Kommentar
Frå ideologi til rå makt
USA har sjeldan – eller aldri – late folkeretten stå i vegen for eigne nasjonale interesser.
Bananrepublikken: Målarstykket «Gloriosa victoria» frå 1954 av Diego Rivera skildrar det CIA-støtta kuppet mot president Jacobo Árbenz Guzmán i Guatemala same året. Verket heng – til skrekk og åtvaring – på Pusjkin-museet i Moskva.
I 1965 invaderte amerikanske soldatar Den dominikanske republikken. I 1983 invaderte dei Grenada. I 1989 følgde invasjonen av Panama – der general Manuel Noriega vart kidnappa og stilt for retten i USA for narkotikabrotsverk, nett som Maduro no. I 1994 rykte amerikanske styrkar inn i Haiti for å avsetje ein radikal koalisjon og gjeninnsetje president Jean-Bertrand Aristide.
Alle desse invasjonane braut med folkeretten – og med amerikansk lov: Dei vart gjennomførte utan førehandsgodkjenning frå Kongressen. Føremålet var òg det same: å fjerne eit uønskt regime.
Makt først, jus seinare
I tillegg til militære invasjonar har USA gripe inn på anna vis. I 1954 bidrog CIA til eit kupp som styrta president Jacobo Árbenz Guzmán i Guatemala. I 1964 støtta USA militærkuppet i Brasil og la grunnlaget for eit diktatur som varte i tjue år. I Chile bidrog amerikansk etterretning til å destabilisere regjeringa til Salvador Allende og til at general Augusto Pinochet tok diktatorisk makt i 1973. Gjennom 1980-åra finansierte USA Contras-geriljaen i Nicaragua i eit forsøk på å styrte sandinistregjeringa. Stikk i strid med folkerett og amerikansk lov.
Raidet på Venezuela føyer seg inn i ein lang utanrikspolitisk tradisjon: å fjerne regime som står i vegen for amerikanske interesser. Verkemidla for regimeskifte har variert – frå militær intervensjon via medverknad i kupp til isolasjon og press. Motiva har òg endra seg. Under den kalde krigen var målet å demme opp for kommunistisk innverknad i regionen.
Etter Sovjetunionens fall endra grunngivinga seg. Intervensjonar vart no omtalte som «humanitære». Målet var å fjerne diktatorar og etablere demokratiske styresett. Panama og Haiti vart døme på dette. Føremålet med aksjonen i Venezuela er den same som tidlegare: å sikre USAs interesser. Men retorikken er annleis. Siktemålet er heller ikkje heilt det same som før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.