Krigen i Ukraina

München og krigens algoritmar

For ukrainarar som har vant seg til å leve med krig og alltid er budde på det neste åtaket, var valentinsdagen eit kjærkomme avbrekk.

I skort på militære mål har russarane retta droneskytset mot marknadsplassen i Odesa.
Publisert Sist oppdatert

Den siste veka har ukrainarane merka ei endring i algoritmen for russiske luftåtak. No gjeld det berre å finne ut av denne nye algoritmen for betre å kunne føresjå mønsteret i åtaka under dei kommande forhandlingane i Abu Dhabi eller Genève og i samband med det neste internasjonale tryggleikstoppmøtet.

Før vart alle offisielle møte der ein ukrainsk delegasjon eller president Zelenskyj sjølv deltok, akkompagnerte av ekstra kraftige missil- og droneåtak mot ukrainsk infrastruktur, bustadblokker og transportårar. Det same skjedde under forhandlingsmøte mellom den russiske og den ukrainske sida. Russland ville at ukrainarane skulle skjelve ved tanken på alle former for kontakt med russiske forhandlarar.

Tryggingskonferansen i München, derimot, vart gjennomført utan det vanlege larmande lydsporet av eksplosjonar og drapstal. Dei russiske åtaka heldt fram, sjølvsagt. Hundrevis av dronar og fleire titals missil heldt fram med å ramme ukrainske bustader og verksemder, men dette var «rein rutine». Det kunne ikkje kallast ei eskalering.

I avslutningstalen sin sa konferanseleiaren, Wolfgang Ischinger, at framtida til det europeiske kontinentet er avhengig av korleis krigen mellom Russland og Ukraina endar. Sluttresultatet kjenner vi enno ikkje, men endringa i Kremls åtaksmønster kan kanskje fortelje oss noko?

I tida før og under München-konferansen gjennomførte ukrainske styrkar mindre motoffensivar i Zaporizjzja-regionen og Donbas. Det har ikkje komme offisielle rapportar om desse motoffensivane, og vi kjenner ikkje detaljane. Det einaste vi veit, er at fleire busetnader vart frigjorde. Samtidig hevdar russiske militærbloggarar at framgangen til den ukrainske hæren i sør er langt større enn det som er stadfesta av ukrainske soldatar.

For russiske militærbloggarar – og russarar i det heile – er den store saka no verken München-konferansen eller den avgrensa ukrainske motoffensiven, men at meldingstenesta Telegram, den viktigaste plattforma for alle bloggarar, har vorte stengt. Protestane mot denne stenginga i Russland har vist seg langt meir markante enn dei kortvarige og no gløymde demonstrasjonane mot krigen rett etter fullskalainvasjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement