Russland

Dei mest sårbare

Krigen tar på – også for dyra.

Publisert Sist oppdatert

For ei tid tilbake hende det noko tragisk i regionen eg bur i: Mange hundar i ein heim for eigarlause dyr blei funne døde. Det var ikkje eit uhell. Det viste seg at staden var reine slaktehuset. Eigarane skal ha brukt pengane folk donerte, på seg sjølve, eller kanskje dei ikkje klarte å få inn nok pengar, og hundane blei forsømde. Folk som jobba der frivillig, oppdaga det. Nokre av hundane levde. Dei var utsvelta og underernærte og blei redda ut derifrå.

Eg er ikkje det beste mennesket i verda, eg er i stand til vondskap. Men vondskapen bør i det minste vere rasjonell. Derfor forstår eg ikkje korleis noko slikt er mogleg. Det finst mange måtar å løyse problema på dersom ein slit med å drive eit hundepensjonat. I verste fall, viss planen var å tene pengar på hundane, ikkje å ta vare på dei, finst det måtar å avslutte livet deira raskt på utan at folk får vite det. Så eg skjøner ikkje kva som har skjedd. Å la eit tital hundar svelte i hel krev at ein enten er sadist, idiot eller psykopat.

Det mest ubehagelege er at eg kjende eigaren av staden. Vi var kollegaer for ti års tid sidan. Han verka anstendig og må ha gått frå vettet. I det siste har mange eg kjenner, gått frå vettet, og eg er ikkje heilt sikker på om eg er riktig klok sjølv.

I spalta mi her i avisa prøver eg å unngå å røpe kor eg bur. At eg fortel om hundane som døydde, er ikkje farleg. Faktum er at slikt skjer heile tida, i heile Russland. Annankvar månad slår nyhendet om at nokon har funne ei mengd dyrekadaver, ned som eit lyn. Dyr blir mishandla og sveltefôra i Astrakhan, i Moskva, utanfor Jekaterinburg, i Rostov-regionen, i Perm-regionen... Dette er stader eg kjem på utan å google.

At folk er vondskapsfulle mot dyr, skjer dessverre overalt. (Eg legg alltid til dette poenget for å vise at det ikkje er snakk om ein russisk fæl sedvane.) Men no har det blitt endå verre å vere eit russisk eigarlaust dyr. Sidan krigen i Ukraina braut ut, har mange dyrepensjonat gått dukken.

Dei fleste – dei som ikkje er kommunale – er avhengige av givarar. Sidan alt har blitt dyrare, har det blitt krevjande å drive velgjerande verksemd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement