Russland
Krigsårjula
Sjølv dagane då ingenting vondt skjer, er ikkje som dei ein gong var.
Illustrasjon: May Linn Clement
Eg føler meg meir framandgjord enn nokon gong, fordi eg skriv frå eit tomrom – i hjartet av den russiske jule- og nyttårsfeiringa, som i år er uvanleg lang. Statleg tilsette byråkratar er ikkje tilbake på jobb før 12. januar, private verksemder held ope som dei sjølve vil, det er kaldt, og folk går helst ikkje ut.
I resten av verda går livet vidare alt 2. januar, med alt mogleg meiningslaust. Særleg passar Donald Trump på at ingen kjedar seg. Men det har liten innverknad på stemninga i heimbyen min.
Kvar morgon går eg ut på balkongen for å røyke, og det vanlege ståket er fråverande. Det er så stille at om ein lyttar nøye, kan ein høyre prisane på varer og tenester krype oppover, slik dei har gjort sidan årsskiftet.
Det er ikkje første gongen eg nemner prisstiginga, og det er ikkje fordi eg er fattig eller gniten, men fordi eg prøver å bruke spalta mi til å formidle kva som plagar folk i Russland i skrivande stund.
I slutten av desember spurde Levada-senteret – eit av dei største meiningsmålingsinstitutta i Russland – kva russarane meinte var det viktigaste som hende i 2025. På førsteplass kom auken i prisar og kommunale avgifter. 34 prosent valde dette alternativet. På andreplass kom møtet mellom Vladimir Putin og Trump i Alaska.
Droneåtaka på russiske byar hamna på tredjeplass. Og sjølv om alle alternativa på topp ti-lista på ein eller annan måte var knytte til krigen, kom sjølve faktumet at krigen held fram, berre på åttandeplass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.