Norskfinansiert rettsstat i forvitring
Juristar har bede Noreg stoppe milliardutbetalingar til Polen etter omfattande endringar i det polske rettsvesenet. – Polen mislegheld heile EØS-avtalen, seier jussprofessor Terje Einarsen.
Styreleiar Terje Einarsen i den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen meiner det er uansvarleg av Noreg å halde fram med å gje EØS-bidrag til Polen.
Foto: Eva Aalberg Undheim
EØS-midlane
Økonomiske bidrag knytte til EØS-avtalen frå EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein til dei 15 minst velståande landa i EU.
Noreg står for over 95 prosent av bidraga.
Midlane skal bidra til sosial og økonomisk utjamning i mottakarlanda.
Midlane vert delte ut i femårsperiodar etter avtale mellom EFTA-landa og EU. For perioden 2014–2021 er det sett av det som svarar til nær 28 milliardar norske kroner til ordninga.

eva@dagogtid.no
Det er lite som går i rett retning for rettsstaten og demokrati i Polen for tida. På rankingane til den amerikanske stiftinga Freedom House vert ikkje landet lenger kategorisert som eit liberalt demokrati. Polen er òg landet som har falle raskast på demokratiindeksen Variety of Democracy dei siste ti åra. Særleg utviklinga i det polske rettsvesenet har bidrege til fallet.
Sidan det nasjonalkonservative Lov- og rettferdspartiet kom til makta i 2015, er det, som Dag og Tid har skrive om tidlegare, mellom anna innført ein lov som inneber at polske dommarar kan bøteleggjast – og miste jobben – om dei kritiserer justispolitikken til regjeringa. Det er òg oppretta eit disiplinærkammer i høgsterett som kan gripe inn mot dommarar som ikkje gjer jobben rett. Domstolar og disiplinærkammeret er fylte opp med folk som er lojale til regjeringa, og nesten alle dommarane i grunnlovsdomstolen er utnemnde av regjeringa.
EU har reagert på desse endringane, og kommisjonspresident Ursula van der Leyen har varsla at det kan verte aktuelt å halde tilbake budsjettstøtte og koronakrisemidlar til Polen om ikkje utviklinga i rettsvesenet snur.
I Noreg har både den førre og den noverande utanriksministeren uroa seg over utviklinga i justissektoren, men ingen av dei har teke til orde for å halde tilbake den norske pengestøtta til Polen, EØS-midlane, av den grunn.
Jussprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen meiner det er på høg tid at regjeringa no gjer det. Han kallar det som går føre seg i Polen, ei knusing av maktfordelingsprinsippet demokratiet byggjer på, og han meiner det er uansvarleg av Noreg å halde fram med EØS-bidraga.
– Smør regimet
Einarsen er styreleiar i den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen (ICJ Norge), ein uavhengig organisasjon av juristar. I eit ope brev til norske styresmakter har ICJ Norge bede om at alle EØS-midlane som går via polske styresmakter, vert stoppa. Midlane som er øyremerkte sivilsamfunnet og vert forvalta av ei uavhengig stifting, kan, slik dei ser det, halde fram.
Sivilsamfunnet får derimot berre litt over 7 prosent av dei samla EØS-midlane til Polen, som for perioden 2014 til 2021 er på 809 millionar euro, det vil seie over 8 milliardar norske kroner.
Polen er det største mottakarlandet av EØS-midlar og får nær 29 prosent av den samla potten som skal bidra til økonomisk og sosial utjamning i dei 15 minst velståande EU-landa. Det er Noreg, Island og Liechtenstein som saman bidreg med EØS-midlar, men Noreg står for over 95 prosent av bidraga.
Einarsen meiner at det å halde fram med å gje EØS-midlane kan bidra til å gjere vondt verre i Polen.
«Støtten fra Norge smører det polske regimets tannhjul, som ubønnhørlig arbeider for å trekke det polske statsapparatet i autoritær retning», heiter det i brevet ICJ Norge har sendt til både regjeringa og partia på Stortinget.
Der vert det òg synt til at EØS-midlane kan verte misbrukte, i og med at det har vorte avdekt at det polske justisdepartementet har misbrukt eit nasjonalt justisfond, utan at det har fått verken politiske eller rettslege konsekvensar for dei involverte.
– Den polske dommarforeininga, som er uavhengig av polske styresmakter, meiner òg at pengane Noreg overfører til polske styresmakter, er med på å bidra til å auke undertrykkinga og gjere det vanskelegare for dei å arbeide, seier Einarsen.
EØS-midlar til Polen 2014-2021 fordelte på program
Rammeverket
Verken den førre eller den nye norske regjeringa ser ut til å dele synspunkta til ICJ Norge.
Rett nok nekta Solberg-regjeringa å gje EØS-midlar til kommunar i Polen som har erklært seg som såkalla LHBTI-ideologifrie soner, med grunngjeving om at slike erklæringar «kommer i konflikt med det felles europeiske verdigrunnlaget som EØS-prosjektene skal bygge på», ifølgje NTB. LHBTI er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og inkjekjønnspersonar.
I fjor vart òg justissamarbeidet med Polen under EØS-midlane endra etter at Domstolsadministrasjonen, som var norsk samarbeidspartnar, meinte at den politiske kontrollen over domstolane i Polen hadde gått så langt at eit samarbeid ikkje var forsvarleg. Like fullt bidreg Noreg framleis med nær 80 millionar euro til justissektoren i Polen gjennom eit justisprogram og eit innanriksprogram.
Dåverande utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) sa i vår at ho meinte det var forsvarleg å halde fram samarbeidet med Polen finansiert av EØS-midlane, og at samarbeidet hadde stor verdi og bidrog til auka forståing og samarbeid, som igjen kunne bidra til demokratisk utvikling og vern om rettsstatsprinsipp.
Noverande utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) har indikert at regjeringa ikkje har fleire sanksjonshøve gjennom EØS-regelverket enn dei som alt er tekne i bruk. Avtalane med EU og kvart av dei 15 mottakarlanda om EØS-midlane, og regelverk og forskrifter, inkluderer reglar for kva tid Noreg som gjevarland eventuelt kan gripe inn for å stoppe overføringar, program eller ulike prosjekt.
– I tråd med gode rettsstatsprinsipp held vi oss til dette rammeverket når vi gjer vurderingane våre og når vi set i verk sanksjonar, sa ho i Stortinget førre veke.
Misbruk
Kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde i Utanriksdepartementet (UD) skriv i e-post til Dag og Tid at alle programma og prosjekta som vert finansierte gjennom EØS-midlane, må vere i tråd med regelverket og respektere grunnleggjande verdiar, og at alle programma er gjenstand for ei løpande vurdering for å sjå om dette kravet er oppfylt.
– ICJ Norge meiner det kan vere mistanke om misbruk av midlane til Polen, særleg etter avsløringa av misbruk av det polske justisfondet. Er regjeringa viss på at midlar frå Noreg ikkje vert misbrukte?
– Så langt har verken UD eller sekretariatet for EØS-midlane i Brussel motteke rapportar eller informasjon om misbruk av EØS-midlar under justisprogramma i Polen. Ved mistanke om regelbrot vert det sett i verk tiltak for å undersøkje saka, til dømes ved ekstern revisjon av aktivitetane. Det ein òg kan merke seg, er at det polske justisfondet ikkje er tilknytt programma som vert finansierte av EØS-midlane, seier Lunde.
– Kva resultat har EØS-midlane til justissektoren i Polen i perioden 2014 til 2021 ført til så langt?
– Gjennomføringa av programma i justissektoren i Polen er i startfasen, og prosjekta kan gjennomførast til og med april 2024. Hovudmålsetjinga for programma er å styrkje justisfeltet i Polen, og det er lagt opp til aktivitetar innan kriminalomsorg, internasjonalt politisamarbeid, asyl og migrasjon, nedkjemping av vald i nære relasjonar og kriseberedskap, svarar Lunde.
Bryt EØS-avtalen
Slik Einarsen vurderer det, treng ikkje Noreg påvise regelbrot og misbruk av EØS-midlane for å stoppe pengeoverføringane til Polen.
– Det som er det heilt sentrale her, er knusinga av maktfordelingsprinsippet. Rettstryggleik og uavhengige domstolar er blant fundamenta for EØS-avtalen. Polen mislegheld heile EØS-avtalen, og då følgjer det av alminneleg folkerett at andre avtalepartnarar kan setje i verk proporsjonale tiltak, seier han.
– Noreg har trekt seg frå ein del av justissamarbeidet og nekta å utbetale EØS-midlar til kommunar som erklærte seg som LHBTI-ideologifrie. Er ikkje slike tiltak både meir målretta og ryddigare enn å stoppe alle midlane?
– Nei, absolutt ikkje, for då står ein ikkje opp for dei grunnleggjande verdiane. Maktfordelingsprinsippet og det å ha ei uavhengig tredje statsmakt er heilt grunnleggjande for demokrati. Det er det grunnlova vår byggjer på, og det er det den polske grunnlova, EU-retten og menneskerettane byggjer på. Når andre statlege styresmakter ikkje står opp for desse prinsippa når dei vert brotne i så vesentleg grad som dei gjer i Polen, kan det få store negative følgjer, meiner Einarsen.
Ventar EU-avklaring
– EU har ikkje kutta si pengestøtte til Polen.
– Nei, men førebels er det heller ikkje betalt ut midlar for 2022. Det er heller ikkje betalt ut midlar til Polen frå EUs gjenoppbyggingsfond etter pandemien enno. EU etablerte i fjor eit særskilt regelverk om kondisjonalitet, som vil seie at det er mogleg å nekte å betale ut pengar til land som bryt med rettsstatsprinsipp. Dermed er det eit ope spørsmål om Polen kjem til å få midlane. Polen og Ungarn klaga regelverket om kondisjonalitet inn for EU-domstolen, men samstundes har EU-parlamentet gått til sak mot EU-kommisjonen for ikkje å ha sett i verk økonomiske sanksjonar mot Polen enno, så det skjer fleire ting i EU.
– Meiner du at EU har gått lenger enn Noreg i å presse Polen?
– Det står att å sjå. Noreg har stoppa nokre få, men konkrete tiltak og midlar. EU har ikkje utbetalt dei store pengane enno, men det er framleis uavklart kva som skjer. Eg trur EU-domstolen kjem til å kome til at regelverket om kondisjonalitet er i samsvar med EU-traktaten. Men etter mi meining treng dei eigentleg ikkje det regelverket heller. I dette tilfellet gjev den alminnelege folkeretten tilstrekkjeleg grunnlag for å stoppe utbetalingane til Polen, seier han.
– Meir diskutabelt
Einarsen meiner òg at Noregs behandling av Polen står i kontrast til at regjeringa i sommar vedtok å trekkje tilbake alle EØS-midlane – rundt 2,3 milliardar norske kroner – til Ungarn. Avgjerda vart teken på bakgrunn av at gjevarlanda Noreg, Island og Liechtenstein ikkje lukkast å kome til semje med Ungarn om kva for fondsoperatør som skulle forvalte dei 100 millionane, om lag 4 prosent, av midlane som skulle gå til sivilt samfunn.
Lunde i Utanriksdepartementet syner til at det i rammeavtalen som vart inngått med Ungarn i desember 2020, var lagt inn ein klausul om at ingen av programma kom til å verte gjennomførte dersom det ikkje vart semje om oppnemninga av ein fondsoperatør for fondet for sivilt samfunn innan ein frist i juli 2021.
Einarsen stussar over grunngjevinga.
– Eg seier ikkje at det ikkje var rett å stoppe utbetalingar til Ungarn, men eg meiner det er meir diskutabelt å stoppe alle midlane til Ungarn ut frå ei grunngjeving som er knytt til ein liten prosentdel av beløpet, enn det ville vore å stoppa midlane til Polen. Ein kan jo difor lure på om det òg finst andre grunnar til at alle midlane til Ungarn vert stoppa, som faren for misbruk av midlar og den problematiske rettsstatssituasjonen også der, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den alminnelege folkeretten gjev tilstrekkjeleg grunnlag for å stoppe utbetalingane til Polen.
Terje Einarsen, jussprofessor og styreleiar i ICJ Norge
Fleire artiklar
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Foto: Dagfinn Nordbø
«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.