Den språklege friksjonen
Normert tale eller dialekt i nyhendesendingane til NRK? Ja takk, båe delar.
Tidlegare NRK-journalist Christian Borch kritiserer dialektbruken i NRK i ei ny bok.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Kommentar
kristin.fridtun@gmail.com
Dersom all PR er god PR, har Christian Borch og Cappelen Damm vore heldige: Den ferske boka Bak kulissene har vore nemnd ei rad gonger i ulike medium den siste veka. I boka skriv Borch mykje om internasjonale tilhøve, men det som har skapt debatt, er utsegnene hans om dialektbruk i riksdekkjande nyhendesendingar.
«Lokaldialekter», skriv Borch, «er som sand på skøytebanen og hindrer fri flyt». I Dagsnytt 18 måndag 17. april nytta han eit liknande metaforisk uttrykk: «Journalistens oppgave er å gjøre seg maksimalt forstått, friksjonsfritt godt forstått.» Ein som ikkje lukkast med slik friksjonsfri formidling, om me skal tru boka, er USA-korrespondent Lars Os: «Han snakker en dialekt som er spesiell inntil det ubegripelige.»
Når nokon skildrar språkbruken til andre som friksjon og hinder, blinkar det raudt i alle varsellampene mine. Med det meiner eg ikkje at det er feil å vera oppteken av forståeleg språk. Og eg veit godt at folk har ulik kjennskap til dei norske dialektane. Men kven er det som har så god oversikt at dei på vegner av oss alle kan slå fast kva som skapar friksjon? Ingen, etter mi meining, men nokre har sjølvtillit til å gjera det.
Borch høyrer dessutan til kategorien «språkkunnig menneske som skriv riksmålsnært bokmål og har (lagt seg til) eit talemål som ligg nær det skriftmålet». Eg må orsaka den sure eimen av gamal målstrid som no slo imot oss. Men det er relevant. Er det noko som er sårt og opprørande for folk, er det å få kommentarar om det «markerte» språket sitt frå representantar for det «umarkerte» språket. Eller å sjå at andre får slike kommentarar.
Når det gjeld sjølve saka, er det nok mange som er samde med Borch. I nokon mon er eg det sjølv. Til liks med Noregs Mållag meiner eg at det normerte nynorske talemålet gjer nynorsk meir tilgjengeleg for alle som bur i Noreg, og at me må ta vare på dei få arenaene der det vert nytta. Stundom nyttar eg sjølv normert nynorsk i føredrag og anna.
Det siste er nok typisk. Eg gissar at dei mest ihuga forkjemparane for normert tale er folk som er i stand til å tala normert sjølve. Sjåarar og lydarar flest toler fint nokre avvik frå norma, særleg dei yngre generasjonane, som er oppvaksne etter dialektbylgja i 1970-åra. Å dytta folk som ikkje har norsk som fyrstespråk, framfor seg, skal ein vera varsam med: Denne store gruppa finst i alle delar av landet og talar alle slags dialektar, til og med «spesiell» østerdalsdialekt.
Spørsmålet er ikkje om ein i 2023 skal tillata dialektbruk i nyhendesendingane eller ikkje, men korleis ein skal gjera det. Som språksjefen i NRK, Karoline Riise Kristiansen, streka under i Dagsnytt 18-sendinga, finst det retningsliner for dialektbruk i NRK. Det er ikkje fritt fram. Ein skal ta omsyn til mottakaren og ha som hovudmål å få bodskapen klårt fram. Men kvar går grensa? Kan dei mykje omtalte spørjeorda til Os, som keffer og kessen, skapa misforståing?
Med tanke på at svært mange i Noreg nyttar former som minner om Os sine, er det vel ikkje akkurat kritisk. Eg meiner at han kan nytta dei. I debatten har det vorte sagt at det finst mange andre program journalistar kan arbeida i dersom dei absolutt vil tala dialekt. Jau, men det argumentet kan ein snu på: Sidan det no i mange tiår har vore mykje dialektbruk i radio og fjernsyn, har folk fått retteleg god mengdetrening. Aldri før har den jamne språkbrukar høyrt så mange dialektar som no.
Kristin Fridtun er filolog, forfattar og språkspaltist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.