Sport

10.000-meteren

Ein ny nordmann har fått røynt det. Det er ikkje lett å verta OL-meister på 10.000 meter skeiser.

Sander Eitrem under OL i Milano.
Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan OL-meisterskapen i 1924 har Noreg hatt ti verdsrekordhaldarar på 10.000, men berre fire av dei vart OL-meistrar – Ivar Ballangrud, Hjalmar Andersen, Knut Johannesen og Johann Olav Koss.

I Milano førre fredag har den 19 år gamle tsjekkiske Metodej Jilek, som kom på andreplass på 5000-meteren etter vår eigen Sander Eitrem, gått 10.000-meteren på 12.33,43.

No er Eitrem i gang. Etter fem minutt og 4000 meter ligg han 1,64 sekund føre tsjekkaren. Rundetidene til Eitrem ligg jamt under 30.

Men det er langt til mål. No skal han gå i ei statisk djup skøytestilling runde etter runde med lite variasjon i muskelbruken og stor belastning på hofter og lår. Har han opna for hardt, vil det straffa seg.

Kay Stenshjemmet

Berre spør Kay Stenshjemmet. Då han stilte til start i VM på Bislett i 1981, hadde han to sylvmedaljar frå OL i Lake Placid året før. Han leidde klart etter tre løp. Før 10.000-meteren hadde han 16,58 sekund til gode på nummer to, Amund Sjøbrend. Det kunne han ikkje tapa, VM-sigeren var så godt som sikra.

Det gjekk som planlagt, lenge. På vekslingssida etter 19 rundar var NRKs Knut Bjørnsen sikker: «Når vi kjem til mål, er det fem rundar att. Det betyr at Sjøbrend må ta Stenshjemmet med to sekund per runde dei siste fem. Det greier han ikkje.»

Kay Stenshjemmet i allround-VM på skøyter på Bislett i 1981.

Men det er no 10.000-meteren startar for alvor. Låra tek til å brenna, og musklane vert stivare. Smerta er konstant, og sjølv om viljen er der, svarar ikkje kroppen som han skal. Di meir sliten ein vert, di dårlegare sit teknikken. Løparane har ein tendens til å reisa seg litt i overkroppen, henga med hovudet, og skjæret vert kortare.

Sjølv om viljen er der, svarar ikkje kroppen som han skal.

Tre rundar før mål skjer det. Rundetida til Stenshjemmet går opp i 38,7. Knut Bjørnsen vert uroleg: «No kan det ta til å røyne på, faktisk. Kay er svært sliten borte på vekslingssida.» Sjøbrend, derimot, er i siget og får 37 blank, 36,6 og 35,8 på dei tre siste rundane.

Nest siste runde går Stenshjemmet på 39 blank og taper 2,4 sekund berre på den runden. Verre skulle det verta. Stenshjemmet er stokk stiv og tapar nye 4,25 sekund på sisterunden. Sjøbrend vart verdsmeister, med god margin.

Har trua

I Milano har Eitrem gått fire rundar og aukar avstanden til Jilek til 1,72 sekund. Det ser lovande ut, sjølv om tida til Jilek er over 5 sekund betre enn Eitrems personlege rekord frå Calgary for eitt år sidan. Men vi har trua, vi såg jo kor sterk han var på 5000-meteren for ei veke sidan.

Det kan sjølvsagt skje noko uventa, som med nederlandske Sven Kramer. Under EM i Kolomna i Russland i 2007 var han suveren. På 10.000-meteren, i par med Håvard Bøkko, slo han til med ein nest siste runde på 27,9, og ståande med hendene i vêret dei siste metrane før mål gjekk han sisterunden på 29,4.

Men i OL Vancouver året etter gjekk det gale. Sven Kramer ville ha vunne 10.000-meteren klart. Så skjedde det, åtte rundar før mål veksla han feil. Trenaren tilviste til indre bane. Kramer nølte litt, men gjekk ein ny indrebane når han skulle gått i ytrebanen. Kramer, med tre verdsrekordar på 10.000 meter, vart aldri OL-meister på distansen.

Sverre Lunde Pedersen vart aldri verdsmeister i allround. Han gjekk ikkje feil, men under VM i 2018 leidde han klart før 10.000-meteren. Det same gjorde han halvvegs ut i løpet, men så datt han i ein sving og mista sigeren.

Noregs mest kjende fall, same kva idrett, er derimot Hjallis på Bislett i EM i 1951. Han vart blenda av blitsen til Dagblad-fotografen Johan Brun etter at han hadde gått 7000 av 10.000-meteren. Trass i protestar fekk han gå om att. Dei 25.000 tilskodarane, mellom dei kronprins Olav, venta den knappe pausetimen han fekk før han tok til på nytt, og i flomljoset vann han både 10.000-meteren og samanlagt.

Rundetider

Hjallis var folkehelt, og skøytesporten vart for alvor publikumsfavoritt. Folk sat ved radioapparata og noterte rundetider. Det var ikkje ende på kva tider og statistikkar folk etter kvart hadde greie på. Kven har sett flest offisielle verdsrekordar? Kven gjekk på 1.59,38 i OL i 1976? Kven vart noregsmeister i allround i Horten i 1968?

Etter kvart kom Skøyteboka, 250 sider med alle mogelege resultat og statistikkar. Boka for 1976–77-sesongen hadde over 1600 skeiseresultat landet rundt, med namn, klubb, fødselsår, årsbeste plassering og bane – og sjølvsagt – personleg rekord før sesongen starta.

Og enno diskuterer skøyteentusiastar om det var rett å pipa på Rolf Falk Larsen då han tilsynelatande ikkje gav alt på 10.000-meteren i VM på Bislett i 1983. Han hadde alt vunne tre distansar og var sikra meisterskapssigeren uansett. Sjølv var eg for fyrste gong på Bislett og synest pipinga var nitrist.

* * *

I Milano er Eitrem berre komen halvvegs. Han leier framleis med 1,59 sekund, men noko er på gang. Han har fått sin fyrste 30-runde. Det kjem ein ny 30-runde, og avstanden er krympa til 1,35. I ettertid får vi vita at han ikkje var heilt frisk.

Vi som sit på utestaden Bohemen, tek til å tvila. «Trur ikkje det går», tikkar det inn på mobilen frå den stadig meir nervøse historikaren Bjarte Bruland på Eidsvoll. To rundar seinare er Eitrem bak, med 0,12 sekund. Han har møtt veggen. No rasar det på, og ein ny klassisk kollaps er på gang på 10.000-meteren. Eitrem endar 13,68 sekund bak vinnaren.

Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid, med særleg ansvar for skeisedekninga.