JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Eit godt land for kaksar

Klasseskilnadene blir stadig større. I Noreg er formue no like skeivt fordelt som i Storbritannia. Må det vere slik?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg har fleire milliardærar enn dei fleste land i høve til folketalet. Her er to av deI, investorane Olav Thon og Stein Erik Hagen, i salen der sentralbanksjefen heldt årstalen sin i 2018.

Foto: Heiko Junge / NTB

10505
20210702

Store skilnader

Formue er i Noreg no like skeivfordelt som i Storbritannia og Frankrike.

Den rikaste prosenten av befolkninga har 20 prosent av formuen.

Dei rikaste 10 prosentane har 51 prosent av formuen.

Frå 1945 til 1980-åra vart både inntekt og formue stadig jamnare fordelt i Noreg.

Sidan 1990 har skilnadene auka att.

Under sentrumsregjeringa (1997–2000) og den første raudgrøne regjeringa (2005–2009) minka skilnadene.

Kjelde: Knut Halvorsen og Steinar Stjernø: Økonomisk og
sosial ulikhet i Norge (2021)

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Det blir ofte sagt at Noreg er eit land med små skilnader, og det stemmer på nokre måtar: Inntektsskilnadene her er lågare enn i dei aller fleste land, og alle har rett til gratis utdanning og nesten gratis helsetenester. I tillegg har Noreg eit oljefond som no utgjer over to millionar kroner per innbyggar.

Men når det gjeld privat formue, er ikkje Noreg så egalitært i det heile. Faktisk er formue i Noreg like skeivfordelt som i meir utprega klassesamfunn som Storbritannia og Frankrike. Konsentrasjonen av den private formuen hos eit fåtal er langt større her enn i land som Italia og Spania.

«Millom Kaksar eg litet kann trivast, millom Jamningar helst er eg nøgd», skreiv Ivar Aasen i «Nordmannen». Han ville ha mislikt utviklinga dei siste tiåra. I Noreg sit den rikaste prosenten av folket på 20 prosent av formuen, og dei rikaste 10 prosentane har 51 prosent av formuen. Og i høve til folketalet har Noreg fleire milliardærar enn USA.

Det veksande formuegapet er eit sentralt tema i den nye boka Økonomisk og sosial ulikhet i Norge av samfunnsforskarane Steinar Stjernø og Knut Halvorsen.

– Vi vart sjølve overraska over at skilnadene i formue har blitt så store, seier Stjernø til Dag og Tid.

– Stemmer det ikkje lenger at Noreg er eit egalitært land?

– Det er både rett og gale. Inntektsfordelinga er relativt jamn, og det er mykje likskap på mange område. Men vi har nok ikkje vore klare over kor mykje dei store formuane har auka dei siste tiåra. Det er no enorme skilnader mellom dei rikaste i Noreg og det store fleirtalet.

Meritokratiet

I boka peikar Stjernø og Halvorsen på eit anna paradoks: Noreg har som nemnt større skilnader i formue enn mange andre rike land. Samtidig syner spørjeundersøkingar at det er færre i Noreg enn i andre OECD-land som meiner at skilnadene er svært urettferdige.

– Kva kan dette kome av?

– Dei aller fleste i Noreg har fått det betre økonomisk dei siste åra. Det er viktigare for folk enn at somme andre får det enormt mykje betre. Medan andre land har hatt kutt i velferdsytingar og høg arbeidsløyse, har Noreg hatt velstandsauke for fleirtalet.

–?Nordmenn unner dei rike å bli rikare så lenge vi har det greitt sjølv?

– Det veit vi ikkje. Det spørjeundersøkingane viser, er berre at folk ikkje har vore særleg opptekne av det.

– I boka siterer de økonomen Thomas Piketty, som har skrive at alle samfunn må legitimere dei økonomiske skilnadene sine. Kva er den norske legitimeringa?

–?I Noreg er dei meritokratiske haldningane sterkare enn i dei fleste andre land. Mange meiner at når nokon har blitt rike, er det fordi dei har lagt ned ein spesiell innsats eller har eit spesielt talent.

