Russland
Bøn om fred
Den ortodokse kyrkja har eit anna syn på krigen enn oss andre.
Illustrasjon: May Linn Clement
«På grunn av ustabil internettilgang som følge av trusselen om droneangrep ber vi om at du bruker kontantar og har forståing for at vi inntil vidare har problem med å ta betalt for religiøse produkt og ritual.»
I prinsippet kunne eg ha begynt og avslutta dagens spalte med dette sitatet, for dei siste vekene har eg knapt støytt på noko som speglar den røyndomen vi lever i no, meir treffande.
I førre veke skreiv eg at eg hadde planar om å stikke bortom ei kyrkje på julaftan og høyre klokkene ringe, berre for å bli fylt av høgtidsstemning. Det gjorde eg, og eg kom i stemning. Men først og fremst slo det meg at det for første gong, iallfall som eg kan hugse, var tryggleikskontrollar med metalldetektorar ved inngangen til kvar kyrkje. Utanfor stod det politibilar, og vakter sjekka veska eller ryggsekken til alle som gjekk inn.
Noko slikt fanst ikkje dei første krigsåra.
Men sitatet ovanfor var det som gjorde sterkast inntrykk på meg. Eg såg det på ein plakat ved eit utsal der ein kan kjøpe diverse religiøse ting og tenester.
Religiøse ritual er bøner og handlingar som ein prest utfører på oppmoding frå den truande. Det kan vere barnedåp, velsigning av eigedom eller bøn for ein bestemt person. På bakgrunn av krigen har religiøse ritual knytte til krigsdeltaking blitt spesielt populære. Ein kan til dømes be om ei bøn for helsa til ein soldat, eller ei bøn retta til ein bestemt helgen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.