Kommentar
Politikk og retorikk
Då Marco Rubio var ferdig med talen sin i München, fekk han ståande applaus. Det fekk ikkje J.D. Vance, som året før skremde vettet av publikum. Sjølv om dei to amerikanarane hadde same bodskapen.
J.D. Vance formulerte seg direkte. Marco Rubio strauk publikum med håret.
Skilnaden mellom dei to var retorisk. Og han kan uttrykkjast meir presist med dei tre kjende omgrepa i talekunsten etter Aristoteles.
Etos
Det fyrste omgrepet er etos. Det viser til talaren. Det handlar om talarens karakter, kompetanse og kunnskap. Og om han er verd å lytte til.
Rubio er USAs utanriksminister og tryggingspolitisk rådgjevar for presidenten. Han er sjølvsagt verd å lytte til. Han er USAs fremste diplomat. Talen han heldt i München, var eit diplomatisk meisterstykke.
Patos
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.