JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KlimaSamfunn

Når sveitten ikkje hjelper

Det finst grenser for kva eit menneske toler. Ei av grensene handlar om kombinasjonen av varme og fukt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folk fyller vassflasker frå ein tankbil i utkanten av Jammu i India i juni 2019, då termometeret fleire stader i landet viste meir enn 45 gradar celsius.

Foto: Channi Anand / AP / NTB

9556
20230630
9556
20230630

Klima

peranders@dagogtid.no

Sommaren er komen, og her nord tek truleg dei fleste imot den varmen dei kan få, med glede. Slik er det ikkje overalt. I mange land kjem hetebølgjer til å ta liv, i år som i fjor. Sommaren 2022 vart fleire verdsdelar råka av ekstrem varme. Under den europeiske hetebølgja i juli i fjor døydde det 16 prosent fleire menneske enn normalt i EU-landa. Det inneber at dødsraten var langt høgare enn i juli månad i pandemiåra 2020 og 2021. I Spania var overdødelegheita i juli 2022 på heile 37 prosent, samanlikna med åra frå 2016 til 2019.

Også i USA tok den ekstreme sommarvarmen liv i fjor, og Japan fekk si største hetebølgje nokon gong. Og i år er vêrfenomenet El Niño attende, noko som inneber høgare temperaturar enn vanleg i store delar av verda.

At hetebølgjer kjem oftare, er som ein kan vente i eit tid med global oppvarming. Og varmare skal verda bli. Dette har skapt interesse for ei problemstilling som lenge verka ganske teoretisk: Kor sterk varme kan unge, friske menneske tole før dei døyr? Svaret er ikkje eintydig, for det kjem i stor grad an på ein annan variabel: luftfukta.

Dampen kjølar

Å sjå på termometeret er ikkje nok for å vurdere kor farleg ekstremvarme kan vere. Det avgjerande er kombinasjonen av varme og fukt, det som heiter våttemperatur – wet bulb temperature på engelsk. Denne temperaturen kan målast ved å bruke eit termometer rulla inn i ein våt handduk. Så lenge vatn fordampar frå handduken, vil termometeret vise ein lågare temperatur enn det er i lufta elles. Men om lufta er svært fuktig, vil fordampinga frå handkleet gå sakte, og dermed vil termometeret vise ein høgare temperatur enn om lufta var tørr og fordampinga rask.

I tillegg må vi forklare kvifor det heiter relativ luftfukt. Omgrepet viser til at temperaturen avgjer kor mykje vassdamp lufta kan halde på: Varm luft kan halde på meir damp enn kald luft. Ein relativ luftfukt på 100 prosent vil seie at lufta er heilt metta med vassdamp ved den gjevne temperaturen, og all fordamping stoggar.

Sveitten bergar

Når ekstreme våttemperaturar er så farlege, heng det saman med måten menneske kvittar seg med overskotsvarme på. Når vi sveittar, transporterer kroppen varmen ut slik at kroppstemperaturen kan halde seg konstant. I tørr, varm luft fordampar sveitten vår raskt, og fordampinga kjøler ned kroppen.

I eit ørkenklima kan menneske tole over 50 varmegradar, i alle fall så lenge det finst nok vatn å drikke. Men jo fuktigare lufta er, jo tregare går fordampinga og dermed nedkjølinga. Og ved verkeleg ekstreme nivå av varme og luftfukt sluttar det biologiske kjølesystemet vårt å verke. Da er det slutt, same kor sprek du er.

Grensa

Kor høg våttemperatur kan eigentleg eit friskt, vakse menneske tole før det døyr? Av openberre grunnar er ikkje dette noko ein testar ut på folk i eit laboratorium. Men den teoretiske tolegrensa for menneske over nokre timar er ein våttemperatur på 35 gradar. Det tilsvarer til dømes ein kombinasjon av lufttemperatur på 40 gradar og ein relativ luftfukt på litt over 70 prosent.

Ein slik våttemperatur er rekna som dødeleg i løpet av seks timar, sjølv for ein sterk ung vaksen som sit naken i skuggen med rikeleg tilgang på vatn å drikke. Når kroppen ikkje får kvitta seg med overskotsvarmen, hjelper ikkje noko av dette. Den høge kroppstemperaturen skader hjarte, nyrer og andre indre organ, og kroppen kollapsar.

Uviss framtid

Slike uuthaldelege våttemperaturar er heldigvis særs sjeldne. Kombinasjonen av ekstremt høg temperatur og svært fuktig luft inneber som regel ustabile vêrtilhøve. Tilstanden varer sjeldan i mange timar før han blir avløyst av eit forløysande torevêr med styrtregn.

Men sjølv om dette fenomenet er svært uvanleg, er det registrert ein del tilfelle rundt i verda der våttemperaturen har vore over 35 gradar. Slike tilstandar er mellom anna målte i Saudi-Arabia, Pakistan, India, Australia og Mexico. Episodane har vore så korte og så geografisk avgrensa at dei ikkje fekk verkeleg alvorlege konsekvensar. Spørsmålet er korleis dette vil utvikle seg i ei stadig varmare verd. Og der er vitskapen førebels ganske usikker.

Fare i Asia

Rapportane frå Det internasjonale klimapanelet (IPCC) seier berre litt om våttemperatur. Dei verkelege ekstreme tilfella av varme og fukt er utprega lokale og kortvarige fenomen, og det er vanskeleg å rekne seg fram til kor ofte dei kan inntreffe eller kor lenge dei kan vare i ei varmare verd.

Men i delrapporten IPCC la fram i februar i fjor, står det urovekkjande ting om utsiktene for mellom anna India og Pakistan: Dersom klimagassutsleppa held fram med å auke i tiåra framover, og følgjer IPCC-scenarioet kalla RCP 8.5, reknar klimapanelet med at den maksimale våttemperaturen gjennom året kjem til å overskride grensa for kva menneske kan overleve «over det meste av Sør-Asia». Det vil seie storparten av det indiske subkontinentet, heim for nærare ein fjerdedel av menneska i verda.

RCP 8.5-scenarioet er heldigvis ikkje rekna som sannsynleg. Det føreset at lite eller ingenting blir gjort for å redusere utsleppa i dette hundreåret, at bruken av kolkraft held fram med å auke i tiåra som kjem, og inneber truleg ei global oppvarming på over fire gradar frå førindustriell tid. Men også dei meir moderate scenarioa for framtida inneber ein auke i talet på episodar med våttemperatur nær eller over grensa for kva mennesket toler. Jo meir gjennomsnittstemperaturen stig, jo fleire hetebølgjer, og jo fleire dagar med farleg varme.

Her og no

Alt i dag har oppvarminga auka risikoen for livstrugande våttemperatur, synte ein studie publisert i Science i 2020, med klimaforskar Colin Raymond frå Nasa som hovudforfattar. Ved å gå gjennom data frå vêrstasjonar i ei rekkje land fann forskarane at episodar med svært høge våttemperaturar meir enn dobla seg i frekvens frå 1979 til 2017. Dei fleste tilfella var registrerte i det sørlege Asia, i kystområde i Midausten og langs vestkysten av Mexico. Subtropiske område viste seg å vere langt meir utsette for høge våttemperaturar enn dei tropiske. Heldigvis var dei registrerte episodane korte – dei varte sjeldan lenger enn ein time eller to.

«Tidlegare studiar tyda på at dette var noko som kunne skje fleire tiår fram i tid, men det det skjer no», sa Raymond til The Guardian i 2021. «Desse episodane kjem til å vare lenger, og områda som blir påverka, vil vekse proporsjonalt med den globale oppvarminga.»

Framskriving

Da forskarane prøvde å framskrive risikoen for livstrugande våttemperaturar i ei varmare framtid, kom dei til nokre urovekkjande resultat. Sjølv ved ei global oppvarming på under 2,5 gradar, kjem truleg våttemperaturen til å overstige dei dødelege 35 gradane relativt ofte fleire stader i verda.

Ifølgje denne studien er dette fenomenet noko som helst skjer i kystområde der overflatevatnet kan bli svært varmt, som i bukter eller grunne havområde, samstundes som det er særs heitt inne på fastlandet. Områda kring Persiabukta og Raudehavet er døme på geografi der ekstreme våttemperaturar kan oppstå. Men i delar av India og Pakistan kan våttemperaturen bli farleg høg også i innlandet, kanskje fordi dei store elvane, vatningssystema og monsunen kan gjere lufta fuktig langt frå kysten.

Klimafiksjon

Spesiell interesse er knytt til India, ikkje berre på grunn av risikoen for høge våttemperaturar, men på grunn av eit folketal på 1,4 milliardar og ein høg andel fattige utan tilgang på aircondition som vern mot varmen. Dette gjer det lett å mane fram skrekkscenario: Science fiction-romanen The Ministry of the Future av Kim Stanley Robinson (2020) opnar med at delstaten Uttar Pradesh i India blir råka av ein lengre periode med ekstrem våttemperatur, og millionar av menneske døyr.

Romanen til Robinson er meint som ein vekkjar, og dette skrekkscenarioet er lite plausibelt. Som alt nemnt er det svært usannsynleg at ekstreme våttemperaturar varer ved over fleire dagar. Men sjølv utan å kome nær grensa på 35 gradar er hetebølgjene i India i ferd med å bli farlegare. Dei blir varmare, dei kjem oftare, og dei varer lenger, syner statistikken. I Uttar Pradesh har tørrtemperaturen i juni vore over 47 gradar celsius, og i løpet av månaden har varmen teke eit hundretal liv i India, melde BBC.

Klimapolitikk

I perioden 2017 til 2021 døydde det 55 prosent fleire indarar av ekstrem varme enn i perioden 2000 til 2004, synte ein studie publisert i tidsskriftet The Lancet i fjor. Slike anslag må ein ta med ei klype salt. Nøyaktig kor mange liv hetebølgjene eigentleg tek, er ikkje godt å vite. Det er ikkje alltid lett å seie om eit hjarte stoggar på grunn av varme eller noko anna. Dessutan er temaet politisert: Indiske styresmakter har blitt mistenkte for å underrapportere varmedødsfall, kanskje fordi dei ikkje ønskjer skuldingar for å gjere for lite for å verne folk – eller å vere for passive i klimapolitikken.

Ein slik kritikk ville ikkje vere ugrunna. Dei indiske klimagassutsleppa er dei tredje største i verda, og i India aukar utsleppa meir enn i alle andre store land. Men no byrjar også økonomiske argument å tale for utsleppskutt for Indias del.

Den nemnde studien i The Lancet indikerte at hetebølgjene i 2021 åleine førte til at 167 milliardar arbeidstimar gjekk tapt i India, over 5 prosent av den årlege BNP-en for landet. Om våttemperaturane held fram med å stige dei neste tiåra, slik alt tyder på, går det ikkje berre på helsa laus for indarane. Det blir dyrt òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis