Nybø vedgår ingen feil
Tidlegare statsråd Iselin Nybø (V) meiner ho var i sin fulle rett til å bryte taket i leiarlønssystemet i staten då ho tilsette direktør i Eksportfinansiering Noreg.
Tidlegare næringsminister Iselin Nybø (V) før oppfølginga av statens leiarlønssystem med kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget måndag denne veka.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Leiarløner
vidar@dagogtid.no
Nybø møtte måndag til «grilling» i kontrollkomiteen på Stortinget. Der opplyste ho at ho hadde «politisk forankring» ved å ha innhenta samtykke frå kommunalministeren, Nikolai Astrup (H). Astrup sjølv stadfesta dette då han forklarte seg for komiteen. Høyringa var eit resultat av Dag og Tids avsløringar i oktober i fjor.
Kronargumentet deira var at Regjeringa stod fritt til å gi dispensasjon frå leiarlønssystemet sidan det var Regjeringa som hadde gjeve regelverket. Ingen av dei to eksstatsrådane ville svare på om andre regjeringsmedlemer eller heile Regjeringa var involvert då Nybø tilsette direktøren som fekk ein løn på «minst» 2,5 millionar kroner, 25 prosent over lønstaket på to millionar.
Nybø argumenterte med at det var «tvingande nødvendig» å tilby denne løna for å få rekruttert den ho ville ha i stillinga. Nybø tok ingen sjølvkritikk, heller ikkje når det galdt manglande informasjon om brotet med retningslinene til Stortinget.
Astrup vedgjekk derimot at sett i ettertid burde nok Stortinget ha blitt informert, ikkje av han, men av Nybø, som var konstitusjonelt ansvarleg for avgjerda.
Tonen var ein heilt annan då to av dagens regjeringsmedlemer, kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), forklarte seg for komiteen.
Gjelsvik var krystallklar på at han aldri ville ha sagt ja til å gå ut over taket for leiarlønssystemet utan at det hadde vore behandla og godkjent av ei samla regjering. Og han ville også då ha endra retningslinene for leiarlønssystemet, slik at det vart tydeleg for alle kva som var gjeldande reglar. Han slo også fast at det ikkje er aktuelt å gje lønstillegg til dei fire leiarane som nå stangar i taket med to millionar i løn.
Vestre for sin del måtte under høyringa opplyse at han hadde godkjent å gje direktøren i Eksportfinansiering Noreg eit lønstillegg på 45.000 kroner i fjor, slik at løna nå er på 2.545.000 kroner. Han vedgjekk at det hadde skjedd utan at saka var teken opp med kommunalministeren, og at det burde han ha gjort. Han forsvarte seg med at styret meinte at direktøren burde fått 3,7 prosent og ikkje 1,8 prosent, som ho fekk.
Opplysningane frå Vestre sokk i komiteen. Fleire var undrande til at det i det heile var gjeve lønstillegg.
Gjelsvik sa at han ville ha hatt denne saka opp i Regjeringa til godkjenning, om han var blitt spurd.
Det står att å sjå kva komiteen gjer vidare i saka.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.