JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krigsfilmar og krigsrøyndom

For nokre dagar sidan vart eg merksam på at den russiske manusforfattaren Leonid Korin var drepen
i kamp i Bakhmut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røyken vitnar om at ein drone frå Ukraina råka målet sitt, eit russisk oljelager i den okkuperte hamnebyen Sevastopol, 29. april i år.

Foto: Reuters / NTB

10116
20230512
10116
20230512

Eg gjekk ut frå at Korin hadde vore i Bakhmut som del av ei eller anna TV-gruppe send frå Moskva for å gjere opptak av den «heroiske kampen» til det russiske militæret mot dei «ukrainske fascistane».

Men det vart snart klart at manusforfattaren hadde skrive under på ein kontrakt med den private Wagner-hæren nokre månader tidlegare, og at han var drepen under kamp med dei ukrainske styrkane. Med andre ord: Nett som den illgjetne forfattaren Zahar Prilepin hadde Korin bytta ut pennen eller datamaskina med ei kalasjnikovrifle og drege ut for å drepe ukrainarar. Som eit resultat har han enda livet sitt.

Mellom 2012 og 2015 var Korin ein av manusforfattarane til det ambisiøse filmprosjektet Kampen om Sevastopol, som handla om den legendariske kvinnelege snikskyttaren i den sovjetiske hæren Ludmila Pavlitsjenko. I 1942 var ho med i kampen for å forsvare Sevastopol, og der skaut ho personleg dusinvis av tyske soldatar. Ifølgje sovjetiske militærhistorikarar drap ho 309, og sjølv om desse historikarane ikkje brydde seg meir om sanninga enn dagens russiske propagandistar, er ikkje talet urealistisk.

Det vart laga to versjonar av filmen – ein spelefilm og ein fjernsynsserie. Originalspråket var russisk, men det kom òg versjonar på ukrainsk og engelsk. Hovudrollene vart spela av russiske skodespelarar, medan det var ukrainarar i birollene.

Sytti prosent av budsjettet kom frå Ukraina, inkludert pengar frå det ukrainske statsbudsjettet, Russland investerte 30 prosent. Opptaka vart stort sett gjorde i Sevastopol, men noko av arbeidet vart utført i Kyiv, Odesa og ein liten by på grensa til Moldova.

Den russiske manusforfattaren Leonid Korin døydde i kamp for Wagner-gruppa i Bakhmut.

Foto: Fondet «Mitt fedreland»

Det mest interessante ved det heile er at filminga var slutt i juli 2014, altså etter annekteringa av Krym og starten på krigen i Donbas. Premierane på filmen i Russland og Ukraina fann stad same dagen – 2. april 2015. Julia Peresild, som spela snikskyttaren Pavlitsjenko, reiste frå Moskva til Kyiv for å vere til stades på premierane – under ein av dei blodigaste fasane i den russisk-ukrainske krigen.

Sant nok vart tittelen på filmen endra i Ukraina. Han vart sleppt med tittelen Unbreakable, for ikkje å irritere ukrainarane med å nemne Sevastopol på den nyss annekterte Krym-halvøya. TV-premieren på filmen skjedde òg samstundes i Russland og Ukraina – 9. mai 2015, 15 månader etter annekteringa av Krym.

Det vart skrive svært lite om denne filmen i Ukraina. Den ukrainske produsenten og han som verka stå bak ideen til filmen, Jegor Olesov, til liks med andre ukrainske deltakar i prosjektet, kjende seg neppe særleg vel med å reklamere for ein russisk-ukrainsk samproduksjon om andre verdskrigen, for ein stor del finansiert med ukrainske pengar, samstundes med at det vart gjennomført russiske åtak på Ukraina. Prosjektet vart likevel fullført, og distribusjonsrettane vart kjøpte av det amerikanske selskapet 20th Century Fox.

Det er kan hende lett å forstå at da eg fekk høyre at manusforfattaren Leonid Korin var død, gjekk eg straks ut frå at han måtte ha blitt drepen av ein snikskyttar – kanskje til og med ein kvinneleg ukrainsk snikskyttar. Det ville ha vore poetisk, men det var ikkje slik det hende.

Korin døydde i Bakhmut av splintskadar etter at ein granat eksploderte nær han. Pussig nok er det ein liknande scene i filmen Kampen om Sevastopol: partnaren til hovudkarakteren, ein mannleg snikskyttar, dekkjer heltinna med sin eigen kropp når ein granat eksploderer, og han døyr av splintskadar.

No er produsenten av det russisk-ukrainske filmprosjektet, Jegor Olesov, i gang med å førebu ein spelefilm om ugjerningane til dei russiske invasjonsstyrkane i Butsja, i nærleiken av Kyiv.

I mellomtida driv Sergej Mokritskij, den russiske regissøren av Kampen om Sevastopol, og kona hans Natalja, som var filmens produsent frå den russiske sida, på med opptak til ein eventyrfilm i nærleiken av annekterte Sevastopol. Filmen dreier seg om ei skattejakt kring eit britisk skip som sokk under Krimkrigen midt på 1800-talet. Dei same russiske skodespelarane som var med i Kampen om Sevastopol, deltek, men om du ikkje inkluderer dei stadige droneåtaka mot militære anlegg i Sevastopol, er ingen ukrainarar med i dette prosjektet.

Premieren for den nye filmen skal finne stad i 2023, men eg er ikkje viss på at det vil skje i Sevastopol. Krym blir gradvis endra til ein diger festning. Lange skyttargraver er gravne på strendene, og kilometer med forsvarsverk av betong er bygde nærare landtunga som bind halvøya saman med fastlandet Ukraina.

Krym ventar seg ikkje turistar, men ein stor krig – den ukrainske motoffensiven som er blitt kunngjord mange gonger av ukrainske militære leiarar og politikarar, inkludert president Zelenskyj.

I alle dei okkuperte ukrainske territoria ventar den russiske hæren på den ukrainske motoffensiven. I Kherson-regionen blir innbyggjarane i okkuperte landsbyar og byar tvungne til å evakuere, og russiske troppar flyttar inn i bustadene deira. Det same skjer i dei okkuperte delane av Zaporizjza-regionen, der russarane freistar tvangsevakuere over 18 000 innbyggjarar.

Ukrainarane, som òg har sett fram til den ukrainske motoffensiven sidan april, held fram med å vente på han, men med ein liten snev av irritasjon og utmatting. Forklaringar om at det våte vêret er skuld i utsettinga, overtyder ikkje alle ukrainarar. Mange byrjar mistenke at Vesten ikkje har forsynt den ukrainske hæren med dei mengdene med våpen og ammunisjon som skal til for å setje i gang motoffensiven.

I Russland lever òg folket i stor spenning. I aukande grad spør dei: «Kvar er sigeren?» Og stadig oftare kjem fjernsynskommentatorar og gjestar i prateprogram med orsakingar: «Russland slåst mot Nato og nesten heile verda! Under slike tilhøve er det uråd å vinne raskt!»

I seinare tid har det vore færre og færre lovnader om ein snarleg siger å høyre frå russiske politikarar. Til og med i daglege program som har som mål å vekkje ein aggressiv patriotisme i det russiske samfunnet, høyrer ein stadig oftare tvil om utsiktene til siger over Ukraina.

Sjåarane mistar interessa til og med for berømte vertar i propagandaprogram, som Olga Skabejeva og Vladimir Solovjov. På den andre sida har interessa for spåmenn og sjåarar auka kraftig i russiske massemedium.

Dei seinaste månadene har russisk fjernsyn gjeve auka popularitet til den afghanske matematikaren og «Nostradamus for det 21. hundreåret», Sediq Afghan, som studerte i Sovjetsamveldet på 1980-talet og seinare budde i Moskva ei tid. Afghan har alt lova russiske fjernsynssjåarar at det amerikanske presidentvalet i 2025 vil bli det siste før USA bryt saman. Han føreseier den fullstendige oppløysinga av EU i perioden mellom 2027 og 2032. Han har òg forsikra russiske sjåarar om full siger for Russland over Ukraina og gjenopplivinga av Sovjetunionen.

Våren 1991 vart Afghan forresten deportert frå Sovjet etter at han føresa at USSR kom til å bli splitta i 44 statar.

Profeten og matematikaren Sediq Afghan er ein flittig gjest på russisk statsfjernsyn, der han har føresagt den fullstendige oppløysinga av EU innan 2032 og forsikra om full siger for Russland over Ukraina og gjenopplivinga av Sovjetunionen.

Foto: Facebook-sida til Sediq Afghan.

For ikkje lenge sidan fann russisk fjernsyn ein annan visjonær som vinn tillit blant folk i Russland. Russarar utan særleg utdanning meiner gjerne at ein verkeleg sjåar skal vere blind – som den berømte bulgarske spåmannen Vanga, som elles føresa, i 1993, at Sovjetunionen skulle fødast på nytt i 2025, og at Bulgaria skulle bli del av det nye USSR.

Nikolaj Tarasenko, ein aldrande og svært synshemma mann frå Donbas, byrja føreseie framtida i 2014. Før det vart det sagt at han kunne gjere folk friske ved handspålegging. Dei fjernsynssende meldingane hans speglar det russiske politikarar seier, men han nyttar eit enklare språk – han snakkar «folkeleg».

«Det er slutt på USA,» sa han på den populære russiske fjernsynskanalen NTV, «ikkje fordi eg sjølv ønsker det, men fordi USA har overlevd seg sjølv. USA vil heilt slutte å eksistere som stat. Det vil kome geologiske, klimatiske og sosiale katastrofar. Folket har alt byrja brytast opp til mindre statar, til republikkar.»

Ifølgje han vil også det amerikanske finanssystemet bli skaka. Andre land vil trekkje seg frå avtalar i amerikansk valuta, og det vil undergrave den amerikanske økonomien. «Snart vil dollar flagre som søppel i gatene,» seier han i eit intervju med journalistar frå NTV. Han spår katastrofal inflasjon i USA og legg skulda for alt på den krigen amerikanarar har sett i gang i Ukraina. Han spår òg siger for Russland ved påsketider 2024.

Den blinde «sannseiaren» Nikolai Tarasenko frå Donbas er gjest i eit russisk TV-show, der han kunngjer at Vesten og Ukraina er dominerte av Satan.

Mot denne bakgrunnen framstår ukrainsk fjernsyn som bleikt og kjedeleg. Ikkje ein einaste synshemma føreseier datoen for Ukrainas siger over Russland. Kan hende er det derfor diskusjonar på ukrainsk TV oftare handlar om noko anna – kva slags siger det bør bli, og kva som kan seiast å vere ein siger for Ukraina.

Alle er samde om at frigjering av alle okkuperte og annekterte delar av den ukrainske staten kan vurderast som ein siger for Ukraina. Men alle er òg samde om at etter ei mogleg frigjering av dei ukrainske territoria, vil Russland framleis vere eit trugsmål. Det tyder at krigen bør ende ikkje berre med ein militær siger, men med ein fredsavtale med Russland og tryggingsgarantiar for Ukraina frå vestlege einskildland eller den militære blokka Nato.

For meg personleg ville det endelege provet på ukrainsk siger vere ein film om ein av dei mange kvinnelege ukrainske snikskyttarane i denne krigen. Det skulle vere ein ukrainsk-russisk samproduksjon med tittelen «Kampen om Bakhmut». Russland bidreg med 70 prosent av budsjettet, og Ukraina kan leggje i 30 prosent.

Sjølvsagt vil hovudrollene bli spelte av ukrainske skodespelarar, medan russiske skodespelarar kan ha biroller, som til dømes Wagner-leiaren Prigozjin, manusforfattar Korin og vanlege russiske soldatar og leigesoldatar.

Andrej Kurkov

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sediq Afghan har alt lova russiske fjernsyns­-
sjåarar at det amerikanske presidentvalet i 2025 vil bli det siste.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis