Økonomi

Skiten krig kan gje ei grønare framtid

Oljekrisa i 1973 endra verda. Kva blir dei langsiktige følgene av krigen mot Iran?

Iran-krigen gjer Hormuzsundet livsfarleg. Her står det thailandske bulkskipet «Mayuree Naree» i brann, truleg etter eit iransk åtak 11. mars.
Publisert Sist oppdatert

Bileta frå vinteren 1973–74 vart ikoniske: Kong Olav med ski på trikken. Tomme bygater på grunn av køyreforbodet i helgane. Bilar ombygde til å køyre på ved. For første gong fekk verda oppleve risikoen ved å vere avhengig av energileveransar frå ein eksplosiv region.

I oktober 1973 hadde oljelanda i Midtausten vist makta si i protest mot jom kippur-krigen, der Israel vann over Egypt og Syria. Med Saudi-Arabia i spissen skrudde dei arabiske golfstatane opp oljeprisen, og innførte boikott mot USA og andre land som støtta Israel. I løpet av nokre månader vart prisen for olje på verdsmarknaden firedobla.

Den akutte krisa varte ikkje så lenge. Utpå vinteren fekk kong Olav og andre køyre bil på søndag att. Men prisane stabiliserte seg på eit høgare nivå enn før, og oljesjokket i 1973 fekk store og varige følger. Det skapte ei storsatsing på atomkraft og fekk bilane til å krympe, det sette fart på leiteboringa i Nordsjøen og fødde dansk vindkraftindustri, for å ta fire døme. No spør mange seg kva følger den nye forsyningskrisa kan få. Her kjem nokre moglege svar.

Bortfall

Naturleg nok spratt prisen på olje og gass i vêret da USA og Israel gjekk til åtak på Iran og trafikken gjennom Hormuzsundet nesten stogga opp. Denne veka sprellar oljeprisen kring 100 dollar fatet, omtrent 50 prosent over prisane i februar. Men så langt er prishoppet overraskande lite, samanlikna med den første oljekrisa.

Dagens bortfall av olje er langt større enn det var i 1973. Da forsvann kring fire millionar fat dagleg frå verdsmarknaden, omtrent sju prosent av det daglege verdsforbruket. No har krigen fjerna nærare 20 millionar daglege oljefat frå marknaden. Det utgjer kring 20 prosent av dagsforbruket i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement