Kommentar
Åtte av dei ti fremste realfagsuniversiteta i verda er kinesiske. Det fortel oss noko om framtida.
Kunsten å bygge ei supermakt
Høyr artikkelen:
Det er ein risikosport å skulle tenke stort om Kina og verda. Faren er overhengande for å bli like patetisk som hovudpersonen i Dag Solstad-romanen Arild Asnes, 1970, han som ligg på ein divan i Jens Bjelkes gate i Oslo og tenker på det store kinesiske folket. Likevel: Dei politiske og økonomiske forskyvingane i verda no er så raske og omfattande at det er verdt å prøve å forstå kva som skjer.
Nokre store tal først: Kina har 1,4 milliardar innbyggarar. EU har 449 millionar og USA har 347 millionar. I det som blir kalla nominelt bruttonasjonalprodukt (BNP), er USA framleis klart størst med 30 billionar dollar, medan Kina og EU ligg omtrent likt med 19 billionar dollar kvar.
Kina vart den største eksportøren i verda alt i 2009.
Men om vi ser på kjøpekraftjustert BNP, som tek omsyn til kor mykje ein faktisk får kjøpt for pengane i kvart land, er Kina alt den største økonomien i verda med 35 billionar dollar, langt framfor USAs 29 billionar og EUs 22 billionar. Dette er i seg sjølv ei vesentleg endring i den økonomiske maktbalansen på kloden – attende til den historiske normalen, om vi ser ting i tusenårsperspektiv. Det er typisk kinesisk å vere størst.
Nesten alt
Den store kinesiske befolkninga er sjølvsagt ei viktig årsak. Tek vi omsyn til dette, er Kina framleis langt fattigare enn dei vestlege landa. Nominelt BNP per innbyggar i USA er dobbelt så stort som i EU og over seks gonger så stort som i Kina. Dette handlar om produktivitet – enkelt sagt kor mykje ein gjennomsnittsarbeidar i eit land produserer på eit år. Men der har Kina teke raskt innpå vestlege land dei siste tiåra. Økonomen Paul Krugman har spissformulert det slik: «Produktivitet er ikkje alt. Men på lang sikt er det nesten alt.»
Den kinesiske produktiviteten veks rett nok ikkje like fort som han gjorde for 10 eller 20 år sidan. Ei nedbremsing er normalt etter kvart som eit land får høgare velstandsnivå. Mange frukter frå moderniseringa av samfunnet er alt hausta. Likevel aukar framleis arbeidsproduktiviteten i Kina truleg med omtrent 5 prosent årleg, og det er kring dobbelt så raskt som i USA. EU har på si side berre så vidt hatt produktivitetsvekst i det heile dei siste åra (og det er ei kjelde til veksande desperasjon blant europeiske leiarar).
Kva så med India? Der er vekstraten enda høgare enn i Kina. Men indisk økonomi er framleis så langt bak den kinesiske at vi held verdas mest folkerike land utanfor denne diskusjonen, og Russland er ikkje eingong inne på topp ti i BNP-VM.
Maktforskyving
Vel så viktig som desse tala er spørsmålet om kva utviklinga inneber. Om grafane held fram som dei stemnar, er det vanskeleg å kome frå denne konklusjonen: Kina er i ferd med å bli den dominerande økonomiske makta i verda. Det har store implikasjonar, og nokre av dei er urovekkande sett frå eit lite demokrati i Nord-Europa.
Gjennom fleire hundre år har vestlege land vore dei sterkaste økonomiske maktene i verda. Industrirevolusjonen gjorde Storbritannia verdsleiande på slutten av 1700-talet, så tok USA over førarsetet. Og i meir enn 100 år har dei sterkaste statane og leiande industrilanda i verda vore liberale demokrati (med unnatak av den korte epoken til Nazi-Tyskland).
Sovjetunionen klarte å knive med USA i atomvåpenkappløpet under den kalde krigen, men var ikkje ein seriøs utfordrar i den økonomiske konkurransen. BNP i Sovjetunionen var på det meste godt under halvparten av det amerikanske.
Vi er alle vande med å leve i ei verd der demokratiske land er økonomisk, industrielt – og dermed militært – leiande. Den tida er truleg snart over, anten demokratiet i USA overlever eller ikkje.
Knuste mytar
Utviklinga til Kina har knust nokre gamle mytar frå 1990-åra, da alt såg så lyst ut i Vesten. Ein av dei var at kapitalisme automatisk skulle føre til demokrati. Marknadsøkonomi, vekst og aukande velstand skulle drive fram ei liberalisering av politikken, vart det sagt, slik det til dømes skjedde i Sør-Korea og Taiwan. Men det gjorde det ikkje i Kina.
Ein annan myte var at eit autoritært styresett gjorde det umogleg å utfordre dei liberale demokratia økonomisk. Påstanden verka rimeleg: Diktaturstatar er rigide og tungrodde. Dei hemmar nyskaping og nytenking og hindrar kapitalen i å gå dit han gjer mest nytte, og mangelen på open debatt og innsyn fører til korrupsjon og sløsing med ressursar.
Alt dette er det mange døme på i Kina frå dei siste tiåra. Likevel har altså kommunistpartiet klart å skape ei formidabel vekstmaskin. Dei mange spådomane i Vesten om at den kinesiske modellen var på randa av samanbrot, i artiklar og bøker med titlar som The Coming Collapse in China (2001), har så langt slått feil.
Verdsleiande
Kva er så status per 2025? Kina vart den største eksportøren i verda alt i 2009. Tida da «Made in China» var synonymt med dårlege produkt, er for lengst over. Det same er tida da Kina var verdsfabrikken som berre stod for monteringa av smarttelefonar, medan vestlege eller japanske selskap hadde laga designen og komponentane.
Kinesarane er no verdsleiande på ei rekke avanserte industriprodukt. Dei dominerer i produksjonen av batteriteknologi, elektriske køyretøy, solceller og kommersielle dronar. Dei er i tet i utviklinga av fusjonsenergi, som i teorien kan revolusjonere kraftproduksjonen i verda. I tillegg knivar Kina med USA om leiarskapen i utvikling av kunstig intelligens og kvantedatamaskiner. Ingen land står bak fleire patentsøknader eller vitskaplege artiklar enn Kina. Ingen land produserer fleire doktorgradar årleg.
Dette er resultat av ei svært medviten og ambisiøs satsing frå den kinesiske statens side. Sidan 1998 er talet på universitet og høgskular i landet tredobla. Og den beste utdanninga innanfor naturvitskap i Kina er no av aller høgaste kvalitet. Kvart år rangerer tidsskriftet Nature dei beste realfagsuniversiteta i verda. På den nyaste topp ti-lista er det åtte kinesiske universitet.
Praktisk bruk
Kinesarane har altså gått frå å kopiere vestleg og japansk industri til å drive utviklinga sjølv. Men kanskje ligg den største styrken til Kina som industriland ein annan stad: i evna til å ta i bruk ny teknologi og å skalere opp produksjon raskt. Å gjere oppdagingar og vitskaplege gjennombrot er overvurdert, hevda statsvitaren Jeffrey Ding i ein artikkel i Foreign Affairs i fjor. Det som verkeleg tel, er kor fort eit industriland klarer å spreie og ta i bruk ny teknologi.
Det var ikkje amerikanske oppfinningar som førte til at USA i si tid tok over den industrielle leiartrøya frå Storbritannia, påpeika Ding. Det var den raske spreiinga og bruken av dei nye maskinene. Den canadiske teknologieksperten Dan Wang har framført eit liknande poeng i same tidsskrift i 2023: «Masseproduksjon av nye teknologiar må bli sett på som like viktig som nyskapingane i seg sjølve.»
Eit ferskt døme er solcelleteknologi: Mange av dei tekniske gjennombrota skjedde i USA, men det var kinesarane som fekk til masseproduksjon og gjorde butikk av solceller. Dette heng mellom anna saman med kompetansen til arbeidarane i den kinesiske industrien. I åra da Kina berre var fabrikken som monterte produkt for Apple og andre utanlandske selskap, vart det bygd opp ein enorm kunnskap om industrielle prosessar som landet no nyt godt av.
Utflagging
Samtidig har arbeidsstyrken i industrien i Europa og USA krympa mykje dei siste tiåra, fordi så mykje av produksjonen vart sett bort til Kina og andre asiatiske land. USA har mista kring 5 millionar arbeidsplassar i industrien sidan 2000 og sit att med kring 13 millionar. Kina har på si side godt over 100 millionar industriarbeidarar.
Talet på industriarbeidarar i eit land er sjølvsagt ikkje den einaste eller beste målestokken på konkurransekraft eller velstand, og særleg ikkje i eit diktatur. I Sovjetunionen arbeidde nærare 40 prosent av folket i industrien på det meste, utan at landet klarte å konkurrere med Vesten av den grunn. Forsøka på rask industrialisering i Maos Kina var ein katastrofe. Men i dagens Kina er den kolossale arbeidsstyrken kombinert med evne til teknologisk nyskaping og rask omstilling. Dette er det ikkje lett å konkurrere med.
Reiser heim
Å bygge opp att den industrielle kompetansen som har gått tapt i Vesten, er ikkje enkelt og neppe mogleg. Men for USAs del kan nokre av grepa til president Trump og folka hans vere med på å framskunde tapet av den leiande posisjonen landet inntil no har hatt i forsking og utvikling. Regjeringa har ikkje berre kutta i dei statlege løyvingane til amerikanske universitet. Opplevinga av at den akademiske fridomen krympar, og kjensla av å vere uvelkomen, kan òg føre til at mange leiande forskarar dreg sin veg.
Normalt er den største industrimakta i verda også den sterkaste militærmakta.
Lenge naut USA godt av å vere den mest attraktive staden i verda for forskarar – ikkje berre på grunn av kvaliteten på dei beste universiteta og raus finansiering, men òg på grunn av den intellektuelle fridomen. Mange av dei beste forskarane i verda har hamna i USA dei siste hundre åra, og ikkje minst gjeld det mange som flykta frå autoritære statar. Verdien av desse for amerikansk økonomi lèt seg ikkje måle i dollar. Men han er utan tvil kolossal.
Mange av dei fremste vitskapsfolka i USA dei siste tiåra har kinesisk bakgrunn. No reiser stadig fleire av desse til heimlandet og blir tekne imot med opne armar, skreiv The Economist nyleg. Og Trump gjer USA til ein mindre freistande destinasjon for unge og ambisiøse akademikarar frå resten av verda.
Skarp egg
Kappestriden om økonomisk og industriell dominans har òg ei skarpare side. Normalt er den største industrimakta i verda også den sterkaste militærmakta. Men USA er framleis klart førande i dei fleste våpengreiner, med tre gonger så stort forsvarsbudsjett som Kina – så lenge det varer. Det meir eller mindre eksplisitte målet til president Xi er å ha eit like sterkt militærvesen som USA innan 2049, når Folkerepublikken Kina fyller 100 år.
Kina har truleg dobla talet på atomvåpen dei siste fem åra, frå 300 til 600, ifølge Center for International and Strategic Studies. Det er framleis langt mindre enn atomarsenala til USA og Russland. Men atomvåpen er ikkje særleg nyttige til anna enn avskrekking. Når det gjeld konvensjonelle våpen, har Kina alt no verdas største marine og verdas største hær, og fleire stridsvogner og meir artilleri enn USA.
Kinesarane er dessutan rekna som førande i utviklinga av fleire typar rakettvåpen, mellom anna supersoniske missil. Dei har òg langt større produksjonskapasitet for dronar enn noko anna land. Som Ukraina-krigen tydeleg viser, er det siste særs viktig i moderne krigføring.
Eit anna moment verdt å nemne, og nok eit felt der politikken under Trump neppe styrker den strategiske posisjonen til USA overfor Kina: Det store nettverket av alliansepartnarar verda over, og alle plattformene dette gjev det amerikanske militæret, er ein viktig grunn til at USA har vore så dominerande militært sidan 1945. Trump har ikkje nett styrkt desse alliansane det siste året.
Atterhald
Dette er ikkje staden for ei stor drøfting av militærbalansen mellom Kina og USA. Men om grafane for industriell og økonomisk utvikling held fram omtrent slik dei peikar i dag, verkar det sannsynleg at Kina blir den sterkaste militærmakta på kloden. Kva det i så fall inneber, veit neppe dei mest avanserte kinesiske KI-modellane eingong.
Så skal vi ta med eit atterhald til slutt: Ingenting veks inn i himmelen, og ingen økonomiske grafar held stø kurs inn i æva. På 1980-talet trudde mange at Japan kom til å utkonkurrere USA og bli den leiande økonomiske makta i verda. Men den japanske veksten stagnerte på 1990-talet, medan den amerikanske veksten fekk fart på seg att. Det varsla tronskiftet kom aldri.
Om det dømet har relevans i dag, er uvisst. Det som er sikkert, er at den aldrande befolkninga og den krympande arbeidsstyrken kjem til å tynge kinesisk økonomi stadig meir i åra som kjem, og dagens vekstratar blir neppe moglege å halde oppe.
Like fullt: Før eldrebølga for alvor slår inn, kan Kina rekke å bli den sterkaste makta i verda. Men i så fall blir det ikkje på det viset Arild Asnes drøymde om i 1970. For å parafrasere eit gammalt uttrykk som faktisk ikkje er laga i Kina: Vi lever i interessante tider.
Les også:
-
Inga takk å få for kurdarane
Kurdarane i Syria ofra tusenvis av liv i kampen mot IS. No er dei under åtak frå regjeringshæren, og ingen vil hjelpe dei.
-
Stoler ikkje på Damaskus
– Det kjem forferdelege bilete frå Syria no. Somme av dei minner om overgrepa IS gjorde mot sivilbefolkninga, seier Mani Hussaini.
-
Distraksjon er obligatorisk i Oslo-skulen
Medan foreldra kjempar for å avgrense skjermbruken, sikrar skulane barna tilgang til Minecraft, YouTube og strøymetenester.
-
Ein serie forsøk på å få svar
Kvifor må elevar i Oslo-skulen sikrast tilgang til dataspel og andre distraksjonar på skulemaskinene? Slik svarte Utdanningsetaten.