Tryggingspolitikk

Digital tryggleik på amerikanske hender

Ein dominerande del av skytenestene staten brukar, er amerikanske, ifølgje Nasjonalt tryggingsorgan.

Nils Andreas Stensønes, som er sjef for Etterretningstenesta (t.v.), PST-sjef Beate Gangås og direktør Arne Christian Haugstøyl i Nasjonalt tryggingsorgan la nyleg fram trugselvurderingane for 2026. Sistnemnde åtvarar mot den omfattande bruken av eit fåtal utanlandske skytenester i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har lagt fram trugselvurderingane for 2026, og fått kritikk for ikkje å drøfte kva dei politiske endringane i USA har å seie for norsk tryggingspolitikk. Men jamfører vi trugselvurderingane i år med dei frå i fjor, er det ingen tvil om at mykje er endra, også i synet på USA.

E-tenesta slår fast at internasjonalt samarbeid og internasjonale institusjonar er svekte, og at mykje av grunnlaget for norsk tryggleik i dag er utfordra. Og PST skriv at Noreg no er i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen.

Heilt eksplisitt i å påpeike aukande avstand til USA er det likevel berre Nasjonalt tryggingsorgan som er, og dess større grunn er det kan hende til å merke seg bodskapen. Tryggingsorganet peikar dessutan på noko det er stor merksemd om i fleire europeiske land for tida: kor avhengige vi alle er av såkalla skytenester frå nokre få amerikanske selskap som Amazon, Google og Microsoft.

«Norske virksomheter som benytter utenlandske skytjenester gir fra seg en del av kontrollen over digital infrastruktur, systemer og data som lagres og behandles i skyen», åtvarar tryggingsorganet og legg til at det ved geopolitiske konfliktar kan verte umogleg å få brukt desse tenestene.

Åtvaringa gjeld i stor grad den norske staten sjølv.

Fire nye rammeavtalar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement