Kommentar

Lovløyse i ei ny verd

USA er på veg tilbake til fortida etter aksjonen mot Venezuela.
  

Caption: U.S. President Donald Trump reacts as he leaves after a press conference following a U.S. strike on Venezuela where President Nicolas Maduro and his wife, Cilia Flores, were captured, from Trump's Mar-a-Lago club in Palm Beach, Florida, U.S., January 3, 2026. REUTERS/Jonathan Ernst
USAs president Donald Trump på veg ut etter pressekonferansen der han informerte om den militære spesialoperasjonen mot Venezuela 3. januar.
Publisert Sist oppdatert

Putin og Trump er hovudpersonane i eit politisk satireprogram som sirkulerer på Instagram. I siste versjon ringjer Putin-figuren til Trump-figuren for å gratulere: «Du gjorde det!» «Kva?» «Ein militær spesialoperasjon», seier figuren med tjukk russisk aksent. Trump-figuren strålar.

Den verkelege Trump strålte òg på pressekonferansen då han skrytte over kidnappinga av Venezuelas president. Operasjonen var teknisk-militært perfekt.

«Det kunne vore eit TV-show», sa Trump.

Showet stal mykje av merksemda frå det faktumet at operasjonen var fullstendig lovlaus etter folkeretten. Trump-regjeringa freista ikkje eingong å formulere eit juridisk grunnlag for aksjonen. Å handle utan fullmakt frå Kongressen var truleg også eit lovbrot.

På same måte som i oppløpet til åtaket såg vi i staden ei erklæring av retten til å bruke rå makt, og ei stormakt i fullt sprang mot fortida, nærare bestemt Monroe-doktrinen av 1823, der USA gjorde krav på kvasi-imperialistiske rettar i regionen.

Vi har vore der før, sist i 1989 då president George Bush (den eldre) gav ordre om å arrestere Panamas president Manuel Noriega. Men det gjekk føre seg i ein helt annan internasjonal samanheng og er ein mykje sitert, men noko villeiande fotnote.

Ei ny verd

I 1989, berre nokre få veker etter USAs operasjon for å ta Noriega, fall Berlinmuren. Det var ikkje lenger tvil om at den internasjonale ordenen som var bygd opp under den kalde krigen, var i ferd med å falle saman. Ei ny verd var i emning.

Dei tidlege 1990-åra hadde ein særprega optimistisk og kanskje litt naiv tone. USA var den einaste attlevande supermakta, men rolla var pakka inn i ein felles retorikk – delt av regjeringa til Bush den eldre – om at det innebar ansvar for å gjere verda betre for alle. Ei humanitær verdsordning skulle skapast. Folkeretten skulle vidareutviklast, og arbeidet med å etablere ein internasjonal domstol byrja. I militære operasjonar skulle FN ha ei definerande og legitimerande rolle, medan USA hadde utøvande makt.

I kraft av denne rolla tok USA på seg to store militæroperasjonar – i det som blei den første Irak-krigen i 1990–91, og året etter i Somalia. Begge operasjonane var lenge og grundig debatterte i FN og blei legitimerte med eit utal FN-resolusjonar.

Lovløyse sett i system

Verda i dag ser heilt annleis ut. Store og mindre statar tek seg til rette på ein måte som utfordrar både folkeretten og grunnleggjande moralske prinsipp om bruk av makt. Russland i Ukraina, Israel i Midtausten. For nokre år sidan verka det utenkjeleg at eit folkemord kunne skje for open scene og i sakte fart. I to år har vi sett det gå føre seg. Det utenkjelege har blitt ein del av kvardagen.

Vice President Delcy Rodriguez is being sworn-in as Venezuela's interim president by National Assembly President Jorge Rodriguez, after the U.S. launched a strike on the country and captured President Nicolas Maduro and his wife Cilia Flores, in Caracas, Venezuela, January 5, 2026. Marcelo Garcia/Miraflores Palace/Handout via REUTERS ATTENTION EDITORS - THIS IMAGE HAS BEEN SUPPLIED BY A THIRD PARTY TPX IMAGES OF THE DAY
Visepresident Delcy Rodriguez innsett som mellombels president i Venezuela 5. januar.

Trumps aksjon i Venezuela glir saumlaust inn i dette mønsteret.

Den tidlegare politikken til Trump-regjeringa har bidrege til mønsteret. Dei har gjort lite eller ingenting for å moderere konfliktane i Midtausten og Europa. Dei har marginalisert FN, sanksjonert Den internasjonale straffedomstolen og for det meste sabotert arbeidet til Tryggingsrådet. Trump sin såkalla fredsplan for Gaza er lagd på hylla. Amerikanske fly bombar Iran, Jemen og – for litt sidan – Nigeria.

Dette går føre seg utan freistnad på internasjonal legitimering. FN-resolusjonar og mandat ville i det minste krevje grunngjeving og open diskusjon, og gje tid til å utforske alternativ.

Aksjonen i Venezuela er difor mykje meir urovekkjande enn Noriega-episoden. Aksjonen peikar mot ei systematisk lovløyse som grev djupt i grunnmuren til ein internasjonal verdsorden basert på klåre rettsprinsipp og felles institusjonar.

Eit anna USA

Det har ikkje alltid vore slik. Sjølv då USA var einsleg supermakt tidleg på 1990-talet, sørgde Washington for å få alliert støtte og legitimering frå FN for internasjonale operasjonar. Under Golfkrigen i 1990–1991 – som reverserte Iraks invasjon av Kuwait – deltok 42 nasjonar i ein koalisjon leia av USA. Danmark sende kystvakta og Noreg bidrog med medisinsk personell. Ti år seinare arbeidde regjeringa til Bush den yngre iherdig og lenge for å få eit FN-mandat for å invadere Irak. I 2001 leia USA invasjonen av Afghanistan med FN-mandat i ryggen. USA sette rammene for den seinare administrasjonen av landet, men inviterte FN og eit mylder av statar og organisasjonar til aktiv deltaking.

Kjenneteiknet på ei stormakt, skulle ein tru, var kor mange småstatar som låg i kjølvatnet.

Vind frå sør

Trump-regjeringa syner inga interesse for internasjonal støtte og legitimering. Den forsiktige oppfordringa til EU om at USA bør støtte FN og folkeretten, var uttrykk for småstatens gamle strategi om å halde seg trygt i kjølvatnet til stormakta. Trump blei neppe imponert. Og skal han høyre på kritikk, må sterkare lut til. Ben Saul, FNs spesialrapportør for menneskerettar og kontraterrorisme, tilrår statar å redusere økonomisk og militært samarbeid med USA og å bruke Washingtons eigen sanksjonsmedisin. Det er ein ambisiøs plan, men den sterke protesten frå fem latinamerikanske land og Spania i helga syner at ei viss mobilisering er i gang. Det neste initiativet til ein meir lovbasert verdsorden blæs kanskje inn med ein frisk bris frå sør.