– Vi meiner dei rike er rike fordi dei har vore flinke?

–?Eg trur det. Og truleg er det òg liten kunnskap om kor store skilnadene faktisk har blitt. Vi har fått meir bustadsegregering i dei store byane dei siste tiåra, og det fører til at folk veit mindre om korleis folk i andre delar av samfunnet lever.

Inga naturlov

Det er mange årsaker til at formuesskilnadene har auka i Noreg, men den viktigaste er at kapitalinntektene til dei rike og velståande har auka så mykje, går det fram av Økonomisk og sosial ulikhet i Norge.

– Dessutan har lønsskilnadene mellom leiarar og dei med låg inntekt auka, og dei høgtlønte kan i neste omgang skaffe seg større kapitalinntekter. Høy innvandring fører til at det blir fleire i dei lågaste inntektsgruppene. I tillegg kjem ein meir liberalisert arbeidsmarknad, kutt i nokre sosiale ytingar og redusert formuesskatt, seier Stjernø.

Så er spørsmålet: Korleis kan ein redusere skilnadene? Sidan 1980-åra har dei økonomiske skilnadene auka i heile den rike verda. Det kan gje inntrykk av at det nærast er naturlover som ligg bak, og at politikk spelar lita rolle. Mange viser til globalisering og teknologisk utvikling som drivkrefter bak dei veksande skilnadene.

–?Men fordeling er framleis i høg grad eit politisk spørsmål, understrekar Stjernø.

Utjamning

I boka skildrar han og Halvorsen korleis skilnadene har minka og vakse under skiftande regjeringar i etterkrigstida. Frå 1945 og fram til slutten av 1970-åra stod omfordeling heilt sentralt for Arbeidarpartiet, som stort sett hadde regjeringsmakta i desse åra, og dette hadde store verknader. Både skilnadene i formue og inntekt vart sterkt reduserte. I 1950 tente til dømes ein byråsjef i staten over 80 prosent meir enn ein industriarbeidar, og tidleg i 1970-åra tente byråsjefen berre 60 prosent meir. Skilnadene i bruttoløn mellom høgtlønte og lågtlønte var på sitt aller lågaste i Noreg kring 1980, og også fordelinga av formue vart mykje jamnare frå 1945 og fram til 1980-åra. Så tok den store utjamninga slutt, i Noreg som i mange andre land.

Vendepunkt

Under Willoch-regjeringane i 80-åra stagnerte utjamninga. Men skilnadene i Noreg tok ikkje til å vekse før under Brundtland-regjeringa på slutten av tiåret. Den økonomiske krisa på den tida skapte større skilnader gjennom auka arbeidsløyse. I tillegg kom innstrammingane til regjeringa for å få bukt med utanlandsgjelda. Og Ap-leiinga var ikkje lenger like oppteken av økonomisk utjamning, meiner Stjernø.

– Frå slutten av 1970-åra vart Arbeidarpartiet meir oppteke av ting høgresida normalt har lagt meir vekt på. Partiet endra haldning til økonomisk styring. Det var mindre keynesianisme og meir vekt på effektivitet. Ap ville nå fleire veljarar i middelklassen og la mindre vekt på omfordeling.

Tidleg i 1990-åra auka skilnadene svært raskt, dels fordi skattereforma i 1992 gjorde det meir lukrativt å ta ut aksjeutbyte. I 1986 fekk den rikaste tidelen av befolkninga 30 prosent av kapitalinntektene. I 1996 fekk den rikaste tidelen 73 prosent av kapitalinntektene, og i 2002 heile 91 prosent.

To unnatak

Sidan 1990 har skilnadene stort sett auka i Noreg. Men under to regjeringar minka skilnadene, syner Stjernø og Halvorsen i boka: Under sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik frå 1997 til 2000 og under den første raudgrøne regjeringa frå 2005 til 2009. Og dette var ikkje tilfeldig, meiner Stjernø. Båe desse regjeringane la vekt på å redusere dei økonomiske skilnadene.

