Sport

Då Dante møtte Blix på Aspmyra

Frå vinter-OL-byen Milano kom eit lag til vinterbyen Bodø og møtte Dantes inferno. 
   

Bodø 20260218. Bodø/Glimts Patrick Berg og Inters Francesco Pio Esposito i fotballkampen i Champions League mellom Bodø/Glimt og Inter på Aspmyra stadion.Foto: Thomas Andersen / NTB
Inferno i Bodø: Fredrik Bjørkan, Patrick Berg og Francesco Esposito.
Publisert Sist oppdatert

Som vanleg song heimepublikummet «Barndomsminne. (frå Nordland).» før kampen, som alt er blitt eit norsk folkeminne.

Det var tre minus, og dei olympiske vinterleikane hadde teke ein avstikkar frå Milano til Bodø. Der trudde Inter at dei visste kva som venta på Aspmyra. Det hadde andre gjort før dei – Roma frå Roma, Celtic frå Glasgow, Besiktas frå Istanbul, Raude Stjerne frå Beograd, Porto frå Porto, Twente frå Enschede, Olympiakos frå Pireus, Lazio frå Roma, City frå Manchester, Atlético frå Madrid.

Som ei italiensk avis skreiv: Det blei una serata di gelo. Ein kald kveld, ja, men berre for dei tilreisande. Inferno di ghiaccio, eit helvete av is, skreiv Corriere della Sera etter tapet 3–1. Det høyrdest ut som ei vêr- og banemelding, men var meir enn som så. Overskriftene sende tankar til Dantes inferno, som no var funne og stadfesta på ei slette langt mot nord. Var dette berre fortvila utropsteikn om temperatur frå arrangørlandet for vinter-OL 2026? På ein heilt vanleg nordnorsk vinterdag møtte italienske milliardar frå Qatar ein gjeng som for ti år sidan hadde vore langt der nede, men som no steig til himmels.

Det heile minte om eit verk som er grunnfest i italiensk identitet.

Inferno i Italia: Miniatyr frå 1400-talet av Priamo della Quercia til song 32 i Den guddomlege komedien.

Inferno på Aspmyra

Frå 1308 og nesten heilt til han døydde, hadde diktaren og moralfilosofen Dante Alighieri (1265–1321) skrive eit katolsk verk som først i 1555 fekk sin endelege tittel La Divina Comedia. Den guddomlege komedien er eit episk dikt på over 14.000 linjer om Dantes vandring i år 1300 gjennom tre stadium i etterlivet. Først leier den romerske poeten Vergil han gjennom både helvetet og skjærselden, før ungdomskjærleiken Beatrice tek han frå det jordiske paradiset opp til visjonen av Gud i Paradis.

I så store verk festar nokre scener seg meir enn andre, og er det noko som står att frå denne komedien, er det skildringane frå helvetet, l’inferno. Og der, i den 32. songen i Niande sirkel, fortel Dante om syndarane: «Blåfrosne, heilt opp dit der skamma synest, stod dei forpinte skuggane i isen», her i Magnus Ullelands gjendikting.

Dante frå Firenze skreiv verket på eit språk han kalla italiensk, og som stort sett var Toscana-dialekten. Dette verket er grunnlaget for at toskansk med tida blei ramma for standard italiensk, og er ei grunnbok i italiensk litteratur. Dante er difor ofte blitt kalla far til det italienske språket, som i førstninga gjerne var kalla lingua italiana. Truleg forstod under 10 prosent av innbyggjarane i Italia den Toscana-dialekten som då var blitt riksspråket italiensk.

Dante Alighieri forsvara i fleire samanhengar bruken av folkespråk i staden for latin. Nordlendingar flest har det siste halve hundreåret kunna bruke sine eigne talemål stort sett når som helst og kvar som helst, og knapt nokon heiar meir på dialektar enn dei. Nynorsk, derimot, er for dei i ein divisjon langt der nede. Like ubegripeleg som sigersrekkja til Bodø/Glimt er det at ein song på nynorsk frå 1896 er blitt stadionsalmen.

«Barndomsminne. (frå Nordland).» med opningslinja «Å, eg veit meg eit land» og til tonen frå «Jeg vil værge mit Land» stod på trykk i nynorskavisa Den 17de Mai. Datoen var 13. august 1896. Lesarane måtte sjølve tenkje seg til kven forfattaren var, for diktet stod der og lyste anonymt på side 2. Blix-biografen Anders Aschim fortel at det var redaktøren sjølv, Rasmus Steinsvik, som la til parentesen i tittelen. Melodien komponerte Tromsø-organisten Adolf Thorsen; det får vere ei trøyst for tromsøværingar som enno ikkje har forsona seg med at Bodø er blitt fotballhovudstaden.

Mellom høgfjell og fjord

Med dette sagt passar det å minne om at La divina comedia her til lands framleis berre ligg føre i ei komplett gjendikting på nynorsk. Henrik Rytter og Sigmund Skard gjendikta delar av verket i 1965, og Magnus Ulleland attskapte heile verket 1993–1996. Til bokmål har Erik Ringen førebels gjendikta dei to første delane «Helvete» (2017) og «Purgatoriet» (2023).

Fiskarbondesonen Elias Blix (1836–1902) reiste frå Gildeskål til Tromsø og studerte teologi. Der kom han over Ivar Aasens Det norske Folkesprogs Grammatik, og fann att sitt eige språk. Mannen frå Gildeskål var ein språkmektig mann og blei ein mann med makt. Han blei professor i hebraisk og kyrkjeminister i Johan Sverdrups regjering, og det var i dei ministeråra Stortinget vedtok å jamstille det nye landsmålet med «det almindelige Bogsprog» i skule og offentleg forvaltning.

Som diktar debuterte Elias Blix i 1869 med femten salmar i småskriftet Nokre Salmar. Med åra blei det fleire utgåver og mange fleire salmar, til slutt over 200. I fleire tiår var det ikkje lov å syngje Blix-salmar i kyrkjene av di dei først blei godkjende for slik bruk i 1892.

Språket var omstridd, dermed også salmane. Det hadde Blix fått merke i si eiga heimbygd under 20 sjømil sør for Aspmyra. Sommaren 1866 var han heimom Gildeskål og bad om å få preike i kyrkja, men presten avslo, og Elias Blix kom aldri attende til Gildeskål. Presten var ikkje åleine. På ein fest då Blix fylte 65 år i 1901, fortalde jubilanten om «ei og onnor ærleg sjæl» som i god tru meinte «det var aa skjemma elder vanhelga Guds ord dette aa setja det paa eit maal, som berre vart brukt til ’slarvevisor’».

Elias Blix dikta seg inn i kyrkjene og i livet til nordlendingen. Det gjorde han med eigne metaforar, mange tiår før sjarken blei den nordnorske klisjeen, og godt over hundre år før Kari Bremnes såg seg syn med å syngje Trygve Hoff-linja «Guds fred over dyra på båsen».

Bodø 20260218. Bodø7glimt supportere før fotballkampen i Champions League mellom Bodø/Glimt og Inter på Aspmyra stadion.Foto: Thomas Andersen / NTB
Å, eg veit meg eit lag: Den gule horden song som vanleg stadionsalmen før avspark på Aspmyra 18. februar 2026.

Trass i all motstand var salmebøkene hans i 1900 blitt prenta i minst 214.000 eksemplar, og fram til 1920-åra hadde kvar tredje kyrkjelyd i landet vedteke å ta i bruk salmane hans. Grunnlaget var lokale, rådgivande folkerøystingar, og historikaren Roger Lockertsen har identifisert 438 slike i Nord-Noreg til og med 1940. Valdeltakinga var jamt over svært låg, men meiningsbrytingane gjorde truleg sitt til at Blix’ barndomsminne blei eit folkeminne for nordlendingar. 

Glimt-publikummet henta spontant fram Blix-songen etter eit tap mot Frigg på Bislett stadion hausten 1963, fortel Jacob W. Klette i boka si om Bodø/Glimt. Det vil seie at dei alt kunne songen godt, og etter kvart blei dette stadionsongen på Aspmyra.

Det heiter seg at Auguste Rodin hadde Dante Alighieri i tankane då han i 1904 skapte skulpturen «Le Penseur», «Tenkjaren». Når Bodø/Glimt om få år opnar eit nytt stadionanlegg, gir vel motivet Kontinuiteten seg sjølv, med dei tre slektsledda Harald Berg, Runar Berg og Patrick Berg støypte fast i bronse.

Til den tid held eg fast eitt bilete frå helvetet i nord 18. februar 2026: kaptein Kasper Høghs himmelvende bøn før oppstiginga.

Takk til Jon Grepstad for hjelp med det italienske og med å finne songen.