordi prisveksten framleis er for høg, sa Bache til slutt i talen.

Berre to dagar før talen fekk ho ei negativ overrasking. Den underliggjande prisveksten var på heile 3,4 prosent i januar, rekna frå januar i fjor. Avgiftsendringar, drivstoff og straum er haldne utanfor i dette prismålet.

Den høge prisveksten var elefanten i rommet under årstalen. Bache gjekk nemleg utanom den viktigaste arbeidsoppgåva si. Ho var så å seia taus om prisvekst og rentesetjing. I staden valde ho å snakka om kunstig intelligens, bitcoin og etikken i oljefondet.

Baches oppdrag frå regjeringa er å halda den årlege prisveksten rundt 2 prosent over tid.

– Me vil sørgja for at prisveksten kjem tilbake til 2 prosent, sa ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement