JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Krig og indignasjon

Jürgen Habermas om meiningskampen mellom tidlegare pasifistar, ei sjokkert ålmente og ein avvegande forbundskanslar etter overfallet på Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei utbomba bustadblokk i Mariupol sør i Ukraina 22. april 2022. Nokre av dei hardaste kampane etter den russiske invasjonen har funne stad i Mariupol, og det aller meste av byen er øydelagd.

Foto: Alexander Ermotsjenko / Reuters / NTB

19622
20220506

Jürgen Habermas

Tysk filosof og sosiolog

Fødd i Gummersbach nær Köln i 1929

Rekna som ein av verdas viktigaste intellektuelle gjennom fleire tiår

Var i unge år tilknytt frankfurtarskulen, ei tverrfagleg forskargruppe med røter i mellom anna marxistisk teori

Har dei siste tiåra gjeve ut verk om rettsteori, politisk filosofi og nyleg òg om religion

77 år etter at den andre verdskrigen enda og 33 år etter slutten på ein skjør fred som berre blei verna gjennom terrorbalanse, er dei skakande krigsbileta attende – vilkårleg utløyste av Russland utanfor vår eiga dør. Som aldri før dominerer krigshendingane liva våre gjennom media. Ein ukrainsk president som kjenner bileta si makt, kjem med sterke bodskapar.

Dei daglege scenane med rå øydelegging og opprørande liding får sitt sjølvforsterkande ekko i Vestens sosiale medium. Det nye og kalkulerande ved måten uføreseielege krigshendingar blir offentleggjorde på, gjer nok meir inntrykk på oss eldre enn på dei medievande yngre.

Men dyktig iscenesetjing eller ikkje – kjensgjerningane slit på nervane, og på grunn av den geografiske nærleiken til krigen sjokkerer dei endå meir. Hjå tilskodarane i Vesten veks difor uroa for kvar som døyr, sjokket aukar for kvar som blir myrda, harmen stig for kvart krigsbrotsverk – og ynsket om å gjera noko med det stig.

Rasjonell bakgrunn for desse landsomfattande kjenslene er den sjølvsagde motstanden mot Putin og ei russisk regjering som har starta ein massiv, folkerettsstridig åtakskrig, og som bryt internasjonal humanitærrett gjennom si systematisk menneskeforaktande krigføring.

Trass i den unisone motstanden veks det fram ulike tilnærmingar hjå regjeringane i alliansen av vestlege statar. I Tyskland er det brote ut ein skarp meiningskamp om korleis militærhjelpa til det hardt pressa Ukraina skal arta seg, og kva for omfang ho skal ha. Denne meiningskampen blir oppelda av pressa.

Krava til det uskuldig pinte Ukraina – som utan omsveip nyttar dei politiske feilvurderingane og retningsvala til tidlegare tyske forbundsregjeringar til å driva moralsk utpressing – er like skjønelege som kjenslene, medkjensla og hjelpetrongen dei utløyser i oss.

Konsekvensane av «tidsskiftet» vil innebera slutten på ein tysk politikk basert på dialog og trygging av freden.

likevel lèt eg meg overraska over sjølvtryggleiken dei moralsk indignerte klagarane i Tyskland opptrer med andsynes ei reflektert og tilbakehalden forbundsregjering. I eit intervju med Der Spiegel samanfattar forbundskanslaren regjeringas politikk slik: «Me gjer alt som står i vår makt for å motverka dei pinene Russland påfører Ukraina, utan at ei ukontrollerbar eskalering oppstår, ei eskalering som resulterer i umåtelege lidingar over heile kontinentet, ja, kan hende i heile verda.»

Etter at Vesten har vedteke å ikkje gripa inn som stridande part i konflikten, finst der ein terskel for risiko som utelukkar ei uavgrensa opprusting av Ukraina. Denne terskelen har på nytt hamna i fokus gjennom den nylege alliansen mellom regjeringa vår og dei allierte i Ramstein (den amerikanske flybasen i Tyskland, red. merk.), og gjennom Lavrovs gjentekne trugsmål om bruk av atomvåpen.

Dei som i aggressiv og sjølvtrygg tone, og utan omsyn til denne terskelen, vil driva forbundskanslaren stadig vidare i denne retninga (uavgrensa våpenhjelp, red. merk.), overser eller mistyder dilemmaet Vesten er hamna i. Gjennom det i og for seg moralsk velfunderte vedtaket om ikkje å bli part i krigen, har Vesten nemleg bunde sine eigne hender.

Dilemmaet som tvingar Vesten til den risikable avveginga mellom to vonde – eit nederlag for Ukraina eller ei eskalering av den avgrensa konflikten til ein tredje verdskrig – er openberr. På den eine sida lærte den kalde krigen oss at ein krig mot ei atommakt ikkje lenger kan «vinnast» i nokon fornuftig forstand, i alle høve ikkje med militærmakt innanfor den overkommelege tidsramma til ein varm konflikt.

Konsekvensen av det atomære trugsmålspotensialet er at den truga parten – enten han sjølv har atomvåpen eller ikkje – ikkje med siger kan avslutta dei utolelege øydeleggingane etter militær maktbruk, men i beste fall med eit kompromiss der ingen av sidene mistar andlet. Slik vil ingen av partane måtta akseptera eit nederlag som gjer at dei forlét slagmarka som «taparar».

Våpenkvileforhandlingane, som framleis går føre seg parallelt med kampane, er eit uttrykk for denne innsikta: Dei to partane ser framleis på kvarandre som moglege forhandlingspartnarar. Rett nok er Russlands trugsmålspotensial avhengig av at Vesten trur at Putin faktisk kan finna på å nytta ABC-våpen.

Men i røynda har CIA dei siste vekene alt varsla om faren for bruk av såkalla «små» atomvåpen (som openbert berre er utvikla for atter å gjera krigar mellom atommakter moglege). Dette gjev den russiske sida ein asymmetrisk fordel andsynes Nato; på grunn av det apokalyptiske omfanget av ein verdskrig – der fire atommakter deltek – vil ikkje Nato bli part i krigen.

No er det Putin som avgjer når Vesten i hans augo overskrid den folkerettsleg definerte terskelen som markerer at militærstøtta til Ukraina formelt utgjer Vestens innsteg i krigen. Med tanke på faren for ein verdsbrann, som for kvar pris må unngåast, gjev det uklåre ved kriteria bak ei slik avgjersle ingen rom for vågalt pokerspel. Sjølv om Vesten i verste fall skulle vera kynisk nok til å akseptera ei «åtvaring» med eit av desse «små» atomvåpena som ein kalkulert risiko; kven ville då kunna garantera at opptrappinga framleis kan stoppast?

Det som står att, er eit spelerom for argument som må vegast nøye i lys av naudsynt fagkunnskap og informasjon, både offentleg og hemmeleg, slik at velgrunna avgjerder kan fattast. Vesten, som gjennom sine drastiske sanksjonar frå fyrste dag av gjorde si faktiske krigsdeltaking tydeleg, må difor nøye vurdera kvart nytt skritt i retning av militær stønad – dette for å unngå at den ubestemmelege grensa for eit formelt innsteg i krigen blir overskriden, ei grense som er uklår av di det er Putin sjølv som definerer henne.

På hi sida kan ikkje Vesten på grunn av denne asymmetrien gjera seg til offer for vilkårleg utpressing. Det veit den russiske motparten. Hadde Vesten kort og godt overlate Ukraina til sin eigen lagnad, ville dette ikkje berre vera ein politisk og moralsk skandale. Det ville også stridd mot Vestens eigne interesser. Vesten ville då kunna venta snart å måtta spela den same russiske ruletten om Georgia eller Moldova – og kva land blir det neste?

Asymmetrien, som på lang sikt kan driva Vesten inn i ein blindveg, eksisterer sjølvsagt berre så lenge Vesten – av gode grunnar – skyr risikoen for atomkrig. Fylgjeleg blir argumentet om ikkje å pressa Putin opp i eit hjørne, av di han då vil kunna finna på kva som helst, imøtegått med at det er nett denne «fryktpolitikken» som gjev motstandaren frie hender til å auka opptrappinga steg for steg (jamfør det Ralf Fücks skreiv i Süddeutsche Zeitung).

Rett nok stadfestar også dette argumentet berre det ubereknelege ved situasjonen. For så lenge me, av gode grunnar, har vedteke å ikkje tre inn som stridande part i Ukraina-krigen, må også arten og omfanget av den militære stønaden vurderast ut frå dette synspunktet. Den som motset seg ein «fryktpolitikk» på ein rasjonelt forsvarleg måte, opererer alt i det politisk ansvarlege og sakleg avvegande argumentasjonrommet som forbundskanslar Olaf Scholz med rette insisterer på.

Ein krig mot ei atommakt kan ikkje «vinnast», skriv Jürgen Habermas. Biletet syner utskytingsramper for ballistiske rakettar på Den raude plassen under paraden i Moskva 9. mai 2016.

Alexander Zemljanisjenko / AP / NTB

Dette handlar om det me oppfattar som Putins tolking av ei rettsleg definert grense, ei grense me har pålagd oss sjølve. Dei overspente motstandarane av regjeringas politikk er inkonsekvente når dei nektar for implikasjonane som fylgjer av det grunnleggjande vedtaket, som dei jo ikkje stiller spørsmål ved. Vedtaket om ikkje å delta vil ikkje seia at Vesten lèt Ukraina føra lagnadskampen mot den overlegne motstandaren åleine heilt fram til punktet for ei direkte vestleg involvering.

Vestlege våpenleveransar hjelper openbert Ukraina i kampen landet er fast bestemt på å halda fram med, trass i store tap. Men er det ikkje eit fromt sjølvbedrag å håpa på Ukrainas siger andsynes den mordariske russiske krigføringa utan sjølv å gripa til våpen? Den krigshissande retorikken står dårleg i stil med teaterlosjen han så veltalande læt frå. Denne retorikken svekkjer jo ikkje det ubereknelege ved ein motstandar som kan koma til å satsa alt på eitt kort.

Sjølv om Putin ser på oppløysinga av Sovjetunionen som ein stor feil, speglar dette neppe heile sanninga om personlegdomen hans.

Vestens dilemma er at ein andsynes Putin – som kan syna seg villig til atomvåpenopptrapping – berre kan signalisera vernet av ukrenkelege statsgrenser i Europa gjennom sjølvavgrensa militær stønad til Ukraina, ein stønad som ikkje kan overskrida den raude lina folkeretten definerer som krigsdeltaking.

Når ein vurderer motiva bak framferda til russarane og åtgjerdene deira, som openbert er tufta på feilberekningar, blir ei nøktern vurdering av sjølvavgrensa militærhjelp ytterlegare komplisert. Som i glanstida til den spekulative «sovjetologien» fører søkjelyset på personen Putin til ville spekulasjonar i dei leiande avisene våre. Det dominerande biletet av den resolutt revisjonistiske Putin må i det minste avstemmast med ei rasjonell vurdering av interessene hans.

Sjølv om Putin ser på oppløysinga av Sovjetunionen som ein stor feil, speglar dette neppe heile sanninga om personlegdomen hans; eit bilete av ein visjonær mann, som – signa av den ortodokse kyrkja og påverka av Aleksandr Dugins autoritære ideologi – har som livsverk å stegvis gjenskapa det storrussiske imperiet. Men det er slike projeksjonar som stør opp under tanken om at Putins aggressive ambisjonar ikkje berre omfattar Ukraina – at ambisjonane også inkluderer Georgia og Moldova, dei baltiske Nato-statane og til slutt brorparten av Balkan.

Som kontrast til biletet av Putin som nærast sjukeleg nostalgikar står livsløpet hans: ein sosial strevar, eit KGB-skolert, rasjonelt kalkulerande maktmenneske som ser med uro på Ukrainas vestorientering og den politiske motstandsrørsla i Kviterussland. Uroa blir styrkt av den politiske opposisjonen frå stadig meir liberalt tenkjande krinsar i heimlandet.

Den gjentekne aggresjonen kan frå denne synsvinkelen heller skjønast som ein frustrert respons på Vestens uvilje til å forhandla om Putins geopolitiske agenda – særleg om internasjonal anerkjenning av dei folkerettsstridige hærtakingane hans og nøytraliseringa av ein «forgard» til Russland, som omfattar Ukraina. Spekteret av denne og liknande spekulasjonar gjer berre uvissa andsynes eit dilemma som «krev særs stor varsemd og atterhald» djupare (dette ifylgje den forvitnelege analysen til Peter Graf von Kielmansegg i Frankfurter Allgemeine Zeitung 9. april 2022).

Korleis skal ein så forklara den oppheta innanrikspolitiske debatten om forbundskanslar Scholz’ solidaritetspolitikk med Ukraina, som er komen i stand i samråd med EU og partnarlanda i Nato? For å nøsta opp i dette vil eg la vera å drøfta framhaldet av avspenningspolitikken overfor ein Putin som har synt seg uberekneleg – ein avspenningspolitikk som var vellukka fram til Sovjetunionens ende og i åra etter, men no har synt seg å vera ein lagnadstung feil. Eg vil heller ikkje drøfta mistaket til tyske regjeringar, då dei – også etter press frå næringslivet – gjorde seg avhengige av import av billig russisk olje. Éin dag vil historikarane fella sin dom over det korte minnet i dagens debatt.

Situasjonen er annleis når det gjeld debatten om det som mykjeseiande blir kalla «den nye tyske identitetskrisa», som tek føre seg konsekvensane av «tidsskiftet», det som fyrst var nøkternt knytt til Ostpolitik og forsvarsbudsjettet. (Omgrepet Zeitenwende, «tidsskiftet», blir i Tyskland no nytta om endringa i utanrikspolitikken etter åtaket på Ukraina, red. merk.)

For denne debatten, som fyrst og fremst er knytt til oppsiktsvekkjande omvendingar hjå folk frå fredsrørsla, er meint å innvarsla ei historisk endring i den tyske etterkrigsmentaliteten (som var hardt tilkjempa og stadig har blitt sverta av høgresida). Dette vil då også innebera slutten på ein tysk politikk basert på dialog og trygging av freden.

Denne måten å skjøna tilhøva på gjeld fyrst og fremst yngre menneske, dei som er oppdregne til å vera fintfølande for normative spørsmål, som ikkje legg lok på kjenslene sine og som mest høgrøysta krev bindande tilsegner (om militærhjelp til Ukraina, red. merk.). Det verkar som om krigens nye realitet har teke frå dei alle pasifistiske illusjonar.

Dette minner også om den tyske utanriksministeren, som er blitt eit ikon. Rett etter krigsutbrotet gav ho med vedkjennande retorikk og truverdig gestus autentisk uttrykk for sjokket. Ho gav sjølvsagt uttrykk for den medkjensla og ynsket om å hjelpa som er så utbreidd i folkesetnaden vår. Men ho gav også den spontane samkjensla med den ukrainske leiinga ei overtydande form – sigersviljen deira og den heftige moraliserande trongen.

Dimed rører me ved kjernen av konflikten: På den eine sida har ein dei som empatisk, men abrupt overtek perspektivet til ein nasjon som kjempar for fridomen sin og retten til å leva. På den andre sida har ein slike som gjennom røynslene frå den kalde krigen lærte ei anna lekse, og – til liks med demonstrantane i gatene våre – har utvikla ein annan mentalitet. Dei fyrste kan berre førestilla seg krig under alternativa siger eller nederlag, dei andre veit at ein krig mot ei atommakt ikkje kan «vinnast» på hevdvunnen måte.

Då ukrainske soldatar rykka inn i Kyiv-forstaden Butsja 2. april, hadde dei overlevande innbyggarane fryktelege historier å fortelje.

Foto: Vadim Ghirda / Reuters / NTB

Korleis folk ser på krig generelt, varierer frå folkesetnad til folkesetnad. Når det gjeld bakgrunnen for dette, kan me grovt sett skilja mellom dei med meir nasjonal mentalitet og dei med meir postnasjonal mentalitet. Denne ulikskapen blir tydeleg om me samanliknar den heroiske motstanden og sjølvsagde offerviljen til ukrainarane med det me i ein liknande situasjon ville kunna venta av folkesetnaden «vår» (eller, for å generalisera, den vesteuropeiske folkesetnaden).

Beundringa vår inneber ei viss overrasking over sigervissa og motet til dei ukrainske soldatane som så resolutt forsvarar heimlandet mot ein militært overlegen fiende. I Vesten satsar me derimot på yrkes-
hærar; me betaler yrkessoldatar slik at me sjølve slepp å gripa til våpen.

I Vest-Europa (om eg får uttrykkja det så generaliserande) utvikla denne postheroiske mentaliteten seg i løpet av andre helvta av 1900-talet, under atomparaplyen til USA. Med tanke på øydeleggingane ein atomkrig vil føra med seg, utvikla dei politiske elitane og fleirtalet av folkesetnaden oppfatninga om at internasjonale konfliktar prinsipielt berre kan løysast gjennom diplomati og sanksjonar.

I lys av den uføreseielege risikoen knytt til bruk av ABC-våpen meinte ein at krigar ikkje kunne sluttførast på tradisjonelt vis, altså med siger eller nederlag. Krigar måtte difor avsluttast så raskt som råd: «Av krig kan ein berre læra korleis ein skaper fred», seier Alexander Kluge. Denne oppfatninga er ikkje uttrykk for ein grunnleggjande pasifisme, altså fred for kvar pris.

Oppfatninga om at øydelegging og menneskeleg liding lyt stoggast raskast mogleg, er ikkje einstydande med å ofra eit politisk fritt tilvære berre for å overleva. Skepsisen mot krigersk vald som middel endar når eit autoritært kvelt liv er prisen ein må betala – altså eit tilvære der medvitet om motsetninga mellom tvungen normalitet og sjølvbestemt liv er borte.

Omvendinga av våre tidlegare pasifistar, som høgresidas kommentatorar av «tidsskiftet» gler seg over, tolkar eg som ei samanblanding av desse to mentalitetane, mentalitetar som støyter saman samtidig, men er historisk usamtidige. (Ungleichzeitigkeit er eit omgrep i tysk filosofi, prega av Ernst Bloch, red. merk.)

Denne markante gruppa deler sigervissa til ukrainarane og appellerer utan omsveip til folkeretten, som er blitt krenkt. Etter Butsja lydde straks parolen: «Putin til Haag!» Dette er uttrykk for det sjølvsagde ved dei normative standardane i vår tids internasjonale relasjonar, altså det reelle omfanget av endringa i forventningane og i folkesetnaden sin humanitære sensibilitet.

I min alder legg eg ikkje skjul på ei viss overrasking: Kor djupt må ikkje jordbotnen av det kulturelt sjølvsagde vera pløgd om, den jorda barna og barnebarna våre lever på, når jamvel den konservative pressa ropar på den internasjonale straffedomstolen, den som korkje er anerkjent av Russland, Kina eller USA.

Diverre røper slike realitetar også det framleis holt klingande grunnlaget for den oppglødde samkjensla, med stadig skarpare moralske klagar andsynes tysk atterhald. Sjølvsagt hadde Putin fortent å hamna for ein slik domstol. Men han sit framleis med vetorett i FNs tryggingsråd, og motstandarane kan han truga med atomvåpen. Framleis er det han det må forhandlast med om ein vil få slutt på krigen, eller i det minste oppnå våpenkvile. Dagleg kjem scenane med krigens pinsler og offer. Likevel augnar eg inga overtydande rettferdiggjering av kravet om ein politikk som de facto set det velgrunna vedtaket om ikkje å delta på spel.

Allierte bør ikkje klandra seg sjølv for politisk-mentale ulikskapar som kan forklarast utifrå «usamtidige» historiske utviklingar. Dei bør heller akseptera skilnadane som kjensgjerningar og ta omsyn til dei når dei samarbeider. Men så lenge desse perspektivdannande ulikskapane blir ståande i bakgrunnen, forårsakar dei berre kjensleforvirring. Me såg det i reaksjonen til parlamentarikarane, i høve den ukrainske presidentens moralske irettesetjingar i videotalen til Forbundsdagen – reaksjonar i form av eit virvar av ugjennomtenkte samtykkereaksjonar, av uttrykk for at ein skjønar synspunkta til dei andre, og av naudsynt sjølvrespekt.

Forsøminga av dei historisk funderte ulikskapane i oppfatninga og tolkinga av krigar fører ikkje berre til lagnadstunge feil i omgangen me har med kvarandre. Eg tenkjer til dømes på då ukrainarane nekta å møta forbundspresidenten. Forsøminga fører også – og det er endå verre – til ei gjensidig mistyding av kva den andre faktisk tenkjer og vil.

Denne erkjenninga set også omvendinga til dei tidlegare pasifistane i eit meir nøkternt lys. For både indignasjonen, redsla og medkjensla som utgjer motiva bak feilslutningane deira, kan jo ikkje forklarast som ei avvising av normative haldningar – haldningar såkalla realistar alltid har gjort narr av – men snarare som ei overdriven og einvis tyding av akkurat desse grunnsetningane.

Pasifistane er ikkje omvende til realistar, men dei fløymer likevel beint fram over av realisme. Sjølvsagt: utan moralske kjensler, ingen moralske dommar. Men ein allmenngjerande dom korrigerer på si side også for den avgrensa rekkevidda til kjensler som kjem frå nært hald.

Trass alt er det ikkje tilfeldig at nett dei venstreorienterte og liberale skriv om «tidsskiljet». Andsynes ein drastisk endra stormaktskonstellasjon – i skuggen av transatlantisk uvisse – ynskjer dei å gjera alvor av ei forseinka innsikt: Ein europeisk union som ikkje vil oppleva at den sosiale og politiske livsførselen hans blir skipla utanfrå eller undergraven innanfrå, vil berre vera politisk handlekraftig om han står på eigne bein militært.

Macrons attval markerer ein galgenfrist. Men fyrst må me finna ein konstruktiv veg ut av dilemmaet vårt. Denne vona speglar seg i den varsame formuleringa av målet om at Ukraina ikkje må tapa krigen.

Jürgen Habermas

Jürgen Habermas er filosof og sosiolog.

Kopirett: Süddeutsche Zeitung

Omsett av Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis