Utanriks

Verdsordninga av i går

MÜNCHEN: Medan forholdet mellom USA og Europa er på frysepunktet, reiser håpefulle amerikanske politikarar til Den internasjonale tryggingskonferansen i München for å knyte kontaktar før neste presidentval.

Vesten er delt, men publikum er samde: Hillary Clinton snakka om korleis verdsordninga er under åtak på årets tryggingskonferanse i München. På podiet gjekk det friskt for seg, i publikum, som er langt meir sosialt homogent, var det brei semje.
Publisert Sist oppdatert

Hotellet Bayerischer Hof står som eit minnesmerke over verda av i går, midt i München. Her har den europeiske eliten møtst i 185 år, keisarar så vel som pavar, politikarar og intellektuelle. Medan mange av nabobygningane i gamlebyen blei lagde i ruinar då allierte bombefly raida byen mot slutten av andre verdskrigen, stod dei over tre hundre romma meir eller mindre uskadde.

Likevel verkar hotellet, trass i både ballsal, atrium og fem restaurantar, underleg lite når over seksti statsleiarar kvar februar samlar seg til tryggingskonferansen i München. I år er det venta tusen deltakarar med fritt leide inne på hotellet – og det er før ein reknar med dei hundretals journalistane som har akkreditering. I ein trong gang ventar vi i fleire timar kvar dag i håp om å sleppe inn til arrangementa i dei gamle art deco-salane, ofte for å oppdage at det likevel er fullt når vi først har sloppe inn.

– Medieinteressa blir større kvart år, fortel ein røynd journalist frå Süddeutsche Zeitung som står bak meg i køen.

Kjem vi først inn, oppdagar vi at hotellet er som verdsstoda i miniatyr: eit komplett kaos. Dei labyrintiske korridorane minner mest om ei maurtue, der verdseliten skrittar målretta rundt utan å vere heilt sikre på kva dei vil eller kvar dei skal. Her inne blir vi på sett og vis alle like: Sjå deg for, elles risikerer du å krasje i ein amerikansk senator, ein etterretningssjef eller ein femstjerners general. Sjølv unngår eg så vidt full frontkollisjon med Hillary Clinton medan vi går i kvar vår retning i foajeen.

Kvefsebolet

Kaotisk er det også utanfor. Gjennom heile helga demonstrerer folk i hundretusental. Her finn du framtidsvon av alle slag: Enkelte vil ha nedrusting, andre vil støtte Ukraina. På laurdagen samlar 250.000 demonstrantar seg for å støtte eit regimeskifte i Iran. Innimellom blir det ampert, slik som når eit tog med nedrustingstilhengarar, dandert med russiske og tyske flagg, går forbi den ukrainske markeringa. Politiet er alltid på pletten: Når eg går fem meter frå kofferten for å fotografere demonstrantane, står fem konstablar frå Staatspolizei og surrar over han som hissige kvefsar. Eg slepp med ei åtvaring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement