Russland
Det vi ikkje må nemne
Ordet krig er ikkje det same når det er krig.
Teikning: May Linn Clement
I dag vil eg snakke om ordet krig. Det slo meg nemleg kor underleg det er at eg kvar veke i eit halvt år har fortalt om det som skjer i Russland mens det er krig i Ukraina, utan å forklare kva ordet krig faktisk betyr for russarar i Russland. Det skulle eg jo ha gjort i starten.
Dette er ikkje noko eg kom på sjølv. Eg skreiv nettopp ein lang tekst om korleis velgjerande arbeid fungerer i Russland i krigstid. Eg prata med framifrå folk som gjerne ville stå fram med namn, men nokre av dei hadde eit vilkår: Teksten der dei er nemnde, skal ikkje innehalde ordet krig.
Eg sa ja, og eg håpar det blir mellom oss: Journalistisk etikk tilseier at eg ikkje skal la kjeldene påverke innhaldet i teksten. Men her gjorde eg eit unntak, og eg angrar ikkje på det.
Ordet krig er frykteleg giftig. Ikkje for alle russarar, men for dei som har ein jobb som medfører at ein må trø varleg, og som har eit anstrengt forhold til styresmaktene – aktivistar, hjelpearbeidarar, frivillige og folk i den såkalla ikkje-kommersielle sektoren. Russland er under uerklært militær sensur, og ordet krig er i praksis forbode. Alle som vågar uttale seg om krigen, må ta høgd for det.
I starten av krigen kunne bruken av ordet i media sende deg rett inn i rettsapparatet: Journalistar som publiserte ordet, blei stilte for retten for å spreie falsk informasjon. Russland fører jo, i tilfelle du ikkje visste det, ikkje krig. På det offisielle språket heiter det «spesiell militær operasjon».
For det første høyrest det meir sofistikert ut enn krig, og det skremmer folk mindre. For det andre ville ei formell krigserklæring gi konflikten ein heilt annan status – meir global og meir skremmande. Ein «spesiell militær operasjon» er ikkje ein krig, er tanken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.