– Under den første Bondevik-regjeringa vart minstepensjonen auka monaleg. I tillegg kom kontantstøtta, som i det minste innebar ei utjamning på kort sikt. Og Stoltenberg-regjeringa frå 2005 kom med ei skattereform som råka dei med store kapitalinntekter. Det bidrog til omfordeling. Under Solberg-regjeringane sidan 2013 har skilnadene auka uansett korleis ein måler det. Og skattepolitikken er ei av årsakene til dette.

Ulike mål

Det er fleire paradoks med den veksande skeivfordelinga i Noreg. I politikken er det knapt nokon som seier rett ut at dei meiner det er bra at skilnadene aukar.

– Når dei aller fleste politikarar seier at dei ikkje vil ha større økonomiske skilnader, kvifor er det da så vanskeleg å redusere skilnadene?

– Gjer dei aller fleste eigentleg det? Dei aller fleste seier at dei ønskjer eit Noreg med små skilnader, men få seier kva dei meiner med det. Dessutan har dei andre mål som bidreg til ulikskap: Dei vil ha økonomisk effektivitet, dei vil at velferdsytingane skal skape insentiv til å søkje arbeid, og så vidare. Og partia til høgre meiner det er viktigare å stimulere til investeringar.

Om det finst politisk vilje, er det fullt mogleg å redusere skilnadene i Noreg monaleg, meiner Stjernø. I boka listar han og Knut Halvorsen opp ei rekkje forslag til tiltak for omfordeling av velstanden. På eine sida: høgare formuesskatt (til dømes til 2013-nivået), høgare skatt på fast eigedom, høgare toppskatt og attinnføring av arveavgifta. Og på andre sida, for å lyfte golvet: å auke barnetrygda, heve minstepensjonen, auke foreldrefrådraget og gje 18-åringar eit startstipend i bustadmarknaden.

– Det er mange måtar å sleppe unna skatt på. I nær sagt alle land strevar styresmaktene med å tette hol i skattesystemet sitt. Er det mogleg å lukkast med dette i ei globalisert verd?

– Ja, i alle fall meir enn i dag. Å flytte skatt frå inntekt til eigedom og formue vil gjere det vanskelegare å lure unna kapital.

– Mange av dei som er under fattigdomsgrensa i Noreg, er innvandrarar. Er det mogleg å unngå at mange hamnar i relativ fattigdom når dei startar på berr bakke i Noreg?

– Det er vanskeleg å unngå ut frå dei tradisjonelle måla på fattigdom. Det viktigaste er at innvandrarane ikkje blir låste fast i fattigdommen. Det krev ein aktiv integreringspolitikk både for barn og for vaksne, seier Stjernø.

Meir merksemd

Når politikarane har late skilnadene vekse i Noreg, kunne dei lenge gjere det i visse om at økonomisk omfordeling ikkje var spesielt viktig for veljarar flest.

Rett nok seier eit stort fleirtal i meiningsmålingar at styresmaktene bør redusere dei økonomiske skilnadene. I 2018 sa til dømes 70 prosent seg samd i dette, medan berre 10 prosent var usamd. Men med eit lite unnatak i 1993 har ikkje fordeling vore blant dei aller viktigaste spørsmåla for veljarane. Før no.

I ei Norstat-undersøking i april, der deltakarane vart spurde om kva saker som var viktigast for dei ved stortingsvalet, kom «sosiale forskjeller i samfunnet» heilt på topp.

– Årsaka er nok først og fremst at ulikskapen i Noreg er blitt tydelegare og tydelegare, seier Steinar Stjernø.

– Vi har fått mykje meir kunnskap om skilnadene. Og vi ser òg ein internasjonal trend der organisasjonar som OECD har endra meining og no legg vekt på at stor ulikskap kan hemme den økonomiske veksten.

Dersom skilnadene held fram med å auke i Noreg, kan skadeverknadene bli alvorlege, meiner Stjernø.

– Det kan føre til at fleire opplever at dei står utanfor samfunnet, og dei kan misse tilliten til dei politiske institusjonane og til medborgarane. Det kan òg føre til skarpare politiske motsetnader.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er no enorme skilnader mellom dei rikaste i Noreg og det store fleirtalet.

Steinar Stjernø

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis