JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Odesa i krigstid

Sist laurdag var det ei framsyning av Don Quijote i opera- og balletthuset i Odesa. Det var så å seie fullt, sjølv om framsyninga byrja klokka 16. Det kjem av at framsyningar på dagtid vert vurderte som tryggare enn om dei skulle vere på kveldstid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Don Quijote av Cervantes på Odesa-balletten.

Foto: Odessa National Academic Opera and Ballet Theatre

10991
20220819
10991
20220819

På plakaten for framsyninga står det framleis at balletten er koreografert av den heidra russiske kunstnaren Jurij Vasyutsjenko. For ikkje lenge sidan var han sjefkoreograf ved Odesa-balletten, men no arbeider han i Kasakhstan, ved Abai-balletten i Almaty. Det er armenske Garry Sevojan som no er sjefkoreograf ved Odesa-balletten. Og den gjestande sjefdirigenten er Hirofumi Yoshida frå Japan. Blant dansarane og musikarane er det mange frå nabolandet Moldova.

Operahuset i Odesa er Odesa i miniatyr. Ein kosmopolitisk by bygd av baskarar, spanjolar og franskmenn. Ein av dei første borgarmeistrane i byen var hertugen av Richelieu. Han har fått sitt monument på toppen av den kjende Potemkin-trappa, som leier ned til passasjerhamna i Odesa, ei hamn som no ikkje er i bruk.

Hertugen av Richelieu var både borgarmeister og generalguvernør i Odesa. Da Bourbon-slekta vann att trona i Frankrike, drog han attende til heimlandet og vart statsminister i regjeringa til Ludvik XVIII. Det var han som sette fart på utviklinga av hamna i Odesa, der det no under krigen vert skipa ut kveite, mais og andre matvarer.

Dei to siste vekene har ikkje Odesa blitt bomba, og livet, særleg det kulturelle og gastronomiske, har blømt nesten som før krigen. Den mest berømte Odesa-basaren, Privoz, er open. Det er berre fiskediskane som er så godt som tomme – det er forbode for fiskarar å dra ut på sjøen. Odesa utan fersk fisk er ein av dei klaraste kjenneteikna på krig i denne byen. Det var det same under andre verdskrigen, da Odesa var okkupert av styrkar frå Romania – allierte med Hitler. Til gjengjeld er det frukt og grøn­saker å få, og prisane på dei har auka lite, sjølv om hryvniaen har gått merkbart ned i verdi mot dollar og euro.

Turistar, flyktningar frå Aust-Ukraina og fastbuande har alt funne ut kvar det er meir eller mindre trygt å bade i sjøen ved Odesa. Trass i det offisielle forbodet mot å dra til stranda, og at folk har mista livet på grunn av undervassminer (det siste er at ei mine nær stranda i Zatoga drap to menneske og skadde eit anna), badar folk framleis langs heile kysten i Odesa-regionen. Kysthotell og rekreasjonssenter er i full sving.

Lokale vindyrkarar leverer vin på fat til strandbarar og kafear. Vassmelonar frå den sørlege delen av Odesa-regionen er like søte som dei meir kjende vassmelonane frå Kherson. Og no lyt dei erstatte Kherson-produkta, ettersom russiske styrkar ikkje tillèt bøndene i Kherson å sende noko som helst til dei ikkje-okkuperte områda i Ukraina.

Likevel vert Odesa-regionen stadig mint om krigen, om ikkje sjølve Odesa. Russiske styrkar veit at kystlina i Odesa er verna av amerikanske Harpoon-missil, så russisk etterretning er heile tida på utkikk etter desse missila for å øydeleggje dei.

Ingen veit eigentleg om Russland har klart å finne og øydeleggje ei einaste utskytingsrampe, men russiske missil blæs jamt i vêret hangarar og lagerbygningar på Odesa-kysten. Openbert er det der dei trur den ukrainske hæren gøymer våpena sine. Det var derfor ei skur av rakettar vart send over den mest populære badestaden i Zatoka og drap fleire turistar og etterlèt hotell og kafear i ruinar.

I Odesa-regionen er det slik at om sumaren blir til og med flyktningar «ferierande». Særleg dei som kan betale for opphaldet på campingplassar og hotell. Men snart kjem hausten, og frå slutten av september vil alle «ferierande» som er att i regionen, bli oppfatta som flyktningar. Mange av dei som no betaler for å bu i feriehus, vil få høve til å bu der gratis i vinter.

Det einaste problemet er oppvarming. Dei fleste hus og hotell har rett og slett ikkje utstyr til oppvarming, ettersom dei berre er i bruk i sumarsesongen.

Russiske rakettstyrkar, saman med Hovuddirektoratet for etterretning i det russiske forsvarsdepartementet, har full merksemd retta mot Odesa-regionen. Dei ser ikkje berre etter utskytingsrampar for rakettar, men òg etter andre militære installasjonar og plasseringar.

For å greie dette leitar russisk etterretning aktivt i Odesa og regionen etter moglege ukrainske forrædarar, særleg blant russiske borgarar som har budd lenge i Ukraina. Det er lettare å forhandle med russiske borgarar, dei kan pressast med slektningar som har blitt att i Russland.

Men sjølvsagt er det òg nok av russiskvenlege ukrainarar. Slike får tilbod om tilleggsinntekter frå Russland, pengar som blir sette direkte inn på kontoen deira. Det krevst berre at dei ruslar eller køyrer rundt ikring i Odesa og regionen, fotograferer alt som er knytt til den ukrainske hære, skriv ned koordinatane og sender det over internett.

Den ukrainske tryggings­tenesta minner stadig borgarane om å halde auge med alle som fotograferer militære og sivile installasjonar, og rapportere dei til tryggingstenesta eller politiet. Alle får denne påminninga jamleg på mobiltelefonen, det gjeld meg òg.

Dei ukrainske mannskapa som driv kontraspionasje, ligg heller ikkje på latsida. Sjølvsagt er dei særleg interesserte i russiske borgarar som bur i Ukraina. Det er mange av dei – 175 000, ifølgje offisiell statistikk. Dei fleste av dei er på Ukraina si side i denne krigen. Men det er fullt opp av unntak. Til forskjell frå ein ukrainsk borgar kan ein utanlandsk borgar som bur i Ukraina, ikkje bli tiltala for forræderi. Han kan berre tiltalast for å hjelpe fienden eller for spionasje. Dette kan likevel gje han eller henne 15 år i fengsel.

Nyleg dømde Primorskij-retten i Odesa ein russisk borgar som budde i Odesa, til to og eit halvt års fengsel for å ha skaffa russisk etterretning informasjon om plasseringa av ukrainske militærinstallasjonar. Han var opphavleg frå Moskva og arbeidde tidlegare ved Instituttet for kjerneforsking ved Det russiske vitskapsakademiet.

Så flytta han for å bu saman med den ukrainske kona si i Odesa. Den korte fengselsstraffa har gjort mange ukrainarar rasande, og enda ein gong har det vore ymta om korrupsjon i det ukrainske rettsstellet. Men denne gongen var det ikkje snakk om vanleg korrupsjon i samband med ei rettsavgjerd. Den dømde russiske borgaren ikkje berre angra inderleg, men gav òg nesten hundre tusen dollar til den ukrainske armeen under granskinga av saka.

Han muta altså ikkje domaren, noko som er temmeleg vanleg i Ukraina, men gav pengar til den ukrainske stridsmakta. Etter mi meining burde denne saka fått stor offentleg merksemd, slik at russiske spionar som blir tekne i framtida, får vite korleis dei kan få lågast mogleg straff for brotsverka sine.

Odesa-venen min Konstantin er ein pensjonert journalist som ikkje kan treffe kona si – ho har sete fast i Moskva sidan krigen braut ut. I mange år delte ho livet mellom to byar: Odesa og Moskva, der den eldste sonen deira slo seg ned, og der ho såg etter barneborna sine. I Moskva fekk ho russisk pass og søkte om pensjon, sjølv om ho var fødd og budde i storparten av livet sitt i Odesa.

Før krigen besøkte ho Konstantin ofte, og siste gongen gav ho han det russiske pensjonsbankkortet sitt. Den ukrainske pensjonen hans på 160 euro i månaden var likevel ikkje nok til å leve av. Sidan krigen tok til, har alle russiske bankkort blitt blokkerte, og Konstantin har ikkje lenger tilgjenge til dei ekstra pengane. Det inneber at det ikkje finst pengar til medisinar og behandling av augesjukdom. Han er nesten blind.

Fleire og fleire familiar er splitta av det russiske passet til ein av ektefellane. Russiske borgarar med mellombels opphaldsløyve får ikkje lenger fornye det og lyt forlate Ukraina. Til liks med belarusiske borgarar. Dei som har budd lenge i Ukraina og har permanent opphaldsløyve, får vere, sjølv om ukrainske spesialtenester nok vil halde auge med slike folk.

I Odesa heldt etterretningstenestene oppsyn med familien til eigarane av fire populære hotell, mellom dei Mozart Hotel nær operahuset, der eg har vore så heldig å bu fleire gonger.

Heile Akivison-familien er russiske borgarar og bur i St. Petersburg. Lina Akivison, dottera til grunnleggjaren av hotellselskapet, klarte på eit eller anna vis å få ukrainsk pass utan å kome til Ukraina. Ho fekk til å omregistrere hotella i sitt eige namn, som ukrainsk borgar. Først i april i år, etter journalistisk gransking, vart det opna straffesak for å ha skaffa seg ukrainsk borgarskap på ulovleg vis.

No er hotella overførte til Statens komité for styring av beslaglagde verdiar, ARMA. Lina Akivison sjølv har heilt sidan krigen starta, offentleg forsvart handlingane til den russiske hæren i Ukraina og støttar annektering av dei okkuperte ukrainske territoria.

Vi kan truleg gå ut frå at ho ikkje vil angre på at ho fekk ukrainsk pass på illegal måte, tydeleg nok ved hjelp av muting. Det er også lite truleg at ho vil donere pengar til den ukrainske hæren. Men ho vil heller ikkje ha inntekter frå hotella i Odesa.

Ifølgje lova som vart vedteken av det ukrainske parlamentet tidleg i mars 2022, vil alle verdiar som tilhøyrer russiske juridiske subjekt bli konfiskerte utan godtgjersle, og inntektene frå salet av dei vil gå inn i det ukrainske statsbudsjettet.

Heilt i byrjinga av krigen i Odesa var det klart for opning av eit nytt, privat museum for samtidskunst. Det skulle liggje i lokala frå sovjettida etter champagneprodusenten i Odesa, som nyleg gjekk konkurs. Krigen gjorde at opninga av museet laut utsetjast. Samlinga av samtidskunst som skulle pynte opp veggene i dei tidlegare produksjonslokala, er mellombels flytta til Vest-Ukraina.

Men Odesa-champagnen, som denne produsenten klarte å lage før portane vart stengde, er framleis i sal i Odesa, Vinnytsja og Kyiv. Det vart laga så mykje champagne at det truleg vil vere nok til den framtidige feiringa av ein ukrainsk siger, eller rett og slett markeringa av slutten på krigen.

Det er ikkje stor etterspurnad etter champagne i Ukraina no. Det er framleis tradisjon å drikke dei edle dropane ved teaterframsyningar, som, gudskjelov, er i gang att. Så boblevinen vil nok bli drukken i pausane ved opera- og balletthuset i Odesa, ved disken i andre høgda, der teaterelskarar til vanleg også kan få snittar med raud kaviar.

Odesa har alltid freista leve glamorøst, og byen prøver å halde dette ved lag sjølv om det er krig. Pussig nok verkar det heilt normalt og irriterer ingen. Odesas første guvernør var trass alt fransk, og han må ha bringa med seg ein kjærleik til luksus og champagne til byen.

Andrej Kurkov

Omsett at Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til forskjell frå ein ukrainsk borgar
kan ein utanlandsk borgar som bur i Ukraina, ikkje bli tiltala for forræderi.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis